Meldinga gjeld for år 2000. Omtalen
er på nokre punkt utvida til også å ta
med utviklinga i 2001. Årsmeldingane frå Noregs
Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond
og Folketrygdfondet for år 2000 følgjer som utrykte
vedlegg til meldinga.
Det er i avsnitt 1.2 i meldinga gjort greie
for utviklinga på finansmarknaden i 2000.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein
Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten,
Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet,
Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen,
frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun
Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg
Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet,
Karin Galaaen, frå Venstre, May Britt Vihovde og frå Kystpartiet,
Karl-Anton Swensen, viser til merknader under dei einskilde
avsnitta nedanfor.
I Ot.prp. nr. 78 (2000-2001) foreslo Finansdepartementet
at ei innføring av kombinerte pensjonsordningar skulle
bli vurdert på eit tidspunkt når ein hadde fått meir
erfaring med dei nye pensjonsordningane etter innskotspensjonslova
og lov om føretakspensjon. I Innst. O. nr. 110 (2000-2001)
uttala eit fleirtal av medlemene i finanskomiteen at det burde opnast
for kombinerte pensjonsordningar, og departementet blei bedd om å kome
attende med forslag om dette i samband med Kredittmeldinga hausten
2001.
I brev av 30. mai 2001 bad Finansdepartementet
Kredittilsynet om å vurdere behovet for endringar i lov
om føretakspensjon og innskotspensjonslova, og om å utarbeide
utkast til lovreglar om kombinerte pensjonsordningar. Finansdepartementet
sende 2. august 2001 ut eit høyringsnotat samt utkast til
lovendringar som byggjer på Kredittilsynet sitt svarbrev
til departementet av 20. juli 2001. Utkastet inneheld lovreglar
som på enkelte vilkår opnar for kombinerte ordningar.
Vidare blir det gitt heimel til å fastsette nærare
reglar om utforminga av kombinerte ordningar i forskrift. Høyringsinstansane
blei bedne om merknader innan fredag 14. september 2001.
Ei innføring av kombinerte ordningar
vil måtte innebere lovendringar, og derfor tar departementet
sikte på å leggje fram ein odelstingsproposisjon
om saka i haust.
I Ot.prp. nr. 42 (2000-2001) varsla Finansdepartementet
at ein tok sikte på å sjå nærare
på forståinga og praktiseringa av EU-reglane om
forvaltning av pensjonskapital i livsforsikringsselskap. Eit fleirtall
i finanskomiteen, alle bortsett frå medlemene frå Arbeidarpartiet
og Sosialistisk Venstreparti, bad ved behandlinga av proposisjonen
om at departementet ga dette arbeidet høgste prioritet,
jf. Innst. O. nr. 85 (2000-2001). Departementet tar sikte på å vurdera
problemstillinga i proposisjonen om kombinerte ordningar.
Komiteen viser til
at den ovafor varsla odelstingsproposisjonen er til handsaming i
komiteen, jf. Ot.prp. nr. 33 (2001-2002).
Gjensidige NOR bad i brev til Finansdepartementet 31.
august 2000 om at det blei fremma forslag for å endre regelverket
for finansinstitusjonar slik at det skulle bli mogleg å skipe
om Sparebanken NOR til eit aksjeselskap. Bakgrunnen er at Gjensidige
NOR ønskjer å omorganisere heile konsernet. Gjensidige NOR
er i dag organisert som ei såkalla "konserngruppe" som
består av sparebank og gjensidig forsikringsselskap,
etter reglane i lov 10. juni 1988 nr. 40 Om finansieringsvirksomhet
og finansinstitusjoner (finl.) § 2a-16.
I meldinga er det omtale av gjeldande rett og
tidlegare vurderingar kring spørsmålet om omdanning
av sparebankar, Banklovkommisjonen sitt forslag i NOU 1998:14 Finansforetak
mv., noverande organisering av Gjensidige NOR og deira syn på kvifor
ein heimel til omdanning er naudsynt, og Sparebankforeningen i Norge
si handsaming.
