Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rammeprogrammet for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet)

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 177 (2003-2004)
  • Kildedok: St.prp. nr. 48 (2003-2004)
  • Dato: 13.05.2004
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Sammendrag

EU sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet) vart formelt vedteke i EU 8. desember 2003 ved Europaparlaments- og rådsavgjerd 20/2004/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2004-2007.

Ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av forbrukarprogrammet inneber ei endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte det fireårige rammeprogrammet for forbrukarpolitikk. Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over fleire år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Forbrukarprogrammet inneber ei vidareføring av det første rammeprogrammet for verksemd på forbrukarområdet som omfatta femårsperioden 1999-2003. EFTA/EØS-statane har teke del i programmet sidan 2000.

Hovudføremålet med det første rammeprogrammet var å gje Fellesskapet ein klarare heimel til å finansiere verksemd innanfor forbrukarsektoren.

Midlane under det nye programmet skal nyttast til å finansiere samarbeidstiltak mellom Europakommisjonen og medlemsstatane, økonomisk støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar, tiltak som Europakommisjonen set i verk på eiga hand og prosjekt innanfor programområdet som forbrukarorganisasjonar, andre uavhengige organisasjonar og enkeltpersonar søkjer om støtte til.

På bakgrunn av røynslene frå det første programmet er det lagt opp til ein del endringar i det nye programmet, der dei viktigaste er:

  • – Verksemdene skal i langt større grad knytast til EU sitt strategiprogram for forbrukarpolitikk.

  • – Utlysing av prosjektmidlar skal skje annakvart år, og det er mogleg å søkje om fleirårige prosjekt.

  • – I det nye programmet vert det innført eigne føresegner og kriterium for samarbeidsprosjekt mellom Kommisjonen og medlemsstatane.

  • – Det skal utarbeidast årlege arbeidsprogram.

  • – Den rådgjevande komiteen for programmet får breiare oppgåver.

Det første forbrukarprogrammet hadde eit totalbudsjett på 22,5 mill. euro per år i femårsperioden. Det vedtekne reviderte rammeprogrammet har ei ramme på 72 mill. euro, tilsvarande 18 mill. euro per år. Reduksjonen på 20 pst. frå det førre programmet, som fullt ut er knytt til at matvaretryggleik, som vert rekna for å ha utgjort 20 pst. av kostnadene, er teke ut og gjort til eit eige program. Den årlege ramma til den attverande verksemda framstår i avgjerda som uendra frå det forrige programmet.

Då Noreg gjekk inn i rammeprogrammet i år 2000, fekk Barne- og familiedepartementet ei utviding av budsjettramma til dette føremålet på 4 mill. kroner per år, som vert vidareført under det nye programmet. Utgiftene har auka til eit høgare nivå, m.a. som følgje av skipinga av ei stilling som nasjonal ekspert under programmet, ein jamn auke av dei administrative utgiftene og støtte til det norske kontaktpunktet i tvisteløysingsordninga. I 2003 låg dei samla utgiftene på om lag 5 mill. kroner. For 2004 reknar ein med enda høgare utgifter som følgje av at utbetalingane for verksemd under det førre programmet er venta å nå ein topp dette året. Ein reknar med at dei totale årlege utgiftene for Noreg under det nye programmet vil liggje på eit årleg nivå rundt eller i overkant av 5,5 mill. kroner gjennom heile programperioden. For 2004 vert utgiftene dekte over budsjettet til Barne- og familiedepartementet (kap. 865). I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2004 og budsjettet for 2005 vil Barne- og familiedepartementet kome tilbake med eventuelle krav om auka rammer.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til at EUs rammeprogram for forbrukerpolitikk for 2004-2007 (forbrukerprogrammet) formelt ble vedtatt i EU 8. desember 2003 ved Europaparlaments- og rådsavgjørelse 20/2004/EF. Komiteen viser også til at en innlemmelse av programmet innebærer en endring av protokoll 31 i EØS-avtalen, om samarbeid på særlige områder utenfor de fire friheter, slik at samarbeidet utvides til å gjelde dette programmet. Som en følge av at deltakelsen i programmet medfører bevilgninger over flere år, er Stortingets samtykke til deltakelse nødvendig, jf. Grunnloven § 26 annet ledd.

Komiteen viser til at hensikten med det første rammeprogrammet var å gi Fellesskapet en klarere hjemmel til å finansiere virksomhet innenfor forbrukersektoren. Målet med det nye programmet er å finansiere samarbeidstiltak mellom Europakommisjonen og medlemsstatene og tiltak som Europakommisjonen setter i verk på egen hånd. Det skal også gis støtte til europeiske forbrukerorganisasjoner og til prosjekt som forbrukerorganisasjoner, andre uavhengige organisasjoner og enkeltpersoner søker om støtte til. De årlige utgiftene for Norge er beregnet til å ligge på ca. 5,5 mill. kroner gjennom hele programperioden. For 2004 ble utgiftene dekket over budsjettet til Barne- og familiedepartementet (kap. 865).

Komiteen mener det er positivt at deltakelsen i det første forbrukeprogrammet har styrket det norske arbeidet med forbrukerspørsmål. Komiteen vil understreke betydningen av at norske organisasjoner kan søke prosjektmidler, f.eks. har Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) fått innvilget støtte. Det er også viktig at Norge fortsatt tar aktivt del i drøftinger og vedtak i den rådgivende komiteen for programmet.

Komiteen mener det er viktig å fortsette deltakelsen i programmet. Komiteen vil derfor tilrå at Stortinget gir sitt samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtalen av rammeprogrammet for forbrukerpolitikk for 2004-2007 (forbrukerprogrammet).

Utenrikskomiteens merknader

Utkast til innstilling har vært forelagt utenrikskomiteen som i brev av 12. mai 2004 opplyser at komiteen ikke har merknader til innstillingen.

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til at Norge gir sitt samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtalen av rammeprogrammet for forbrukerpolitikk for 2004-2007 (forbrukerprogrammet).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 13. mai 2004

Sonja Irene Sjøli

leder

Torny Pedersen

ordfører