Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om statlege utval, styre og råd mv. 1. januar- 31. desember 2001

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 144 (2002-2003)
  • Kildedok: St.meld. nr. 15 (2002-2003)
  • Dato: 25.02.2003
  • Utgiver: Kontroll- og konstitusjonskomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I tråd med Stortinget sitt ynskje frå 1987, om at ein berre fremjar melding kvart fjerde år, legg Regjeringa fram St.meld. nr. 15 (2002-2003) om statlege utval, styre og råd som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2001. St.meld. nr. 7 (1997-1998) vart sist lagt fram i 1998.

Meldinga inneheld ei samanlikning med 2000 på endringane hjå dei einskilde departementa. Ei rekke tabellar samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 2001. Meldinga gjer greie for Regjeringa sin politikk på området og inneheld ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei.

1.2 Omfanget av utvalssystemet - endringar sidan 2000

Det var 533 utval, styre og råd i verksemd ved utløpet av 2001. Dette er 10 færre enn ved utgangen av 2000. Ved siste årsskifte var det 468 faste og 59 mellombels statlege utval, styre og råd.

Delen kvinner er om lag den same som i 2000, og er framleis på om lag 42 pst.

Den geografiske fordelinga mellom dei ulike landsdelane har også halde seg noko nær uendra.

1.3 Samansetting av utval, styre og råd i 2001

Ved årsskiftet var det i alt 5 969 verv fordelte på i alt 5 833 personar, og dei aller fleste, 4 602, er med berre i eitt utval, styre eller råd. Dette gjeld både for kvinner og menn.

Kvinnedelen er stabil på om lag 42 pst. både i 2000 og 2001. Det er likevel verd å merke seg at skilnaden enno er stor mellom dei ulike departementa. Under ein femtedel kvinner finn ein berre for Forsvarsdepartementet og Olje- og energidepartementet, men delen av kvinner er låg jamvel for Samferdselsdepartementet, Statsministerens kontor, Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeridepartementet sin del. Barne- og familiedepartementet skil seg framleis ut som departementet med den høgste kvinnedelen, tett fylgt av M­iljøverndepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forsk­ingsdepartementet, Kulturdepartementet og Sosial- og helsedepartementet.

Ein finn framleis ein klår skilnad mellom menn og kvinner når ein ser på kva for verv dei har i utval, styre og råd. Medan nestleiarfunksjonen er om lag jamt delt mellom menn og kvinner, er det enno berre ein firedel av dei som vart leia av kvinner.

Dei eldste, men særleg dei yngste årsklassane er såleis framleis sterkt underrepresenterte i statlege utval, styre og råd.

Det er enno store skilnader mellom landsdelane når det gjeld deltaking i utval, styre og råd. Framleis er dei sentrale områda på Austlandet godt overrepresenterte, medan Sør- og Vestlandet har lågare deltaking enn kva som høver for folkemengda.

Om ein bryt tala ned på dei einskilde fylka, ser ein endå klårare korleis Oslo og Akershus dominerer dei kollegiale organa. Overrepresentasjonen frå Oslo, og i ein viss mon frå Akershus, skuldast truleg at mange av organisasjonsrepresentantane er busette i det sentrale Austlandsområdet.

1.4 Representativitet

I den neste fireårsperioden ynskjer Regjeringa å arbeide for å styrke representativiteten i dei kollegiale organa.

Utval, styre og råd er meint å sikre innsyn, deltaking og medverknad og skal tene som eit viktig og nyttig supplement og korrektiv til den faglege kompetansen i forvaltinga. Ein måte å sikre dette på, er å gjere dei kollegiale organa mest mogleg breitt samansette. Det er viktig å freiste å få med folk med varierande bakgrunn og med annan kompetanse enn i embetsverket. Dette kan føre nye idear og synspunkt inn i forvaltinga.

Totalt sett er kvinnedelen 42 pst. for utval, styre og råd for 2001. Dette er i tråd med krava som vert stilte i likestillingslovas paragraf 21. Sjølv om det totalt er 42 pst. kvinnedel, vert berre 26 pst. av dei kollegiale organa leia av kvinner. Nestleiarvervet er bortimot likt fordelt mellom kvinner og menn. Regjeringa ynskjer å styrke kvinnedelen i leiarposisjonar i løpet av den neste fireårsperioden.

