Meldinga om Den kulturelle skulesekken er utarbeidd
på bakgrunn av vedtak i Stortinget i samband med handsaminga
av St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Bakgrunnen for Stortingets vedtak er Besl. O.
nr. 52 (2001-2002), jf. Innst. O. nr. 44 (2001-2002) frå familie-,
kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endring i lov av 28.
august 1992 nr. 103 om pengespel.
Meldinga omhandlar bakgrunnen for og verdiar
og målsetjingar med Den kulturelle skulesekken. Meldinga
gjev eit oversyn over dei utfordringane som både kultur-
og skulesektoren står overfor ved iverksetjinga og utviklinga
av tiltaket. Ho gjev eit bilete av nokre av dei modellane for Den
kulturelle skulesekken som er innførte i kommunar og fylke,
og eit oversyn over korleis dei tilgjengelege ressursane over statsbudsjettet
for Den kulturelle skulesekken er fordelte i perioden 2001-2003.
Avslutningsvis gjev meldinga eit oversyn over korleis avsetninga
av spelemidlar til skulesekken er fordelt i 2003, og kva planar
ein har for utviklinga av tiltaket i åra som kjem.
Utdannings- og forskingsdepartementet legg samstundes
fram ei eiga stortingsmelding om kunst og kultur i og i tilknyting
til grunnskulen (St.meld. nr. 39 (2002-2003)). Meldinga set kultur
og kulturopplevingar i grunnskulen inn i ein brei samanheng.
Dei to meldingane skal utfylle kvarandre og
gje eit best mogleg bilete av kultursektoren og utdanningssektoren
sine utgangspunkt i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken
på landsbasis, i den enkelte skule og kulturinstitusjon.
Kulturmeldinga (St.meld. nr. 48 (2002-2003))
vil vere eit viktig grunnlag for utviklinga av norsk kulturpolitikk
det neste tiåret. Ei implementering og utvikling av Den
kulturelle skulesekken i åra framover kan såleis
ikkje sjåast lausrive frå utviklingstrekk og rammevilkår
i den overordna nasjonale kulturpolitikken. Prinsipielle drøftingar
som også vil ha innverknad for Den kulturelle skulesekken,
vert difor ikkje tekne opp i denne meldinga, men sett inn i ein større
samanheng i kulturmeldinga.
Frå og med 2003 og i åra framover
vil det bli øyremerkt spelemidlar til profesjonell kulturformidling
til born i grunnskulen og eit utvida samarbeid mellom skule og kultur
gjennom Den kulturelle skulesekken. Midlane vil bli fordelte i kgl.
res. kvart år etter at rekneskapen for Norsk Tipping er
godkjend. I 2003 er avsetninga til Den kulturelle skulesekken 60
mill. kroner. Gjennom ein opptrappingsperiode vil denne summen kunne
auke til om lag 120 mill. kroner i 2004 og 180 mill. kroner i 2005.
Den kulturelle skulesekken er ei viktig kulturpolitisk satsing,
som har som sitt fremste mål å gje born i grunnskulen
ein kulturell kapital og ein kulturell kompetanse som vil gjere
dei betre i stand til å møte utfordringane i samfunnet.
Kunnskap om og forståing for kunst og kultur er viktig
og grunnleggjande kunnskap som det er viktig at born og unge får
med seg.
Utviklinga av Den kulturelle skulesekken i åra
framover vil måtte innebere at skulane og kommunane må tenkje
gjennom kva kunst og kultur kan og skal ha å seie for den
enkelte elev i grunnskulen, og korleis ein ynskjer å integrere
kunst- og kulturressursar i skulekvardagen. Det inneber også at
kultursida må arbeide målretta med korleis ein
best kan formidle kunst og kultur til elevar i grunnskulen, og korleis
ein best mogleg kan skape forståing og glede ved den profesjonelle
kunsten hos born og unge. I ei slik satsing vil det vere svært
viktig å utvikle møteplassar og nettverk for eit
utvida samarbeid mellom skule og kultur, samstundes som ein må arbeide
saman om å nå felles mål for satsinga.
Dette vil vere viktige utfordringar både på lokalt,
regionalt og nasjonalt plan.
Meldinga tek først føre seg
bakgrunnen for og verdiar og målsetjingar med Den kulturelle
skulesekken. Bakgrunnen vert skildra gjennom det arbeidet som sidan
byrjinga av 1990-talet er gjort i fleire kommunar og fylkeskommunar
for å etablere ei heilskapleg kunst- og kulturformidling
i grunnskulen. Dette arbeidet vert sett i samanheng med dei politiske
signala som kom til uttrykk gjennom handlingsplanen Broen og den
blå hesten frå 1996 og Læreplanverket
for den 10-årige grunnskulen frå 1997.
Det vert vidare gjort greie for den nasjonale
satsinga på Den kulturelle skulesekken frå 2001
og løyvingane til føremålet over statsbudsjettet
i perioden 2001-2003. Desse løyvingane kom som eit tillegg
til eksisterande løyvingar til institusjonar og tiltak
som arbeider med kunst- og kulturformidling til born og unge både
i og utanfor skuletida. Midlane har gjeve grunnlag for å stimulere
til aktivitet over heile landet og setje i gang eit knippe pilot-
og samarbeidsprosjekt mellom kultur og skule, forankra i læreplanverket.
I utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover vert
det lagt vekt på å framheve kulturen sin eigenverdi.
Ein offensiv kulturpolitikk er eit naudsynt korrektiv og supplement
til den kommersielle underhaldningsindustrien og kan motverke einsretting,
intoleranse og kunnskapsløyse. Meldinga strekar under at
både tilbodet til skulane og dei samarbeidsprosjekta mellom skule
og kultur som etter kvart kjem i gang, må spegle det kulturelle
mangfaldet i Noreg.
