Sammendrag

Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2002 med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap som syner staten sine eignelutar og gjeld, rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapane for dei offentlege fonda.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2002 er 691,1 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan utgiftene er på 584,2 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var på 169,2 mrd. kroner, som vart overført til Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 62,4 mrd. kroner. Det vart i samband med ny­salderinga av budsjettet for 2002 vedteke at 53,4 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit underskot på 9,0 mrd. kroner.

I meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen syner rekneskapen for fondet 22,6 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond vart dermed 138,4 mrd. kroner i 2002. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 129,4 mrd. kroner i 2002. Ved utgangen av 2002 var kapitalen i Statens petroleumsfond 604,6 mrd. kroner.

I statsbudsjettet for 2002, som vart vedteke av Stortinget hausten 2001, utgjorde det strukturelle, oljekorrigerte underskotet 26,0 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var rekna til 36,9 mrd. kroner. Ekstraordinær nedbetaling av gjeld mv. knytt til at staten overtok spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane, auka isolert sett overslaget for det oljekorrigerte underskotet med 18,7 mrd. kroner.

Endringane i statsbudsjettet, som vart vedtekne i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2002, innebar eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 24,8 mrd. kroner. Reduksjonen i det strukturelle, oljekorrigerte underskotet på 1,2 mrd. kroner kjem av lågare kapital på Petroleumsfondet ved inngangen til 2002 enn lagt til grunn då Stortinget vedtok budsjettet hausten 2001. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 38,6 mrd. kroner. I Revidert nasjonalbudsjett for 2002 vart skatte- og avgiftsinntektene mv. frå fastlands-Noreg auka med 6,9 mrd. kroner. Når ein trekkjer frå 1,2 mrd. kroner på grunn av lågare kapital i Petroleumsfondet, vart det rom for å auke utgiftene eller redusere inntektene med 5,7 mrd. kroner.

I nysaldert budsjett for 2002, som vart lagt fram 6. desember 2002, vart det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet rekna til 29,2 mrd. kroner, som var om lag 4,4 mrd. kroner meir enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett for 2002. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet i 2002 vart auka til 53,4 mrd. kroner. Auken i det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sidan revidert nasjonalbudsjett kjem mellom anna av auka overslag for netto renteutgifter (1,3 mrd. kroner), auka overslag for utgifter til arbeidslause (0,9 mrd. kroner) og lågare skattar og avgifter (1,9 mrd. kroner).

Rekneskapstala for 2002 syner at det oljekorrigerte underskotet vart 62,4 mrd. kroner, dvs. om lag 9 mrd. kroner høgare enn overslaget i nysaldert budsjett. Ein stor del av denne auken i underskotet kjem av at skatte- og avgiftsinntektene frå fastlands-Noreg vart lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Noko av denne reduksjonen kan forklarast med konjunktursituasjonen, slik at det strukturelle nivået på skatte- og avgiftsinntektene ikkje vert justert ned like mykje. Nye utrekningar syner nå eit strukturelt underskot for 2002 på om lag 36,2 mrd. kroner.

Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet utgjer om lag 3 pst. i høve til 2001. Dette er ein auke på I prosentpoeng i høve til overslaget i revidert nasjonalbudsjett og nysaldert budsjett. Auken må sjåast i samanheng med lågare overførte løyvingar på 2,1 mrd. kroner frå 2002 til 2003 enn frå 2001 til 2002. I tillegg syner rekneskapen ei meirutgift under enkelte kapittel. Mellom anna har nokon statlege verksemder høve til å auke utgiftene mot meirinntekter, jf. pkt. 1.4. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var 7,6 pst.

Tabell 1.2 og 1.3 i meldinga syner hovudtala i dei formelle rekneskapane for 2001 og 2002.

Tabell 1.4 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 2002, medan tabell 1.5 syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.

I 2002 er inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar reduserte med 20,4 mrd. kroner, frå 717,6 mrd. kroner i saldert budsjett til 697,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 12,6 mrd. kroner, frå 567,7 mrd. kroner i saldert budsjett til 580,3 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.

Anslag på rekneskapen i nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 53,4 mrd. kroner som var 16,5 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Inntektene utan inntekter frå petroleumsverksemda og lån vart samla sett 509,9 mrd. kroner, som er 4,5 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Dette kan forklarast med at overføringa frå Noregs Bank vart redusert med 8,9 mrd. kroner, medan renteinntektene og utbytet etter saldert budsjett vart redusert med 1,5 mrd. kroner. Skatte- og avgiftsinntektene auka med 4,9 mrd. kroner. Andre inntekter vart auka med 0,9 mrd. kroner netto. Utgiftene, utan utgifter til petroleumsverksemda og lån, vart samla sett 563,3 mrd. kroner, som er ein auke på 12,0 mrd. kroner frå saldert budsjett. Av dei auka utgiftene kjem 9,5 mrd. kroner av dei løyvingane som vart endra i samband med revidert nasjonalbudsjett. Denne auken i utgiftene må sjåast i samanheng med auka overslag over skattar og avgifter frå fastlands-Noreg i samband med revidert nasjonalbudsjett. Frå revidert nasjonalbudsjett til nysaldert budsjett vart skatte- og avgiftsoverslaget redusert, medan utgiftene etter revidert nasjonalbudsjett auka med 2,5 mrd. kroner.

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett vart oljeinntektene reduserte med 15,9 mrd. kroner medan oljeutgiftene auka med 0,6 mrd. kroner. Netto inntekter frå oljeverksemda vart dermed redusert med 16,5 mrd. kroner, frå 186,8 mrd. kroner til 170,3 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart isolert sett redusert med 16,5 mrd. kroner sidan overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med 16,5 mrd. kroner frå 36,9 mrd. kroner i saldert budsjett til 53,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Overslaget over renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart redusert med 1,3 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei svekking i overskotet til Petroleumsfondet med 34,3 mrd. kroner.

I 2000 vart det løyvd midlar til kjøp av pasientbehandling i utlandet. Deler av denne løyvinga vart òg overført til 2002. I nysaldert budsjett var rekneskaps­overslaget over utgiftene 475 mill. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet, vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 475 mill. kroner. Nysaldert budsjett vart derfor gjort opp med eit overskot på 475 mill. kroner.

Eit samla oversyn over dei endra løyvingane gjennom 2002 er gjeve i St.prp. nr. 40 (2002-2003) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 2002.

Det er under punkt 1.4 i meldinga gitt oversyn over hovudtala i statsrekneskapen for 2002 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet.

I kapittel 2 er det eit oversyn over inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gjeve nærare omtale av områda til dei einskilde departementa. I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda. I kapittel 5 er finanspostar og kapitalrekneskapen omtala, medan det i kapittel 6 vert gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.