Når ein ser vidare på deltakarane, er det ei skeiv fordeling aldersmessig og geografisk. Det er særleg dei yngre og eldre som er kraftig underrepresenterte i høve til deira del av folkemengda. T.d. var det i 2000 berre 3 pst. av medlemmene som var i aldersgruppa 16-29 år, medan denne gruppa utgjorde 21 pst. av befolkninga. Vidare var det 6 pst. som var 65 år eller eldre, medan dei utgjorde 16 pst. av befolkninga. I tillegg var det ei skeiv fordeling geografisk. Mellom anna hadde Oslo/Akershus 45 pst. av utvalsmedlemmene, medan 21 pst. av befolkninga bur her. Dei kollegiale organa liknar difor i samansetting meir på forvaltinga sjølv enn på befolkninga elles.

For å sikre den demokratiske dimensjonen i utval, styre og råd ynskjer Regjeringa å styrke dei yngre og eldre sin plass i dei kollegiale organa. Ein treng alternativ kunne i dei kollegiale organa. I den samanheng er posisjonen deira som ein representativ kanal særs viktig.

Når det gjeld geografisk spreiing av medlemmene, er det gjerne forklart ved at mange av dei kollegiale organa held til i Oslo/Akershus-regionen, og det fører igjen til at mange frå dette området deltek i desse. Det er likevel mogeleg å gje utvala ei samansetting som betre svarar til befolkninga.

Regjeringa vil gjere sitt for å sikre at Sametinget og/eller representantar for nasjonale minoritetar blir rekrutterte der det er relevant. I tillegg vil Regjeringa ha med fleire personar med innvandrarbakgrunn i utval, styre og råd, fordi dette er ei gruppe som i for liten grad deltek i dei kollegiale organa. Deira kompetanse er også viktig for å sikre alternativ kunnskap og bakgrunn. Også i eit demokratisk perspektiv er det viktig å få desse med. På dette området vil Regjeringa bl.a. vurdere bruk av referansegrupper og/eller høringsgrupper for å sikre at mangfaldet og det fleirkulturelle blant brukargruppene generelt blir ivaretatt der det er nødvendig og relevant i forhold til oppgåveområdet.

1.5 Måla i neste fireårsperiode

Måla i kommande fireårsperiode vil vere:

  • 1. Regjeringa har som mål at det skal vere minst 40 pst. representasjon av kvart kjønn i statlege utval, styre og råd. Dette skal gjelde for alle departementsområde. Regjeringa har som mål å auke kvinnedelen i leiarposisjonar i statlege utval, styre og råd i fireårsperioden.

  • 2. Regjeringa har som mål å betre den geografiske spreiinga i rekrutteringa til statlege utval, styre og råd, og elles styrke rekrutteringa frå dei yngre aldersgruppene.

  • 3. Regjeringa vil vere med på å sikre at personar med innvandrarbakgrunn også blir rekrutterte, likeins vil Regjeringa gjere sitt for å sikre at Sametinget og/eller representantar for nasjonale minoritetar blir rekrutterte der det er relevant. På dette området vil Regjeringa bl.a. vurdere bruk av referansegrupper og/eller høringsgrupper for å sikre at mangfaldet og det fleirkulturelle blant brukargruppene generelt blir ivaretatt der det er nødvendig og relevant i forhold til oppgåveområdet.

  • 4. Regjeringa vil som ledd i moderniserings- og effektiviseringsarbeidet i offentleg sektor vurdere å redusere talet på medlemmer med 10 pst. i permanente og mellombels statlege utval, styre og råd.

1.6 Opplæring

Det vert i dag ikkje gjeve nokon sentral opplæring i kva for plikter og rettar ein har når ein er medlem av et slikt organ. Kriteria for å delta i kollegiale organ varierer, og er ofte tufta på spesifikk fagleg kompetanse. Ein er ikkje kjend med at det finst direkte regelfesting av krav til særleg kompetanse for styremedlemmer. Statsforetakslova har ei bestemming om erstatnings- og straffeansvar for styremedlemmer, jf. statsforetakslova §§ 56 og 58.