Det er etter gjeldande reglar ikkje heimel for
at ein sparebank kan skipast om til eit aksjeselskap. Etter Finansdepartementet
sitt syn er det heller ikkje rettsleg grunnlag for at ein sparebank
opprettar ein ny forretningsbank for deretter å fusjonere
inn verksemda til sparebanken. Departementet meiner ein slik framgangsmåte
vil stride mot dei føresetnader som er lagt til grunn i
samband med at det blei gitt heimel til å danne om gjensidige
forsikringsselskap og kredittforeningar. Sjølv
om ordlyden for så vidt opnar for ein slik framgangsmåte,
vil godkjenning ikkje kunne bli gitt, og omdanning av ein sparebank
til eit aksjeselskap krev derfor lovendring.
Departementet syner til Banklovkommisjonen sin gjennomgang
av dei kryssande omsyna som gjer seg gjeldande.
Etter departementet si vurdering bør
det gjerast ei lovendring som gjer det mogleg for sparebankar å skipa
seg om til aksjeselskap. Departementet meiner denne heimelen bør
gjerast generell, og ikkje bare gjelde for Gjensidige NOR Sparebank.
Departementet vil derfor leggje fram for Stortinget eit lovforslag
om endring i finanslovgjevninga som opnar for omdanning av sparebankar.
Etter departementet si vurdering bør
ein i arbeidet med eit slikt lovforslag ta utgangspunkt i Banklovkommisjonen
sitt forslag i NOU 1998:14. I samanheng med lovarbeidet vil ein
ta sikte på ei regulering av stiftelsen som skal motverke
eit ikkje ønskjeleg oppkjøp av sparebanken eller
konsernet. I vurderinga vil det bli tatt omsyn til at formålet
med ei omdanning er å få god tilgang på aksjekapital.
Samstundes må ein i lovarbeidet vurdere forholdet til EØS-avtalen
nærare. Parallelt med lovarbeidet vil det bli vurdert tiltak
for å betre rammevilkåra for mindre sparebankar.
Ein moglegheit kan vere å styrkje ordninga med grunnfondsbevis.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti,
Senterpartiet og Kystpartiet, er samd i departementet sin konklusjon om
at det bør gjerast ei generell lovendring som gjer det
mogeleg for sparebankar å omdanna seg til aksjeselskap.
Etter fleirtalet si vurdering
kan ei slik omdanningsmuligheit, kombinert med tiltak som motverkar
oppkjøp, og ordningar som styrkjer grunnfondsbevisa si
stilling, verta ei løysing som både gjer stillinga
betre for store sparebankar og som tek vare på og vidareutviklar
sjølve sparebankideen. På denne måten
vil ei lovendring som det her er tale om verta ei modernisering
og strukturtilpassing som styrkjer den totale sparebankverksemda
i Norge.
Når det gjeld forslag om tiltak for å motverka
oppkjøp meiner fleirtalet at det er særleg
viktig å vurdera dette opp mot ei eventuell framtidig endring/fjerning
av 10-prosentregelen, for på denne måten å synleggjera
kva verkemiddel og tiltak som på ein robust og trygg måte
kan hindra uønska oppkjøp. Etter fleirtalet si
vurdering er det viktig med ulike tiltak som kan utvikla og styrkja
finansielt nasjonalt eigarskap i Norge.
Under høyringane om saka den 18. januar
2002 kom det, særleg frå Sparebankforeningen,
fleire konkrete forslag om tiltak for å styrkja grunnfondsbevisa
si stilling. Fleirtalet ser det som svært
viktig at grunnfondsbevisa si stilling får ei reell styrking. Fleirtalet vil
vidare understreka at det er viktig at arbeidet med dette går
parallelt med omdanningssaka, slik at desse sakene kan sjåast
i samanheng.