Dei overordna målsetjingane med Den
kulturelle skulesekken er
– å medverke
til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod
– å leggje til rette
for at elevar i grunnskulen skal få tilgang til, gjere
seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og
kulturuttrykk av alle slag
– å medverke til å utvikle
ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk
i realiseringa av skulen sine læringsmål.
Det kulturelle mangfaldet i Noreg er eit viktig
aspekt som må synleggjerast i arbeidet med Den kulturelle skulesekken
over heile landet.
Den kulturelle skulesekken skal vere forankra
i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og
byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen.
Det er ein føresetnad at avsetninga
av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken skal vere eit tillegg
til og ikkje kome som erstatning for eksisterande engasjement og
ressursbruk til dette området i skule- og kultursektoren,
verken lokalt, regionalt eller nasjonalt. Midlane til Den kulturelle
skulesekken skal nyttast til kvalitativt gode kunst- og kulturopplevingar
og bidra til at intensjonane i L97 vert oppfylte.
Den framtidige utviklinga av Den kulturelle skulesekken
bør difor i hovudsak byggje vidare på dei strukturane
som allereie finst, og som er bygde opp gjennom mange år.
I tillegg vil midlane til Den kulturelle skulesekken skape høve
til særskilde satsingsområde og utviklingsprosjekt
og auka vekt på samarbeidsformer mellom kultur- og skulesektoren
på lokalt nivå.
For å nå målsetjingane
om at born i grunnskulen skal få ein kulturell skulesekk
med eit innhald av høg kvalitet, må skulesida
og kultursida samarbeide målretta og effektivt på alle
forvaltningsnivå. Opne og gode sambandsliner og ein konstruktiv
dialog på tvers av sektorgrenser vil vere avgjerande for å lukkast.
Både i kultursektoren og i skulesektoren er det trong for kompetanseheving
og auka kjennskap til strukturar og rammevilkår på begge
sider. Skulen sin tingingskompetanse må betrast, og kultursektoren
må setjast i stand til å utvikle aktivitetar og
tilbod som er tilpassa behov i skulesektoren.
Det er eit mål at kulturfeltet sine
tilbod ikkje berre skal kome elevane til gode, men også gje
inspirasjon og ny kunnskap til lærarane og på denne
måten skape auka forståing og kunnskap om kunsten
og kulturen sitt vesen, utvikling og verdi. Særleg viktig
vil det vere om røynsler og kunnskapar frå kultursektoren
sine utviklings- og signalprosjekt på ulike felt
kan kome til nytte i utviklinga av skulesektoren. Eit sterkare og
opnare samarbeid mellom kultur og skule på alle nivå kan
vise seg å vere både fruktbart og lærerikt
for begge partar.
Den kulturelle skulesekken skal først
og fremst syte for at det vert lagt til rette for gode møte
mellom den enkelte elev og det profesjonelle kulturlivet lokalt
og nasjonalt. Dette kan til dømes skje gjennom konsertar, museumsbesøk,
framsyningar og møte med forfattarar, men det kan også skje
ved ulike arbeidsmåtar der den profesjonelle kunstnaren
møter eleven i eit gjensidig fruktbart samarbeid, som også inkluderer
for- og etterarbeid ved skulen.
Det er eit stort utviklingspotensial i formidlinga
av musikk, visuell kunst, scenekunst, litteratur og bibliotek, kulturarv
og kulturminne og film til born og unge. Mange aktørar
kan i framtida i større grad medverke til å fylle
Den kulturelle skulesekken og samarbeide med skuleverket på ymse
vis. Dette krev initiativ og fantasi både i skulesektoren,
kultursektoren og i dei kommunale og fylkeskommunale forvaltingsorgana.
Det krev også ei statusheving av kunst- og kulturformidlinga
til born og unge.
Innanfor musikkfeltet er det ei utfordring å sikre
alle skular som ynskjer det gode møte med musikarar på høgt
nivå og innanfor eit mangfald av sjangrar.
Det er vidare ei utfordring å lyfte
fram den visuelle kunsten i Den kulturelle skulesekken på landsbasis
og styrkje formidlinga av samtidskunst, design og arkitektur i det
lokale og regionale arbeidet med Den kulturelle skulesekken.
Eit av hovudmåla på det visuelle
kunstfeltet er å sikre at flest mogleg skal få tilgang
til, forståing for og oppleving av biletkunst, kunsthandverk,
arkitektur og design av god kvalitet.
På scenekunstfeltet er hovudutfordringa å få til
eit meir differensiert tilbod til born og unge, i tillegg til å oppnå ein
reell auke i talet på produksjonar tilrettelagde for turné.
Det er også viktig at institusjonane legg til rette for
at elevane kan kome til teatret i skuletida.
På litteraturfeltet er det ei utfordring å inspirere
born og unge til å lese og å medverke til å realisere
gode prosjekt og tiltak knytte til auka leselyst. Det er ei utfordring å styrkje
samarbeidsstrukturane mellom folkebibliotek og skulebibliotek og
finne måtar for overføring av kunnskap og kompetanse
som er opparbeidd gjennom ei rekkje lokale leselystprosjekt av ulik
art.
Hovudmåla for Kultur- og kyrkjedepartementet
på bibliotekområdet er å fremje leseinteresse
og god språkbruk og sikre norsk som kulturspråk.
På museumsfeltet er det ei utfordring å heve
formidlingskompetansen og kjennskapen til L97. Det er vidare ei
utfordring å skape samarbeidsrelasjonar med kulturminnevernet
og lokale lag og foreiningar på kulturminneområdet.
Hovudføremålet for musea er å skape
grunnlag for kunnskap om, forståing for og oppleving av
natur, kultur og samfunn på ein måte som viser
både kontinuitet og endring, samanheng og ulikskapar.
Kultur- og kyrkjedepartementet har dei siste åra
lagt til grunn at musea skal prioritere utvikling av nye formidlingsmetodar,
særleg tilrettelagde for born og unge.
