Etter omveltingane i Europa ved slutten på den
kalde krigen har Europarådet stått sentralt i
arbeidet med å byggje ned dei politiske skilja og gjere
heile det europeiske kontinentet til eit område der dei
tradisjonelle europeiske grunnverdiane innan menneskerettar, demokrati
og rettsstatsprinsipp blir respekterte. I denne perioden er talet
på medlemsland meir enn dobla. Serbia og Montenegro ventar å bli
teken opp som nytt medlem i løpet av 2003. Deretter vil
det berre vere Monaco og Kviterussland som står utanfor,
sistnemnde fordi landet førebels ikkje fyller vilkåra
for medlemskap. Utviklinga av Europarådet til ein alleuropeisk
organisasjon basert på felles verdiar er såleis nesten
fullført.
Samtidig vil organisasjonen møte nye
utfordringar når EU frå 2004 vert utvida med ti
nye medlemsland. Eit tjuetals europeiske land kjem likevel ikkje
til å vere EU-medlemmer så langt fram som vi kan
sjå i dag, og Europarådet vil stå sentralt
i arbeidet med å unngå at det vert skapt nye skiljeliner
i Europa. Den ustabile situasjonen på Balkan og i fleire
av landa og områda i det tidlegare Sovjetunionen (Moldova,
Armenia, Aserbajdsjan, Georgia og den russiske delrepublikken Tsjetsjenia)
illustrerer at dei utfordringane som låg til grunn for
opprettinga av Europarådet, framleis er høgst aktuelle.
Mange av desse landa vart tekne opp som medlemmer i organisasjonen
av politiske grunnar, utan at dei formelle krava til medlemskap
var oppfylte. Dei treng framleis hjelp og oppfølging for å bli
i stand til å oppfylle dei pliktene dei har teke på seg
som medlemmer. Dette er ei stor utfordring for organisasjonen. Det vil
difor vere ei prioritert oppgåve dei næraste åra å konsolidere
organisasjonen si rolle når det gjeld menneskerettar, demokratisering
og rettsstatsutvikling, ikkje minst i desse landa.
Den føreståande EU-utvidinga
vil stille store krav til rollefordelinga mellom det utvida EU og
Europarådet. Det er viktig å unngå to
konkurrerande menneskerettsstandardar i Europa. EU har eit eige
charter for grunnleggjande rettar. EU-konventet, som er i ferd med å greie
ut den konstitusjonelle framtida til EU, vurderer status for charteret
og tilhøvet mellom dette og Den europeiske menneskerettskonvensjonen
(EMK), som er grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen.
Eit tiltak for å unngå ei todeling av standardane
i Europa vil kunne vere at EU sluttar seg til EMK. Konventet vurderer
ei slik løysing. Difor vil dette spørsmålet
stå sentralt i vurderinga av den framtidige rolla til Europarådet
i høve til EU.
Europarådet opplever i dag aukande
avstand mellom krava som vert stilte til organisasjonen og ressursane som
medlemslanda stiller til rådvelde. Dette gjeld særleg
for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), sjølve
berebjelken i Europarådets apparat til vern om menneskerettar,
demokratibygging og rettsstatsutvikling. Domstolen greier i dag
berre å behandle ein tredel av sakene som kjem inn. Bunken
av ubehandla saker berre veks, noko som truar heile institusjonen.
Effektive tiltak må setjast i verk. Ei betring i menneskerettssituasjonen
i landa kan gjere sitt til at brot på konvensjonen ikkje
oppstår eller at dei blir retta opp på nasjonalt
plan, noko som vil gje domstolen færre saker å arbeide
med. Europarådet sitt arbeid med opplæringsprogram
og annan bistand til dei nye medlemslanda må styrkjast.
Utviklinga det siste året har likevel stadfest at det kan
bli nødvendig å endre sjølve konvensjonen
for å sikre at domstolen kan fungere. Desse endringane
kan komme til å innebere ei svekking av den individuelle
klageretten. I tillegg må ein sjå på korleis
domstolen kan effektivisere saksbehandlinga, og statane må sjølve
syte for ei effektiv gjennomføring av dommane.
