1.1 Innleiing

Meldinga om Den kulturelle skulesekken er utarbeidd på bakgrunn av vedtak i Stortinget i samband med handsaminga av St.prp. nr. 1 (2002-2003).

Bakgrunnen for Stortingets vedtak er Besl. O. nr. 52 (2001-2002), jf. Innst. O. nr. 44 (2001-2002) frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endring i lov av 28. august 1992 nr. 103 om pengespel.

Meldinga omhandlar bakgrunnen for og verdiar og målsetjingar med Den kulturelle skulesekken. Meldinga gjev eit oversyn over dei utfordringane som både kultur- og skulesektoren står overfor ved iverksetjinga og utviklinga av tiltaket. Ho gjev eit bilete av nokre av dei modellane for Den kulturelle skulesekken som er innførte i kommunar og fylke, og eit oversyn over korleis dei tilgjengelege ressursane over statsbudsjettet for Den kulturelle skulesekken er fordelte i perioden 2001-2003. Avslutningsvis gjev meldinga eit oversyn over korleis avsetninga av spelemidlar til skulesekken er fordelt i 2003, og kva planar ein har for utviklinga av tiltaket i åra som kjem.

Utdannings- og forskingsdepartementet legg samstundes fram ei eiga stortingsmelding om kunst og kultur i og i tilknyting til grunnskulen (St.meld. nr. 39 (2002-2003)). Meldinga set kultur og kulturopplevingar i grunnskulen inn i ein brei samanheng.

Dei to meldingane skal utfylle kvarandre og gje eit best mogleg bilete av kultursektoren og utdanningssektoren sine utgangspunkt i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken på landsbasis, i den enkelte skule og kulturinstitusjon.

Kulturmeldinga (St.meld. nr. 48 (2002-2003)) vil vere eit viktig grunnlag for utviklinga av norsk kulturpolitikk det neste tiåret. Ei implementering og utvikling av Den kulturelle skulesekken i åra framover kan såleis ikkje sjåast lausrive frå utviklingstrekk og rammevilkår i den overordna nasjonale kulturpolitikken. Prinsipielle drøftingar som også vil ha innverknad for Den kulturelle skulesekken, vert difor ikkje tekne opp i denne meldinga, men sett inn i ein større samanheng i kulturmeldinga.

Frå og med 2003 og i åra framover vil det bli øyremerkt spelemidlar til profesjonell kulturformidling til born i grunnskulen og eit utvida samarbeid mellom skule og kultur gjennom Den kulturelle skulesekken. Midlane vil bli fordelte i kgl. res. kvart år etter at rekneskapen for Norsk Tipping er godkjend. I 2003 er avsetninga til Den kulturelle skulesekken 60 mill. kroner. Gjennom ein opptrappingsperiode vil denne summen kunne auke til om lag 120 mill. kroner i 2004 og 180 mill. kroner i 2005.

Den kulturelle skulesekken er ei viktig kulturpolitisk satsing, som har som sitt fremste mål å gje born i grunnskulen ein kulturell kapital og ein kulturell kompetanse som vil gjere dei betre i stand til å møte utfordringane i samfunnet. Kunnskap om og forståing for kunst og kultur er viktig og grunnleggjande kunnskap som det er viktig at born og unge får med seg.

Utviklinga av Den kulturelle skulesekken i åra framover vil måtte innebere at skulane og kommunane må tenkje gjennom kva kunst og kultur kan og skal ha å seie for den enkelte elev i grunnskulen, og korleis ein ynskjer å integrere kunst- og kulturressursar i skulekvardagen. Det inneber også at kultursida må arbeide målretta med korleis ein best kan formidle kunst og kultur til elevar i grunnskulen, og korleis ein best mogleg kan skape forståing og glede ved den profesjonelle kunsten hos born og unge. I ei slik satsing vil det vere svært viktig å utvikle møteplassar og nettverk for eit utvida samarbeid mellom skule og kultur, samstundes som ein må arbeide saman om å nå felles mål for satsinga. Dette vil vere viktige utfordringar både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan.

1.2 Den kulturelle skulesekken - bakgrunn, verdiar og målsetjingar

Meldinga tek først føre seg bakgrunnen for og verdiar og målsetjingar med Den kulturelle skulesekken. Bakgrunnen vert skildra gjennom det arbeidet som sidan byrjinga av 1990-talet er gjort i fleire kommunar og fylkeskommunar for å etablere ei heilskapleg kunst- og kulturformidling i grunnskulen. Dette arbeidet vert sett i samanheng med dei politiske signala som kom til uttrykk gjennom handlingsplanen Broen og den blå hesten frå 1996 og Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen frå 1997.