På filmfeltet er det utfordringar knytte
til å auke kunnskapen og haldninga til film som uttrykksform
og kunstform og la born og unge bruke film som uttrykksmiddel for
eigen aktivitet.
For å kunne skape eit godt innhald
i Den kulturelle skulesekken og for å sikre at Den kulturelle skulesekken
vil gje gode møte mellom kunstnar og elev, må produsentar
og formidlarar over heile landet arbeide målretta med nye
metodar og ny formidling. Innanfor alle kunst- og kulturuttrykka
ligg det eit stort potensial i å utvikle meir dialogbaserte
formidlingsmetodar og tilbod som i større grad aktiviserer
og inkluderer elevane i formidlingsarbeidet. Det er viktig å leggje
til rette for føre- og etterarbeid i skulen. I denne samanhengen
vil det vere naudsynt å leggje større vekt på kompetanseutvikling,
kurs og etterutdanningstilbod, og spreiing av kunnskap og røynsler
til andre.
Ei utfordring i arbeidet med Den kulturelle skulesekken
er utviklinga av dei formidlingsordningane som har ambisjonar om
landsomfattande virke, som får direkte tilskot over statsbudsjettet,
og som kommunane betaler relativt lite for å nyte godt
av. Døme er Rikskonsertane, Riksutstillingar, Norsk Scenekunstbruk
og Norsk Forfattarsentrum. Desse er ulikt bygde opp, men ordningane
er vesentlege delar av den sikringskosten som fylkeskommunane i
dag arbeider med å gje til alle kommunane i fylka, og er
såleis etterspurde i samband med utviklinga av skulesekken. Dersom
ein ikkje kan nytte spelemidlar for å styrkje desse ordningane
i tida framover, vil det verte vanskeleg å sikre alle elevar
i landet eit fast tilbod av høg kvalitet gjennom desse
ordningane.
Den lokale forankringa er basis i Den kulturelle skulesekken.
Det er i den enkelte kommunen at krafta og initiativet til ei satsing
på kultur skal liggje. Dette vil krevje både ein
politisk vilje til å satse, vilje til samarbeid mellom
skule og kultur på lokalt plan i den enkelte kommunen og
over kommunegrensene, og vilje til å lyfte opp og nytte
dei ressursane kommunane har i arbeidet med Den kulturelle skulesekken
på ein målretta og effektiv måte. L97
er eit godt grunnlag for å setje ei slik satsing inn i
ein breiare samanheng.
Utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover vil
krevje eit godt samarbeid mellom kommunenivået og det regionale
nivået gjennom fylkeskommunen og fylkesmannen si utdanningsavdeling.
Det vil vere svært viktig å etablere ei arbeidsdeling
mellom skule- og kultursida på kommunalt og regionalt nivå.
Det er også viktig å forme ein visjon for utviklinga
av skulesekken i fylket og i kommunen som tek vare på dei
overordna målsetjingane med tiltaket.
I meldinga vert fem fylkesmodellar og tre kommunemodellar
presenterte.
Utforminga av Den kulturelle skulesekken på nasjonalt,
regionalt og lokalt nivå er eit sentralt emne i meldinga.
I utarbeidinga av den overordna strategien for utviklinga av Den
kulturelle skulesekken er det lagt til grunn som eit heilt sentralt
prinsipp at utforminga og utviklinga ikkje skal skje under sterk
statleg styring. Fylkeskommunen er tillagt eit stort ansvar for
regional samordning av tilboda og for kommunal innsats.
Kultur- og kyrkjeministeren har det politiske
ansvaret for å fordele spelemidlar til kulturføremål.
Sidan Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom
kultur og skule, er det lagt vekt på å inkludere skulesida
i planlegginga. På nasjonalt plan er det difor oppretta
ei styringsgruppe samansett av ein representant for politisk leiing
i Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet,
og ei fagleg referansegruppe med medlemmer frå både skule-
og kultursektoren. Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken
er lokalisert til ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek
og museum. Sekretariatet skal samarbeide tett med Læringssenteret
for å sikre forankring i skuleverket. Det vil dessutan
vere eit nært samarbeid mellom ABM-utvikling og Norsk kulturråd
i det løpande arbeidet med dette tiltaket. Også andre
relevante faginstansar kan trekkjast inn når dette er naudsynt.
Både på fylkesnivå og
på kommunenivå vil det vere viktig å arbeide
for ei organisering og ei ansvarsdeling som inkluderer både
skulesida og kultursida. På fylkesnivået vil utdanningsavdelinga
hos fylkesmannen vere ein naturleg samarbeidspartnar for fylkeskommunen, saman
med kunst- og kulturinstitusjonar og frie kunstnarar.
På kommunenivå må ein
arbeide for å forankre Den kulturelle skulesekken i den
enkelte skulen og i lokale kulturinstitusjonar, lag og foreiningar.
Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i den generelle delen
av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske
målsetjingane i skulen. For å oppnå dei generelle
måla og prinsippa som ligg til grunn for L97, og for å innarbeide
Den kulturelle skulesekken i skulen sine læringsmål,
må kommunane leggje tilhøva til rette for at den
enkelte skule kan samarbeide målretta med profesjonelle
kulturinstitusjonar og kunstnarmiljø. For å skape
lokal eigarskap til Den kulturelle skulesekken må ein skape
ein lokal visjon om korleis ein ynskjer at kultur skal inngå i
skulen, og korleis ein kan inkludere lokale kunst- og kulturressursar
i arbeidet. Utforminga av Den kulturelle skulesekken lokalt må skje
ut frå lokale grunnlag og i samspel med det regionale arbeidet
som vert lagt til rette på fylkesplanet. Departementet
har lagt til grunn at det er fylkeskommunen sitt ansvar å syte
for at den overordna utviklinga av Den kulturelle skulesekken i
fylket også er basert på innspel og initiativ
frå kommunar, skular og kultursektoren. Eit godt samarbeid
mellom skule- og kultursida vil vere viktig for å lukkast
i arbeidet.