Europarådets eineståande faglege
kompetanse og rolle i det langsiktige arbeidet med å utvikle
og forvalte eit rettsleg bindande avtaleverk på dei arbeidsområda organisasjonen
dekkjer, er den viktigaste fordelen Europarådet har framfor
andre internasjonale organisasjonar. Det vil vere i norsk interesse
at Europarådet og OSSE samarbeider i størst mogeleg
grad. Begge organisasjonane arbeider med demokratibygging og rettsstatsutvikling,
og verksemda er i enkelte tilfelle overlappande. OSSE har eit relativt
lite sekretariat og er alltid avhengig av ein aktiv formannskap.
Organisasjonen har sin styrke i operativt feltnærvær.
Europarådet har på si side eit stort og fagleg
svært kompetent sekretariat som tek seg av forvaltninga
av dei meir enn 180 avtalane som gjeld på arbeidsområda
til organisasjonen. Europarådet har sin styrke i rolla
som garantist for eit felles rettsleg grunnlag på desse
områda og som forvaltar av kontroll- og oppfølgingsfunksjonane.
Her ligg grunnlaget for vidare samarbeid og dialog mellom Europarådet
og dei andre europeiske organisasjonane i åra framover.
Noreg går ei utfordrande tid i møte
i europarådssamanheng. Frå november 2002 til november
2005 er Noreg med i Byrået, gruppa av seks land som leier Europarådet.
Når vi i mai 2004 tek over formannskapen i ministerkomiteen
for eit halvt år, skjer dette i ei tid med store forandringar
i europeiske samarbeidsstrukturar og interne utfordringar i Europarådet. Noreg
har starta førebuingane til formannskapen. Europarådet
si rolle som samlingsstad og arena for samarbeid mellom alle land
i Europa vil vere hovudperspektivet for Noreg i arbeidet med formannskapen. Saman
med ungdomsrelaterte tema vil tilhøvet til andre internasjonale
organisasjonar og arbeid med problema ved Den europeiske menneskerettsdomstolen
vere prioriterte saksområde frå norsk side. I
2003 vil vi arbeide vidare med førebuingane til formannskapen,
også i samarbeid med føregåande og etterfølgjande
formannskapsland, høvesvis Nederland og Polen.
Dei politiske hovudorgana i Europarådet
er ministerkomiteen og parlamentarikarforsamlinga. Ministerkomiteen
består av utanriksministrane i medlemslanda og møter
to gonger i året. Ei omlegging til årlege i staden
for halvårlege møte er under vurdering. Noreg
er positiv til ei slik reform då det har vore dårleg
deltaking på politisk nivå frå hovudstadene.
Eit forsøk på å dreie møta i
retning av meir politisk debatt er ønskjeleg også sett
frå norsk side. Mellom møta i ministerkomiteen
har komiteen av faste representantar fullmakt til å gjere
vedtak på vegner av Europarådet.
Parlamentarikarforsamlinga er samansett av representantar
for nasjonalforsamlingane i medlemslanda og har ein rådgjevande
funksjon i høve til ministerkomiteen.
Den europeiske menneskerettsdomstolen er Europarådets
hovudorgan for å sjå til at medlemslanda etterlever
Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som tok til å gjelde
i 1953. I domstolen sit ein dommar frå kvart av medlemslanda.
Eit anna sentralt europarådsorgan er
Kongressen for lokale og regionale styresmakter, som møtest
ein gong i året og som består av representantar
for kommunale og regionale styresmakter i medlemslanda. Politisk leiar
i KS, Halvdan Skard, leier den eine av dei to avdelingane i kongressen
(lokale styresmakter). Ei av hovudsakene i 2002 har vore konsekvensane
av visumplikt for borgarane i Kaliningrad når nabolanda
blir ein del av Schengenområdet.
Europarådets utviklingsbank (CEB) er
ei vidareføring av det tidlegare europeiske sosialfondet. Banken
har 35 medlemsland og gjev lån til prosjekt innan flyktning-
og asylspørsmål, utvikling av små og mellomstore
bedrifter, utbygging av helse- og sosialsektoren og støtte
til offer for miljøkatastrofar.
Det 110. ministerkomitémøtet
vart avvikla i Vilnius 2.-3. mai 2002, der Luxembourg overtok formannskapen
for det neste halvåret etter Litauen. Ministrane diskuterte
felles tiltak mot terrorisme, regionalt samarbeid i Europa og eit
eventuelt tredje toppmøte. På møtet vedtok
ministrane ein konvensjon om kontakt mellom born og pårørande.
