Innstilling fra utenrikskomiteen om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2004, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til Stortinget

Sammendrag

I 2004 var det ein generell nedgang i eksporten til fleire av dei tradisjonelle mottakarane av norsk forsvarsmateriell. Verdien av den samla eksporten av våpen og militært materiell i 2004 var litt i overkant av 2 mrd. kroner. Til samanlikning var den samla verdien av eksporten om lag 3 mrd. kroner i 2003.

Denne meldinga gjeld kontroll med utførselen i 2004 av forsvarsmateriell som står på Utanriksdepartementets liste I og tenester og teknologi knytte til desse varene. Varene på liste I omfattar både A-materiell, som er våpensystem og ammunisjon, og B-materiell, som er anna utstyr utvikla eller modifisert for militære formål.

Mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg er i hovudsak Sverige, Finland og medlemslanda i NATO. I 2004 utgjorde eksporten av A-materiell til desse landa 88 pst. av eksporten, og for B-materiell 72 pst.

Utanriksdepartementet sin kontroll med eksport av våpen og militært materiell er basert på eiga lov, forskrift og retningslinjer for korleis departementet skal behandle søknader om løyve til eksport av forsvarsmateriell. Utgangspunktet for gjeldande regelverk og praksis er ei regjeringserklæring og eit stortingsvedtak av 11. mars 1959. Erklæringa slår fast at "hovedsynspunktet bør være at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig". Stortinget tok "til etterretning den erklæring Statsministeren på vegne av Regjeringen har lagt frem. Stortinget vil sterkt understreke at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en omhyggelig vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurderingen må være avgjørende for om eksport skal finne sted".

I 1997 slutta eit samrøystes storting seg til ei presisering frå Bondevik I-regjeringa om at "Utenriksdepartementets vurdering av disse forholdene omfatter en vurdering av en rekke politiske spørsmål, herunder spørsmål knyttet til demokratiske rettigheter og respekt for grunnleggende menneskerettigheter".

Eksportkontrollen tek òg sikte på å hindre at varer og teknologi for framstilling av masseøydeleggingsvåpen vert utførte i strid med norsk regelverk, internasjonale avtalar og internasjonalt samarbeid som Noreg har slutta seg til.

Regjeringa meiner at behovet for innsyn i eksporten av forsvarsmateriell er vareteke med den årlege stortingsmeldinga om eksport av forsvarsmateriell med dei endringar som no er sette i verk for å sikre auka innsyn. I kapittel 2 vert det gjort nærare greie for dette arbeidet.

Utanriksdepartementet varsla i meldingane om eksport av forsvarsmateriell i 2001, i 2002 og 2003 ein gjennomgang av eksportkontrollregelverket for å styrkje dette som ledd i kampen mot internasjonal terrorisme. Gjennomgangen fann stad i 2004 og førte til at det vart gjort ei rekkje endringar i eksportkontrollforskriftene.

Tanken med forskriftsendringane har vore å forenkle regelverket og gjere det meir tilpassa dagens utfordringar. I tillegg har endringane medført styrking av kontrollen. Forskrifta er mellom anna oppdatert for å sikre heimel til å utøve kontroll med eksport av alle varer, også varer som ikkje står på kontrollistene, til land under våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet i FN. I kapittel 3 vert det gjort nærare greie for eksportkontrollregelverket og endringane som vart gjorde i november 2004.

Forslag om endringar i eksportkontrollova, jf. Ot.prp. nr. 47 (2004-2005), vart fremja i statsråd 18. februar 2005 og behandla av Odelstinget 25. april 2005, jf. Innst. O. nr. 74 (2004-2005). Forslaget er no til endeleg behandling i Stortinget. Dei føreslegne endringane går mellom anna ut på å styrkje regelverket som ledd i kampen mot internasjonal terrorisme og å styrkje kontrollen med handelen med sensitive varer, teknologi og tenester som kan brukast til terrorformål.

Utanriksdepartementet arbeider kontinuerleg med å sikre eit tidsmessig og effektivt regelverk, og legg vekt på eit nært samarbeid med den einskilde eksportør frå sak til sak. Omsynet til norske leverandørar og deira truverde som handelspartnarar er òg ei sak som det vert teke omsyn til i samband med tildeling av løyve til oppfølgingsleveransar.