Regjeringa ynskjer å bidra til å styrkje
formidlinga av musikk på landsbasis. I 2003 er det avsett
tre mill. kroner i nasjonale midlar til formidling av musikk. Midlane
skal forvaltast av Norsk kulturråd på basis av kriterium
fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding
frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.
I fordelinga av avsetninga av spelemidlar til
Den kulturelle skulesekken i 2003 er det ikkje avsett særskilde midlar
til å dekkje inn etterspurnaden av skulekonsertar frå Rikskonsertane.
Skulekonsertordninga vil på generelt grunnlag verte drøfta
i den generelle kulturmeldinga, St.meld. nr. 48 (2002-2003).
Departementet vil bidra til å utvikle
og formidle god og mangfaldig visuell kunst og sikre eit likeverdig
og heilskapleg tilbod for alle elevar i heile landet.
Departementet ynskjer vidare å bidra
til å utvikle og formidle fleire scenekunstproduksjonar
for born og unge tilrettelagte for turné gjennom å setje
av fem mill. kroner frå Den kulturelle skulesekken i 2003.
Kultur- og kyrkjedepartementet ynskjer å medverke til å realisere
gode prosjekt og tiltak knytte til auka leselyst innanfor ramma
av Den kulturelle skulesekken. Departementet ynskjer også å styrkje samarbeidsstrukturane
mellom folkebibliotek og skulebibliotek.
Departementet ynskjer òg å leggje
til rette for betre og meir målretta formidling av kulturarven
til born og unge og auka samarbeid med kulturminnevernet gjennom å setje
av midlar frå Den kulturelle skulesekken.
Departementet ynskjer at fleire elevar etter
kvart kan få ei meir bevisst haldning til film som uttrykksform
og kunstform gjennom Den kulturelle skulesekken.
I 2003 vil det verte sett i gang eit førebuande
arbeid med tanke på ei særskild satsing på film
innanfor ramma av Den kulturelle skulesekken frå og med
2004.
Dei økonomiske rammene for Den kulturelle skulesekken
i åra som kjem og planar for bruken av midlane, er omtala
avslutningsvis i meldinga.
Frå og med 2003 får Den kulturelle
skulesekken 60 mill. kroner av avsetninga av overskotet til Norsk
Tipping. Dersom prognosane held, vil denne summen kunne auke til
120 mill. kroner i 2004 og 180 mill. kroner i 2005.
I tillegg til dette kan ein også rekne
med løyvingar over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt
budsjett, jf. kap. 320 post 81 Den kulturelle skolesekken, og løyvingar
til ymse institusjonar som arbeider med landsomfattande og regional
profesjonell kulturformidling til born og unge. På landsbasis
vert det også nytta kommunale og fylkeskommunale midlar
til kulturformidling i Den kulturelle skulesekken, men departementet har
ikkje oversyn over omfanget av dette.
For 2003 er 60 pst. av dei tilgjengelege spelemidlane til
Den kulturelle skulesekken fordelt til fylkeskommunane. I 2003 utgjer
dette 36 mill. kroner. Departementet har i brev av 26. februar 2003
til fylkeskommunane lagt enkelte overordna føringar på bruken
av desse midlane.
Departementet understrekar i brevet at målgruppa
for Den kulturelle skulesekken er elevar i grunnskulen. Vidare skal
skulesekken vere forankra i den generelle delen av læreplanen
for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane
i skulen. På regionalt hald må det etablerast
eit samarbeid mellom fylkeskommunane og fylkesmannen si utdanningsavdeling
om utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Vidare må fylkeskommunen
syte for at det ligg føre ein plan for utviklinga av skulesekken,
at skulesekken får lokal forankring, og at kommunane får høve
til å utvikle eigne initiativ. Løyvingane
skal gå til meir kunst og kultur og ikkje til administrasjon.
Innhaldet skal inkludere alle kunst- og kulturuttrykka, og eksisterande
tiltak og institusjonar bør trekkjast inn. Departementet
legg til grunn at ei vidareutvikling og styrking av Den kulturelle
skulesekken i åra som kjem, må vurderast i lys
av korleis den enkelte fylkeskommunen lukkast med å utvikle
planar og tiltak i samsvar med intensjonane og målsetjingane
for tiltaket.
Dei resterande 24 mill. kronene til Den kulturelle skulesekken
vert i 2003 forvalta av ABM-utvikling og Norsk kulturråd
på basis av kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet
etter råd frå styringsgruppa for Den kulturelle
skulesekken. Midlane er prosjektmidlar og skal knytast til formidling
innanfor definerte satsingsområde.
I 2003 er det avsett prosjektmidlar til følgjande område:
– 3 mill.
kroner til formidling av dei visuelle kunstartane (biletkunst, kunsthandverk,
arkitektur og design)
– 3 mill. kroner til formidling
av musikk
– 5 mill. kroner til produksjon
og formidling av scenekunst
– 5 mill. kroner til prosjekt
innan litteraturformidling, stimulering av leselyst og samarbeid
mellom folkebibliotek og skulebibliotek
– 5 mill. kroner til utviklingstiltak
og formidlingsverksemd i vitensentra
– 3 mill. kroner til prosjekt
og formidling innanfor kulturarv og kulturminne.
Frå og med 2004 vert det lagt opp til
ei særleg satsing på film i Den kulturelle skulesekken.
