Innstilling fra forsvarskomiteen om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2004

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

1. Sammendrag

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2004 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane samt dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2004 vart utarbeidd.

Omgrupperingsproposisjonen formaliserer lønns-kompensasjonen for 2004, kompensasjon for innføring av el-avgift i 2004, nedtrekk i 2004 grunna overskridingar i 2003, innsparing i samla utgiftsramme, tilpassing av løyvinga i samsvar med endringar i føresetnadene, oppdatering og formalisering av inntekter samt formalisering av tekniske endringar mellom kapitla. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 52 mill. kroner.

1.1 Omgruppering: Forhold som endrar ramma for 2004-budsjettet

1.1.1 Økonomisk grunnlag for omgrupperinga

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2004, lagt til seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei ein­skilde departementa og midlar ført over frå 2003. Det er òg tatt omsyn til forsvarssektorens del av lønns­kompensasjonen for 2004 (292,399 mill. kroner) samt forsvarssektorens del av kompensasjonen til statlege verksemder som følgje av innføring av el-avgift (22 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2004, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2004

29 215 569

Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 75 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 20,227 mill. kroner, jf. Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004)

-20 227

St.prp. nr. 73 (2003-2004) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap ("soldatproposisjonen"), jf. Innst. S. nr. 235 (2003-2004)

23 433

Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 58,5 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet i samband med St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004, jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004). Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 15,819 mill. kroner

-15 819

Kompensasjonen til statlege verksemder som følgje av innføring av el-avgift (R-8/2004)

22 000

Lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

292 399

= Faktisk løyving før omgruppering

29 517 355

Midlar ført over frå 2003

404 823

Disponible midlar i 2004 før omgrupperinga

29 922 178

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2004 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2004

694 388

St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004, jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004)

165 000

= Løyvingar før omgruppering

859 388

1.1.2 Nedtrekk grunna meirforbruk/inntektssvikt i 2003

Avslutninga av rekneskapen for 2003 synte eit meirforbruk/inntektssvikt under:

  • 1. Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg post 24 Driftsresultat, på 210,800 mill. kroner. Inntektssvikten var på 210,800 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. Dette skuldast i hovudsak uteståande husleige for 2003 frå Forsvarets militære organisasjon.

  • 2. Kap. 1733 Luftforsvaret post 1 Driftsutgifter, på 139,535 mill. kroner. Totalt meirforbruk var på 139,535 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. Kap. 1733 Luftforsvaret hadde ei rekneskapsført overskriding på 139,5 mill. kroner i 2003. Justert for posteringar av teknisk karakter var reell overskriding ca. 45 mill. kroner.

  • 3. Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg post 45 Større utstyrsskaffingar og vedlikehald, på 24,201 mill. kroner. Totalt meirforbruk var på 24,201 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande.

1.1.3 Netto meirinntekter i 2004

I forhold til vedtatt budsjett for 2004 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 322,5 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin merinntektsfullmakt i St. prp. nr. 1 (2003-2004) under romertalsvedtak II.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 52,036 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 322,5 mill. kroner.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 2003

-374 536

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida

322 500

= Sum behov ved omgrupperinga

-52 036

+ Løyvingar før omgrupperinga

29 517 355

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

29 465 319

= Samla disponible løyvingar etter omgrupperinga

29 870 142

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga

859 388

Netto meirinntekter

322 500

= Løyvingar etter omgrupperinga

1 181 888

1.1.4 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutg. - Meirutg. +

1

Driftsutgifter

45 509

21

Spesielle driftsutgifter

8 000

24

Driftsresultat Forsvarsbygg

-10 800

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-20 000

45

Store nyskaffingar

46 797

47

Nye bygg og anlegg

-83 181

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

-76 500

50

Overføringar til statsinstitusjonar

50 000

51

Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt

9 500

70

Renter låneordning

-5 000

71

Overføring til andre

-344

75

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

-50 000

78

Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

35 000

90

Lån til private

-1 017

Sum

-52 036

1.1.5 Inntekter

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt.- Meirinnt. +

1

Driftsinntekter

160 000

45

Store nyskaffingar

33 000

47

Sal av eigedom

175 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter

-50 000

90

Lån til bustadformål

4 500

Sum

322 500

2. Hovedtrekk ved de største utgifts- og inntektsendringene på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 1 Driftsutgifter