Noreg deltek i det omfattande internasjonale samarbeidet som er etablert på eksportkontroll- og ikkje-spreiingsområdet. Kontrollen med fleirbruksvarer (liste II) byggjer heilt og fullt på det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet. Handelen med konvensjonelle våpen og militært materiell (liste I) er i utgangspunktet eit nasjonalt ansvar, men også her har utviklinga dei seinare åra gått i retning av auka internasjonal dialog og koordinering. Dessutan har arbeidet dei siste åra blitt drive fram av kravet til auka innsyn i handelen med forsvarsmateriell.

Etter terroråtaka mot amerikanske mål 11. september 2001 har det internasjonale samfunnet vedteke strengare retningslinjer og sett i verk nye tiltak for å hindre at våpen, militært materiell og sensitive fleirbruksvarer kjem i hendene på terroristar. Tryggingsrådsresolusjonane 1373 (2001) og 1540 (2004) representerer viktige vedtak med omsyn til gjennomføringa av effektiv eksportkontroll for varer og teknologi som spelar ei rolle i utviklinga av masseøydeleggingsvåpen. Resolusjonane medfører mellom anna at medlemslanda forpliktar seg til å setje i verk nasjonale tiltak for å hindre terroristar og land i å få tilgang til sensitive varer og teknologi i tilknyting til masseøydeleggingsvåpen.

Aktiviteten i dei multilaterale eksportkontroll- og ikkje-spreiingsregima har auka vesentleg dei siste åra. Sidan 2001 er det oppnådd semje om å styrkje og vidareutvikle samarbeidet på fleire område.

Noreg slutta seg til EU-kodeksen for eksport av våpen og militært materiell i 1998. Kodeksen dannar i aukande grad eit internasjonalt rammeverk for prinsippa om leveransar av våpen og militært materiell. I 2004 innleidde Noreg eit nærare samarbeid med EU med kodeksen for våpeneksport som ramme. Norske data om eksporten av forsvarsmateriell blir tekne med i den årlege rapporten frå EU-landa i samband med EU-kodeksen i 2005.

Noreg har formannskapen i eksportkontrollregimet Nuclear Suppliers Group (NSG) frå juni 2005 til juni 2006. Formannskapen er ei viktig påskjønning av det arbeidet Noreg gjer på ikkje-spreiingsområdet, og vil gje oss eit godt høve til å medverke ytterlegare til å hindre spreiing av kjernefysiske våpen.

I 2003 gjennomførte Wassenaar-samarbeidet ei omfattande styrking og vidareutvikling av samarbeidet om kontroll med konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi. Det vart mellom anna oppnådd semje om felles kriterium for kontroll med berbare luftvernsystem (MANPADS) og handvåpen.

Standardane for eksport av forsvarsmateriell som vert utvikla innanfor Wassenaar-samarbeidet (WA), legg saman med EU-kodeksen for våpeneksport føringar for den norske praktiseringa når det gjeld kontroll med eksporten av forsvarsmateriell.

Noreg gjennomfører vedtaka om våpenembargo som er gjorde av Tryggingsrådet i FN og i OSSE. Noreg har også slutta seg til og etterlever EU-vedtak om våpenembargoar. Dette er ein politikk Regjeringa tek sikte på å vidareføre.

Noreg har eit nært samarbeid med andre nordiske land og nærståande land elles om eksportkontrollspørsmål. Nordisk-baltiske konsultasjonar om ikkje-spreiing og eksportkontroll vert haldne kvart halvår. Det er teke eit særskilt initiativ med sikte på styrking av eksportkontrollen i dei baltiske landa. Frå norsk side er det lagt vesentleg vekt på å medverke til å styrkje det internasjonale ikkje-spreiings- og eksportkontrollarbeidet gjennom dialog og kompetanseoverføring.

I kapittel 4 er det gjort nærare greie for det internasjonale samarbeidet om eksportkontroll og ikkje-spreiing, medrekna tiltak mot internasjonal terrorisme.

I kapittel 5 er det gjort greie for saksbehandlinga i Utanriksdepartementet når det gjeld eksportkontrollsaker. Det vert òg gjort greie for behandlinga av søknader om utførselsløyve for både forsvarsmateriell (liste I) og fleirbruksvarer (liste II).