Denne er ikkje underteikna av Noreg då konvensjonen ikkje
er i samsvar med norsk politikk på området. Noreg
meiner at det vert fokusert for mykje på dei vaksne og
for lite på borna i dette spørsmålet.
Det 111. ministerkomitémøtet
vart halde i Strasbourg 6.-7. november 2002, der Malta tok over
formannskapen. Hovudtema for møtet var effektiviseringsbehovet
ved menneskerettsdomstolen, kampen mot internasjonal terrorisme,
eit eventuelt tredje toppmøte og medlemskapssøknaden
frå Jugoslavia. Ministrane oppmoda Europarådet
om å arbeide med konkrete tiltak for ei domstolsreform
slik at substansielle vedtak kan gjerast på det neste ministerkomitémøtet
i mai 2003. Noreg gav i sitt innlegg under møtet klart
uttrykk for at ein også måtte vurdere radikale
tiltak for å betre situasjonen ved domstolen.
På dei to ministerkomitémøta
i 2002 var den politiske deltakinga låg. Dette er dessverre
ein vedvarande trend. Det vert diskutert om ein skal redusere møtefrekvensen
til eitt møte per år og samtidig gjere møta meir
politisk interessante. Skal Europarådet kunne oppretthalde
sin posisjon i høve til andre organisasjonar, er dette
spørsmål som medlemslanda må gjere noko
med.
Som i 2001 har Europarådet i 2002 hatt
situasjonen i Tsjetsjenia kontinuerleg på dagsordenen.
Ved utgangen av 2002 var det framleis grunn til djup uro over forholda
i utbrytarrepublikken. Ministerkomiteen har dessutan følgt
nøye med på den bekymringsfulle utviklinga i Armenia
og Aserbajdsjan etter at landa vart medlemmer av Europarådet
i januar 2001. Utviklinga på Balkan har også stått
sentralt i arbeidet i komiteen av faste representantar, og Europarådet
sende valobservatørar til Bosnia-Hercegovina og til Kosovo
under vala i fjor. Bosnia-Hercegovina vart teke opp som medlem i
Europarådet i april 2002. Jugoslavia (Serbia og Montenegro)
oppfylte ikkje vilkåra for medlemskap i 2002.
I tillegg til den vedvarande debatten om aktuelle politiske
spørsmål i medlemslanda har ministerkomiteen etablert
ein meir systematisk kontrollmekanisme for å sjå til
at medlemslanda oppfyller pliktene sine innanfor kjerneområda
til Europarådet. Mange land, deriblant Noreg, er misnøgde
med overvakingsmekanismen. På grunn av likebehandlingsprinsippet
medfører denne etter norsk syn ei sløsing med
ressursar ved at overvakingstiltak vert sette i verk mot alle land
og ikkje berre der behova synest størst. Vidare blir det
som kjem fram om resultata av overvakinga under gjennomgangen i
ministerkomiteen ofte ikkje tydeleg og sterkt nok poengtert overfor
det aktuelle landet.
Konflikten i Tsjetsjenia har også i
2002 vore følgd med stor merksemd og uro i Europarådet,
og dei ulike organa i rådet har hatt ein kontinuerleg dialog
med russiske styresmakter om situasjonen. Parlamentarikarforsamlinga
har arbeidd vidare med å finne ei politisk løysing
på konflikten i Tsjetsjenia, og konflikten har vore drøfta
på alle sesjonar i 2002. Europarådet har fått ei
viktigare rolle i Tsjetsjenia etter at mandatet for OSSE-nærværet
tok slutt ved utgangen av 2002, og er dermed den einaste internasjonale
organisasjonen som har eit nærvær i republikken.
Europarådet har også i 2002
lagt ned eit stort arbeid i prosessen med å stabilisere
dei politiske tilhøva på Balkan. Mykje av dette
arbeidet har skjedd innanfor ramma av Stabilitetspakta for Søraust-Europa,
men Europarådet har også gjennomført
eigne program i regionen. Europarådet har etablert eigne
kontor, som er samlokaliserte med feltkontora til OSSE i Beograd, Pristina,
Sarajevo, Mostar, Podgorica, Skopje og Tirana. Den vanskelege situasjonen
i delar av Kaukasus og Europarådets omfattande engasjement
der sette arbeidet på Balkan litt i skuggen i 2002, men
det vil framleis vere ei stor utfordring å skape stabile
forhold på Balkan. Assistanse innan politiarbeid og arbeid knytt
til utviklinga av rettsstaten står som store og viktige
oppgåver. Europarådet har eit særleg
ansvar på det sistnemnde feltet.