Post 1 er foreslått auka med 45,5 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå posten. Post 1 er foreslått tilført 164,5 mill. kroner i meirinntekter, 10 mill. kroner for innleige av revisjonskompetanse for kvalitetssikring av rekneskapsførselen i Forsvaret, 10 mill. kroner for å auke Sjøforsvaret sin seglingsaktivitet og 34 mill. kroner til avgangsstimulerande tiltak i samband med omstillinga av verksemda i Forsvarsbygg. Omdisponeringane frå posten gjeld 50 mill. kroner til finansiering av utgifter til Statens Pensjonskasse og 139,534 mill. kroner er tilbakeført til statskassen grunna overskridingar i 2003. I tillegg er det gjort ei rekkje andre mindre justeringar mellom postar som samla gir ein auke på 16,534 mill. kroner.

Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar, inkludert prognosar, for forbruk på slutten av året. Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde kapitla:

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

Kapitlet er foreslått auka med netto 40,6 mill. kroner på post 1. Auken skal dekkje for lite budsjetterte lønnsutgifter i samband med integrert strategisk leiing samt teknisk justering av konsulentkostnader mellom anna i samband med grunnlagsarbeidet for utarbeiding av St.prp. nr. 42 (2003-2004) Den videre moderniseringen av Forsvaret i perioden 2005-2008. Konsulentkostnadene var planlagt nytta på kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben, post 1, men er no overført til kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 1, der utgiftene høyrer heime.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

Kapitlet er foreslått auka med netto 30,3 mill. kroner. Auken gjeld midlar til avgangsstimulerande tiltak i samband med omstilling av verksemda i Forsvarsbygg samt dekking av meirutgifter ved gjennomføring av heilskapsplanlegging i Forsvarsbygg.

Kap. 1720 Felles leiing og kommandoapparat

Kapitlet er foreslått redusert med 41,9 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet i samband med naudsynt styrkjing av tenesta i samsvar med oppdragsmengda ved Fellesoperativt hovudkvarter og redusert omfang av øvinga "Joint Winter 04".

Kap. 1723 Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Kapitlet er foreslått redusert med 2,125 mill. kroner grunna for mykje tilførte midlar i 2004.

Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben

Kapitlet er foreslått redusert med 314,8 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet. Lønnskompensasjonen er fordelt til dei ulike kapitla (170 mill. kroner), finansiering av utgifter til Statens Pensjonskasse (50 mill. kroner) og finans­iering av datavarehusløysing til Forsvarets logistikkorganisasjon (13 mill. kroner) samt midlar for naudsynt styrkjing av tenesta på andre kapittel og postar (netto 61 mill. kroner). Vidare er konsulentkostnadene i samband med grunnlagsarbeidet for utarbeiding av St.prp. nr. 42 (2003-2004) Den videre moderniseringen av Forsvaret i perioden 2005-2008, overført til kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 1, der utgiftene høyrer heime (20 mill. kroner).

Kap. 1731 Hæren

Kapitlet er foreslått auka med 92,8 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet. Kapitlet er tilført midlar i samband med lønnskompensasjonen for 2004 (36 mill. kroner), til å dekkje kostnadar i samband med internasjonale operasjonar (15 mill. kroner), for å styrkje opptreninga til deltaking i NATO-beredskap (NRF 4,5 mill. kroner), på grunn av redusert omfang av øvinga "Joint Winter 04" (50 mill. kroner) og for naudsynt styrkjing av tenesta i samsvar med oppdragsmengda (8 mill. kroner). Samstundes er kapitlet redusert i samband med at budsjettansvaret for tannlegestillingar er overført til kap. 1725 (7 mill. kroner) og at budsjettansvaret for Hærens del av etableringa av "Battle Group" i Afghanistan er overført til kap. 1792 Norske styrkar i utlandet (13 mill. kroner).

