Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2001

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2001.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2001 var 758,4 mrd. kroner, medan utgiftene var på 516,8 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var på 243,2 mrd. kroner som vart overført til Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 1,6 mrd. kroner. Det vart i samband med nysalderinga av budsjettet for 2001 vedteke at 0,4 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit underskot på 1,2 mrd. kroner.

I meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen viser rekneskapen for fondet 17,2 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskottet i Statens petroleumsfond vert dermed 260,1 mrd. kroner i 2001. Ved utgangen av 2001 var kapitalen i fondet 619,3 mrd. kroner.

Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 258,8 mrd. kroner.

Tabellane 1.2 og 1.3 i meldinga viser hovedtala i dei formelle rekneskapa for 2000 og 2001.

Ved framlegget av statsbudsjettet for 2001 tok ein sikte på at budsjettet skulle verka om lag nøytralt på økonomien, vurdert ut frå endringa i det olje-, rente- og aktivitetskorrigerte budsjettunderskotet. Rekna i prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg vart det såleis lagt opp til at dette underskotet skulle vera uendra frå 2000 til 2001.

I mars 2001 kom regjeringa Stoltenberg med framlegg om nye retningsliner for den økonomiske politikken. Retningslinene fekk brei tilslutning i Stortinget. Etter dei nye retningslinene skal budsjettpolitikken frå og med 2002 byggje på eit strukturelt underskot tilsvarande forventa avkasting på Statens petroleumsfond.

Ein skal for 2002 og framover styra etter nivået på eit strukturelt underskot og ikkje ut frå endringa i eit olje-, rente- og aktivitetskorrigert underskot. Det er gjort nærare greie for tenkinga bak utrekninga av det strukturelle underskotet i boks 1.1 i meldinga.

Nye utrekningar viser nå eit strukturelt underskot for 2001 på noko under 18 mrd. kroner. Dei tilsvarande tala for 2000 syner at det strukturelle underskotet er tilnærma uendra frå 2000 til 2001 rekna i prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg. Dette inneber at budsjettpolitikken for 2001 var om lag konjunkturnøytral, i tråd med det ein la opp til då budsjettet for 2001 vart vedteke.

Tabell 1.4 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 2001, medan tabell 1.5 viser utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.

I 2001 har inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 77,9 mrd. kroner, frå 679,4 mrd. kroner i saldert budsjett til 757,3 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 13,1 mrd. kroner, frå 502,4 mrd. kroner i saldert budsjett til 515,5 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.

Nysaldert budsjett viste eit oljekorrigert underskot som var 11,5 mrd. kroner lågare enn i det budsjettet som opphaveleg vart vedteke. Inntektene vart samla sett med 14,8 mrd. kroner høgare utan inntekter frå petroleumsverksemda og lån. Av dette var 15,1 mrd. kroner høgare skatte- og avgiftsinntekter, medan renteinntektene og utbyte sidan saldert budsjett auka med 0,6 mrd. kroner. Resterande inntekter vart redusert med 0,9 mrd. kroner netto. Nysaldert budsjett viste auka utgiftsløyvingar på netto 3,2 mrd. kroner (utan utgifter til petroleumsverksemda og lånetransaksjonar) frå saldert budsjett. Av dei auka utgiftene kjem 2,5 mrd. kroner av at ein del av dei løyvingane som vart endra i samband med Revidert nasjonalbudsjett ikkje vart dekte inn. Det gjeld kompensasjon til kommuneforvaltinga for avsetninger til etterlatne og barnepensjonar, feriepenger/arbeidsgjevaravgift ved overgang til nettobudsjettering ved universiteta, seinare betaling for arbeidsmarknadstiltak og oppgjer av skattefordelingstvist mellom einskilte kommunar, Norsk Hydro og staten.

Oljeinntektene auka med 63,1 mrd. kroner og oljeutgiftene med 9,9 mrd. kroner, slik at netto inntekter frå oljeverksemda vart 53,2 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Auken kan i stor grad forklarast med at ein i nysaldert budsjett la til grunn ein gjennomsnittleg oljepris for 2001 på 220 kroner per fat, som var 40 kroner høgare enn i saldert budsjett. Overføringar frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet vart redusert med 11,5 mrd. kroner. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart auka med 3,2 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring i balansen for Petroleumsfondet på 68,0 mrd. kroner.

I 2000 vart det løyva midlar til kjøp av pasientbehandling i utlandet. I anslaget på rekneskap i nysaldert budsjett for 2001 la ein til grunn at desse utgiftene ville bli brukte i seinare år. Anslag på rekneskap frå nysaldert budsjett hadde derfor 0,1 mrd. kroner høgare utgifter enn nysaldert budsjett. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 0,1 mrd. kroner. Nysaldert budsjett vart derfor gjort opp med eit overskot på 0,1 mrd. kroner.