På denne bakgrunn er fleirtalet samd
i departementet sin konklusjon om å leggja fram for Stortinget eit
lovforslag om endring av finanslovgjevinga som opnar for omdanning
av sparebankar til aksjeselskap.
Komiteen viser til at Kredittforeningen
Landkreditt 7. desember 2001 ble gitt konsesjon til å etablere Landkreditt
bank AS som heleid datterselskap gjennom Centralkassen AS som mellomliggende
holdingselskap. Konsesjonen er gitt som en tidsbegrenset dispensasjon
fra eierbegrensningsreglene og departementet har i den anledning
pålagt Landkreditt innen 1. august 2003 å ha søkt
om å omstrukturere konsernet i tråd med de hovedregler
for eierforhold og finanskonsern som gjelder på det tidspunkt. Komiteen viser videre
til at Kredittilsynet i sin innstilling om konsesjonssøknaden
har pekt på at det kunne være aktuelt med en lovendring
slik at Landkreditt i sin bankkonsesjon ikke skulle være
basert på en dispensasjon.
Komiteen viser til at Landkreditt,
som en medlemsstyrt forening med vekt på brukernytte, representerer
et viktig konkurranseelement i markedet for langsiktig grunnfinansiering
til landbruket.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Senterpartiet og
Kystpartiet, viser på denne bakgrunn til brev fra finansminister
Per-Kristian Foss til komiteen 6. og 7. februar 2002 med orientering
om at Finansdepartementet ved brev 5. februar til Banklovkommisjonen
har bedt om at kommisjonen foretar en vurdering av om kredittforeninger kan
være konsernspiss i finanskonsern.
Flertallet har merket seg at
departementet vil vurdere spørsmålet med sikte
på å avklare behovet for lovendring.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Senterpartiet og Kystpartiet kan ikke se at en kredittforening
er uegnet som konsernspiss i finanskonsern som driver bank. Ved
Stortingets behandling av Innst. O. nr. 8 (1991-1992) om krav til
morselskap i finanskonsern gikk et mindretall inn for at kredittforetak
måtte likestilles med bank og forsikring.
Disse medlemmer ber derfor departementet
på egnet måte fremme forslag til lovendringer
slik at den nåværende konsernstruktur med kredittforeningen Landkreditt
som konsernspiss kan videreføres.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet
og Fremskrittspartiet etterlyser også Regjeringens
oppfølging av Konkurranseflate-utvalget og ber om at departementet
snarlig følger dette opp. Disse medlemmer viser
blant annet til finanskomiteens innstilling i Kredittmeldingen 1999
der det heter:
"Fleirtalet viser til at det norske kapitaldekningsregelverket
er strengare utforma enn minstekrava elles i det aktuelle EU-direktivet.
Fleirtalet har merka seg at departementet har letta noko på krava
i høve til forsikringsselskapa, og ser fram til
ei nærare vurdering av bruken av krysseige-reglane for
forsikringsselskap. Fleirtalet meiner at departementet, på bakgrunn
av Hope-utvalget si innstilling om egenkapitalkrav for forsikringsselskapa,
må gjennomgå kapitaldekningskrava for forsikring
og blanda konsern."
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiets oppfatning
er at det er en rekke spørsmål fra Hope-utvalget
det nå haster med å få en løsning
på, herunder det særnorske egenkapitalkrav og
krysseie-regler for forsikring, åpning for pantesikrede
obligasjoner og verdipapirisering, ny livsforsikringslovgivning
og samordning av kapitalforvaltningsmiljø i finanskonsern.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser
til at en fungerende finansnæring er helt sentral for et
dynamisk næringsliv. Tilgjengelighet til institusjoner
som kan finansiere investeringer, og som har kompetanse til å vurdere investeringsprosjektene,
er av avgjørende betydning for nyskapning og videreutvikling
av norsk næringsliv. I denne sammenheng vil disse
medlemmer understreke at finansinstitusjoner med norske
eiere og hovedkontor i Norge har vesentlig bedre forutsetning for å holde
seg oppdatert på norsk næringslivs utfordringer.
