Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen I vert støtta av ein samla komité.

Tilrådinga frå komiteen II, III og V vert støtta av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet.

Tilrådinga frå komiteen VI og VII vert støtta av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.

Tilrådinga frå komiteen IV vert støtta av Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til gjere følgjande

vedtak:

I

St.meld. nr. 31 (2003-2004) - Vilje til vekst - for norsk skipsfart og de maritime næringer - vert lagt ved protokollen.

II

Stortinget ber Regjeringen koma tilbake med forslag til lovfesting av dei ulike endringane som er vedtekne for å støtta norsk skipsfart, i samband med budsjettet for 2005.

III

Stortinget ber Regjeringa utvide nettolønnsordninga til å gjelde alle norske sjøfolk om bord på konkurranseutsette skip i NOR.

IV

Stortinget ber Regjeringa jobbe aktivt internasjonalt for eit felles nordisk vedtak om å avvikla ordninga med nettolønn på ferjetrafikken.

V

Stortinget ber Regjeringen vidareføre gjeldande ordningar for nettoløn på utenlandsferjene i NOR.

VI

Stortinget ber Regjeringa gjenoppretta ein eigen garantiordning for byggjelån til skip slik at norske verft vert sikra tilgang på garantiar og med det lån.

VII

Stortinget ber Regjeringa syte for at GIEK vert brukt meir aktivt for å fremme auka aktivitet i verftsnæringa.