Ei samla oversikt over dei endra løyvingene gjennom 2001 er gjeve i St.prp. nr. 32 (2001-2002) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2001 og Innst. S. nr. 73 (2001-2002) Innstilling fra finanskomiteen om ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2001.

Det er i avsnitt 1.4 i meldinga gitt oversyn over hovudtala i statsrekneskapen for 2001 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet. I kapittel 2 i meldinga er det gjeve oversyn over eit utval av inntekter og utgifter og i kapittel 3 er det omtale av særskilde satsingsområde i statsbudsjettet.

I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygden for 2001, medan finanspostar og kapitalreknskapen er tema for kapittel 5. I kapittel 6 i meldinga vert det gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde og fra Kystpartiet, Karl-Anton Swensen, viser til at meldingen gjelder statsregnskapet medregnet folketrygden for 2001 og til at det i meldingen dessuten er gitt en orientering av resultatregnskapet for Petroleumsfondet for 2001. Komiteen tar meldingen til orientering. Komiteen viser til at Stortinget senere, på grunnlag av innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen til dokument fra Riksrevisjonen, vil behandle konstitusjonelle antegnelser fra Riksrevisjonen med svar og forslag til desisjon av statsregnskapet for 2001.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet viser til at det på en rekke områder, både på inntekts- og utgiftssiden, er til dels betydelige avvik mellom statsbudsjettet og statsregnskapet for 2001. Dette viser etter disse medlemmers oppfatning at budsjettpolitikken ikke er godt egnet til å jevne ut svingningene i økonomien, eller detalj- eller finstyre den. Disse medlemmer vil påpeke at dette viser at Regjeringens frykt for mindre justeringer i statsbudsjettets utgifts- og inntektsside er betydelig overdrevet og at den økonomiske handlefriheten er betydelig større enn det Regjeringen hevder.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at statsregnskapet viser et betydelig avvik fra det vedtatte statsbudsjettet, også i 2001. Disse medlemmer påpeker at dette betyr at det sterke fokuset fra Regjeringen på å holde et eksakt nivå på statsbudsjettets underskudd, i ettertid må sies å være betydelig overdrevet. Lærdommen av dette bør etter disse medlemmers oppfatning være at styring av finanspolitikken etter en bokstavtro tolkning av den såkalte handlingsregelen, er lite meningsfylt. I stedet bør fokus være på en aktivitetskorrigering i tråd med temperaturen i økonomien, med handlingsregelen som en veiledning i forhold til den langsiktige innfasingen av oljepenger i norsk økonomi.

Disse medlemmer vil peke på at den økonomiske styringen av forsvarssektoren ser ut til å være mangelfull. Et mindreforbruk i forhold til vedtatt budsjett på milliardnivå der 1,79 mrd. kroner overføres til inneværende års budsjett, er av en størrelse som har merkbar betydning for den økonomiske aktiviteten i landet som helhet. Et såvidt stort mindreforbruk er etter disse medlemmers oppfatning også en klar indikasjon på at det finnes et innsparingspotensiale i Forsvaret.

Komiteens medlem fra Senterpartiet har merket seg at det i St.meld. nr. 3 (2001-2002) er et stort avvik mellom det vedtatte budsjettet for 2001 og statsregnskapet. Dette avviket er etter dette medlems oppfatning en bekreftelse på Senterpartiets kritikk av praktiseringen av handlingsregelen i norsk økonomi er berettiget.

Det er helt nødvendig å begrense strømmen av oljepenger inn i norsk økonomi for å hindre at Norge kommer dårligere ut enn om vi aldri hadde funnet oljen og gassen. Men vi kan ikke ha en så stivbeint handlingsregel at den hindrer oss i å utnytte de mulighetene som vi må utnytte, til å dreie det politiske fokus fra reparasjon til forebygging.

Dette medlem mener at stortingsflertallet gjennom handlingsregelen har satt en stivbeint grense for hvor stor del av oljeformuen som kan investeres i økonomien. Investeringer som i løpet var noen få år kan øke effektiviteten i næringslivet eller som kan redusere de offentlige utgifter, avskjæres med henvisning til handlingsregelen. Veldokumenterte behov for ekstramidler til skole, helse og samferdsel i kommunene blir ikke prioritert av Regjeringen. Dermed settes et ensidig og urealistisk press på effektivisering i kommunene.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 3 (20001-2002) - Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2001 - vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 4. juni 2002

Siv Jensen

leder og ordfører

Ingebrigt S. Sørfonn

sekretær