Det vert vidare gjort greie for den nasjonale satsinga på Den kulturelle skulesekken frå 2001 og løyvingane til føremålet over statsbudsjettet i perioden 2001-2003. Desse løyvingane kom som eit tillegg til eksisterande løyvingar til institusjonar og tiltak som arbeider med kunst- og kulturformidling til born og unge både i og utanfor skuletida. Midlane har gjeve grunnlag for å stimulere til aktivitet over heile landet og setje i gang eit knippe pilot- og samarbeidsprosjekt mellom kultur og skule, forankra i læreplanverket.

I utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover vert det lagt vekt på å framheve kulturen sin eigenverdi. Ein offensiv kulturpolitikk er eit naudsynt korrektiv og supplement til den kommersielle underhaldningsindustrien og kan motverke einsretting, intoleranse og kunnskapsløyse. Meldinga strekar under at både tilbodet til skulane og dei samarbeidsprosjekta mellom skule og kultur som etter kvart kjem i gang, må spegle det kulturelle mangfaldet i Noreg.

Dei overordna målsetjingane med Den kulturelle skulesekken er

  • – å medverke til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod

  • – å leggje til rette for at elevar i grunnskulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag

  • – å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.

Det kulturelle mangfaldet i Noreg er eit viktig aspekt som må synleggjerast i arbeidet med Den kulturelle skulesekken over heile landet.

Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen.

Det er ein føresetnad at avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken skal vere eit tillegg til og ikkje kome som erstatning for eksisterande engasjement og ressursbruk til dette området i skule- og kultursektoren, verken lokalt, regionalt eller nasjonalt. Midlane til Den kulturelle skulesekken skal nyttast til kvalitativt gode kunst- og kulturopplevingar og bidra til at intensjonane i L97 vert oppfylte.

Den framtidige utviklinga av Den kulturelle skulesekken bør difor i hovudsak byggje vidare på dei strukturane som allereie finst, og som er bygde opp gjennom mange år. I tillegg vil midlane til Den kulturelle skulesekken skape høve til særskilde satsingsområde og utviklingsprosjekt og auka vekt på samarbeidsformer mellom kultur- og skulesektoren på lokalt nivå.

For å nå målsetjingane om at born i grunnskulen skal få ein kulturell skulesekk med eit innhald av høg kvalitet, må skulesida og kultursida samarbeide målretta og effektivt på alle forvaltningsnivå. Opne og gode sambandsliner og ein konstruktiv dialog på tvers av sektorgrenser vil vere avgjerande for å lukkast. Både i kultursektoren og i skulesektoren er det trong for kompetanseheving og auka kjennskap til strukturar og rammevilkår på begge sider. Skulen sin tingingskompetanse må betrast, og kultursektoren må setjast i stand til å utvikle aktivitetar og tilbod som er tilpassa behov i skulesektoren.

Det er eit mål at kulturfeltet sine tilbod ikkje berre skal kome elevane til gode, men også gje inspirasjon og ny kunnskap til lærarane og på denne måten skape auka forståing og kunnskap om kunsten og kulturen sitt vesen, utvikling og verdi. Særleg viktig vil det vere om røynsler og kunnskapar frå kultursektoren sine utvik­lings- og signalprosjekt på ulike felt kan kome til nytte i utviklinga av skulesektoren. Eit sterkare og opnare samarbeid mellom kultur og skule på alle nivå kan vise seg å vere både fruktbart og lærerikt for begge partar.

1.3 Innhaldet i Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken skal først og fremst syte for at det vert lagt til rette for gode møte mellom den enkelte elev og det profesjonelle kulturlivet lokalt og nasjonalt. Dette kan til dømes skje gjennom konsertar, museumsbesøk, framsyningar og møte med forfattarar, men det kan også skje ved ulike arbeidsmåtar der den profesjonelle kunstnaren møter eleven i eit gjensidig fruktbart samarbeid, som også inkluderer for- og etterarbeid ved skulen.

Det er eit stort utviklingspotensial i formidlinga av musikk, visuell kunst, scenekunst, litteratur og bibliotek, kulturarv og kulturminne og film til born og unge. Mange aktørar kan i framtida i større grad medverke til å fylle Den kulturelle skulesekken og samarbeide med skuleverket på ymse vis. Dette krev initiativ og fantasi både i skulesektoren, kultursektoren og i dei kommunale og fylkeskommunale forvaltingsorgana. Det krev også ei statusheving av kunst- og kulturformidlinga til born og unge.

