Prosjektet for miljøtiltak i Bodø vart
lagt fram i St.prp. nr. 1 (2003-2004) med ei ramme på 223
mill. kroner og ei planlagt utbetaling på 130 mill. kroner
i 2004. Prosjektet har likevel fått redusert framdrift
på grunn av likviditetsmessige forhold, og planlagt forbruk
i 2004 er 9 mill. kroner. Forsvarsbygg er i dialog med Statens forureiningstilsyn
om denne utsettinga. Prosjektet sitt føremål er å oppfylle
krava etter forskrift om grenseverdi for lokal luftforureining og
støy, og omfattar støyisolering av bustadar og
ei forlenging av rullebanen.
Bodø kommune er i gang med eit prosjekt
for ny vassforsyning som vil gi ei stor mengd lausmassar i 2004.
Kommunen ønskjer difor å selje massane relativt rimeleg
til Forsvaret. Det krevst då at Forsvaret alt på hausten
2004 kjøper og får deponert lausmassane som del
av forlenginga av rullebanen, men dette er tidlegare enn det som
er føresett for framdrifta i prosjektet. Bodø kommune
har difor tilbode å forskottere midlar for at massane skal
kunne bli deponerte i takt med framdrifta i vassforsyningsprosjektet.
Ordninga er vurdert som ei god løysing både for
Bodø kommune og Forsvaret, men den er inngått
med atterhald om at Stortinget samtykker i saka.
Sidan Forsvarsbygg hadde eit godt tilbod på handa, og
vilkåra frå Bodø kommune var gode, ville
oppstart av rullebaneprosjektet i 2004 gi innsparingar i forhold til å vente
med oppstart til 2005. Samstundes kjem Forsvarsbygg tidlegare i
gang med lovpålagte støyreduserande tiltak. Av
omsyn til framdrifta i Bodø kommune sitt prosjekt, er arbeida
starta opp. Forsvarsbygg har inngått ein avtale med Bodø kommune,
men i avtalen er det eit klart atterhald om godkjenning frå Stortinget.
Departementet vil difor foreslå at
Stortinget samtykker i at Forsvaret kan ta imot 20 mill. kroner
i forskottering frå Bodø kommune i 2004, slik
at den gunstige avtalen kan gjennomførast. Innan 15. januar
2007 vil Bodø kommune få tilbakebetalt den forskotterte summen
saman med betalinga for sjølve lausmassane.
Noregs heimefrontmuseum arbeidar med ein historisk
studie av det britiske "Special Operations Executive" og Noreg under
den andre verdskrigen. Då mykje nytt kjeldematerialet er
blitt avgradert i Storbritannia i den seinare tid, har prosjektet
blitt vesentleg meir tidkrevjande. Samstundes er det blitt endå meir
interessant. Forsvarsdepartementet har støtta prosjektet
både i 2001, 2002 og 2003. Ved handsaming av Budsjett-innst.
S. nr. 7 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004), vart det gitt
175 000 kroner i støtte. Grunna utvidinga av prosjektet
har Forsvarsdepartementet utvida denne støtta til 455 000
kroner i 2004. Med atterhald om godkjenning frå Stortinget,
har departementet gitt tilsegn om at prosjektet vil bli støtta
med 455 000 kroner også i 2005 og i avslutningsåret
for prosjektet, 2006.