Kap. 1732 Sjøforsvaret

Kapitlet er foreslått auka med 49,6 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar. Omdisponeringa til kapitlet gjeld styrkjing av slepebåtkapasiteten i Nord-Noreg med KNM Valkyrien (6,9 mill. kroner), auke av Sjøforsvaret sin seglingsaktivitet (10 mill. kroner), lønnskompensasjon (29 mill. kroner), samt netto endringar i samband med regionale støttefunksjonar (9 mill. kroner). Omdisponering frå kapitlet gjeld reduksjonar som er av budsjett-teknisk karakter.

Kap. 1733 Luftforsvaret

Kapitlet er foreslått redusert med 90,5 mill. kroner. Reduksjonen skuldast omdisponeringar til og frå kapitlet i samband med oppretting av Regional støttefunksjon som tenesteytar til Sjøforsvaret sine avdelingar (10 mill. kroner) og lønnskompensasjon (40 mill. kroner). Omdisponeringane frå kapitlet gjeld tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2003 (139,5 mill. kroner i gjeld). Justert for posteringar av teknisk karakter, var reell overskriding i 2003 omlag 45 mill. kroner i 2003.

Kap. 1734 Heimevernet

Kapitlet er foreslått auka med 20,6 mill. kroner som i hovudsak skuldast lønnskompensasjon (14,4 mill. kroner) og budsjett-tekniske endringar som netto utgjer 6,2 mill. kroner.

Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Kapitlet er foreslått auka med 185,4 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet. 160 mill. kroner er tilført kapitlet som meirinntekter frå kap. 4740, post 1. Inntektene skal dekkje auka kostnader i samband med eigedom, bygg og anlegg. Kapitlet er vidare tilført midlar i samband med overføring av oppgåver (33 mill. kroner). Omdisponeringane frå kapitlet gjeld budsjett-tekniske endringar som netto utgjer 8 mill. kroner. Meirforbruket på kapitlet skuldast seinare omstilling i FLO enn opphaveleg planlagt.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Kapitlet er foreslått auka med 25,6 mill. kroner som skuldast finansiering av datavarehusløysing for Forsvarets logistikkorganisasjon (13 mill. kroner), midlar til å dekkje Forsvarsbygg sine aktivitetar i samband med gjennomføring av NATO sitt investeringsprogram for tryggleik (5,5 mill. kroner) og lønnskompensasjon (7 mill. kroner).

Kap. 1790 Kystvakta

Kapitlet er foreslått auka med 7,9 mill. kroner som gjeld lønnskompensasjon for 2004.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Kapitlet er foreslått auka med 24,1 mill. kroner som gjeld overføring av Hærens del av etableringa av "Battle Group" i Afghanistan (13 mill. kroner) og lønnskompensasjon for 2004 (10 mill. kroner).

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige formål

Kapitlet er foreslått auka med 17,1 mill. kroner grunna auka kostnader i samband med eigedom, bygg og anlegg (11 mill. kroner), etablering av køyretøylager for militærhistoriske køyretøy på Trandum (5,5 mill. kroner) og lønnskompensasjon for 2004 (0,5 mill. kroner).

2.1.2 Post 24 Driftsresultat

Posten er foreslått redusert med 10,8 mill. kroner.

Det er foreslått ei omfordeling mellom post 24 og post 47 og ein auke på 200 mill. kroner som skuldast at utviklingselementet i husleiga ikkje som tidlegare er medrekna i driftsresultatet. Utvikling er tiltak som er retta mot å oppretthalde verdiane i bygningsmassen og er foreslått finansiert på post 24 der kostnadene etter sin art høyrer heime. Den samla løyvinga på post 47 vert redusert tilsvarande.

