Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar)

Til Stortinget

Samandrag

Regjeringa ber i proposisjonen Stortinget gi samtykke til å innlemme i EØS-avtala ei avgjerd 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram (programmet for utdanningsorganisasjonar). Gjennom dette programmet skal ein fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og støtte særlege tiltak på det same området.

Departementet reknar kostnadene til 1,4 mill. kroner kvart av dei to åra det er aktuelt for Noreg å delta, 2005 og 2006. Kostnadene vert å dekkje innafor den eksisterande budsjettramma for kap. 223, kap. 226 og kap. 281 på statsbudsjettet.

Departementet meiner Noreg si deltaking i programmet i medhald av EØS-avtala vil vere i tråd med norske utdanningspolitiske interesser og oppfølginga av den europeiske dimensjonen innafor utdanning og opplæring. Deltaking i programmet er ein føresetnad for at Noreg framleis skal kunne vere til stades i dei arbeidsgruppene som følgjer opp Lisboa-målsetjingane på utdanningsområdet.

Utdannings- og forskingsdepartementet tilrår på denne bakgrunnen at Noreg tek del i avgjerda i EØS-komiteen som gjeld programmet for utdanningsorganisasjonar, og Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Merknader frå Komiteen

Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M. Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Arne Sortevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representanten Jan Simonsen, har ingen merknader til saka og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Utanrikskomiteen har hatt denne innstillinga til uttale og har ingen merknader.

Tilråding frå Komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar).

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 25. november 2004

Rolf Reikvam

leiar

Arne Lyngstad

ordførar