Regjeringa er merksam på at ein del nye medlemmer er usikre med omsyn til kva for rettar og plikter ein har i utval, styre og råd. Regjeringa vil difor ta eit initiativ til opplæring av medlemmer i kollegiale organ. Opplæringa bør konsentrere seg om kjennskap til lovverk, særleg til forvaltningslov og offentlighetslov. Desse er kanskje ikkje godt nok kjende blant mange av medlemmene, sidan ikkje alle har bakgrunn frå forvaltinga eller god kjennskap til korleis offentleg forvalting fungerer. Det er viktig å sikre seg at alle, og kanskje særleg styremedlemmer, har god nok kjennskap til kva for eit ansvar dei tek på seg før dei går inn i rolla som deltakar i eit kollegialt organ.

2. Komiteens Merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Berit Brørby, Kjell Engebretsen og Jørgen Kosmo, fra Høyre, André Dahl og Martin Engeset, fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen og Henrik Rød, fra Sosialistisk Venstreparti, Siri Hall Arnøy og Ågot Valle og fra Kristelig Folkeparti, Modulf Aukan, viser til at fordelingen mellom kvinner og menn i utvalg, styrer og råd er på henholdsvis 42 pst. og 58 pst. både i 2000 og 2001. Komiteen har imidlertid merket seg de betydelige forskjeller det er mellom de ulike departementene. Ifølge meldingen er bare en femtedel av medlemmer i utvalg for Forsvarsdepartementet og Olje- og energidepartementet kvinner. Kvinneandelen er lav også for Samferdselsdepartementet, Statsministerens kontor, Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeridepartementet.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti,forutsetter at Regjeringen aktivt følger opp og sikrer målet om minst 40 pst. representasjon av hvert kjønn ved oppnevnelser til utvalg, styrer og råd på alle departementsområder.

Flertallet vil også understreke betydningen av en jevn fordeling av lederposisjoner mellom menn og kvinner.

Komiteen har videre merket seg skjevheter i fordelingen av representanter når det gjelder alder og geografi. I 2000 var 3 pst. av medlemmene i statlige råd, utvalg og styrer under 30 år, mens 6 pst. var over 65 år. I befolkningen utgjorde gruppen 16-29 år 21 pst. av befolkningen, mens gruppen over 65 år utgjorde 16 pst. Komiteen ser det som et viktig mål å sikre en representasjon som er i samsvar med tverrsnittet av befolkningen både når det gjelder kjønn, alder og geografi. Komiteen stiller seg i hovedsak bak Regjeringens mål for rekruttering til utvalg, styrer og råd i kommende fireårsperiode.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet konstaterer at det ikke er naturlig at kjønnsfordelingen mellom kvinner og menn er jevn i ulike statlige styrer, råd og utvalg. Dette må sees i sammenheng med at det er ulik kjønnssammensetning i ulike yrkesgrupper.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti,vil imidlertid understreke at det ikke kan være noe mål i seg selv å redusere antall medlemmer i statlige utvalg, styrer og råd. Antall medlemmer må bestemmes ut fra de oppgaver som skal løses og ikke ut fra tilfeldige måltall.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet gir tilslutning til at Regjeringen, som et ledd i moderniserings- og effektiviseringsarbeidet i offentlig sektor, vil vurdere å redusere antallet på medlemmer med 10 pst. i permanente og midlertidige statlige utvalg, styrer og råd. Disse medlemmerer av den oppfatning at denne effektiviseringen i første rekke må komme som en reduksjon i antallet permanente og midlertidige statlige styrer, utvalg og råd, fremfor utelukkende på bakgrunn av reduksjon av antallet deltakere i disse styrer, utvalg og råd. Antall medlemmer må bestemmes ut fra de oppgaver som skal løses og ikke ut fra slike måltall.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti har merket seg at Regjeringen, som et ledd i moderniserings- og effektiviseringsarbeidet i offentlig sektor, vil vurdere å redusere tallet på medlemmer med 10 pst. i permanente og midlertidige statlige utvalg, styrer og råd. Disse medlemmer slutter seg til dette effektiviseringsmålet.

Samtidig gir disse medlemmer sin tilslutning til Regjeringens ønske om å arbeide for å styrke representativiteten i de kollegiale organene.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 15 (2002-2003) om statlege utval, styre og råd mv. 1. januar - 31. desember 2001, vedlegges protokollen.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 25. februar 2003

Ågot Valle

leder

Berit Brørby

ordfører

Kjell Engebretsen

sekretær