Avslutningsvis vert det kort drøfta
på kva måte departementet ser føre seg
utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover. I tråd
med Stortinget sine føringar om at Den kulturelle skulesekken
ikkje skal vere underlagt sterk sentral styring, ser departementet
det som lite føremålstenleg å planleggje
utviklinga av Den kulturelle skulesekken i detalj. Disposisjonane
i 2003 vil difor bli gjenstand for grundig og kontinuerleg vurdering
i tida som kjem. Det kan verte naudsynt å revurdere innretningane
og vurdere fleire og andre måtar å kanalisere
midlane på etter som det viser seg kva satsingar som er
vellukka og kva som er mindre vellukka.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre,
Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen,
fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra
Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig
Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke og fra Senterpartiet,
Eli Sollied Øveraas, mener meldingen gir en god oversikt
over hvilke mål som er satt for Den kulturelle skolesekken,
og hvordan den skal fungere i praksis. Komiteen støtter
de overordnede målsettingene i meldingen om at Den kulturelle
skolesekken skal medvirke til at alle elever i grunnskolen skal
få et profesjonelt kulturtilbud. Elevene skal få tilgang
til, gjøre seg kjent med og få et positivt forhold
til kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Komiteen mener
det bør veksles mellom ulike formidlingsformer som f.eks. besøk
av kunstnere på skolen eller at elevene besøker kunst-
og kulturinstitusjoner. Komiteen mener at skolene
bør legge opp til egenaktivitet i form av for- og etterarbeid
i forbindelse med besøkene. Komiteen mener
at elevens egen kulturaktivitet skal være en viktig del
av dette arbeidet.
Komiteen vil understreke at å være
publikummer ved en konsert, en teaterforestilling eller en kunstutstilling
er å forstå som en aktiv kulturopplevelse. Men det
er samtidig viktig at Den kulturelle skolesekken inneholder tiltak
som gir rom for at elevene får arbeide med og opplæring
i å utrykke seg gjennom det mangfoldige kulturelle språket,
og at unges kulturproduksjoner blir gitt gode arenaer.
Komiteen vil også peke
på den betydning kultur har for hver enkelt av oss. Dette
gjelder særlig for barn som er i en lærefase der
kultur vil være med på å legge grunnlaget
for personlig utvikling og livskvalitet.
Komiteen mener at Den kulturelle
skolesekken skal innlemme kunstneriske og kulturelle uttrykk i realiseringen
av skolen sine læremål, slik det kommer til uttrykk
i skolens læreplanverk. Komiteen mener likevel
det er viktig at Den kulturelle skolesekken i sin helhet innebærer
et utvidet kulturtilbud utover den ordinære gjennomføringen
av læreplanen.
Komiteen er enig i at grunnskoleelever
skal være målgruppen for Den kulturelle skolesekken,
og at skolen skal være en viktig arena for utviklingen
av Den kulturelle skolesekken.
Komiteen understreker at "Den
kulturelle skolesekken" skal være et tilbud til alle elever
uavhengig av hvem som eier skolen.
Komiteen peker på viktigheten
av å se meldingen i sammenheng med St.meld. nr. 39 (2002-2003)
Ei Blot til Lyst og St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram
mot 2014.
Komiteen viser til bakgrunnen
for Den kulturelle skolesekken og de erfaringer som er gjort bl.a.
i Møre og Romsdal og i Sandefjord.
Komiteen er enig i at Den kulturelle
skolesekken skal synliggjøre det kulturelle mangfoldet
i et flerkulturelt Norge. Komiteen vil understreke
at frivillige organisasjoner og kunstnere og kulturarbeidere utenfor etablerte
miljøer også er viktige deler av dette mangfoldet
og viser til at det i meldingen slås fast at elevene skal
få tilgang til kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
Komiteen vil videre legge vekt
på at Den kulturelle skolesekken må ivareta deltakerperspektivet
og legge til rette for at elevene selv får anledning til å utfolde
seg, slik at de ikke blir bare passive mottakere av kunst- og kulturinntrykk.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre
og Kristelig Folkeparti, viser også til regjeringen Stoltenberg
sin satsing på Den kulturelle skolesekken og de vedtak
som er gjort av Stortinget når det gjelder fordelingen
av tippemidler som Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk
Venstreparti og Senterpartiet sto bak.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er
enig i at meldingen gir en god oversikt over hvilke mål
som er satt for Den kulturelle skolesekken, og hvordan den skal
fungere i praksis. Disse medlemmer støtter
også de overordnende målsettingene i meldingen
om at Den kulturelle skolesekken skal medvirke til at alle elever
i grunnskolen skal få et godt kulturtilbud.
Disse medlemmer viser til den
avtalen som ble inngått mellom Arbeiderpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Senterpartiet og Fremskrittspartiet om fordeling av
tippenøkkelen. Noe som var ment å sikre et trygt økonomisk
fundament for skolesekken. Men ulike vedtak og beslutninger gjort
av et annet flertall og av Regjeringen kan resultere i at det økonomiske
fundament slett ikke er trygt i fremtiden. Dette bekymrer disse
medlemmer noe.
Det er for disse medlemmer svært
viktig at mest mulig av de tildelte midlene kommer barna til gode, gjennom
kulturopplevelser. Disse medlemmer ønsker
derfor ikke at fylkeskommunene skal administrere ordningen. Da kan
fort store deler av de tildelte ressurser bli borte i administrasjon.
Disse medlemmer stiller seg skeptiske
til at fylkeskommunen er den som skal motta og fordele 60 pst. av
midlene til Den kulturelle skolesekken. Det er disse medlemmers ønske
at midler blir fordelt pr. elev frem til den enkelte skole (altså disponert
av skolens ledelse, i samarbeid med FAU).
Disse medlemmer mener at ABM-utvikling
kan være sekretariat for Den kulturelle skolesekken, slik
at kommunenes rapporter over bruk av midler fra Den kulturelle
skolesekken går dit. På den måten vil
ABM-utvikling fungere som en kontrollerende instans, slik at midlene
blir brukt til kulturelle opplevelser for skoleelevene.
Forvaltningen av midlene kan Finansdepartementet gjøre,
og fordele potten etter gitte kriterier til de ulike kommunene etter
at Norsk Tipping AS har bestemt årets overskudd. Disse
medlemmer er helt klar på at ikke under noen omstendighet
skal midlene som er tiltenkt Den kulturelle skolesekken gå til
drift.