Innanfor musikkfeltet er det ei utfordring å sikre alle skular som ynskjer det gode møte med musikarar på høgt nivå og innanfor eit mangfald av sjangrar.

Det er vidare ei utfordring å lyfte fram den visuelle kunsten i Den kulturelle skulesekken på landsbasis og styrkje formidlinga av samtidskunst, design og arkitektur i det lokale og regionale arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

Eit av hovudmåla på det visuelle kunstfeltet er å sikre at flest mogleg skal få tilgang til, forståing for og oppleving av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design av god kvalitet.

På scenekunstfeltet er hovudutfordringa å få til eit meir differensiert tilbod til born og unge, i tillegg til å oppnå ein reell auke i talet på produksjonar tilrettelagde for turné. Det er også viktig at institusjonane legg til rette for at elevane kan kome til teatret i skuletida.

På litteraturfeltet er det ei utfordring å inspirere born og unge til å lese og å medverke til å realisere gode prosjekt og tiltak knytte til auka leselyst. Det er ei utfordring å styrkje samarbeidsstrukturane mellom folkebibliotek og skulebibliotek og finne måtar for overføring av kunnskap og kompetanse som er opparbeidd gjennom ei rekkje lokale leselystprosjekt av ulik art.

Hovudmåla for Kultur- og kyrkjedepartementet på bibliotekområdet er å fremje leseinteresse og god språkbruk og sikre norsk som kulturspråk.

På museumsfeltet er det ei utfordring å heve formidlingskompetansen og kjennskapen til L97. Det er vidare ei utfordring å skape samarbeidsrelasjonar med kulturminnevernet og lokale lag og foreiningar på kulturminneområdet.

Hovudføremålet for musea er å skape grunnlag for kunnskap om, forståing for og oppleving av natur, kultur og samfunn på ein måte som viser både kontinuitet og endring, samanheng og ulikskapar.

Kultur- og kyrkjedepartementet har dei siste åra lagt til grunn at musea skal prioritere utvikling av nye formidlingsmetodar, særleg tilrettelagde for born og unge.

På filmfeltet er det utfordringar knytte til å auke kunnskapen og haldninga til film som uttrykksform og kunstform og la born og unge bruke film som uttrykksmiddel for eigen aktivitet.

For å kunne skape eit godt innhald i Den kulturelle skulesekken og for å sikre at Den kulturelle skulesekken vil gje gode møte mellom kunstnar og elev, må produsentar og formidlarar over heile landet arbeide målretta med nye metodar og ny formidling. Innanfor alle kunst- og kulturuttrykka ligg det eit stort potensial i å utvikle meir dialogbaserte formidlingsmetodar og tilbod som i større grad aktiviserer og inkluderer elevane i formidlingsarbeidet. Det er viktig å leggje til rette for føre- og etterarbeid i skulen. I denne samanhengen vil det vere naudsynt å leggje større vekt på kompetanseutvikling, kurs og etterutdanningstilbod, og spreiing av kunnskap og røynsler til andre.

Ei utfordring i arbeidet med Den kulturelle skulesekken er utviklinga av dei formidlingsordningane som har ambisjonar om landsomfattande virke, som får direkte tilskot over statsbudsjettet, og som kommunane betaler relativt lite for å nyte godt av. Døme er Rikskonsertane, Riksutstillingar, Norsk Scenekunstbruk og Norsk Forfattarsentrum. Desse er ulikt bygde opp, men ordningane er vesentlege delar av den sikringskosten som fylkeskommunane i dag arbeider med å gje til alle kommunane i fylka, og er såleis etterspurde i samband med utviklinga av skulesekken. Dersom ein ikkje kan nytte spelemidlar for å styrkje desse ordningane i tida framover, vil det verte vanskeleg å sikre alle elevar i landet eit fast tilbod av høg kvalitet gjennom desse ordningane.

1.4 Modellar for samarbeid skule - kultur

Den lokale forankringa er basis i Den kulturelle skulesekken. Det er i den enkelte kommunen at krafta og initiativet til ei satsing på kultur skal liggje. Dette vil krevje både ein politisk vilje til å satse, vilje til samarbeid mellom skule og kultur på lokalt plan i den enkelte kommunen og over kommunegrensene, og vilje til å lyfte opp og nytte dei ressursane kommunane har i arbeidet med Den kulturelle skulesekken på ein målretta og effektiv måte. L97 er eit godt grunnlag for å setje ei slik satsing inn i ein breiare samanheng.

Utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover vil krevje eit godt samarbeid mellom kommunenivået og det regionale nivået gjennom fylkeskommunen og fylkesmannen si utdanningsavdeling. Det vil vere svært viktig å etablere ei arbeidsdeling mellom skule- og kultursida på kommunalt og regionalt nivå. Det er også viktig å forme ein visjon for utviklinga av skulesekken i fylket og i kommunen som tek vare på dei overordna målsetjingane med tiltaket.

I meldinga vert fem fylkesmodellar og tre kommunemodellar presenterte.

1.5 Utforminga av Den kulturelle skulesekken

Utforminga av Den kulturelle skulesekken på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå er eit sentralt emne i meldinga. I utarbeidinga av den overordna strategien for utviklinga av Den kulturelle skulesekken er det lagt til grunn som eit heilt sentralt prinsipp at utforminga og utviklinga ikkje skal skje under sterk statleg styring. Fylkeskommunen er tillagt eit stort ansvar for regional samordning av tilboda og for kommunal innsats.

Kultur- og kyrkjeministeren har det politiske ansvaret for å fordele spelemidlar til kulturføremål. Sidan Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom kultur og skule, er det lagt vekt på å inkludere skulesida i planlegginga. På nasjonalt plan er det difor oppretta ei styringsgruppe samansett av ein representant for politisk leiing i Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet, og ei fagleg referansegruppe med medlemmer frå både skule- og kultursektoren. Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken er lokalisert til ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Sekretariatet skal samarbeide tett med Læringssenteret for å sikre forankring i skuleverket. Det vil dessutan vere eit nært samarbeid mellom ABM-utvikling og Norsk kulturråd i det løpande arbeidet med dette tiltaket. Også andre relevante faginstansar kan trekkjast inn når dette er naudsynt.

Både på fylkesnivå og på kommunenivå vil det vere viktig å arbeide for ei organisering og ei ansvarsdeling som inkluderer både skulesida og kultursida. På fylkesnivået vil utdanningsavdelinga hos fylkesmannen vere ein naturleg samarbeidspartnar for fylkeskommunen, saman med kunst- og kulturinstitusjonar og frie kunstnarar.

På kommunenivå må ein arbeide for å forankre Den kulturelle skulesekken i den enkelte skulen og i lokale kulturinstitusjonar, lag og foreiningar. Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen. For å oppnå dei generelle måla og prinsippa som ligg til grunn for L97, og for å innarbeide Den kulturelle skulesekken i skulen sine læringsmål, må kommunane leggje tilhøva til rette for at den enkelte skule kan samarbeide målretta med profesjonelle kulturinstitusjonar og kunstnarmiljø. For å skape lokal eigarskap til Den kulturelle skulesekken må ein skape ein lokal visjon om korleis ein ynskjer at kultur skal inngå i skulen, og korleis ein kan inkludere lokale kunst- og kulturressursar i arbeidet. Utforminga av Den kulturelle skulesekken lokalt må skje ut frå lokale grunnlag og i samspel med det regionale arbeidet som vert lagt til rette på fylkesplanet. Departementet har lagt til grunn at det er fylkeskommunen sitt ansvar å syte for at den overordna utviklinga av Den kulturelle skulesekken i fylket også er basert på innspel og initiativ frå kommunar, skular og kultursektoren. Eit godt samarbeid mellom skule- og kultursida vil vere viktig for å lukkast i arbeidet.

Regjeringa ynskjer å bidra til å styrkje formidlinga av musikk på landsbasis. I 2003 er det avsett tre mill. kroner i nasjonale midlar til formidling av musikk. Midlane skal forvaltast av Norsk kulturråd på basis av kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.

I fordelinga av avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i 2003 er det ikkje avsett særskilde midlar til å dekkje inn etterspurnaden av skulekonsertar frå Rikskonsertane. Skulekonsertordninga vil på generelt grunnlag verte drøfta i den generelle kulturmeldinga, St.meld. nr. 48 (2002-2003).

Departementet vil bidra til å utvikle og formidle god og mangfaldig visuell kunst og sikre eit likeverdig og heilskapleg tilbod for alle elevar i heile landet.

Departementet ynskjer vidare å bidra til å utvikle og formidle fleire scenekunstproduksjonar for born og unge tilrettelagte for turné gjennom å setje av fem mill. kroner frå Den kulturelle skulesekken i 2003.

Kultur- og kyrkjedepartementet ynskjer å medverke til å realisere gode prosjekt og tiltak knytte til auka leselyst innanfor ramma av Den kulturelle skulesekken. Departementet ynskjer også å styrkje samarbeidsstrukturane mellom folkebibliotek og skulebibliotek.