Dette har derfor en sjølstendig verdi, spesielt for næringer
som er spesielt viktige for landet.
Disse medlemmer påpeker
at norsk banknæring har gjennomgått en betydelig
restrukturering siden finansmarkedene ble liberalisert. Dette har
ført til en kraftig reduksjon i antall aktører,
særlig når det gjelder forretningsbanker, men
også i sparebanksektoren. Parallelt er flere store finansinstitusjoner
solgt ut av landet. Resultatet er en norsk finansnæring
som består av noen få store aktører,
en rekke filialer av utenlandske og for en stor del tidligere norskeide
banker, i tillegg til et fremdeles godt utbygd nett av større
og mindre sparebanker.
Til nå har sparebankloven gitt en garanti
for at sparebankene ikke kan kjøpes av andre enn sparebanker.
Det betyr at sparebankene fremdeles har en relativt desentral struktur,
og dermed er plassert vesentlig nærmere kundene sine enn
hva tilfellet er for forretningsbankene. For næringer som
havbruk, fiskeri og for en rekke mindre bedrifter i distriktene
har dette gitt mulighet for å finansiere prosjekter som
forretningsbankene vanskelig ville hatt forutsetninger for å vurdere.
En generell tillatelse til omdanning av sparebanker til
aksjeselskap åpner for en omstrukturering av sparebanksektoren.
Erfaringer fra andre land der man har åpnet for omdanning,
har vist at aksjesparebankene har fusjonert med hverandre, og så i
stor grad blitt slått sammen med forretningsbanker.
Å beholde strukturen i sparebanksektoren
har til nå hatt støtte fra et klart flertall på Stortinget. Disse medlemmer oppfatter
derfor signalene fra Regjeringen om å gi sparebankene omdanningsadgang
som et linjeskifte i politikken på dette området.
Disse medlemmer har registrert
Gjensidige NOR Sparebanks ønske om omdanningsadgang til aksjesparebank,
med henvisning til et ønske om å holde egenkapitalkostnadene
på et nivå som er konkurransedyktig i forhold
til forretningsbankene som opererer på det norske markedet.
Dette er etter selskapets oppfatning nødvendig for å kunne
ha et konkurransedyktig nivå på tilbudet til bankkundene.
Disse medlemmer har forståelse
for Gjensidige NOR Sparebanks spesielle behov, men mener allikevel at
de totale samfunnsmessige hensyn taler mot å åpne for
omdanning. Ikke minst vil en omdanning av landets desidert største
sparebank til aksjesparebank innebære en klar svekkelse
av grunnfondsbeviset som egenkapitalinstrument, noe som lett vil
gi flere sparebanker motivasjon til å vurdere omdanning.
Dermed vil vi lett få en uønsket dominoeffekt
der sjøl banker som ønsker å fortsette
som sparebank, ser seg nødt til å gå inn
for omdanning.
Disse medlemmer påpeker
også at grunnfondsindeksen har gitt bedre avkastning enn
Oslo Børs’ totalindeks i perioden fra 1995-2001,
og stiller seg undrende til at det skulle være så vanskelig å overbevise
investorer om å satse på dette verdipapiret. Disse
medlemmer vil i stedet for å åpne for omdanning
av sparebanker, be Regjeringen vurdere de framlagte forslagene for å styrke
grunnfondsbeviset som egenkapitalinstrument.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet
og Kystpartiet er uenig med departementets konklusjon om
at det bør gjøres en lovendring som tillater at
sparebanker skal kunne omdanne seg til AS. Så langt har
sparebankloven fungert som en effektiv sperre mot oppkjøp.