Hvordan så den enkelte skole og den
enkelte kommune velger å fordele midlene, mener disse
medlemmer at kommunene selv må vurdere, men at
det ikke skal brukes til annet enn til kulturopplevelser for barn
og unge i grunnskolen, og at mest mulig av midlene skal gå til
den enkelte skole.
Når det gjelder kompetansebygging hos
dem som skal fordele og bruke disse ressursene, mener disse medlemmer at
det må taes høyde for i lærerutdanningen
i tiden fremover. Og at også videreutdanning av lærere
kan være et virkemiddel. Men disse medlemmer er
helt enige i at dette må gå på det ordinære budsjettet
til den enkelte institusjon og kommune.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti
og Senterpartiet viser til at det primære målet
med å øke det statlige bidraget til et kulturelt
løft i grunnskolen gjennom Den kulturelle skolesekken,
er å sikre barn og unge jevnlige møter med kultur
og utøvere på et høyt nivå.
Dette gjelder både innen musikk, teater, dans, visuell
kunst, litteratur og film/animasjon. Med unntak av satsinga
på Rikskonsertene og Riksutstillinger, har kultur vært
et forsømt område overfor de unge. En komplett
kulturell skolesekk skal sikre at alle barn og unge skal få mulighet
til å:
– delta
aktivt og få opplæring innen ulike kulturområder
– vise frem sine kulturaktiviteter
– lære å kjenne
kulturarven
– møte kultur og utøvere
på et høyt nivå
Skolene har lange og gode tradisjoner for å la
elevene selv delta i kulturaktiviteter. Stadig større utfordringer, blant
annet nedfelt i Læreplanverket, gjør at mange lærere
har ønsker om og behov for å styrke sin egen kulturkompetanse.
Det vil også være behov for å styrke den
samla kulturkompetansen i grunnskolen, ved å la andre fagpersoner/-miljø komme
inn i skolen. I mange kommuner er det etablert et godt samarbeid
mellom grunnskolen og viktige fagmiljø, som for eksempel kulturskolene,
bibliotekene og lokale museum.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti mener
at det må settes av midler til disse fagmiljøene,
og grunnskolen, for å gjøre dem bedre i stand
til å ta på seg nye utfordringer i grunnskolen.
Midlene må kunne brukes til å styrke alle disse miljøenes
formidlingskompetanse og til å nyttiggjøre eksisterende
kompetanse, ved gjennomføring av konkrete tiltak i skolen.
Dette bør primært skje gjennom de omtalte aktørenes
ordinære driftsbudsjett. Disse medlemmer vil
understreke at det er behov for å styrke disse driftsbudsjettene
med bevilgninger over statsbudsjettet.
Etter at de nasjonale midlene fra Den kulturelle skolesekken
har sikra at alle barn og unge får jevnlige møter
med profesjonell kunst og kultur, kan den samme posten også brukes
for å styrke den samla kulturkompetansen i grunnskolen.
Komiteen mener at
Den kulturelle skolesekken skal ha en lokal forankring, men understreker
betydningen av at tilbudet skal være profesjonelt og primært foregå i
skoletiden. Dersom skoler/kommuner ønsker det,
må det åpnes for å la aktivitetene skje
på alternative tidspunkt.
Komiteen viser til viktigheten
av et godt samarbeid mellom skole og kulturskole, lokale kunstnere, musikere,
museum og bibliotek.
Komiteen mener det fortsatt er
viktig for skolene å få besøk av Rikskonsertene.
Disse konsertene blir tatt godt imot og er viktig i distriktene
der kulturtilbudene generelt er mindre. Komiteen vil
nevne Riksutstillingene og Norsk Form som gode kunstformidlere. Komiteen mener
også at Norsk Scenekunstbruks formidlingsordning med forestillinger
av frie sceniske grupper er et godt eksempel på scenekunstfeltet. Komiteen vil
videre nevne Norsk Forfattersentrum som driver aktiv formidling
av forfatterbesøk. I tillegg mener komiteen at
de nasjonale institusjonene kan trekkes aktivt inn på kulturarv
og kulturminnefeltet.
Komiteen mener departementet
bør ta en gjennomgang av turneer og annen virksomhet som
de nasjonale og regionale institusjonene gjennomfører,
slik at dette best mulig kan koordineres med Den kulturelle skolesekken. Komiteen mener
også at festivaler med statlig støtte bør
inngå i samarbeidet med Den kulturelle skolesekken.
Komiteen viser ellers til at
det i meldingen er drøftet utfordringer på det
enkelte felt som har betydning for norsk kulturpolitikk generelt.
Komiteen er enig i at det gjennomføres
bestemte satsinger på de ulike feltene, f.eks. på filmområdet. Komiteen mener
den spesielle satsingen på film innenfor Den kulturelle
skolesekken må strekke seg over flere år.
Komiteen viser til meldingens
formuleringer om hvor viktig levende bilde/visuell kommunikasjon
er:
"Å uttrykke seg med levende bilde og forstå visuell kommunikasjon
kan i dagens samfunn sidestilles med å lese og skrive."
Komiteen vil understreke at Dissimilis
har stor kompetanse når det gjelder tilrettelegging av
kulturformidling for psykisk utviklingshemmede, og at de derfor
bør kunne bidra i forhold til Den kulturelle skolesekken.
Komiteens flertall, alle unntattmedlemmene fra
Fremskrittspartiet, peker på at kulturkontorene i mange
kommuner sitter med viktig kompetanse som den enkelte kommune bør
trekke inn. Den kulturelle skolesekken kan også bety en
fornyet rolle for de kommunale kulturskolene.
Flertallet vil her vise til eksempler
der kulturskolene fungerer som et kulturfaglig nav for skolene i
en kommune.
Et annet flertall, medlemmene
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti,
mener at den kunnskapsformidling som foregår ved Vitensentrene
på mange måter passer godt inn i den kulturelle
skolesekken. Gode historier knyttet til natur, helse, miljø og
teknologi er en integrert del av vår kultur og dermed en
naturlig del av de opplevelser som kan og bør presenteres
for barn og unge.