Departementet ynskjer òg å leggje til rette for betre og meir målretta formidling av kulturarven til born og unge og auka samarbeid med kulturminnevernet gjennom å setje av midlar frå Den kulturelle skulesekken.

Departementet ynskjer at fleire elevar etter kvart kan få ei meir bevisst haldning til film som uttrykksform og kunstform gjennom Den kulturelle skulesekken.

I 2003 vil det verte sett i gang eit førebuande arbeid med tanke på ei særskild satsing på film innanfor ramma av Den kulturelle skulesekken frå og med 2004.

1.6 Økonomiske ressursar

Dei økonomiske rammene for Den kulturelle skulesekken i åra som kjem og planar for bruken av midlane, er omtala avslutningsvis i meldinga.

Frå og med 2003 får Den kulturelle skulesekken 60 mill. kroner av avsetninga av overskotet til Norsk Tipping. Dersom prognosane held, vil denne summen kunne auke til 120 mill. kroner i 2004 og 180 mill. kroner i 2005.

I tillegg til dette kan ein også rekne med løyvingar over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett, jf. kap. 320 post 81 Den kulturelle skolesekken, og løyvingar til ymse institusjonar som arbeider med landsomfattande og regional profesjonell kulturformidling til born og unge. På landsbasis vert det også nytta kommunale og fylkeskommunale midlar til kulturformidling i Den kulturelle skulesekken, men departementet har ikkje oversyn over omfanget av dette.

For 2003 er 60 pst. av dei tilgjengelege spelemidlane til Den kulturelle skulesekken fordelt til fylkeskommunane. I 2003 utgjer dette 36 mill. kroner. Departementet har i brev av 26. februar 2003 til fylkeskommunane lagt enkelte overordna føringar på bruken av desse midlane.

Departementet understrekar i brevet at målgruppa for Den kulturelle skulesekken er elevar i grunnskulen. Vidare skal skulesekken vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen. På regionalt hald må det etablerast eit samarbeid mellom fylkeskommunane og fylkesmannen si utdanningsavdeling om utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Vidare må fylkeskommunen syte for at det ligg føre ein plan for utviklinga av skulesekken, at skulesekken får lokal forankring, og at kommunane får høve til å utvik­le eigne initiativ. Løyvingane skal gå til meir kunst og kultur og ikkje til administrasjon. Innhaldet skal inkludere alle kunst- og kulturuttrykka, og eksisterande tiltak og institusjonar bør trekkjast inn. Departementet legg til grunn at ei vidareutvikling og styrking av Den kulturelle skulesekken i åra som kjem, må vurderast i lys av korleis den enkelte fylkeskommunen lukkast med å utvikle planar og tiltak i samsvar med intensjonane og målsetjingane for tiltaket.

Dei resterande 24 mill. kronene til Den kulturelle skulesekken vert i 2003 forvalta av ABM-utvikling og Norsk kulturråd på basis av kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter råd frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken. Midlane er prosjektmidlar og skal knytast til formidling innanfor definerte satsingsområde.

I 2003 er det avsett prosjektmidlar til følgjande område:

  • – 3 mill. kroner til formidling av dei visuelle kunstartane (biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design)

  • – 3 mill. kroner til formidling av musikk

  • – 5 mill. kroner til produksjon og formidling av scenekunst

  • – 5 mill. kroner til prosjekt innan litteraturformidling, stimulering av leselyst og samarbeid mellom folkebibliotek og skulebibliotek

  • – 5 mill. kroner til utviklingstiltak og formidlingsverksemd i vitensentra

  • – 3 mill. kroner til prosjekt og formidling innanfor kulturarv og kulturminne.

Frå og med 2004 vert det lagt opp til ei særleg satsing på film i Den kulturelle skulesekken.

Avslutningsvis vert det kort drøfta på kva måte departementet ser føre seg utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover. I tråd med Stortinget sine føringar om at Den kulturelle skulesekken ikkje skal vere underlagt sterk sentral styring, ser departementet det som lite føremålstenleg å planleggje utviklinga av Den kulturelle skulesekken i detalj. Disposisjonane i 2003 vil difor bli gjenstand for grundig og kontinuerleg vurdering i tida som kjem. Det kan verte naudsynt å revurdere innretningane og vurdere fleire og andre måtar å kanalisere midlane på etter som det viser seg kva satsingar som er vellukka og kva som er mindre vellukka.