Det er venta at Jugoslavia (no Serbia og Montenegro) vert
medlem i Europarådet i løpet av 2003. Frå norsk side
legg vi stor vekt på dette. Europarådet oppretta eige
kontor i Beograd i januar 2001.
Sidan august 1999 har Europarådet hatt
eige kontor i Kosovo. I samarbeid med mellom anna FNs sendelag i Kosovo
(UNMIK) og OSSE har Europarådet vore engasjert i prosjekt
under stabilitetspakta knytte til utviklinga av lovgjeving, omstrukturering
av rettsvesenet, trening av politistyrkar, utvikling av lokale styresmakter,
utvikling av utdanningssystemet, vern av minoritetar, utarbeiding
av vallov og folkeregistrering. Europarådet var sterkt
involvert i prosessen før og under lokalvala hausten 2002.
I Bosnia-Hercegovina har Europarådet
arbeidd for å få gjennomført dei sivile
sidene av Dayton-avtalen. Målsetjinga har vore å hjelpe
landet med å oppfylle krava til medlemskap i Europarådet.
Organisasjonen yter mellom anna juridisk hjelp til reform av lovgjevinga.
Det er etablert kontor i Sarajevo og Mostar. Europarådet
har overoppsyn med at Den europeiske menneskerettskonvensjonen blir
praktisert som nasjonal lov. Europarådet har også hatt
ansvaret for opprettinga av Menneskerettskammeret for Bosnia-Hercegovina.
Europarådet konsentrerer sitt engasjement
i stabilitetspakta for Søraust-Europa om følgjande
hovudområde: utvikling av lovgjeving som er i samsvar med Den
europeiske menneskerettskonvensjonen og andre sentrale europarådsinstrument,
styrking av lokalt demokrati og desentralisert samarbeid, oppretting
av ombodsmannsinstitusjonar, oppbygging av fleirkulturelle samfunn
som sikrar respekt for nasjonale minoritetar, styrking av ytringsfridom
og frie media, utvikling av utdanningssystem bygde på demokratiske verdiar,
likestillingsspørsmål, kamp mot organisert kriminalitet
og korrupsjon, fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling.
Som ei følgje av terrorhandlingane
i USA 11. september 2001 tok generalsekretæren i Europarådet
initiativ til ein handlingsplan med den målsetjing å få i gang
interkulturell og interreligiøs dialog for å fremje toleranse
og forståing mellom ulike samfunnsgrupper. Dette arbeidet
vart følgt opp i 2002. Europarådet vil i første
rekkje kunne medverke på dei områda der det har mest
kompetanse og erfaring, som til dømes demokratiutvikling
og utvikling av rettsstaten. Det er brei semje om at dette arbeidet
må gå føre seg i nært samarbeid med
andre organisasjonar. Dette er ei sak som vi har vore opptekne av
frå norsk side.
Det vart òg sett ned ei ekspertgruppe
som har gått gjennom gjeldande europarådskonvensjonar
med sikte på å oppdatere desse som middel i kampen
mot internasjonal terrorisme.
Europarådet og EU møtest to
gonger i året til konsultasjonar i såkalla høgnivåmøte.
På høgnivåmøta i 2002 diskuterte
ein først og fremst EU-charteret for grunnleggjande borgarrettar,
som Europarådet er sterkt oppteke av.
Samarbeidet mellom OSSE og Europarådet fokuserer
særleg på demokrati, menneskerettar inkludert
minoritetsrettar og styrking av rettsstatsprinsippa. Det vert lagt
vekt på at samarbeidet mellom dei to organisasjonane skal
vere saksorientert.
Samarbeidet mellom Europarådet og FN
fekk eit gjennombrot i år 2000, då FNs generalsekretær
Kofi Annan gjesta Strasbourg. I 2002 har samarbeidet halde fram
på hovudområda til Europarådet, dvs.
demokratibygging, menneskerettar og rettsstatsprinsipp. Det vert samarbeidd
med fleire av særorganisasjonane i FN og i ei rekkje land,
framfor alt på Balkan.
