I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900)

Det er gitt ei samla løyving på 16,9 mill. kroner til dekking av kontingent for deltaking i dei internasjonale organisasjonane som vert handsama av Nærings- og handelsdepartementet. Det ligg an til at dei samla kontingentinnbetalingane blir lågare enn løyvinga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 900 post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar med 2 mill. kroner, frå 16,9 til 14,9 mill. kroner.

Kap. 914 Spesielle IT-tiltak

Nærings- og handelsdepartementet har løyving til utgreiingsprosjekt under kap. 900 post 21 (vanlege prosjekt) og ei særskilt løyving for prosjekt som gjeld IT-tiltak under kap. 914 post 22 Samordning av IT-politikken. Desse løyvingane skal dekke Nærings- og handelsdepartementet sine utgifter til gjennomføring av prosjekta. Dei fleste prosjekta er "reine" NHD-prosjekt, men Nærings- og handelsdepartementet har i tillegg ansvaret for å samordne nokre fellesprosjekt på vegne av fleire departement.

Det foreslås oppretta meirinntektsfullmakter for å løyse utgifts- og inntektsføringa frå eksterne deltakarar i slike fellesprosjekt som Nærings- og handelsdepartementet samordnar det økonomiske oppgjeret for. I tråd med dette gjerast eit framlegg om samtykke til å overskride løyvinga under kap. 900 post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3900 post 2 og om overskriding av løyvinga under kap. 914 post 22 mot tilsvarande meirinntekt under nytt kap. 3914 post 1, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 901 Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret) (jf. kap. 3901)

SANT-prosjektet i Patentstyret (Sakshandsaming med bruk av Ny Teknologi ) er blitt forseinka. Etter etaten sin siste plan skal det nye elektroniske sakshandsamingssystemet vera operativt frå nyttår 2004.

Patentstyret og leverandøren har vorte samde om denne løysinga:

  • – leverandøren betalar 10 mill. kroner i dagbøter og anna kompensasjon for forseinkinga til Patentstyret

  • – Patentstyret betalar 7,25 mill. kroner for retten til kjeldekoden

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 901 post 1 Driftsutgifter med 7,25 mill. kroner frå 177,4 mill. kroner til 184,65 mill. kroner mot meirinntekt på 10 mill. kroner under kap. 3901 ny post 6. Nærings- og handelsdepartementet gjer vidare framlegg om å auke kap. 901 post 1 Driftsutgifter, med 7,25 mill. kroner mot meirinntekt på 10 mill. kroner under kap. 3901 ny post 6 Ymse inntekter.

Kap. 922 Norsk Romsenter (jf. kap. 3922)

Det er lagt til grunn at den delen av løyvinga til Norsk Romsenter som gjeld tilskot til ESA (European Space Agency) skal justerast dersom valutakursen på Euro har endra seg i budsjettåret i høve til den kursen som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Ut frå dette er det grunnlag for å redusere løyvinga under kap. 922 post 70 Tilskot med 2,8 mill. kroner, frå 252,3 til 249,5 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Det vart innført eit nytt kontingentbasert budsjetteringssystem for EU sitt rammeprogram for forsking og teknologi for 2003. Det endelege kravet om norsk nettokontingent for deltaking i rammeprogrammet for forsking og teknologi i 2003 utgjer i overkant av 456,9 mill. kroner. Det er om lag 10,4 mill. kroner over disponibelt budsjettbeløp (om lag 446,5 mill. kroner i løyving og overførte midlar). På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 924 post 71 med 10,4 mill. kroner, frå 247 til 257,4 mill. kroner.

Kap. 935 Internasjonale investeringstiltak

Dei årlege løyvingane til Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD) skal justerast dersom Eurokursen har endra seg i høve til den kursen som vart lagt til grunn i saldert budsjett. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 935 post 92 Innskot i EBRD med 0,47 mill. kroner, frå 27,35 til 27,82 mill. kroner.

