2.1 Samandrag

Auka låneramme for E18 Aust-Agderpakken

Det blir i proposisjonen gjort greie for auka låneramme for E18 Aust-Agderpakken.

I St.prp. nr. 1 (2001-2002) blir det lagt opp til å framskunde utbygginga av strekninga Øygardsdalen-Dyreparken i høve til det som ligg til grunn i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, på grunn av at strekninga er eit prøveprosjekt for OPS-ordninga. Føresetnaden for å framskunde utbygginga er ein auke i låneramma for Aust-Agderpakken.

Aust-Agder fylkeskommune eig bompengeselskapet og Fylkestinget handsama saka i møte 16. oktober 2001.

I proposisjon blir det foreslått at bompengeselskapet får høve til å auke låneramma frå 60 til 230 mill kroner.

2.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har merka seg at i St.prp. nr. 1 (2001-2002) blir det lagt opp til å framskunde utbygginga av strekninga Øygardsdalen-Dyreparken i høve til det som ligg til grunn i Nasjonal transportplan 2002-2011. Føresetnaden for å framskunde utbygginga er ein auke i låneramma for Aust-Agderpakken.

Fleirtalet har vidare merka seg at Aust-Agder fylkeskommune har gjort dei nødvendige vedtak for at låneramma skal kunne utvidast.

Fleirtalet er difor samd i at bompengeselskapet Aust-Agder Vegfinans AS får høve til å auke låneramma frå 60 til 230 mill. kroner. Selskapet får høve til å ta opp lån for å framskunde arbeidet med utbygging av strekningen Brokelandsheia-Vinterkjær, samt planlegging, oreigning av grunn og leggje til rette for prøveprosjektet for OPS-ordninga på strekningen Øygardsdalen-Dyreparken.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine prinsipielle synspunkter om bruk av bompenger. Disse medlemmer viser til sine merknader i forbindelse med behandling av Nasjonal transportplan, Innst. S. nr. 119 (2000-2001), der en ønsker full utbygging av E18 Oslo-Kristiansand med statlige midler.

På denne bakgrunn vil disse medlemmer i de årlige budsjetter foreslå økte bevilgninger til prosjektet slik at det kan gjennomføres uten bruk av bompenger. Disse medlemmer går følgelig imot at lånerammen utvides, og vil stemme imot forslag til vedtak.