Komiteen mener at
det i det videre arbeidet med Den kulturelle skolesekken bør
bygges på de eksisterende strukturene og den kompetanse
som er bygd opp gjennom mange år, slik at parallelle administrative organer
ikke bygges opp.
Komiteen mener det er svært
viktig at ressursene i Den kulturelle skolesekken skal gå til
gode tilbud til elevene og ikke til administrasjon. Komiteen mener fylkeskommunen
selv må dekke kostnadene med å administrere Den
kulturelle skolesekken. Dette skal være fylkeskommunens
bidrag i satsingen.
Komiteen mener skolen skal være
den lokale bestilleren der også eleven gis plass i utformingen
av Den kulturelle skolesekken. Komiteen mener at
det mange steder vil være kulturavdelingen i kommunen som
er best egnet til å være koordinator overfor skolene,
men vil peke på at det må være opp til
den enkelte kommune å bestemme den administrative ordningen.
Komiteen mener videre at dersom
en kommune ikke har utviklet Den kulturelle skolesekken, skal de
få hjelp til dette av fylkeskommunen.
Komiteen mener det må være
rom for lokale og regionale løsninger, og at samarbeidet
bygger på dette.
Komiteen mener likevel at uansett
hvilken modell man velger, må det være et obligatorisk
tilbud som alle elever skal delta i.
Komiteen har merket seg at det
i meldingen beskrives flere ulike modeller for hvordan arbeidet med
Den kulturelle skolesekken kan bli organisert og at disse modellene
fungerer på ulikt vis.
Komiteen mener det er viktig å utveksle
lokale erfaringer mellom modeller lokalt, for eksempel fra Møre
og Romsdal og Sandefjord. Komiteen mener derfor det
blir viktig at ABM-utvikling sørger for en effektiv spredning
av lokale erfaringer i Den kulturelle skolesekken.
Komiteen ønsker en evaluering
av Den kulturelle skolesekken våren 2006 og fremmer følgende
forslag:
"Stortinget ber Regjeringen om å foreta
en evaluering av Den kulturelle skolesekken i løpet av
våren 2006 og legge denne fram for Stortinget."
Komiteen vil understreke at den
satsingen det legges opp til, ikke skal erstatte eksisterende ressurser
og aktiviteter på skole-, kunst- og kulturområdet,
men være et tillegg.
Komiteen mener det er viktig
at lærernes kompetanse er god når det gjelder
Den kulturelle skolesekken. Manglende kompetanse må ikke
bli en barriere som hindrer en vellykket gjennomføring
av tiltakene. Komiteen mener at denne kompetansen kan
fås gjennom den ordinære allmennlærerutdanningen,
høgskolekurs, skolenes kursvirksomhet (RKK) eller gjennom
kompetansehevende tiltak i regi av fylkeskommunen.
Komiteenmener
at kompetanseheving bør komme gjennom ordinære
midler, og ikke fra midlene til Den kulturelle skolesekken.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, mener at fylkeskommunene fortsatt
skal administrere ordningen, men vil understreke betydningen av
et godt samarbeid med kommunene og fylkesmannens utdanningsavdeling.
Flertallet bemerker at det i
tillegg er viktig at representanter for aktuelle høgskoler,
kulturinstitusjoner og fylkets kulturskoleråd er involvert
i samarbeidet på fylkesnivå. Dette er for å sikre
at tilbudene er av god kvalitet, har forankring i et bredt nettverk,
og er i samsvar med målsettingene.
Flertallet mener verdien i Den
kulturelle skolesekken er så stor at Regjeringen bør
vurdere å videreføre modellen også i
videregående skole. Dette bør skje etter at Den
kulturelle skolesekken er godt forankret og en evaluering er gjennomført.
Flertallet mener det er spesielt
viktig at det trekkes veksler på den kompetanse som finnes
i kommunene, ikke minst i storbykommunene, slik det for eksempel
gjøres i samarbeid mellom Sør-Trøndelag fylkeskommune
og Trondheim kommune om en egen storbymodell.
Flertallet er enig i at ABM-utvikling
og Norsk kulturråd skal forvalte midlene etter kriterier
fastsatt av Kultur- og kirkedepartementet etter tilrådning
fra styringsgruppen for Den kulturelle skolesekken. Flertallet mener
at ordningen med at ABM-utvikling er sekretariat for Den kulturelle
skolesekken, må inngå i evalueringen i 2006.
Et annet flertall, medlemmene
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti,
viser til det store etterslepet Rikskonsertene har i forhold til
sitt tilbud om skolekonserter. Etterslepet er for 2004 beregnet
til anslagsvis 18 mill. kroner. Dette flertallet peker
på viktigheten av at Rikskonsertenes tilbud må være
et tilbud for alle, og dette flertallet ønsker
derfor at det innenfor den sentrale ordningen åpnes for
at det kan avsettes midler for å oppnå dette.
Dette flertallet fremmer følgende
forslag:
"Stortinget ber Regjeringen legge
til grunn ved fordelingen av midler til Den kulturelle skolesekken
at det innenfor den sentrale ordningen settes av midler til utvidelse
av Rikskonsertenes skolekonsertordning."
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil spesielt
bemerke at midler fra Den kulturelle skolesekken ikke må benyttes
til Rikskonsertenes turnévirksomhet, men komme fra ordinære
bevilgninger. Disse medlemmer vil bemerke at Rikskonsertene
må få tilstrekkelig med ordinære midler
til å møte behovene i kommunene. Dette gjelder
også Riksutstillingene og Norsk Scenekunstbruk slik at
alle fylkene kan delta i ordningen.
Disse medlemmer vil også understreke
at midler fra Den kulturelle skolesekken ikke skal gå til å finansiere
Vitensentrene, men at bevilgninger må skje over ordinære
budsjetter.