Dei siste åra har forsvarsindustrien gjennomført vesentlege tilpassingar til ein endra internasjonal marknad. Omstrukturering og internasjonalisering har ført til at norske forsvarsmateriellbedrifter har satsa på utvikling av nisjekompetanse innanfor ramma av fleirnasjonalt samarbeid. Det er gjort nærare greie for dette arbeidet i kapittel 6.

Talmaterialet som ligg til grunn for oversiktene over eksport, utførte tenester og reparasjonar for utanlandske oppdragsgjevarar på forsvarsmateriellområdet, går fram av kapittel 7. Verdien av eksporten representerer reelle sal og er basert på rapportar frå eksportørane sjølve. Departementet kontrollerer rapportane mot tildelte løyve og lisensar.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Haakon Blankenborg, lederen Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, fra Kristelig Folkeparti, Sigmund Kroslid og Lars Rise, og fra Senterpartiet, Åslaug Haga, viser til meldingen som gjelder kontroll med utførsel av forsvarsmateriell i 2004 som står på Utenriksdepartementets liste I og tjenester og teknologi knyttet til disse varene. Varene på liste I omfatter både A-materiell, som er våpensystem og ammunisjon, og B-materiell, som er annet utstyr utviklet eller modifisert for militære formål.

Komiteen har merket seg at det i 2004 var en generell nedgang i eksporten til flere av de tradisjonelle mottakerne av norsk forsvarsmateriell. Verdien av den samlede eksporten av våpen og militært materiell i 2004 var litt i overkant av 2 mrd. kroner, mot litt i overkant av 3 mrd. i 2003.

Komiteen er tilfreds med at eksportkontrollen tar sikte på å hindre at varer og teknologi som kan brukes til fremstilling av masseødeleggelsesvåpen, utføres i strid med norsk regelverk, internasjonale avtaler og internasjonalt samarbeid som Norge har sluttet seg til.

Komiteen er også tilfreds med at meldingen nå er mer detaljrik enn tidligere meldinger, at det i 2004 er gjort en gjennomgang av eksportkontrollregelverket, og at det er blitt gjort en rekke endringer i eksportkontrollforskriftene.

Komiteen mener at denne gjennomgangen har vært svært viktig med sikte på styrking av kontroll i tilknytning til terrorismeaspektet, og ved kontroll med eksport av sensitive varer, teknologi og tjenester som kan benyttes til terrorformål.

Komiteen er også tilfreds med at forskriftsendringene har tatt sikte på å forenkle regelverket og gjøre det mer tilpasset dagens utfordringer, samt styrke kon­trollen med alle varer, også varer som ikke står på kontrollistene, til land under våpenembargo vedtatt av Sikkerhetsrådet i FN.

Komiteen viser også til, og er tilfreds med, at det nå i tilknytning til årets melding er iverksatt en rekke tiltak for å gi økt informasjon og innsyn i eksporten av forsvarsmateriell, og som det er gitt nærmere orientering om i kapittel 2.

Komiteen mener at det viktig å opprettholde en streng kontroll med våpeneksport og teknologi som kan benyttes til fremstilling av våpen, og hvilke land disse eksporteres til, sett på bakgrunn av den ustabile situasjonen i mange land i verden.

Komiteen mener at multilateral eksportkontroll i de siste årene har blitt et stadig viktigere virkemiddel i arbeidet for å hindre spredning av masseødeleggelsesvåpen og oppbygging av konvensjonell, militær kapasitet som kan true stabiliteten og sikkerheten i et område.

Komiteen mener at i kampen mot terrorisme er det viktig å hindre at våpen og teknologi havner i hendene på grupper eller personer som har sivile liv som mål for å fremme sin sak. Derfor er det viktig at det fremdeles føres en restriktiv politikk angående salg av våpen og teknologi, og at vi er tilsluttet internasjonale kontrollorganer.

Komiteen mener også det er viktig at det utveksles relevant informasjon med utvikling av kontrollister med varer og teknologi som er relevant i terrorsammenheng.

Komiteen viser til, og er glad for, at det er igangsatt et intensivt arbeid med sikte på å styrke samarbeidet for å hindre terrorister å få tilgang til utgangsstoffer for kjemiske og biologiske våpen eller produksjons- og spredningsutstyr.

Komiteen viser også til at mange av de væpnede konflikter i verden blir mer blodige og langvarige gjennom tilførsel av smuglede våpen, særlig slike som det er lett å lage, gjemme og smugle, herunder også sprengstoff.

