Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om bruksrettskonsesjon for vassfalla i Skogfoss og Melkefoss i Pasvikvassdraget

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 186 (2003-2004)
  • Kildedok: St.prp. nr. 46 (2003-2004)
  • Dato: 13.05.2004
  • Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Olje- og energidepartementet foreslår i proposisjonen bruksrettskonsesjon etter industrikonsesjonslova for Pasvik Kraft AS for vassfalla i Skogfoss og Melkefoss i Pasvikvassdraget i Sør-Varanger kommune i Finnmark.

Kraftproduksjonsselskapet Pasvik Kraft AS er eit 100 pst. eigd dotterselskap av Varanger Kraft AS, som er eigd av sju kommunar i Finnmark.

Selskapet har i dag ikkje konsesjon for dei fallrettane saka gjeld. Tidlegare avtaler med staten v/Finnmark jordsalgskommisjon som falleigar og med staten v/NVE om vilkåra for utbygginga, har sikra utbyggjar dei naudsynte rettane til falla. Avtalene som gjeld fram til 2021 vart gjeve med Stortinget sitt samtykke, jf. St.prp. nr. 124 (1960-1961) og Innst. S. nr. 251 (1960-1961). Bruksrettskonsesjon for leige frå staten vart først innført i 1969.

Det er no skipa ei ny avtale mellom Pasvik Kraft AS og Statskog SF v/Finnmark jordsalgskontor om leige av fallrettane. Avtalen skal gjelde så lenge Pasvik Kraft AS har dei naudsynte konsesjonar for utnytting av vasskrafta. Når avtalen med staten v/NVE går ut, vil det vere naudsynt for Pasvik Kraft AS å erstatte avtalen med ein bruksrettskonsesjon. Pasvik Kraft AS deltek i eit samarbeidsprosjekt med russiske og finske interesser i vassdraget med sikte på å redusere flaumfare og flaumskader. Det vert kravd store investeringar for å setja i verk prosjektet, og Pasvik Kraft AS har behov for å klarleggje sine framtidige rettar på lang sikt før dei går inn i prosjektet. Av den grunn søkjer Pasvik Kraft AS som eit fullt ut offentleg eigd selskap om bruksrettskonsesjon på uavgrensa tid allereie no.

Sjølv om ein konsesjon ikkje vil vere omstridt, må alle saker der "ervervet gjelder vannfall som ved regulering antas å kunne utbringes til mer enn 20 000 naturhestekrefter" (jf. industrikonsesjonslova § 2) no leggjast fram for Stortinget.

Det er i proposisjonen gjort greie for søknaden og NVE si innstilling til søknaden. NVE foreslår standardvilkår som er vanleg å gje ved nye ervervskonsesjonar, men det er tatt omsyn til at utbygginga er fullført. Dersom det vert gjeve bruksrettskonsesjon med vilkår som NVE tilrår, vert det forutsett at denne konsesjonen erstattar den tidlegere avtalen frå 1961 mellom staten v/NVE og AS Sydvaranger, NVE-kontrakten, om vilkårene for utbyggjing av staten sine vannfallrettar i Pasvikelva.

Pasvik Kraft AS grunngjev søknaden med at selskapet er 100 pst. offentlig eigd, og at selskapet deltek i eit samarbeidsprosjekt med russiske og finske interesser i vassdraget, med siktemålet å redusere flaumfare og flaumskader i Enaresjøen og Pasvikelva. Realiseringa av samarbeidsprosjektet vil i følgje konsesjonssøkjaren gje miljøgevinstar og auke produksjonsverdien i vassdraget med 10-15 pst. Sidan ei realisering av prosjektet vil krevje investeringar, er det i følgje søkjaren naudsynt å vere sikra eit langsiktig engasjement i prosjektet.

Leigeavtalen mellom Pasvik Kraft AS og FJK avløyser ei tidlegare leigeavtale frå 1961 mellom staten og AS Sydvaranger (FJK-kontrakten).

Departementet finn at vilkåra i industrikonsesjonslova § 4 er oppfylt. Departementet tilrår at Pasvik Kraft AS får bruksrettskonsesjon for vassfalla i Skogfoss og Melkefoss. Departementet rår til at konsesjonen vert gjeve på dei vilkåra som er foreslått av NVE.

Bruksrettskonsesjonen trer i staden for den tidlegare NVE-kontrakten av 1961 med vilkår for utbygging av statens vassfallsrettar i Pasvikelva.

Departementet finn at leigeavtalen ikkje løyser ut nokon førsterett til leige etter industrikonsesjonslova § 10.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sylvia Brustad, Mette Gundersen og Knut Werner Hansen, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, fra Kristelig Folkeparti, Ingmar Ljones og lederen Bror Yngve Rahm, og fra Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til at Pasvik Kraft AS søker om brukerkonsesjon for Melkefoss i Pasvikvassdraget i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Pasvik Kraft AS, som er et 100 prosent eid datterselskap av Varanger Kraft AS, og som er eid av sju kommuner i Finnmark, har i dag ikke konsesjon til fallrettene, men har sikret seg fallretter gjennom tidligere avtaler med staten gjennom Finnmark jordsalgskontor og NVE.

Komiteen viser videre til at det nå er inngått ny avtale mellom Pasvik Kraft AS og Statskog SF v/Finnmark jordsalgkontor, som skal gjelde så lenge Pasvik Kraft har de nødvendige konsesjoner. Det vil derfor være nødvendig å erstatte dagens avtale med NVE når denne utløper med en bruksrettskonsesjon. Komiteen viser også til at Pasvik Kraft AS søker om bruksrettskonsesjon på uavgrenset tid, noe som er en forutsetning for videre samarbeid med russiske og finske interesser.

Komiteen har merket seg uttalelsene fra høringsinstansene, som støtter at det gis brukskonsesjon. Komiteen viser til at brukskonsesjonen det søkes om ikke endrer vannføringen i vassdraget i forhold til konsesjonsvilkårene gitt 12. desember 1958 og 25. juni 1976. Komiteen har merket seg at NVE mener disse konsesjonsvilkårene gir tilstrekkelig hjemmel til å ivareta de hensyn fylkesmannen i Finnmark har pekt på når det gjelder utvikling av fiskearter i vassdraget og næringer langs vassdraget. Komiteen støtter denne oppfatningen.

Komiteen har og merket seg at NVE mener det av hensyn til utnyttelsen av vassdraget til kraftproduksjon og av hensyn til bedring av flomforholdene, er riktig å bidra til at Pasvik Kraft AS kan ta sikte på et langsiktig engasjement i vassdraget. Komiteen sier seg enig i denne vurderingen.

Komiteen viser til at ingen har hatt merknader til NVE sin innstilling. Komiteen viser videre til at Regjeringen mener vilkårene i industrikonsesjonsloven § 4 er oppfulgt, og støtter derfor at Pasvik Kraft AS får bruksrettskonsesjon for vannfallene i Skogfoss og Melkefoss på de vilkår som er foreslått av NVE.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at Pasvik Kraft AS gis bruksrettskonsesjon for vassfalla i Skogfoss og Melkefoss i Pasvikvassdraget i Sør-Varanger kommune i Finnmark på dei vilkår som er gjort greie for i St.prp. nr. 46 (2003-2004).

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 13. mai 2004

Bror Yngve Rahm

leder

Knut Werner Hansen

ordfører