Europarådet har opp gjennom åra
utvikla nære kontaktar med ei rekkje internasjonale ikkje-statlege organisasjonar
som er aktive på Europarådet sine fagområde.
Rundt 400 organisasjonar har status som samarbeidsorganisasjonar
hos Europarådet. Samarbeidet med ikkje-statlege organisasjonar
er særleg godt utvikla innanfor arbeidet med ungdom.
Europarådet har dei siste åra
hatt null realvekst i sine budsjett. På grunn av den kritiske
situasjonen i Den europeiske menneskerettsdomstolen er det likevel
i stor grad semje om at budsjettet for domstolen bør aukast
noko for å kunne gjennomføre ein nødvendig reformprosess.
Ikkje minst av denne grunn har Noreg gått inn for auka
budsjett til Europarådet.
Det ordinære budsjettet var i 2002
på 169 mill. euro, der Noreg stod for 2 332 470 euro eller
1,4 pst. av Europarådets totale budsjett. Noreg betalte
til saman 3 174 390 euro. Frivillige norske bidrag til Europarådet
i 2002 utgjorde såleis 370 758 euro.
Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og
dei 13 protokollane til denne er fundamentet for Europarådet
sitt arbeid for menneskerettane. Konvensjonen vart vedteken i Roma
i 1950, og er seinare utvida med protokollar. Konvensjonen omfattar
dei grunnleggjande menneskerettane og har ei unik stilling i det
europeiske menneskerettsvernet, særleg på grunn av
den kompetansen Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har
til å treffe bindande avgjerder mot statar som er part
i konvensjonen. Noreg tillegg EMK og protokollane den største
vekt.
Noreg er tilslutta EMK og protokoll 1 til 11
utan atterhald. I tillegg har Noreg no underteikna protokoll 12
om eit generelt forbod mot diskriminering, og protokoll 13 som inneber
ei total avskaffing av dødsstraff. EMK og dei protokollane
som inneheld materielle føresegner, er inkorporert i norsk
lovgjeving gjennom menneskerettslova og gjeld som norsk lov.
Den europeiske menneskerettsdomstolen er det
viktigaste instrumentet i Europarådets arbeid for menneskerettane.
Domstolen er oppretta i medhald av EMK. Personar og organisasjonar
som meiner at deira rettar etter konvensjonen er krenkte, kan rette
klage om dette til domstolen. Frå november 1998 har domstolen fungert
i si noverande form med 41 permanente dommarar, ein frå kvart
medlemsland.
Domstolen har fått sterkt auka effektivitet
samanlikna med det tidlegare systemet med kommisjon og domstol.
I 2002 fatta domstolen over 18 000 avgjerder, av desse var 844 dommar.
I dommane vart det funne brot på EMK i 630 saker. Meir
enn halvparten av desse var mot Italia.
Trass i auka effektivitet er domstolen ikkje
i stand til å halde tritt med den stadig aukande saksmengda. Behandlingstida
er auka frå to til tre år, i nokre tilfelle meir.
På sikt vil desse problema gå ut over truverdet
til domstolen, og medlemslanda er difor einige om at noko må gjerast
for å betre situasjonen.
Ein styringskomité for menneskerettar
har fremja forslag til endringar i domstolssystemet. Nokre forslag inneber
endringar i EMK. Komiteen vurderer både forenklingar av
saksbehandlinga i domstolen og utvida høve for domstolen
til å avvise saker som er uvesentlege. Oppfølginga
av dommane kan effektiviserast. Tiltak på nasjonalt nivå for å redusere
talet på saker som vert prøvde for EMD, er òg
noko arbeidsgruppa vurderer.
Noreg meiner at reformprosessen må vere omfattande,
slik at ein får ei reell betring av situasjonen i EMD.
Ein domstol som ikkje er velfungerande, er den største
trusselen mot legitimiteten og framtida til domstolen. Etter norsk
syn er det difor viktig at også radikale reformtiltak blir
vurderte.
I 2002 har det ikkje vorte sagt dom i noka sak
mot Noreg. EMD vedtok å avvise klaga som var reist av Oljearbeidernes
fellessammenslutning m.fl. om bruken av tvungen lønsnemnd
i samband med Nordsjøstreiken i 2000 (OFS-saka). OFS hevda
at bruken av tvungen lønsnemnd var i strid med EMK art.