Komiteen er også bekymret for at det finnes en mengde uregistrerte og ulovlige våpen som utgjør et alvorlig problem i konfliktområder, i land med ustabilt styre og i land med borgerkrig. Slike våpen er et globalt sikkerhetsproblem.

Komiteen mener derfor at det er viktig å utvikle tiltak mot ulovlig våpenhandel, blant annet ved bedre grensekontroll mot land der konflikter pågår. Det er også viktig at norske militære våpenlagre sikres bedre.

Komiteen viser til at eksportkontroll og ulovlig internasjonal handel med håndvåpen er dagsaktuelle spørsmål i FN, EU, OSSE og i Wassenaar-samarbeidet, og at det i 2002 ble vedtatt substansielle retningslinjer for å styrke deltakerlandenes kontroll med leveranser av håndvåpen og lette våpen.

Komiteen viser også til at generalforsamlingen i FN høsten 2003 vedtok å starte forhandlinger i 2004 om en internasjonal avtale om merking og sporing av håndvåpen, noe som etter komiteens syn vil bedre kontrollen med denne type våpen.

Komiteen mener at arbeidet med å fjerne uregistrerte våpen også må inngå i det internasjonale samarbeidet, og er glad for at Norge har gjennomført innsamling av uregistrerte og ulovlige våpen, som i tillegg til terror også kan brukes til kriminell virksomhet. Komiteen håper at andre land vil følge eksemplet.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at den norske våpeneksporten gikk ned i 2004 etter at den har vært i vekst i de senere år. Disse medlemmer merker seg imidlertid at det ble solgt mer våpen og militært materiell til USA og Storbritannia i 2004 enn året før. Det er grunn til å se dette i lys av den pågående krigen i Irak. Disse medlemmer er tilfreds med at rapporteringen er blitt stadig mer grundig og konkret, og mener at denne stortingsmeldingen gir Stortinget et godt bilde av norsk våpeneksport. Stortingets kontrollfunksjon kunne likevel vært ytterligere forsterket. Disse medlemmer viser til forslaget om å vurdere å sette ned et kontrollutvalg for norsk våpeneksport i forbindelse med behandlingen av St.meld. nr. 41 (2002-2003). Tilsvarende ville den folkevalgte kontrollen av våpeneksporten blitt forsterket, dersom det var innført en sluttbrukererklæring ved salg av våpen og annet militært materiell.

Disse medlemmer viser til at de totale militære utgiftene i verden nådde 1 billion (ett tusen milliarder) dollar i 2004, ifølge en rapport som er utarbeidet av det svenske fredsforskningsinstituttet i Stockholm. Rapporten viser at beløpet tilsvarer omtrent 1000 kroner for hvert eneste menneske på jorden, og at forbruket nå ligger bare 6 prosent lavere enn det historiske toppnivået under den kalde krigen i 1987-88. USA står alene for 47 pst. av dette forbruket. Rapporten viser dessuten at den sterkeste økningen i militær ressursbruk fant sted i Sør-Asia, og her ble Indias storsatsing trukket spesielt fram. Disse medlemmer er bekymret over den økte militariseringen i verden og mener at nedrustnings- og ikkespredningsarbeidet må intensiveres.

Disse medlemmer viser til beskrivelsen av det multilaterale eksportkontrollsamarbeidet i meldingen, hvor det bl.a. gjøres rede for oppfølgingen av avtalen om ikkespredning av kjernevåpen (NPT). Disse medlemmer er svært urolige over mangelen på framgang under den siste tilsynskonferansen. Det er all grunn til å være bekymret for at nye land søker å ut­vikle kjernevåpen, samtidig som eksisterende kjernemakter ikke følger sine nedrustningsforpliktelser. Disse medlemmer viser i denne sammenheng til følgende vedtak i Innst. S. nr. 49 (2004-2005) fra forsvarskomiteen om samfunnssikkerhet og sivilt-militært samarbeid:

"Stortinget ber Regjeringen om å fremme en sak for Stortinget med en helhetlig gjennomgang av på hvilken måte og på hvilke arenaer Norge best kan bidra i arbeidet med nedrustning og ikke-spredning."

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

St.meld. nr. 36 (2004-2005) - om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2004, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid - vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 9. juni 2005

Thorbjørn Jagland

leder

Christopher Stensaker

ordfører