Kap. 940 (nytt) Verdal kommune

Daverande Industridepartementet gjorde i 1961 ein avtale med Verdal kommune/Verdal Hamnevesen om lån på ca. 9,9 mill. kroner til bygging av hamn og kai på Verdalsøra. Nærings- og handelsdepartementet ser ikkje grunnlag til å oppretthalde lånet lenger og har vore i dialog med Verdal kommune for å finne ei løysing. Etter ei samla vurdering av mellom anna låneavtalen, lengd på nedbetalingstida og kommunen sin økonomi er departementet og kommunen einige om å tilrå ei løysing som inneber at kommunen betaler inn resterande del av lån X innan utgongen av 2003, medan staten på si side slettar lån Y. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 4,97 mill. kroner som tilskot til avskriving av delar av lånet til Verdal kommune under nytt kap. 940 post 70 Tilskot til avskriving av lån på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656)

Over statsbudsjettet for 2003 er det løyvd 11 mill. kroner til dekking av transaksjonskostnader og fagleg bistand i samband med aksjesal i selskap under NHD si forvalting. I tillegg vart det overført løyvingar frå 2002 med nær 24,5 mill. kroner. Samla kostnader knytt til aksjesal/eigartransaksjonar og eigarmessige vurderingar og VPS-gebyr vil bli i overkant av 50 mill. kroner for 2003 (rekneskapsførte og påløpte utgifter). På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 950 post 21 Spesielle driftsutgifter med 15 mill. kroner, frå 11 til 26 mill. kroner på statsbudsjettet for 2003.

Post 95 Aksjekapital Argentum AS

Gjennom handsaminga av Innst. S. nr. 260 (2002-2003) gjorde Stortinget vedtak om at eigarskapet i Argentum skulle overførast til Nærings- og handelsdepartementet. For å formalisere overføringa løyvde Stortinget 2,45 mrd. kroner for 2003 over kap. 950 ny post 95. Vidare vart det under inntektskapitla til SND og SIVA oppretta nye inntektspostar på statsbudsjettet knytt til innskotskapitalen, begge på 1,225 mrd. kroner, for å redusere SND og SIVA sine eigarpartar til 0.

SIVA er organisert som eit statsføretak, og overføringa av selskapet sin eigarpart i Argentum må skje i samsvar med føresegnene i statsføretakslova. Det er knytt problemstillingar til overføringa både med omsyn til selskapsrett, rekneskapsrett og skatterett, og det har vore nødvendig å vurdere desse spørsmåla mellom anna i lys av alternative framgangsmåtar for overdraginga. SIVA vil på denne bakgrunn først kunne overføre sin eigarpart i Argentum til departementet på nyåret 2004.

Nærings- og handelsdepartementet gjer difor framlegg om at den delen av dei vedtekne løyvingane for 2003 som gjeld overføringa av eigarskapet til SIVA sin part i Argentum, vert reversert og at midlane vert løyvd på nytt i budsjettet for 2004, jf. framlegg om det i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2003-2004). Vidare gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga for 2003 under kap. 950 post 95 vert redusert med 1 225 mill. kroner, frå 2 450 til 1 225 mill. kroner.

Post 96 (ny) Aksjar i Venturefondet AS

Under kap. 3950 post 90 er det gjort nærare greie for salet av SND Invest AS. Som ein del av oppgjeret for salet overtok Nærings- og handelsdepartementet aksjar til ein verdi av 113,1 mill. kroner i Venturefondet AS. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å løyve 113,1 mill. kroner under kap. 950 ny post 96 Aksjar i Venturefondet AS på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 957 (nytt) Grødegaard AS

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 255 (2001-2002) i juni 2002 fekk Nærings- og handelsdepartementet fullmakt til å selje 100 pst. av aksjane i Grødegaard AS. På ordinær generalforsamling i Grødegaard AS i mai 2003 vedtok generalforsamlinga å skrive ned aksjekapitalen med 24 mill. kroner, frå 30 til 6 mill. kroner. ISS Norge AS teikna seg for vel 2,7 mill. aksjar à kr 2 til teikningskurs på kr 8,66 pr. aksje, totalt 24 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 24 mill. kroner til nedskriving av aksjekapital i selskapet under nytt kap. 957 post 90 Avskriving av aksjekapital på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5320 og 5620)

a) Dekking av tap på lån

SND har hatt større tap på alle sine utlånsordningar i 2002 og første halvår 2003 enn åra før. Regjeringa gjer framlegg om at SND får tilført i alt 212 mill. kroner fordelt med 100 mill. kroner til den landsdekkande risikolåneordninga (over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett), 50 mill. kroner til den distriktsretta risikolåneordninga (over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett), 35 mill. kroner til tapsfondet for miljølåneordninga (over Miljøverndepartementet sitt budsjett) og 27 mill. kroner til styrking av eigenkapitalen under lågrisikolåneordninga (over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett). På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2420 post 55 Landsdekkende inovasjonsordning, fond med 100 mill. kroner til å dekke tap på den landsdekkande risikolåneordninga. Løyving for å dekke tap på lågrisikolåneordninga er fremma på ny post 76 under.

