Innstilling fra forsvarskomiteen om endringer i "Regulativ for tillegg mv. til utskrevne vernepliktige mannskap"

Dette dokument

Til Stortinget

1. Innleiing

I proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag til regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2002.

2. Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på tilrådd forhandlingsresultat mellom staten og LO Stat, Akademikernes Fellesorganisasjon, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat, Akademikerne og Utdanningsgrup-penes Hovedorganisasjon frå lønsoppgjeret, med verknad frå 1. mai 2002. Dei vernepliktige mannskapa sine primærgodtgjersler blir tilrådd auka med 6,0 pst. frå 1. juli 2002. Meirutgiftene for 2002 er utrekna til 20,12 mill. kroner.

Det blir informert om omlegging av Tillitsmannsordninga i Forsvaret (TMO).

3. Bakgrunn

Gjennom ei rekkje år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Som hovudregel er det tatt omsyn til profilen i oppgjera. Departementet har dei seinare år, i tråd med Forsvarskomiteens syn, lagt til grunn den regulering som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Lønsoppgjeret i staten gav som resultat eit tillegg på kr 7 500 i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft på A-tabellen med verknad frå 1. mai 2002.

Det skal vidare bli ført sentrale forhandlingar per 1. august 2002 innanfor ei ramme på 1,5 pst. og lokale forhandlingar per 1. september 2002 innanfor ei ramme på 1,9 pst.

4. Vurderingar

Dei økonomiske ytingane det gjeld har som eit viktig mål å sikre den vernepliktige og familien hans ein rimeleg god levestandard. Det bør takast omsyn til at kjøpekraftutviklinga for lønstakarar og vernepliktige ikkje direkte kan samanliknast, då vernepliktige har relativt små tillegg og behovsprøvde ytingar. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering av primærgodtgjerslene med 6,0 pst. Det er då teke omsyn til at soldatreguleringa skjer to måneder seinare enn oppgjeret i staten. Av praktiske omsyn lyt reguleringa skje frå 1. juli 2002, sjølv om oppgjera for statstilsette har tidlegare verknadsdato.

5. Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande reguleringar av satsane m.v. frå 1. juli 2002:

Tenestetillegg

frå kr

102,00

til kr

108,00 pr. dag

Korporalstillegg

frå kr

13,30

til kr

14,10 pr. dag

Kompensasjonstillegg

frå kr

205,30

til kr

217,60 pr. dag

Ektefelletillegg

frå kr

2 799,00

til kr

2 967,00 pr. mnd.

Barnetillegg, fyrste barn

frå kr

3 180,00

til kr

3 369,00 pr. mnd.

Barnetillegg, øvrige barn

frå kr

1 314,00

til kr

1 392,00 pr. mnd.

Dimisjonsgodtgjersle

frå kr

6 935,00

til kr

7 351,00

Utdanningsbonus

frå kr

6 935,00

til kr

7 351,00

6. Samla utgiftsbereKning

Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 20,12 mill. kroner for 2002 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg

15,668 mill. kroner

Auke av kompensasjonstillegg

0,248 mill. kroner

Auke av forsørgjartillegg

1,322 mill. kroner

Auke av dimisjonsgodtgjersle og utdanningsbonus

2,882 mill. kroner

7. Saker til informasjon

Omlegging av Tillitsmannsordninga i Forsvaret

Som følgje av klare ønskje og krav frå dei vernepliktige mannskapa, ei samrøystes oppmoding frå Landsutvalet for tillitsvalde i Forsvaret (LTF) og ikkje minst den omstruktureringa som no skjer i Forsvaret, oppnemnde Forsvarsdepartementet den 14. mai 2001 eit utval for ei generell vurdering av Tillitsmannsordninga i Forsvaret (TMO).

Utvalet har vore sett saman av representantar frå Arbeidernes ungdomsfylking (AUF), Kristeleg Folkepartis ungdom (KrFU), Forsvarsdepartementet (FD), Forsvarets overkommando (FO), administrasjonen i LTF, vernepliktig representant frå LTF og vernepliktig representant frå LTF/S. Departementet ivaretok sekretariatsfunksjonen.

Utvalet leverte innstillinga si 7. november 2001. Eit samrøystes utval tilrådde mellom anna følgjande:

  • – All administrasjon og drift av TMO blir delegert frå Forsvarsdepartementet til forsvarssjefen.

  • – TMO skal framleis vere ei samarbeidsordning og det skal vere eit sjefsansvar at ordninga blir oppretta og fungerer på eit kvart nivå.

Alle høyringsfråsegner gir full tilslutning til hovudtrekka i innstillinga.

Departementet vil på denne bakgrunn delegere all administrasjon og drift av TMO frå FD til forsvarssjefen per 1. august 2002.

Landskonferansen (LK) vil etter LK 2002 bli gjennomført kvart anna år, likevel som ei prøveordning i 2004 og 2006. Ei evaluering skal så gjerast med sikte på den forma, innhaldet og frekvensen Landskonferansen bør ha i framtida.

Det er avgjerande for dei tillitsvalde i Landssekretariatet (LSEK) at dei i Forsvarets militære organisasjon (FMO) får ein organisatorisk tilknyting som gjev høve til rask tilgang til både politisk og militær toppleiing når behovet oppstår. TMO v/LSEK må vere ein klart synleg og i størst mogeleg grad frittståande del av FMO sin sentrale organisasjon.

8. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunnar Halvorsen, Leif Lund og lederen Marit Nybakk, fra Høyre, Bjørn Hernæs og Åge Konradsen, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Ove Width, fra Sosialistisk Venstreparti, Kjetil Bjørklund, fra Kristelig Folkeparti, Åse Wisløff Nilssen og fra Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til at deøkonomiske ytelsene har som mål å sikre den vernepliktige og familien en rimelig god levestandard, og at forslaget til regulering er basert på anbefalt forhandlingsresultat mellom staten og organisasjonene.

Komiteen har merket seg at et utvalg har vurdert Tillitsmannsordninga i Forsvaret (TMO) og tar informasjonen om de endringer en har kommet fram til, til etterretning.

9. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2002 blir det gjort følgende endringer:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

1720

Felles ledelse og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, økes med

1 012 000

fra kr 1 123 294 000 til kr 1 124 306 000

1725

Fellesinstitusjoner og -utgifter under FO

1

Driftsutgifter, økes med

248 000

fra kr 2 294 356 000 til kr 2 294 604 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, økes med

9 575 000

fra kr 4 461 933 000 til kr 4 471 508 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, økes med

4 034 000

fra kr 2 742 079 000 til kr 2 746 113 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, økes med

2 297 000

fra kr 3 946 976 000 til kr 3 949 273 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, økes med

2 533 000

fra kr 794 842 000 til kr 797 375 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, økes med

403 000

fra kr 625 725 000 til kr 626 128 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, økes med

18 000

fra kr 127 239 000 til kr 127 257 000

Oslo, i forsvarskomiteen, den 12. juni 2002

Marit Nybakk

leder

Kjetil Bjørklund

ordfører

Bjørn Hernæs

sekretær