Posten er foreslått redusert med 210,8 mill. kroner grunna inntektssvikt i Forsvarsbygg i 2003. Dette skuldast i hovudsak uteståande husleige frå Forsvarets militære organisasjon.

2.1.3 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 20 mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som er foreslått nytta til å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar, mellom anna 10 mill. kroner til innleige av revisjonskompetanse for kvalitetssikring av rekneskapsførselen i Forsvaret (jf. endringane i post 1).

2.1.4 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått auka med netto 46,8 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå posten. Post 45 er foreslått tilført 18,7 mill. kroner til forsking og utvikling (FoU), 2 mill. kroner til utgifter i samband med Noreg si deltaking i ordninga med strategisk sjøtransport i NATO ("Prague Capabilities Commitment"), 4,3 mill. kroner til sambandsmateriell til bruk i internasjonale operasjonar samt 56 mill. kroner til naudsynt styrkjing av posten for å gjennomføre investeringsprosjekt i Forsvaret i 2004. Omdisponeringane frå posten gjeld 24,201 mill. kroner for tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2003 samt 10 mill. kroner som er foreslått overførde til kap. 1732 Sjøforsvaret, post 1, for å auke Sjøforsvaret sin seglingsaktivitet.

2.1.5 Post 47 Nye bygg og anlegg

Posten er foreslått redusert med 83,2 mill. kroner. Endringane skuldast tekniske endringar i driftsresultatet på post 24 (- 200 mill. kroner) og ei auke for å kunne gjennomføre prioriterte investeringstiltak (116,8 mill. kroner), jf. forklaring under punkt 2.1.2, post 24.

2.1.6 Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 76,5 mill. kroner. Dette skuldast lågare framdrift i NATO-prosjekta enn det ein la til grunn ved utarbeidinga av 2004-budsjettet.

2.1.7 Post 50 Overføring til Statens Pensjonskasse

Posten er foreslått auka med 50 mill. kroner i samband med finansieringa av meirutgiftar til Statens Pensjonskasse.

2.1.8 Post 51 Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)

Posten er foreslått auka med 9,5 mill. kroner i samband med finansiering av FFI sine meirutgifter som følgje av innføring av kostnadsdekkjande husleige.

2.1.9 Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 5 mill. kroner i samband med eit mindrebehov til rentestønad i Befalets låneordning.

2.1.10 Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 50 mill. kroner. Dette skuldast lågare utbetalingar til Noregs tilskot til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik enn det ein la til grunn ved utarbeidinga av 2004-budsjettet. Årsaka er at det no er fleire NATO-land som deler på utgiftene.

2.1.11 Post 78 Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

Posten er foreslått auka med netto 35 mill. kroner. Dette skuldast auka utgifter i NATO til krisehandtering og etablering av NATO sin nye kommandostruktur samt høgare kurs på euro. Auken vert dekt gjennom reduksjon på kap. 1760 post 75.

2.1.12 Post 90 Lån til private

Posten er redusert med 1,017 mill. kroner. Posten er ikkje lenger i bruk.

2.2 Inntekter

Det er registrert netto meirinntekter på 322,5 mill. kroner.

2.2.1 Post 1 Driftsinntekter

Posten er foreslått auka med netto 160 mill. kroner (kap. 4740). Auken på kap. 4740 gjeld meirinntekter frå sal av materiell (80 mill. kroner), tenester og kurs (34 mill. kroner), leigeinntekter EBA (25 mill. kroner) og refusjonar frå FN/NATO (21 mill. kroner).

2.2.2 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått auka med 33 mill. kroner. Dette skuldast meirinntekter frå den amerikanske "Foreign Military Sales"-ordninga, royalties og konvensjonal­bøter. Meirinntektene vert ført til kap. 1760 post 45.

