Vedlegg 2: Brev fra Nærings- og handelsdepartementet v/statsråden til næringskomiteen, datert 18. mai 2004

St.prp. nr. 53 ( 2003-2004 ) - Spørsmål frå næringskomiteen

Det vises til brev datert 12. mai 2004 frå Stortingets næringskomité.

Spørsmål 1:

I proposisjonen vert det sagt at Statkraft ved ei eventuell omorganisering må betale dokumentavgift til staten. Komiteen er kjend med at fleire selskap som har endra selskapsform ikkje har betalt dokumentavgift, blant anna NSB og Posten. Kva er grunngjevinga for at Staten no pålegg Statkraft dokumentavgift ved ei eventuell omorganisering.

Svar:

Stortinget har i vedtak nr. 1443 av 26. november 2003 Vedtak om særavgifter til statskassen for budsjetterminen 2004, fastsatt at

"Fra 1. januar 2004 skal det i henhold til lov av 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift betales avgift til statskassen ved tinglysing av dokument som overfører hjemmel til fast eiendom, herunder bygning på fremmed grunn, med 2,5 pst. av avgiftsgrunnlaget."

Avgiftsplikta oppstår ved tinglysing av dokumentet og blir utrekna av salsverdien til tomta, inkludert bygningar og faste anlegg, som det overdras eigedomsrett til i samband med det avgiftspliktige dokument. Det er ikkje praksis for fritak etter dokumentavgiftsloven § 3, men fritak er ved høve gitt i særlov.

Regjeringa ønskjer ikkje å reise moglege statstøtterettslege problemstillingar i samband med den foreslåtte omorganiseringa av Statkraft.

EFTAs overvakningsorgan (ESA) har i samband med utskillinga av Entra Eiendom AS stilt spørsmål ved om Entra sitt fritak frå dokumentavgift er i samsvar med reglane om offentleg stønad i EØS-avtalen. ESA har og bedt om ei oversikt over alle høve der staten har gjeve fritak frå dokumentavgift ved omdanningar av offentleg verksemd. Noreg har gjeve ESA ei slik oversikt og argumentert med at unntaka ikkje er offentleg stønad. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at ESA vil sjå nærare på saka. Ulovleg utbetalt stønad vil normalt krevjast tilbakeført.

Ut i frå momenta over har Nærings- og handelsdepartementet vurdert det som tilrådeleg at Statkraft betalar dokumentavgift i tråd med lov om dokumentavgift.

Spørsmål 2:

Kva har avkastinga vært på dei midlane som har vært skutt inn i Statkraft som eigenkapital?

Svar:

Det er gjeve ein omtale av avkastninga til Statkraft i St.prp. nr. 53 (2003-2004), Statens eierskap i Statkraft SF, kapittel 7.3, som omhandlar Statkrafts verdiutvikling. Tabell 7.2 viser ei oppstilling over statens innskott og uttak i perioden.

I proposisjonen har departementet gjort greie for verdivurderinga utført i 2003, som kan samanliknas med ei tilsvarande verdivurdering utført i 2000. Disse tar utgangspunkt i ein verdsettingsmetode som er mest mogleg samanliknbar med verdsettinga av børsnoterte selskap. Verdien blei her vurdert til omlag 38 til 48 milliardar kroner.

I kapittel 7.3 har departementet rekna ut at Statkraft hadde ein avkastning på 10 prosent for perioden 2000 - 2003. Verdien av Statkraft vart då estimert med utgangspunkt i børsverdiar for andre kraftselskap og gav ein verdi for Statkraft i 2003 på om lag 43 milliardar kroner før siste kapitalinnskot. Avkastninga når ein ser heile perioden 1992 - 2003 blir lågare då Statkraft måtte gjennom ei kraftig endring etter fristillinga. Dersom verkeleg verdi i dag settes til 43 milliardar kroner impliserer det at eigenkapitalen har forrenta seg med 6,9 pst per år for heile perioden 1992-2003.

I proposisjonen er det gjort greie for at det er mogleg å nytta andre verdisettingsmetodar. Andre metodar å berekne verdisettinga på vil gje andre tall for avkastning.

Spørsmål 3:

Korleis vil kapitalsituasjonen og ratinga til Statkraft bli påverka av utbytepolitikken?

Svar:

Statkraft sin rating påverkast av både kvantitative faktorar som til dømes tilbakeholdte overskott og kontantstrøm, og kvalitative faktorar som til dømes type produksjonsaktiva. Eit høgt utbyttenivå vil isolert sett redusere høve til å byggje kapitalreservar og soleis påverka ratingvurderinga negativt. Men også ei rekkje andre forhold vil påverke ratingvurderinga, blant anna kapitalstrukturen. Statkraft har sjølv eit rom for å justere verksemda og balansestrukturen på ein måte som støtter opp under foretaket sitt mål om rating.

Spørsmål 4:

På høyringa med Statkraft kom det fram at det vil være avgjerande for selskapet før eit eventuelt nedsal å vite om salgsgevinst vil bli unnateke frå overskot-skattlegging. Vil departementet gje si støtte til at ein eventuell salgsgevinst vert unnateke frå overskot-skattlegging.

Svar:

Gevinstar og tap etter avhending av verksemder, eigedomar eller andre eigendelar er med når ein sett opp rekneskap for ein bedrift. Dei er difor med i det overskotet som leggjast til grunn for skatteleggjing. Ved fastsetting av utbytte som ein prosentdel av overskot etter skatt ville slike gevinstar og tap påverka utbyttet til eigar. I St.prp. nr. 53 (2003-2004) opnar departementet for å halde slike gevinstar utanfor utbyttegrunnlaget. Årsaka til det at er at ein ikkje ønskjer å skape innlåsningseffektar i samband med ein nødvendig omstrukturering av balansen til Statkraft. Det vil bli vurdert frå sak til sak om gevinstar i samband med sal av eigendelar bør vera med i utbyttegrunnlaget. Regjeringa vil koma attende til dette i samband med budsjetthandsaminga av Statkraft.