Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2241/2004/EF av 15. desember 2004 om en enhetlig fellesskapsramme for å skape klarhet i kvalifikasjoner og kompetanse (Europass)

Til Stortinget

Samandrag

Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak 15. desember 2004. Vedtaka gjeld ei fellesskapsramme, Europass, som skal fremje oversikt og klarleik med omsyn til dokumentasjon av kvalifikasjonar og kompetanse i Europa frå 1. januar 2005.

Europass byggjer på København-deklarasjonen frå desember 2002 om auka samarbeid i fag- og yrkesopplæringa i Europa. Føremålet er oversikt og mobilitet mellom dei europeiske landa og på tvers av sektorar. Kvart deltakarland skal skipe eit nasjonalt Europass-senter som skal ha ansvar for koordinering. I Noreg skal dette vere Utdanningsdirektoratet som skal forvalte løyvingane frå EU til Europass-aktivitetane og sjølv drive det internettbaserte informasjonssystemet. Ansvaret for Europass Training vert overført frå Teknologisk institutt til direktoratet frå 1. august 2005.

Norsk deltaking i Europass-ordninga inneber økonomiske plikter over fleire år. Den nasjonale finansieringa vil vere minimum 50 pst. Kostnadene i etableringsfasen i 2005 vert å dekkje innafor budsjettramma til Utdannings- og forskingsdepartementets kap. 225. Den øvre grensa for EU-stønad til Noreg er satt til 60 000 euro for 2005. I dei komande åra ventar ein utgifter av tilsvarande storleik. Europass etablerer eit friviljug rammeverk, så det trengst ikkje lovendringar i Noreg.

Utdannings- og forskingsdepartementet meiner at Noregs deltaking i Europass er i tråd med norske utdanningspolitiske interesser. Europass vil gi ein felles europeisk referanse som vil lette godkjenninga og overføringa av kvalifikasjonar innafor fag- og yrkesopplæring. Det same gjeld for allmennutdanning både på vidaregåande nivå og høgare nivå.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M. Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Framstegspartiet, Arne Sortevik, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representantane Ursula Evje og Jan Simonsen, merkar seg at Europass-rammeverket byggjer på København-deklarasjonen som vart vedteken i 2002 av utdanningsministrane frå 31 europeiske land, inkludert Noreg.

Komiteen legg vekt på at Europass vil lette godkjenninga og overføringa av kvalifikasjonar innafor fag- og yrkesopplæring og allmennutdanning, både på vidaregåande og høgre nivå. Det vil samla sett auke samarbeidet på utdanningsområdet i Europa og vere i tråd med norske utdanningspolitiske interesser.

Komiteen merkar seg at norsk deltaking inneber økonomiske plikter over fleire år, og at utgiftene for 2005 vert dekte innafor den eksisterande budsjettramma til Utdannings- og forskingsdepartementet.

Komiteen sluttar seg på denne bakgrunnen til tilrådinga i proposisjonen.

Utkastet til denne innstillinga har vore lagt fram for utanrikskomiteen, som ikkje har merknader i saka.

Tilråding frå komiteen

Komiteenhar elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2241/2004/EF av 15. desember 2004 om en enhetlig fellesskapsramme for å skape klarhet i kvalifikasjoner og kompetanse (Europass).

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 30. mai 2005

Rolf Reikvam

leiar

Vidar Bjørnstad

ordførar