11 (forsamlings- og (fag)foreiningsfridom). I september var det
høyring i fire saker mot Noreg (mellom anna Hammernsaka
og saka om fetteren til Birgitte Tengs). Alle gjeld tilhøvet mellom
frifinnande dom i straffesaker og saker om erstatning.
Domstolen sa i mai 2002 for første
gong dom i ei sak mot Russland. Saka gjaldt eit Tsjernobyl-offer
som ikkje hadde fått utbetalt erstatning frå sosialstyresmaktene,
trass i at dom om erstatning låg føre. EMD konstaterte
brot på art. 6.1 (rett til domstolsbehandling). Både
i denne og ein annan dom som kom i 2002, synest Russland interessert
i å få til ei rask etterleving av dommane.
Komiteen av faste representantar har ansvaret
for å sjå til at avgjerder frå domstolen
vert etterlevde i medlemslanda, og har møte for å gjennomgå oppfølginga
av dommar. I dei aller fleste tilfelle set medlemslanda i verk nødvendige
tiltak etter at dei har fått ein dom mot seg, men eit fåtal
saker må komiteen av faste representantar forfølgje
aktivt. Generelt kan ein likevel slå fast at domstolen
står sterkt. Også frå norsk side ser
ein det som viktig å verne om domstolens posisjon i tida
som kjem.
Noreg ratifiserte Den reviderte europeiske sosialpakta
i 2001. Pakta vart vedteken i 1996 og er ein revisjon og ei vidareutvikling
av Den europeiske sosialpakta av 1961. Ho inneheld reglar og rettslege
standardar på områda arbeidsmarknad og arbeidsmiljø,
helse- og sosiale spørsmål og trygd.
Sosialpakta er den viktigaste sosiale konvensjonen
i Europarådet. Den reviderte pakta har på fleire
område teke omsyn til utviklinga og dei grunnleggjande
sosiale endringane som har skjedd sidan 1961. Moderniseringa gjeld
mellom anna styrking av rettane til born og ungdom, likestillingsaspekt
og familien sine rettar. Dei nye artiklane inneheld mellom anna
føresegner om vern av arbeidstakarar når arbeidsforhold
vert avslutta og når arbeidsgjevar går konkurs,
sikring mot sosial utestenging og retten til bustad.
Noreg har slutta seg til den reviderte sosialpakta
ved å ratifisere dei føresegnene som alt er oppfylte
i norsk lovgjeving og praksis og som ikkje krev lovendring. Den
norske målsetjinga er å ratifisere også dei
resterande føresegnene.
I samband med revisjonen av sosialpakta vart
det ved ein tilleggsprotokoll oppretta ei klageordning der partane
i arbeidslivet og andre frivillige organisasjonar kan levere klage
på medlemslanda for mangelfull gjennomføring av
plikter etter sosialpakta. Tilleggsprotokollen tredde i kraft i
1998. Noreg ratifiserte protokollen same året.
Den europeiske komiteen for sosiale rettar (den uavhengige
ekspertkomiteen) kritiserte i sine konklusjonar Noreg for praktiseringa
av art. 6.4 (retten til å føre kollektive forhandlingar)
i ei spesiell sak (OFS). Komiteen fann at bruken av tvungen lønsnemnd
var i strid med sosialpakta. Frå norsk side vart det gjort
greie for bruken av lønsnemnd, og det vart orientert om
den dommen menneskerettsdomstolen hadde sagt i ei liknande sak der
OFS var klagar. Domstolen kom fram til at ei slik avgjerd ikkje
var i strid med EMK art. 11. Regjeringskomiteen vedtok på denne
bakgrunnen å avvente neste avgjerd i dette spørsmålet
frå ekspertkomiteen.
Sidan oktober 1999 har Europarådet
hatt ein eigen kommissær for menneskerettar. Alvaro Gil-Robles
frå Spania sit i stillinga. Menneskerettskommissæren
skal medverke til å fremje kunnskap om og respekt for menneskerettar
i medlemslanda. Arbeidet til kommissæren inneber besøk
i medlemslanda, og rapportane gjev verdifulle innspel for å identifisere
kvar problema ligg og kva tiltak som kan vere tenlege for å betre
menneskerettssituasjonen.