Når det åpnes for en generell omgjøringsadgang
til aksjeselskap, er veien lagt åpen for oppkjøp
og sentralisering.
Sparebankenes idégrunnlag er at de
skal være selveiende institusjoner med forankring i de
lokalsamfunn som de betjener. Sparebanksystemet har vist seg å være både
kostnadseffektivt og finansielt robust. Under bankkrisen på slutten
av 1980-tallet og begynnelsen av 1990-tallet, var det bare et fåtall
sparebanker som fikk alvorlige problemer. De fleste forretningsbankene måtte
ha betydelig statlig hjelp for å unngå likvidasjon.
I dag er alle norske sparebanker - unntatt Gjensidige NOR
Sparebank - typiske distriktsbanker, som betjener større
og mindre lokalsamfunn innenfor et begrenset geografisk område.
Innenfor mange av disse områdene er sparebankene eneste,
eller en av svært få leverandører av
finansielle tjenester til personer og småbedrifter. Sparebankene
er særdeles viktige for utviklingen av næringslivet
og også kulturlivet, i sine lokalsamfunn. Sparebankene
spiller derfor en viktig rolle når det gjelder å opprettholde
et levende distriktsnorge.
Disse medlemmer mener at det
er grunn til å peke på at dette lokale engasjementet
fra sparebankenes side ikke har gått på bekostning
av lønnsomhet og sikring av bankenes soliditet. Tvert imot
konkurrerer de lokale sparebankene også godt på rentevilkår.
Disse medlemmer finner grunn
til å understreke at i de vesteuropeiske land hvor det
er gitt en lovmessig adgang for å omgjøre sparebanker
til aksjeselskaper, har omdanning skjedd fort. Aksjebankene har
fusjonert og i stor grad blitt slått sammen med forretningsbanker. I
disse landene eksisterer det ikke lenger et sterkt distriktsorientert
sparebankvesen, slik vi i dag kjenner det i Norge.
I Vest-Europa står sparebankene sterkt
i Tyskland, Spania og Norge. Hovedgrunnen til dette er at det i disse
tre landene ikke er adgang til å omdanne
sparebanker til aksjesparebanker eller aksjebanker. I Sverige gikk
det ti år fra omdanning til AS ble tillatt, med solid oppkjøpsvern,
til man er midt i en oppkjøpsbølge.
Etter disse medlemmers oppfatning
vil en generell omgjøringsadgang for sparebanker til å kunne bli
aksjeselskaper være svært negativt for distriktsnorge.
Venstres tidligere finanspolitiske talsmann, Terje Johansen, sa
det slik til Dagens Næringsliv den 9. mars 2001:
"- Om 15 år har vi et bankvesen der blodårene
ut til distriktene er blitt borte. Småbedrifter og nyskapere
i distriktene er ikke opptatt av om lånet gis med 0,2 eller 0,3
prosent lavere rente. De er opptatt av i det hele tatt å få lån.
Da trenger de banksjefer med lokalkunnskap."
Disse medlemmer vil videre vise
til at under behandlingen av Langtidsprogrammet i vår gikk
Senterpartiet, med støtte fra Kristelig Folkeparti og Venstre,
imot at sparebankloven endres slik at sparebankene kan omdannes
til aksjeselskap. Begrunnelsen for standpunktet var at en ser det
som "viktig å styrke det nasjonale eierskap i finansnæringen
og ser på sparebanksystemet med distriktsmessig tilgjengelighet, lokal
styring, lokalt eierskap og brukerinnflytelse som avgjørende
for utviklingen av et desentralisert næringsliv og at hele
landet kan være bebodd", Innst. S. nr. 230 (2000-2001).
Disse medlemmer mener konsekvensene
for de mindre sparebankene og dermed distriktsnorge, vil være
dramatiske dersom Stortinget slutter seg til dette forslaget.
Disse medlemmer mener imidlertid
at Gjensidige NOR Sparebank har dokumentert behovet for bedret tilgang
på egenkapital.
