Barne- og familiedepartementet legg fram følgjande endringsforslag på statsbudsjettet for 2002.
På kap. 800 Barne- og familiedepartementet,
post 21 Særskilde driftsutgifter er det eit meirbehov på 2
mill. kroner som kjem av at tiltak av førebels karakter
i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over
ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den
samla ramma til departementet.
Departementet gjer framlegg om å auke
kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Særskilde driftsutgifter
med 2 mill. kroner mot ei innsparing på 0,920 mill. kroner
frå kap. 841 Familievern og konfliktløysing post
22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a.,
0,650 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50
og 0,430 mill. kroner frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast.
Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot
til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter
o.a.). I samsvar med budsjettvedtaket i Stortinget skal staten yte
50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt
budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjent av vertskommunen
(den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 pst. av
budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar.
På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunane
har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det
faktiske behovet.
Departementet gjer framlegg om at kap. 840 post
60 vert auka med 5,6 mill. kroner for 2002.
Tilskotet skal vere med på å motverke
ei skeiv sosial fordeling av adopsjon knytt til foreldra sin økonomi
på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.
Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet
var i 2002 på 22 500 kroner per barn. Tilskotsordninga
vert forvalta av Barne-, ungdoms- og familie-forvaltninga (BUFA).
For 2002 indikerer BUFAs prognose eit meirbehov på 2,9
mill. kroner. Årsaka til at utbetalingane i år
ligg høgare enn venta, er verknaden av tiltak hausten 2000 for å byggje
ned restansar. Tiltaka inneber at mange fleire søkjarar
enn tidlegare fekk førehandssamtykke til adopsjon av barn.
Departementet gjer framlegg om at kap. 852 post
70 vert auka med 2,9 mill. kroner for 2002.
Utgiftene i samband med saksavviklinga utgjer
ein stor del av kostnadene i fylkesnemndene. Saksvolumet vil derfor
i stor grad styre kostnadene til fylkesnemndene. Talet på saker
i fylkesnemndene auka med nesten 10 pst. frå 2000 til 2001,
og første halvår 2002 viser ein samla saksauke
på 7 pst. Basert på at saksmengda i år har
vore langt større enn venta, er det eit meirbehov på 4
mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post
1 vert auka med 4 mill. kroner for 2002.
Posten dekkjer det særskilde tilskotet
til kommunane på 93 000 kroner per barn per år,
dessutan refusjon av fylkeskommunen sine barnevernutgifter til einslege mindreårige
flyktningar og asylsøkjarar. Ordninga er regelstyrt og
posten er ei overslagsbevilling. Talet på einslege mindreårige
som har kome til landet ser ut til å auke langt meir frå 2001
til 2002 enn tilfellet var frå 2000 til 2001.
Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post
64 vert auka med 9,3 mill. kroner for 2002.
Utgiftene til fødselspengar er rekna
til 7 850 mill. kroner, 144 mill. kroner meir enn løyvinga
i saldert budsjett. Meirutgiftene kjem hovudsakleg av 1,5 pst. høgare
lønnsvekst frå 2001 til 2002 enn det som er lagt til
grunn.
Departementet gjer framlegg om at kap. 2530
post 70 vert auka med 144 mill. kroner for 2002.
Ein reknar med at det vert utbetalt eingongsstønad
til 12 140 personar i 2002, om lag 580 færre enn det som var
lagt til grunn i saldert budsjett. Utgiftsoverslaget er på 392
mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om at kap. 2530
post 71 vert redusert med 18 mill. kroner for 2002.
Utgifter til feriepengar av fødselspengar
er rekna til 227 mill. kroner, 4 mill. kroner meir enn løyvinga
i saldert budsjett, som følgje av meirutgiftene under post
70 Fødselspengar.
Departementet gjer framlegg om at kap. 2530
post 72 vert auka med 4 mill. kroner for 2002.
Utgiftene til adopsjonspengar er rekna til 138
mill. kroner, 32 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert
budsjett. Meirbehovet kjem av både fleire adopsjonspengetilfelle
og høgare utbetaling per tilfelle enn det som er lagt til
grunn for løyvinga.