2.2.3 Post 47 Nybygg og nyanlegg

Posten er foreslått auka med 175 mill. kroner. Auken skuldast auka tempo i salsprosessar. Auken er ei formalisering av forventa auka inntekter etter innmeldinga til RNB og er ei forskottering av ressursar ved avhending av eigedom som er føresett nytta til omstillinga av Forsvaret (jf. meirinntektsfullmakta i Busjett-innst. S. nr. 7 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004).

2.2.4 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter

Posten er foreslått redusert med 50 mill. kroner. Dette skuldast lågare framdrift i NATO-prosjekta enn det ein la til grunn ved utarbeidinga av 2004-budsjettet. Reduksjonen vert dekt gjennom nedtrekk på kap. 1760 post 48.

2.2.5 Post 90 Lån til bustadformål

Posten er auka med 4,5 mill. kroner grunna høgare innfriingstakt enn rekna med på lån gitt til bustadformål. Kap. 1725 post 1 er auka tilsvarande.

3. Informasjonssaker

3.1 Miljøprosjekt i Bodø

Prosjektet for miljøtiltak i Bodø vart lagt fram i St.prp. nr. 1 (2003-2004) med ei ramme på 223 mill. kroner og ei planlagt utbetaling på 130 mill. kroner i 2004. Prosjektet har likevel fått redusert framdrift på grunn av likviditetsmessige forhold, og planlagt forbruk i 2004 er 9 mill. kroner. Forsvarsbygg er i dialog med Statens forureiningstilsyn om denne utsettinga. Prosjektet sitt føremål er å oppfylle krava etter forskrift om grenseverdi for lokal luftforureining og støy, og omfattar støyisolering av bustadar og ei forlenging av rullebanen.

Bodø kommune er i gang med eit prosjekt for ny vassforsyning som vil gi ei stor mengd lausmassar i 2004. Kommunen ønskjer difor å selje massane relativt rimeleg til Forsvaret. Det krevst då at Forsvaret alt på hausten 2004 kjøper og får deponert lausmassane som del av forlenginga av rullebanen, men dette er tidlegare enn det som er føresett for framdrifta i prosjektet. Bodø kommune har difor tilbode å forskottere midlar for at massane skal kunne bli deponerte i takt med framdrifta i vassforsyningsprosjektet. Ordninga er vurdert som ei god løysing både for Bodø kommune og Forsvaret, men den er inngått med atterhald om at Stortinget samtykker i saka.

Sidan Forsvarsbygg hadde eit godt tilbod på handa, og vilkåra frå Bodø kommune var gode, ville oppstart av rullebaneprosjektet i 2004 gi innsparingar i forhold til å vente med oppstart til 2005. Samstundes kjem Forsvarsbygg tidlegare i gang med lovpålagte støyreduserande tiltak. Av omsyn til framdrifta i Bodø kommune sitt prosjekt, er arbeida starta opp. Forsvarsbygg har inngått ein avtale med Bodø kommune, men i avtalen er det eit klart atterhald om godkjenning frå Stortinget.

Departementet vil difor foreslå at Stortinget samtykker i at Forsvaret kan ta imot 20 mill. kroner i forskottering frå Bodø kommune i 2004, slik at den gunstige avtalen kan gjennomførast. Innan 15. januar 2007 vil Bodø kommune få tilbakebetalt den forskotterte summen saman med betalinga for sjølve lausmassane.

3.2 Historisk studie

Noregs heimefrontmuseum arbeidar med ein historisk studie av det britiske "Special Operations Executive" og Noreg under den andre verdskrigen. Då mykje nytt kjeldematerialet er blitt avgradert i Storbritannia i den seinare tid, har prosjektet blitt vesentleg meir tidkrevjande. Samstundes er det blitt endå meir interessant. Forsvarsdepartementet har støtta prosjektet både i 2001, 2002 og 2003. Ved handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 7 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004), vart det gitt 175 000 kroner i støtte. Grunna utvidinga av prosjektet har Forsvarsdepartementet utvida denne støtta til 455 000 kroner i 2004. Med atterhald om godkjenning frå Stortinget, har departementet gitt tilsegn om at prosjektet vil bli støtta med 455 000 kroner også i 2005 og i avslutningsåret for prosjektet, 2006.

4. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunnar Halvorsen, lederen Marit Nybakk og Rita Tveiten, fra Høyre, Bjørn Hernæs og Åge Konradsen, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Ove Width, fra Sosialistisk Venstreparti, Kjetil Bjørklund, fra Kristelig Folkeparti, Åse Wisløff Nilssen, og fra Senterpartiet, Marit Arnstad, viser til Innst. S nr. 92 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 20 (2003-2004), fra forsvarskomiteen om endringer på statsbudsjettet for 2003 under Forsvarsdepartementet. Komiteen vil videre vise til at en samlet komité der hadde følgende anmerkning:

"Komiteen har videre merket seg at departementet har måttet redusere 2003-budsjettet innenfor de store budsjettkapitlene på grunn til dels store overskridelser i 2002.

Komiteen vil vise til at dette svekker årets budsjett og vil be om at Forsvaret forsøker å overholde budsjettene når omdisponeringsproposisjonen er vedtatt. I motsatt fall vil forsvarsbudsjettet måtte slite med et kontinuerlig etterslep."

Komiteen er nå kjent med at Riksrevisjonen ikke har godkjent Forsvarets regnskap for 2003 og viser i den forbindelse til behandling i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

Komiteen har merket seg at det også for 2004 er avvik mellom vedtatt budsjett og faktisk forbruk. Komiteen vil i den forbindelse vise til at kap. 1740 Driftsutgifter for Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) i proposisjonen foreslås økt med over 185 mill. kroner i forhold til vedtatt budsjett, at kap. 1725 Fellesinstitusjoner og utgifter blir redusert med nærmere 315 mill. kroner, og at driftsutgifter for Hæren under kap. 1731 blir økt med 92,7 mill. kroner.

Komiteen er innforstått med mindre avvik og uforutsette utgifter, men vil samtidig understreke betydningen av at Forsvaret utarbeider så realistiske budsjetter som mulig.

Komiteen har for øvrig merket seg at grunnlaget for omgrupperinger bl.a. er forsvarssektorens del av lønnskompensasjoner for 2004, samt andel av kompensasjon til statlige virksomheter som følge av innføring av el-avgift. Dette i tillegg til endringer og fullmakter fra Stortinget til Finansdepartementet. Komiteenvil bemerke at tross disse pålagte endringene er avviket fra Budsjett-innst. S. nr. 7 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) tilsynelatende stort.

Komiteen har merket seg inntektssvikten til Forsvarsbygg på grunn av utestående husleie for 2003 fra Forsvarets militære organisasjon, og ber departementet innskjerpe at fakturaer skal betales i tide. Det vises her både til Riksrevisjonens antegninger for 2003 og til statsrådens svar til Stortingets forsvarskomité datert 10. november 2004.

Komiteen har merket seg at Sjøforsvaret foreslås økt med 49,6 mill. kroner og at dette bl.a. gjelder styrking av Slepebåtkapasiteten i Nord-Norge og økning av seilingskapasiteten. Komiteen har videre merket seg at økningen på kap. 1792 Norske styrker i utlandet økes med 24,1 mill. kroner og at dette bl.a. dreier seg om overføring av Hærens del av etablering av Baltic Group i Afghanistan.

Komiteen en fornøyd med at det i proposisjonen tas grep for å øke framdriften av Prosjektet for Miljøtiltak.

5. Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

1700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

40 634 000

frå kr 250 383 000 til kr 291 017 000

1710

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

24

Driftsresultat, vert redusert med

10 800 000

frå kr -709 000 000 til kr -719 800 000

47

Nye bygg og anlegg, kan overførast, vert redusert med

83 181 000

frå kr 1 579 522 000 til kr 1 496 341 000

1719

Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

30 348 000

frå kr 260 455 000 til kr 290 803 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, vert redusert med

20 000 000

frå kr 20 000 000 til kr 0

51

Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt, vert auka med

9 500 000

frå kr 153 604 000 til kr 163 104 000

71

Overføring til andre, kan overførast, vert redusert med

344 000

frå kr 55 117 000 til kr 54 773 000

78

Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett, kan overførast, vert auka med

35 000 000

frå kr 132 000 000 til kr 167 000 000

1720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert redusert med

41 588 000

frå kr 1 203 605 000 til kr 1 162 017 000

1723

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

2 125 000

frå kr 95 569 000 til kr 93 444 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, vert redusert med

314 796 000

frå kr 2 725 019 000 til kr 2 410 223 000

50

Overføringar til statsinstitusjonar, kan overførast, vert auka med

50 000 000

frå kr 127 753 000 til kr 177 753 000

70

Renter låneordning, kan overførast, vert redusert med

5 000 000

frå kr 8 885 000 til kr 3 885 000

90

Lån til private, kan overførast, vert redusert med

1 017 000

frå kr 1 017 000 til kr 0

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, vert auka med

92 798 000

frå kr 3 929 522 000 til kr 4 022 320 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, vert auka med

49 598 000

frå kr 2 698 153 000 til kr 2 747 751 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

90 545 000

frå kr 3 568 066 000 til kr 3 477 521 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert auka med

20 595 000

frå kr 1 109 335 000 til kr 1 129 930 000

1735

Etterretningstenesta

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

8 000 000

frå kr 671 057 000 til kr 679 057 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, vert auka med

185 439 000

frå kr 1 508 754 000 til kr 1 694 193 000

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760 post 45, vert auka med

25 676 000

frå kr 709 228 000 til kr 734 904 000

45

Større utstyrskaffingar, kan overførast, vert auka med

46 797 000

frå kr 7 399 256 000 til kr 7 446 053 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del, kan overførast, vert redusert med

76 500 000

frå kr 210 100 000 til kr 133 600 000

75

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskot til infrastruktur­programmet i NATO, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760 post 44, vert redusert med

50 000 000

frå kr 130 000 000 til kr 80 000 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, vert auka med

7 944 000

frå kr 694 131 000 til kr 702 075 000

1791

Redningstenesta

1

Driftsutgifter, vert auka med

252 000

frå kr 23 862 000 til kr 24 114 000

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter, vert auka med

24 127 000

frå kr 700 000 000 til kr 724 127 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, vert auka med

17 152 000

frå kr 143 987 000 til kr 161 139 000

Inntekter:

4710

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

47

Sal av eigedom, vert auka med

175 000 000

frå kr 295 000 000 til kr 470 000 000

4725

Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben

1

Driftsinntekter, vert redusert med

33 080 000

frå kr 78 648 000 til kr 45 568 000

90

Lån til bustadformål, vert auka med

4 500 000

frå kr 4 935 000 til kr 9 435 000

4731

Hæren

1

Driftsinntekter, vert redusert med

30 000 000

frå kr 69 402 000 til kr 39 402 000

4732

Sjøforsvaret

1

Driftsinntekter, vert redusert med

19 393 000

frå kr 45 991 000 til kr 26 598 000

4733

Luftforsvaret

1

Driftsinntekter, vert redusert med

53 998 000

frå kr 107 995 000 til kr 53 997 000

4740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsinntekter, vert auka med

296 471 000

frå kr 21 570 000 til kr 318 041 000

4760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

(Ny) 45

Store nyskaffingar, vert løyvd med

33 000 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter, vert redusert med

50 000 000

frå kr 216 638 000 til kr 166 638 000

II

Diverse fullmakter

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet får fullmakt til å ta imot lausmassar og forskottering av 20 mill. kroner frå Bodø kommune i samband med gjennomføringa av rullebaneprosjektet i Bodø som omtala i St.prp. nr. 21 (2004-2005).

Oslo, i forsvarskomiteen, den 26. november 2004

Marit Nybakk

leder og ordfører