Disse medlemmer mener samtidig
at Gjensidige NOR Sparebank er i en så annerledes situasjon enn
de andre sparebankene at det ikke bør gis en generell omgjøringsadgang,
men heller la Gjensidige NOR Sparebank få anledning til å bli
forretningsbank.
Andre sparebankers behov for ekstra egenkapital
kan sikres ved å styrke grunnfondsbevisenes stilling. En slik
styrking av grunnfondsbevisene er viktig for å sikre minst
ett trygt nasjonalt basert finansmiljø i Norge.
"Arbeiderpartiet er sammen med Høyre
sentraliseringspartiene i Norge. For dem er ikke dette (omdannelse
til AS) noe skrekkscenario.", sa Venstres Terje Johansen til Dagens
Næringsliv 9. mars 2001.
Disse medlemmer konstaterer at
Kristelig Folkeparti og Venstre ikke bare har skiftet standpunkt, men
også påstår at omgjøringsadgangen
vil styrke sparebankene, uten at nye argumenter har blitt brakt
fram i debatten etter valget.
I meldinga er det gitt ei oversikt over dei
viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for
2000, og dessutan ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for
same år. Omtalen er i hovudsak avgrensa til 2000, men enkelte
stader har ein ført framstillinga fram utover årsskiftet.
Kredittmeldinga 1999 inneheld òg ei framstilling som på enkelte
punkt omfattar endringar i 2000. Enkelte av desse sakene blir kort
omtala på ny her. Ein viser elles til Kredittmeldinga 1999
kapittel 3.
Komiteen tek omtalen
i meldinga til orientering.
Det er i meldinga gjort greie for verksemda
til Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens
Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet i 2000.
Komiteen tek dette
til orientering.
Det internasjonale valutafondet (International
Monetary Fund, forkorta IMF) har 183 medlemsland og er ein sentral
aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet.
Organisasjonen har eit hovudansvar for å fremme stabiliteten
i det internasjonale monetære systemet og er
eit forum for internasjonalt samarbeid om penge- og valutapolitiske
spørsmål. Dei omfattande oppgåvene gir
IMF ei stor kontaktflate mot andre internasjonale organisasjonar
i tillegg til direkte kontakt med medlemslanda.
Fram til 1997 la Finansdepartementet annakvart år fram
ei eiga stortingsmelding om aktivitetane til IMF. I meldingane orienterte
departementet mellom anna om sakene som hadde blitt behandla eller
var til behandling i IMF. Det blei òg greidd ut om haldningane
til dei nordiske og baltiske landa (som har ein felles valkrins)
og kva for syn Noreg hadde hatt i dei viktigaste sakene. I St.prp.
nr. 56 (1997-1998) Om samtykke til endring i IMFs statutter om spesielle trekkrettigheter
og om samtykke til økning av medlemslandenes kvoter gjorde
Finansdepartementet framlegg om å avvikle ordninga med
ei eiga stortingsmelding om IMF annakvart år. I staden
ville ein orientere Stortinget om viktige IMF-saker i andre stortingsmeldingar
og stortingsproposisjonar frå Finans-departementet.
Heile finanskomiteen slutta seg til framlegget.
IMF si verksemd er konsentrert om tre hovudaktivitetar:
overvaking av økonomien i medlemslanda, lån i krisesituasjonar
og teknisk assistanse. Økonomiane i medlemslanda blir overvaka
regelmessig gjennom såkalla artikkel IV-konsultasjonar,
der IMF utarbeider ein rapport med vurderingar av den økonomiske
situasjonen i det aktuelle landet, med tilrådingar om den økonomiske
politikken.
Noreg har ein liten open økonomi. Det
er derfor viktig for landet at dei internasjonale økonomiske
tilhøva er stabile. IMF gjer eit viktig arbeid for å leggje
grunnlag for stabile finansielle tilhøve og er eit sentralt forum
for diskusjon av dei viktigaste spørsmåla i internasjonal økonomi.