Europarådet gjennomfører eit
omfattande arbeid for å verne nasjonale minoritetar. Sentralt
i dette arbeidet står rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar,
som tok til å gjelde for Noreg i juli 1999. Hovudformålet
med konvensjonen er å hindre diskriminering av nasjonale
minoritetar, syte for at dei oppnår reell likestilling,
garantere at dei har full organisasjons- og ytringsfridom og å fremje
minoritetskulturar. Rammekonvensjonen pålegg statane å sende generalsekretæren
i Europarådet fullstendig informasjon om lovgjeving og
andre tiltak som er gjennomførte for å setje prinsippa
i rammekonvensjonen ut i livet. Noreg leverte sin første
rapport til Europarådet om gjennomføringa av konvensjonen
den 2. mars 2001. Rapporten vart behandla i den rådgjevande
komiteen for rammekonvensjonen i 2002. I rapporten seier komiteen
førebels at Noreg er komme langt i arbeidet med vern av
nasjonale minoritetar. For Noregs del har denne prosessen vore ein
nyttig gjennomgang.
Det var rapporten om Estland som førte
til størst debatt i 2002. Debatten dreia seg særleg
om det problematiske tilhøvet til den russiske minoriteten
i landet. Konklusjonen var at Estland hadde gjort mykje for å betre
situasjonen for nasjonale minoritetar, men at det framleis står
att viktige område.
Europarådet er også engasjert
i arbeidet med minoritetsspråk. Charteret for minoritets-
eller regionalspråk har til hovudformål å fremje
bruken av minoritetsspråk eller språk som vert
nytta i delar av eit land.
Initiativet som Finland tok i 2001 om å opprette
ei plattform for rom (sigøynere) i europarådssamanheng er
følgt opp i 2002. Det er oppretta ei arbeidsgruppe som
skal vurdere alle romrelaterte forslag, mellom anna forslaget om å opprette
eit europeisk forum for roma.
Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom
lovgjeving (Veneziakommisjonen) vart oppretta i 1990 etter initiativ
frå den italienske regjeringa. Alle medlemsstatar i Europarådet
er no òg medlemmer av Veneziakommisjonen. Noreg har vore
aktivt med frå starten.
Kommisjonen vart oppretta for å støtte
demokratiseringsprosessen i dei sentral- og austeuropeiske landa ved å gje
juridisk assistanse ved utforminga av grunnlover og andre sentrale
lover. Etter kvart er arbeidsområdet blitt utvida til å omfatte
land utanfor Europa. Noreg har tidlegare medverka til finansieringa av
samarbeidet med Sør-Afrika, og vil gjere det også i 2003.
I 2002 gav Veneziakommisjonen assistanse i lovgjevingsprosessar
i mellom andre følgjande statar: Albania, Armenia, Aserbajdsjan,
Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Georgia, Den føderale republikken
Jugoslavia, Kroatia, Latvia, Liechtenstein, Luxembourg, Makedonia,
Moldova, Romania, Tyrkia, Ukraina, Kirgisistan, Mexico og Sør-Afrika.
Veneziakommisjonen er til ein viss grad blitt
offer for eigen suksess. Dette har ført til kapasitetsproblem.
Det blir ei utfordring for kommisjonen å sikre seg same
truverde og status i framtida som i dag.
Den europeiske torturkonvensjonen etablerer
eit kontrollsystem der ein undersøkingskomité,
Den europeiske torturkomiteen (CPT), kan gjeste medlemslanda for å undersøkje
korleis dei behandlar personar som er fråtekne fridommen.
Siktemålet er å betre gjennomføringa
av forbodet mot tortur og umenneskeleg og nedverdigande behandling
eller straff ved å styrkje overvakinga av medlemslanda.
CPT gjestar mellom anna fengsel, politiarrestar
og psykiatriske institusjonar. Komiteen skal ha fritt tilgjenge
til dei aktuelle stadene og kan ha fortrulege samtalar med dei innesperra
utan vitne til stades. CPT er også i regelmessig dialog
med styresmaktene i dei einskilde medlemsstatane.
