Innstilling frå kommunalkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 172/2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/14/EF om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar

Til Stortinget

Samandrag

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 172/2002 av 6. desember 2002 vart det vedteke å endre vedlegg XVIII til EØS-avtala slik at det omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF av 11. mars 2002 om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for godkjenning frå Stortinget.

I europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF er det fastsett ei generell ramme med minstekrav for den retten arbeidstakarane har til informasjon og konsultasjon. Direktivet gjeld verksemder med meir enn 50 tilsette eller forretningsstader med meir enn 20 tilsette. Det kan fastsetjast særlege reglar for offiserar og mannskap om bord på havgåande skip.

Direktivet inneheld ei rekkje krav til den informasjonen som skal gjevast til arbeidstakarar, og til den forma konsultasjonen skal ha.

Direktivet fører ikkje med seg at arbeidstakarar misser andre medråderettar som følgjer av den nasjonale retten. Direktivet vil til dømes ikkje røre ved dei lovfesta rettane som arbeidstakarar har når det gjeld medråderett i saker som gjeld helse, arbeidsmiljø og tryggleik eller retten til representasjon i styrande organ.

Direktivet opnar for at partane i arbeidslivet, på vilkår som vert fastsette i nasjonal rett, kan gjere avtaler om framgangsmåtane for korleis dei tilsette skal informerast og konsulterast, og om den informasjonen som skal gjevast. Det vert likevel ikkje opna for avtaler når det gjeld alle føresegnene i direktivet, til dømes ikkje for føresegner som gjeld teieplikt, vern av arbeidstakarrepresentantar og handheving av rettar.

I norsk rett finst det i dag ikkje lovføresegner som stiller eit generelt krav om informasjon og konsultasjon om dei tema som direktivet gjer greie for. Arbeidstakarane sin rett til informasjon og konsultasjon om slike tema er først og fremst regulert i tariffavtaler. Gjeldande lovfesta krav er knytte til særskilte situasjonar som masseoppseiing og overdraging av verksemder. Det vil difor vere naudsynt å innføre lovføresegner om den plikta som arbeidsgjevarar har til å informere og konsultere dei tilsette om tema som direktivet omfattar.

Det offentleg oppnemnde Arbeidslivslovutvalet har fått som oppgåve å kome med framlegg til gjennomføring av direktivet. Utvalet skal leggje fram innstillinga si 1. desember 2003, og det er såleis enno ikkje kome framlegg om korleis direktivet vil bli gjennomført.

Gjennomføringa av direktivet vil truleg ikkje føre med seg særleg store administrative eller økonomiske konsekvensar. Dei administrative og økonomiske konsekvensane vil bli nærmare vurderte i innstillinga til Arbeidslivslovutvalet om gjennomføringa av direktivet.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala slik at det omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF av 11. mars 2002 om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon og konsultasjon av arbeidstakarar. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, syner til proposisjonen som inneheld forslag om ei rekkje krav til både informasjon og til kva slags form konsultasjonen skal ha.

Komiteen viser òg til at det er det offentleg oppnemnde Arbeidslivslovutvalet som skal kome med framlegg til korleis gjennomføringa skal gå føre seg.

Uttale frå utanrikskomiteen

Komiteen sitt utkast til innstilling blei 16. mai 2003, i samsvar med vedtak i Presidentskapet 8. april 2003, sendt utanrikskomiteen til uttale.

Utanrikskomiteen uttaler følgjande i brev av 21. mai 2003:

"Under henvisning til kommunalkomiteens brev av 16. ds., meddeles at utenrikskomiteen ikke har merknad til ovennevnte utkast til innstilling."

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og ber Stortinget gjere følgjande

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 172/2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/14/EF om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 22. mai 2003

Magnhild Meltveit Kleppa

leiar

Sigvald Oppebøen Hansen

ordførar