Noreg og dei andre landa i den nordisk-baltiske valkrinsen har sterkt
støtta hovudlinene i IMF sitt arbeid.
Årsmøtet i 2001 blei avlyst
som ei følgje av terroristaksjonane i USA. Den
internasjonale monetære og finansielle komité (IMFC)
og Utviklingskomiteen hadde møte med avgrensa deltaking
i Ottawa, Canada, 17. og 18. november 2001. Hovedpunkta under møta var
den økonomiske situasjonen og kampen mot fattigdom, samt
kamp mot kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme.
Det er i meldinga gjort nærare greie
for organiseringa av og oppgåvene til IMF, ressursar og
samarbeidspartnarar og særskilde forhold som gjeld Noreg.
Komiteen tek det som
står i meldinga om IMF til orientering.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet, merker
seg at Kredittmeldingen inneholder en omtale av Det internasjonale
pengefondets (IMFs) virksomhet i 2000, og Norges holdning i de sentrale
debattene knyttet til institusjonen. Dette er et bidrag til å gi økt
diskusjon om denne sentrale institusjonens rolle i internasjonal økonomi,
og kan bidra til større bevissthet om hvilke institusjoner
og virkemidler som er nødvendige for å skape en
stabil internasjonal økonomi som også ivaretar
behovet for en mer rettferdig fordeling av verdens ressurser.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti
og Senterpartiet viser til den omfattende kritikken som
er kommet mot IMFs virksomhet. Så vel håndteringen
av de senere års kriser i finansmarkedene, som strukturtilpasningskravene
til medlemsland som trenger lån og arbeid for å redusere fattigdomsproblemer,
er blitt sterkt kritisert fra fagøkonomer og ikke minst
representanter for den fattige delen av verden. Kritikken rettes
mot pengefondets ensidige fokus på stabil inflasjon, mens
arbeidsledighet, andre sosiale problemer og grunnlaget for økonomisk
vekst vies liten oppmerksomhet. Mye tyder på at IMFs løsningsforslag
der det ble lagt stor vekt på en kontraktiv økonomisk
politikk, var en medvirkende årsak til den dramatiske utviklingen
både i Asiakrisen i 1997-98 og i den siste tidens krise
i Argentina.
Protestene har bidratt til at IMF de senere årene
har lagt om kursen noe, med større fokus på medvirkning fra
landene som har problemer og mindre omfattende krav til strukturtilpasning.
Men fremdeles er kravene fra IMF svært omfattende, og griper
inn i mange sider ved et lands økonomiske politikk på en
måte som får store konsekvenser for innbyggernes
dagligliv - særlig gjelder dette den fattige delen av befolkningen.
Disse medlemmer understreker
at det grunnleggende problemet er manglende demokrati i styringen av
IMF. Medlemslandene har ikke innflytelse etter antall innbyggere,
men etter størrelsen på økonomien. Det
innebærer at USA har en 17,16 pst. andel av stemmene, Norge
har 0,78 pst., mens for eksempel Kina har 3 pst. etter overtakelsen
av Hong Kong. Konsekvensen er at pengefondet styres av de rikeste
landene i verden, og i de fleste sammenhenger vil unngå å gjøre
noe som er i strid med disse landenes interesser.
Disse medlemmer mener Norge bør
være mer offensive for å fortgang i reformprosessene
i IMF. Dette gjelder både i forhold til pengefondets arbeidsmåte,
styringsform og rolle.
Komiteen viser til
St.meld. nr. 6 (2001-2002) og til det som står i denne
innstillinga og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
St.meld. nr. 6 (2001-2002) - Kredittmeldinga
2000 - vert å leggje ved protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 7. februar 2002
Siv Jensen
leiar |
Ingebrigt S. Sørfonn
ordførar og sekretær |