Disse medlemmer understreker
viktigheten av at 40 pst. av det som går fra spillemidlene
til kulturformål, fordeles til Den kulturelle skolesekken.
Dette vil i henhold til departementets prognoser gi 120 mill. kroner
i 2004 og 180 mill. kroner i 2005.
Disse medlemmer støtter
fordelingen av midlene med 60 pst. til fylkeskommunen og 40 pst.
til sentrale prosjektmidler for 2003. Disse medlemmer mener
at for 2004 skal fordelingen være 70 pst. til fylkeskommunene
og 30 pst. til sentrale prosjektmidler. For 2005 skal fordelingen
være henholdsvis 80 og 20 pst. Disse medlemmer begrunner
dette med at midlene til Den kulturelle skolesekken vil øke
totalt, og at det derfor vil være mer penger til prosjektmidler
for 2004 og 2005 enn i 2003 selv om prosentfordelingen blir endret. Disse medlemmer
er enige med meldingen der det presiseres at prosjektmidlene ikke
skal brukes til generell driftsstøtte eller fra før
etablerte tiltak, men komme i tillegg til dette.
Disse medlemmer mener at de sentrale
utviklingsmidlene skal gå til utviklingsprosjekt
som kan ha allmenn interesse og nytte. Forutsetningen for bruken av
disse midlene er at prosjektene skal være nye og utviklende
og ikke gå til produksjoner som finansieres over andre
poster på budsjettet.
Disse medlemmer mener det er
svært viktig at de tildelte midlene kommer barna til gode
gjennom kulturopplevelser. Derfor er det en forutsetning at midlene
ikke går til økt administrasjon i fordelingsleddene.
Midlene som fordeles lokalt, skal gå uavkortet til kulturtiltak
for elevene. Dette kan gjennomføres på flere måter,
og departementet må komme tilbake til Stortinget med nærmere
vurdering av hva som er mest hensiktsmessig.
Et tredje flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Senterpartiet, fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen sørge
for at mest mulig av de tildelte midlene kommer barna til gode gjennom kulturopplevelser
og vil derfor øke andelen av midlene fra den kulturelle
skolesekken som går til lokale tiltak til 70 pst. i 2004
og 80 pst. i 2005. Midlene skal gå uavkortet til tiltak
i kommunene, og departementet må komme tilbake til Stortinget
med en vurdering av hvordan dette best kan sikres."
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil peke på at
kommunene har fått en vesentlig reduksjon av bevilgningene
til kompetanseheving av lærere. Midlene er i stor grad overført
til det nasjonale Læringssenteret.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet
og Sosialistisk Venstreparti vil understreke at det er behov
for å ruste opp mange av de arenaene som blir brukt til
kulturformidling for skoleelever. Aktører og skoler melder
blant annet om mangel på mulighet for blending av vinduer,
manglende strømuttak og dårlige sceneforhold.
Statlige midler til "Hus for kultur" må også kunne
brukes til å løse disse utfordringene. Disse
medlemmer vil peke på at Regjeringen har redusert
tilskuddet til kulturhus over statsbudsjettet, på tross
av vedtaket i Stortinget vedrørende omfordeling av tippemidlene.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti vil
understreke at det allerede er behov for en sterk økning
i antallet produksjoner, særlig innen profesjonell scenekunst. Disse
medlemmer mener at det bør settes i gang et større
prosjekt for å løfte antallet gode produksjoner
innen scenekunst, med tanke på å møte
den økende etterspørselen for å fylle
Den kulturelle skolesekken.
Disse medlemmer mener at Den
kulturelle skolesekken etter hvert også bør omfatte
både barnehager og den videregående skolen. Disse medlemmer mener
videre at det allerede nå bør åpnes for,
og aktivt oppfordres til, felles kulturopplevinger for de ulike
utdanningsinstitusjonene. Dette er en unik sjanse til å etablere
gode sammenhenger og allianser mellom barnehage, grunnskole og videregående
skole. Dette må ikke skje på bekostning av tilbudene
i grunnskolen.
Disse medlemmer vil gi alle elever
i grunnskolene årlige møter med profesjonell scenekunst. Disse medlemmer mener
derfor at institusjoner for scenekunst som mottar vesenlig statlig
støtte, bør lage produksjoner som er tilpasset
turneer i Den kulturelle skolesekken. Det gjelder både
institusjoner med faste scener, regionteater og Riksteateret. Dette
vil være å anse som en del av den ordinære
driften, og skal ikke utløse ekstraordinære tilskudd.
Ekstraordinære tiltak i skoleverket, ut over ordinær
produksjon av scenekunst og turnévirksomhet, kan derimot
utløse tilskudd av midler fra Den kulturelle skolesekken.
Komiteens utkast til innstilling har blitt forelagt Kirke-,
utdannings- og forskningskomiteen. Kirke,- utdannings- og forskningskomiteen
opplyser i brev av 19. november 2003 at komiteen ikke har merknader
til utkastet.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
Stortinget ber Regjeringen om å foreta en evaluering av Den kulturelle skolesekken i løpet av våren 2006 og legge denne fram for Stortinget.
II
Stortinget ber Regjeringen sørge for at mest mulig av de tildelte midlene kommer barna til gode gjennom kulturopplevelser, og vil derfor øke andelen av midlene fra Den kulturelle skolesekken som går til lokale tiltak til 70 pst. i 2004 og 80 pst. i 2005. Midlene skal gå uavkortet til tiltak i kommunene, og departementet må komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan dette best kan sikres.
III
Stortinget ber Regjeringen legge til grunn ved fordelingen av midler til Den kulturelle skolesekken at det innenfor den sentrale ordningen settes av midler til utvidelse av Rikskonsertenes skolekonsertordning.
IV
St.meld. nr. 38 (2002-2003) - Den kulturelle skulesekken - vedlegges protokollen.
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 20. november 2003
Sonja Irene Sjøli
leder |
Torny Pedersen
ordfører |