Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 om endring av vedlegg II til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik

Til Stortinget

Sammendrag

Føremål

Føremålet med direktivet er å syte for at forbrukar­produkt som er gjorde tilgjengelege for sal, er trygge. Trygge produkt tyder produkt som ikkje fører med seg eller berre fører med seg minimal risiko for helseskade.

Nærmare om direktivet

Direktivet er ein revisjon av rådsdirektiv 92/59/EØF om alminneleg produkttryggleik.

Dei viktigaste endringane i høve til det opprinnelege direktivet er:

  • – Ein klarare definisjon av verkeområdet til direktivet. Direktivet gjeld generelt for alle forbrukarprodukt som ikkje er regulerte gjennom særdirektiv.

  • – Bruksområdet vert utvida til å omfatte produkt som det er rimeleg å vente at forbrukarane skal nytte, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje var meinte for forbrukarar.

  • – Det skal leggjast sterkare vekt på at produkt som vert rekna for å vere produserte i medhald av harmoniserte standardar, skal ventast å oppfylle krava i direktivet.

  • – Nye krav til produsentar/distributørar med omsyn til informasjon til og samarbeid med nasjonale styresmakter om farlege produkt.

  • – Nasjonale tilsynsstyresmakter får heimel til å gje påbod om tilbakekalling av farlege produkt som forbrukarane alt har fått i hende. Det vert lagt stor vekt på marknadsovervaking og -kontroll.

  • – Vilkåra for at Kommisjonen kan vedta eit hasteinngrep vert meir effektive ved at det ikkje lenger er krav om at det skal liggje føre ei oppmoding frå ein medlemsstat før det vert gjort vedtak.

  • – Det vert innført eit eksportforbod til tredjestatar av produkt som har vore omfatta av hastevedtak i medhald av artikkel 13 nr. 1 i direktivet. Dette er vedtak på fellesskapsplan som vert gjorde av Kommisjonen på bakgrunn av opplysningar om alvorleg risiko ved produkt. Det skal berre gjerast vedtak på fellesskapsplan når det ikkje vert rekna som tilstrekkeleg med vedtak på medlemsstatsplan.

Tilhøvet til norsk rett

Krava i direktivet skal gjennomførast i norsk lovgjeving ved endringar i lov av 11. juni 1976 nr. 79 om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrollova). Direktivet stiller i nokre tilfelle meir spesifiserte krav til produkttryggleiken enn produktkontrollova.

Barne- og familiedepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg til naudsynte lovendringar. Fristen for å gjennomføre krava i direktivet i norsk rett er 15. januar 2004.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Direktivet vil føre med seg større krav til marknadsovervaking og -kontroll, både for det offentlege tilsynsapparatet, for distributørar og for produsentar.

Krava til distributørar om plikt til å ta vare på dokument for sporing av produkt vil kunne føre med seg litt meir administrasjon og større utgifter for desse.

Krav til produsentar og importørar om ei aktiv informasjonsplikt overfor brukarane vil kunne føre til auka utgifter for desse.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Jan L. Stub og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, støtter de intensjoner som fremgår av proposisjonen. Trygghet for at de produktene vi omgir oss med er underlagt god sikkerhetskontroll er viktig i forebyggende arbeid mot ulykker, og for den trygghetsfølelse vi alle ønsker å ha i det daglige. I en tid med stor utveksling av varer ser komiteen det som positivt at reglene for standardisering og informasjonsplikt harmoniseres de europeiske landene imellom. Komiteen merker seg at innarbeidelse av dette direktivet betyr strengere krav til produsenter, distributører og tilsynsapparat enn det tilfellet er i Norge i dag.

Utenrikskomiteens merknader

Komiteens utkast til innstilling er forelagt utenrikskomiteen som i brev av 11. juni 2003 meddeler at komiteen ikke har merknader.

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 om endring av vedlegg II til EØS-avtala ved inlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 12. juni 2003

Sonja Irene Sjøli

leder

Olemic Thommessen

ordfører