b) Garantivedtak

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 260 for (2002-2003) gjorde Stortinget vedtak om ei tilleggsløyving under kap. 2420 post 55 der 50 mill. kroner vart øyremerkt til tapsfond for garantiar til driftskreditt i fiskerinæringa. Det vart ikkje fatta noko vedtak om ei garantifullmakt i samband med tilleggsløyvinga. Garantiane kan handsamast innanfor SND si garantiordning for lån til realinvesteringar og driftskapital. For å gjere det mogleg å utnytte ordninga vart SND si garantiramme gjennom ein kgl. res. av 12. september 2003 auka med 200 mill. kroner øyremerkt til driftskreditt i fiskerinæringa. Ei slik ramme stemmer overens med Stortinget sin intensjon med tilleggsløyvinga på 50 mill. kroner, noko som gjev ein tapsprosent på 25.

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond fekk opphaveleg ei garantiramme for nye tilsegner i 2003 på 40 mill. kroner, innafor ei totalramme for nye tilsegner og gamalt ansvar på 100 mill. kroner. Det er nødvendig med ei formalisering av vedtaket om å auke garantiramma.

SND meiner det kan bli vanskeleg å utnytte heile den øyremerkte delen av tapsfondet i 2003. Departementet fremmer derfor forslag om å auke garantiramma for lån til realinvesteringar og driftskapital med 75 mill. kroner for 2003, frå 40 til 115 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak III. Samstundes som ein aukar garantiramma, kan ein redusere løyvinga under kap. 2420 post 55 knytt til tapsfondet for ordninga. Med ei garantiramme på 75 mill. kroner og ein tapsprosent på 25 vart nødvendig tapsavsetting på 18,75 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere tapsfondet knytt til driftskreditt i fiskerinæringa med 31,25 mill. kroner for 2003, frå 50 til 18,75 mill. kroner. Departementet har gjort framlegg om at det reduserte beløpet blir løyvd på nytt for 2004 slik at resten av garantiramma kan verte utnytta da.

Som følgje av endringane under punkt a og b over gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2420 post 55 med netto 68,75 mill. kroner (100 - 31,25 mill. kroner) for 2003, frå 228 til 296,75 mill. kroner.

Departementet gjer vidare framlegg om å auke løyvinga under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond post 70 Administrasjon med 10 mill. kroner, frå 170,5 til 180,5 mill. kroner på statsbudsjettet for 2003.

Ein viser til omtale av tapa i SND under post 55 over. Ut frå dette gjer Nærings- og handelsdepartement også framlegg om ei tilleggsløyving på 27 mill. kroner på post 76 Tilskot til dekking av tap på lågrisikolån, som eit første steg i å styrke eigenkapitalen under lågrisikolåneordninga. Samanlikna med saldert budsjett for 2003 gjer Nærings- og handelsdepartementet vidare framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420 post 91 med 1 mrd. kroner, frå 5 til 4 mrd. kroner.

Fordi det har trekt ut med godkjenning av ordninga, vil det truleg ikkje vere mogleg for SND å gjennomføre forsvarleg sakshandsaming og nytte ramma under post 96 Lån til distriktsretta ordning fullt ut i 2003. Ein gjer derfor framlegg om å gjere låneramma overførbar, slik at ordninga òg kan nyttast seinare år, jf. Forslag til vedtak IV.

Kap. 2426 SIVA (jf. kap. 3961 og 5609)

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg for å ta omsyn til refinansieringsbehovet til SIVA, og auke løyvinga med 85 mill. kroner under kap. 2426 post 90 Lån, frå 100 til 185 mill. kroner. Innlånsramma for SIVA vil framleis vere på 970 mill. kroner.

Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900)

Nærings- og handelsdepartementet gjennomfører eit program med sal av gamle beredskapslager. I 2003 vart det budsjettert med eit sal på 4,7 mill. kroner, men rekneskapen viser at inntektene i 2003 vil verte på om lag 5,3 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei meirinntektsfullmakt knytt til kap. 3900 post 1 Driftsutgifter, mot fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 900 post 1, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra (jf. kap 904)

Prognoser frå Brønnøysundregistra viser ein inntektsauke på om lag 22 mill. kroner som er knytt til Lausøyreregisteret. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3904 post 1 Gebyrinntekter med 22 mill. kroner, frå 413 til 435 mill. kroner.

Kap. 3907 Sjøfartsdirektoratet (jf. kap. 907)

Post 1 Gebyr for skip og offshoreinstallasjonar i NOR, og Post 4 Gebyr for skip i NIS

Rekneskapen for første halvår og utviklinga utover sommaren og hausten indikerer at det vil bli ein svikt i gebyrinntektene på om lag 5 mill. kroner både for NOR- og NIS-registrerte skip. På dette grunnlaget og ut frå kravet om realistisk budsjettering gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvingane under kap. 3907 post 1 med 5 mill. kroner, frå 101,5 til 96,5 mill. kroner og under post 4 med 5 mill. kroner, frå 44,8 til 39,8 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950)

Post 80 (ny) Sal av aksjar i SND Invest AS

Post 90 Sal av aksjar

Omfanget av statlege aksjesal har vore omfattande i 2003.

Nærings- og handelsdepartementet gjekk i mai 2003 inn i ein avtale med NCM om sal av dei attverande aksjane i A/S Olivin. Inntekta frå salet av A/S Olivin vart om lag 345,3 mill. kroner. Vidare selde Nærings- og handelsdepartementet aksjane i SND Invest AS til Four Seasons Venture IV AS for 549,8 mill. kroner. NHD gjer framlegg om at til saman 480,9 mill. kroner løyvast under postane 80 og 90 på statsbudsjettet for 2003.

Samla inntekt frå salet av aksjer i Telenor ASA vart 8 082,15 mill. kroner. Av samla salssum på 8 750,6 mill. kroner under post 90 er 10 mill. kroner dekt av løyving i saldert budsjett for 2003. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3950 post 90 med 8 740,6 mill. kroner, frå 10 til 8 750,6 mill. kroner på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Post 91 Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga

Ein viser til omtale ovanfor under kap. 2420 for SND sine innlånsordningar. Som følgje av lågare innlånsbehov enn forventa, gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320 post 91 med 885 mill. kroner, frå 5 til 4,115 mrd. kroner.

Kap. 5326 SIVA SF

Post 95 Innskotskapital Argentum AS

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5326 post 95 Innskotskapital Argentum AS med 1 225 mill. kroner, frå 1 225 mill. kroner til 0, i samband med at overføringa av eigarskapet i Argentum AS frå SIVA til Nærings- og handelsdepartementet vert utsett frå 2003 til 2004.

Kap. 5609 Renter og provisjonar frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 3961)

Ein viser til omtale ovanfor under kap. 2426 for SIVA si låneordning. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognose for resten av året er det grunnlag for å justere ned renteinntektsløyvingane. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til post 80 Renter, SIVA SF, med 10,5 mill. kroner frå 53,9 til 43,4 mill. kroner.

Våren 2003 vart BaneTele AS refinansiert, og statslånet til BaneTele AS på 209 mill. kroner vart omdanna til eit ansvarleg VPS-registrert obligasjonslån. Etter 1. april 2003 vil påløpte renter bli lagt til lånet. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at innbetalte renter til statskassa i perioden 1. januar til 31. mars 2003, som utgjer 4,65 mill. kroner, vert løyvd under kap. 5609, ny post 83 Renter, BaneTele AS på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 5620 Renter og utbyte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å justere ned renteinntektsløyvingane. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620 post 81 Renter, risikolåneordninga reduserast med 21 mill. kroner, frå 150 til 129 mill. kroner. Vidare gjer departementet framlegg om å redusere renteinntektene frå innlån til lågrisikolåneordninga under kap. 5620 post 86 Renter, lågrisikolåneordninga med 68 mill. kroner, frå 700 til 632 mill. kroner.