Innstiling frå kommunalkomiteen om ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 3.-20. juni 2002

Dette dokument

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Meldinga gir ei kortfatta oversikt over dei viktigaste sakene som blei drøfta på ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève 3.-20. juni 2002, og dei vedtaka som blei gjorde.

Meldinga inneheld vidare ei tilråding til korleis Noreg skal stille seg til spørsmålet om ratifikasjon av protokollen om tryggleik og helse i arbeidslivet, samt informasjon om rekommandasjon nr. 193 om fremje av samvirkeføretak og rekommandasjon nr. 194 om ulykker og sjukdommar knytte til yrkesutøving.

1.2 Framlegging for Stortinget av vedtak gjorde på Arbeidskonferansen

1.2.1 Protokoll til konvensjonen om tryggleik og helse i arbeidslivet frå 1981

Protokollen er utarbeidd med utgangspunkt i ILO-konvensjon nr. 155 om tryggleik, helse og arbeidsmiljø frå 1981. Konvensjonen blei ratifisert av Noreg i 1982.

Formålet med protokollen er å fremje harmonisering av registrerings- og meldeordningar og statistikk over sjukdommar og ulykker knytte til arbeidslivet.

1.2.2 Rekommandasjon om liste over sjukdommar knytte til yrkesutøving og om registrering og melding av arbeidsulykker og yrkessjukdommar

Rekommandasjonen viser til ILO-konvensjonane nr. 155 om tryggleik, helse og arbeidsmiljø, nr. 161 om bedriftshelseteneste og nr. 121 om yrkesskadetrygd. Dei to sistnemnde konvensjonane, om bedriftshelseteneste og yrkesskadetrygd, er ikkje ratifiserte av Noreg.

Rekommandasjonen inneber ein internasjonal standard for registrering og melding av ulykker og yrkesrelatert sjukdom, ei oppdatering av lista over sjukdommar knytte til yrkesutøving, og dessutan ein mekanisme for å oppdatere lista over sjukdommar knytte til yrkesutøving.

1.2.3 Arbeids- og administrasjonsdepartementet si vurdering

Begge instrumenta har vore på høyring. Arbeids- og administrasjonsdepartementet viser til høyringsfråsegnene som syner at protokollen ikkje er i samsvar med norsk rett. Hovudskilnadene er at det etter protokollen krevst at farlege hendingar og arbeidsreiseulykker skal registrerast og meldast, og at det skal førast og offentleggjerast statistikk over slike hendingar.

Departementet finn ikkje grunnlag for å tilrå ratifikasjon av protokollen, og legg til grunn at yrkesskadeutvalet tek protokollen med i vurderinga i si utgreiing om den framtidige organiseringa av yrkesskadeordninga i Noreg. Det same gjeld for spørsmålet om oppfylling av rekommandasjonen.

1.2.4 Rekommandasjon nr. 193 om fremjing av samvirkeføretak

Rekommandasjonar vert berre lagt fram for Stortinget til orientering. ILO vedtok i 1966 ein rekommandasjon, nr. 127, om samvirke. Rekommandasjonen retta seg mot utviklingsland. Formålet med rekommandasjon nr. 193 om samvirkeføretak er å få utarbeidd eit nytt instrument med tanke på samvirke i alle land i lys av utviklinga etter at rekommandasjon nr. 127 blei vedteken i 1966.

Rekommandasjonen inneheld føresegner om kva type føretak rekommandasjonen konkret rettar seg mot, det vil seie om kva eit samvirkeføretak er, kva for politiske rammer samvirkeføretaka skal operere innanfor, og korleis den offentlege politikken til fremje av samvirkeføretak skal gjennomførast.

1.2.5 Arbeids- og administrasjonsdepartementet si vurdering

Arbeids- og administrasjonsdepartementet viser til høyringsuttale frå m.a. Justisdepartementet om at norsk rett i hovudsak er i samsvar med rekommandasjonen, og legg til grunn at det vert tatt omsyn til tilrådingane i rekommandasjonen i samband med det vidare arbeidet med lov om samvirkeføretak.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Aud Viken og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at ILO-konvensjon nr. 55 om tryggleik, helse og arbeidsmiljø frå 1981 er godkjend av Norge i 1982. Komiteen viser vidare til at den norske ILO-komiteen meiner protokollen som gjeld arbeid for å harmonisera registrerings- og meldeordningar og statistikk over sjukdommar og ulukker knytte til arbeidslivet ikkje er i samsvar med norsk rett. Komiteen merkar seg at høyringsuttalane avklarar at det er ulikt syn m.a. på om ulukker på reiser eller til og frå arbeid skal reknast som arbeidsgjevaren sitt ansvar. Komiteen viser til at professor Asbjørn Kjønstad for tida leier eit utval som skal greia ut om framtidig yrkesskadeordning i Norge og er samd med departementet i at yrkesskadeutvalet tek protokollen med i si vurdering. Komiteen meiner både spørsmål om ratifisering av konvensjon nr. 161 om bedriftshelseteneste og konvensjon nr. 121 om yrkesskadetrygd bør vurderast ratifisert i den samanhang, det same gjeld spørsmål om oppfylling av rekommandasjonen. Komiteen vil ta stilling til desse spørsmåla når vurderingane frå Kjønstad-utvalet ligg føre.

Komiteen viser til rekommandasjon nr. 193 om samvirkeføretak. Komiteen vil peika på at Justisdepartementet i sin høyringsuttale meiner at utkastet ikkje skaper problem i forhold til norsk samvirkerett eller i forhold til Samvirkelovsutvalet sitt forslag frå 2002. Komiteen viser vidare til at Justisdepartementet meiner det kan sjå ut som om norsk banklovgjeving ikkje er i samsvar med utkastet fordi den inneheld eit forbod mot kooperative bankar. Komiteen merkar seg også at det same departementet meiner at dersom Banklovkommisjonen sitt forslag om forbod mot å etablera kredittforeninga vert vedteke, kan det reisa spørsmål i forhold til rekommandasjonen. Komiteen er samd med Arbeids- og administrasjonsdepartementet i at det vert teke omsyn til tilrådingane i rekommandasjonen i samband med det vidare arbeidet med lov om samvirkeføretak.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

St.meld. nr. 42 (2002-2003) - om ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 3.-20. juni 2002 - vert å leggja ved protokollen.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 16. oktober 2003

Magnhild Meltveit Kleppa

leiar og ordførar