Departementet gjer framlegg om at kap. 2530
post 73 vert auka med 32 mill. kroner for 2002.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke og fra Senterpartiet, Ola T. Heggem, viser til at behovet for bevilgningsendringer skyldes påløpte merbehov og mindrebehov på de angitte kapitlene. Komiteen støtter forslagene i proposisjonen.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti,
Magnar Lund Bergo og May Hansen, finner det uakseptabelt
at Regjeringen finansierer post 21 Særskilte driftsutgifter
med å trekke ut midler fra kap. 841 Familievern og konfliktløsning post
22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset med
920 000 kroner, kap. 854 Tiltak i barne og ungdomsvernet post 71
Utvikling og opplysningsarbeid med 650 000 kroner, kap. 857 Barne-
og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn med
430 000 kroner.
Disse medlemmer vil poengtere
at alle disse kapitlene er underbudsjettert i forhold til behov
og pålagte oppgaver. Disse kuttene rammer de mest utsatte,
barn og unge og familier i krise. Disse medlemmer merker
seg at Regjeringen ser at tallet på fylkesnemndsaker har økt
med 10 pst. hvert år siden 2000. Disse medlemmer ser
ikke sammenhengen mellom økt problematikk og mindre forbruk
av midler på disse kapitlene.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
disse midlene bør taes fra kommunenes budsjett over barnevernkapitlet.
Disse medlemmer ser det som svært
uheldig at enslige mindreårige flyktninger og asylanter
blir plassert i egne tiltak, og til tider overlatt til seg selv. Disse medlemmer mener
derfor at de kommunene som påtar seg ansvaret for disse
barn og unge, også må ta ansvaret med å følge
dem opp.
Disse medlemmer viser for øvrig
til Fremskrittspartiets asyl- og flyktningepolitikk.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2002 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
|
Utgifter: |
|
800 |
|
Barne- og familiedepartementet |
|
|
21 |
Særskilde driftsutgifter, vert auka med |
2 000 000 |
|
|
frå kr 2 943 000 til 4 943 000 |
|
840 |
|
Tilskot til krisetiltak |
|
|
60 |
Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving, vert auka med |
5 600 000 |
|
|
frå kr 53 712 000 til 59 312 000 |
|
841 |
|
Familievern og konfliktløysing |
|
|
22 |
Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., vert redusert med |
920 000 |
|
|
frå kr 3 230 000 til 2 310 000 |
|
852 |
|
Adopsjonsstøtte |
|
|
70 |
Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsbevilling, vert auka med |
2 900 000 |
|
|
frå kr 15 330 000 til 18 230 000 |
|
854 |
|
Tiltak i barne- og ungdomsvernet |
|
|
1 |
Driftsutgifter - fylkesnemndene for sosiale saker, vert auka med |
4 000 000 |
|
|
frå kr 68 907 000 til 72 907 000 |
|
|
64 |
Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving, vert auka med |
9 300 000 |
|
|
frå kr 204 732 000 til 214 032 |
|
|
71 |
Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50, vert redusert med |
650 000 |
|
|
frå kr 38 516 000 til 37 866 000 |
|
857 |
|
Barne- og ungdomstiltak |
|
|
73 |
Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast, vert redusert med |
430 000 |
|
|
frå kr 18 539 000 til 18 109 000 |
|
2530 |
|
Fødselspengar og adopsjonspengar |
|
|
70 |
Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving, vert auka med |
144 000 000 |
|
|
frå kr 7 706 000 000 til 7 850 000 000 |
|
|
71 |
Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, vert redusert med |
18 000 000 |
|
|
frå kr 410 000 000 til 392 000 000 |
|
|
72 |
Feriepengar av fødselspengar, overslagsløyving, vert auka med |
4 000 000 |
|
|
frå kr 223 000 000 til 227 000 000 |
|
|
73 |
Adopsjonspengar o.a.., overslagsløyving, vert auka med |
32 000 000 |
|
|
frå kr 106 000 000 til 138 000 000 |
|
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 28. november 2002
Sonja Irene Sjøli
leder |
Ola T. Heggem
ordfører |
Trond Giske
sekretær |