Tidlegare kunne det aktuelle landet hindre komiteen i å offentleggjere
sine funn. I 2002 vart det gjort vanskelegare å unngå slik
offentleggjering ved at det vart innført ei grense for
kor lenge resultata kan haldast tilbake. Dette har etter norsk syn
styrkt komiteen og dermed verna om menneskerettane.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Haakon Blankenborg, lederen Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg
og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen,
Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes,
fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker,
fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen,
fra Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og fra Senterpartiet, Åslaug
Haga, viser til at Europarådet i dag har 45 medlemsland,
og at visjonen om en alleuropeisk organisasjon basert på felles
verdier nesten er fullført. Dette er en utvikling komiteen støtter,
samtidig som en ønsker å bevare organisasjonens
verdigrunnlag og egenart. Komiteen er kjent med at
Serbia og Montenegro nå er opptatt som medlem og at søknaden
fra Monaco er under behandling. Behandlingen av søknaden
fra Hviterussland er suspendert, fordi landet foreløpig
har mangelfull respekt for rettsstatsprinsippene, menneskerettighetene
og demokratiske verdier. Komiteen understreker at
Europarådet har et ansvar for å hjelpe og følge
opp egne medlemsland som har vanskeligheter med å følge
opp de forpliktelser de har påtatt seg som medlemmer. Dette
gjelder særlig i land og områder som tilhørte
det tidligere Sovjetunionen og på Balkan. Komiteen er
derfor tilfreds med at det vil være en prioritert oppgave
for Europarådet å konsolidere sin rolle de neste årene
særlig i disse landene når det gjelder menneskerettigheter,
demokratisering og rettsstatsutvikling.
Komiteen er kjent med at det
fremdeles er grunn til stor uro for situasjonen i Tsjetsjenia. Komiteen mener
det er viktig at Europarådet fortsetter å kontinuerlig
ha situasjonen i Tsjetsjenia på dagsordenen, og at ulike
organ jevnlig har dialoger med russiske myndigheter. Komiteen er
også bekymret over at partene i Nagorno-Karabakh-konflikten
ikke har kommet nærmere en løsning, trass i at
Armenia og Aserbajdsjan har forpliktet seg til å arbeide
aktivt for dette.
Komiteen mener Europarådet
vil møte utfordringer når EU etter planen utvider
med 10 nye medlemsland i 2004, men at organisasjonen fortsatt vil være
sentral for å unngå nye skillelinjer i Europa. Komiteen mener
Norge som et land utenfor EU kan spille en samlende rolle med formannskapet
i ministerkomiteen i 2004.
Komiteen er kjent med at EU-konventet
er i ferd med å vurdere statusen for EUs eget charter for
menneskerettighetsstandarder i Europa og for Den europeiske menneskerettighetskonvensjonen
(EMK). Komiteen mener det er svært viktig å unngå to konkurrerende
menneskerettsstandarder i Europa. Europarådet har derfor
også i 2002 arbeidet for at EU skal tiltre EMK og protokollene,
og komiteen er kjent med at konventet vurderer dette
som en mulighet.
Komiteen er bekymret for den
stadig økende avstanden mellom krav og tilgjengelige ressurser
i organisasjonen, og at dette i særdeleshet gjelder Den europeiske
menneskerettsdomstolen (EMD). Det er urovekkende at domstolen kun
klarer å behandle en tredjedel av sakene som kommer inn,
og at mengden ubehandlede saker bare vokser. Komiteen er
enig i at effektive tiltak må settes i verk, for å unngå at
Europarådets apparat for å verne menneskerettighetene, demokratibyggingen
og rettsstatsutbyggingen svekkes. Komiteen understreker
at det primære ansvaret for å bedre menneskerettighetene
ligger hos medlemslandene selv. Komiteen er tilfreds
med at problemene ved EMD, sammen med ungdomsrelaterte temaer, vil være
en prioritert oppgave for Norge med formannskapet i ministerkomiteen
i 2004.
Komiteen mener Europarådet
og OSSE i størst mulig grad bør samarbeide, da
begge organisasjonene arbeider med demokratibygging og rettsstatsutvikling
i samme områder.
Komiteens tilråding er enstemmig.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
St.meld. nr. 36 (2002-2003) - om Noregs deltaking i Europarådet i 2002 - vedlegges protokollen.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 17. juni 2003
Thorbjørn Jagland
leder |
Lars Rise
ordfører |