Sammendrag
Føremålet med direktivet er å syte for at forbrukarprodukt som er gjorde tilgjengelege for sal, er trygge. Trygge produkt tyder produkt som ikkje fører med seg eller berre fører med seg minimal risiko for helseskade.
Direktivet er ein revisjon av rådsdirektiv 92/59/EØF om alminneleg produkttryggleik.
Dei viktigaste endringane i høve til det opprinnelege direktivet er:
– Ein klarare definisjon av verkeområdet til direktivet. Direktivet gjeld generelt for alle forbrukarprodukt som ikkje er regulerte gjennom særdirektiv.
– Bruksområdet vert utvida til å omfatte produkt som det er rimeleg å vente at forbrukarane skal nytte, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje var meinte for forbrukarar.
– Det skal leggjast sterkare vekt på at produkt som vert rekna for å vere produserte i medhald av harmoniserte standardar, skal ventast å oppfylle krava i direktivet.
– Nye krav til produsentar/distributørar med omsyn til informasjon til og samarbeid med nasjonale styresmakter om farlege produkt.
– Nasjonale tilsynsstyresmakter får heimel til å gje påbod om tilbakekalling av farlege produkt som forbrukarane alt har fått i hende. Det vert lagt stor vekt på marknadsovervaking og -kontroll.
– Vilkåra for at Kommisjonen kan vedta eit hasteinngrep vert meir effektive ved at det ikkje lenger er krav om at det skal liggje føre ei oppmoding frå ein medlemsstat før det vert gjort vedtak.
– Det vert innført eit eksportforbod til tredjestatar av produkt som har vore omfatta av hastevedtak i medhald av artikkel 13 nr. 1 i direktivet. Dette er vedtak på fellesskapsplan som vert gjorde av Kommisjonen på bakgrunn av opplysningar om alvorleg risiko ved produkt. Det skal berre gjerast vedtak på fellesskapsplan når det ikkje vert rekna som tilstrekkeleg med vedtak på medlemsstatsplan.
Krava i direktivet skal gjennomførast i norsk lovgjeving ved endringar i lov av 11. juni 1976 nr. 79 om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrollova). Direktivet stiller i nokre tilfelle meir spesifiserte krav til produkttryggleiken enn produktkontrollova.
Barne- og familiedepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg til naudsynte lovendringar. Fristen for å gjennomføre krava i direktivet i norsk rett er 15. januar 2004.
Direktivet vil føre med seg større krav til marknadsovervaking og -kontroll, både for det offentlege tilsynsapparatet, for distributørar og for produsentar.
Krava til distributørar om plikt til å ta vare på dokument for sporing av produkt vil kunne føre med seg litt meir administrasjon og større utgifter for desse.
Krav til produsentar og importørar om ei aktiv informasjonsplikt overfor brukarane vil kunne føre til auka utgifter for desse.