Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2005 m.m. under Olje- og energidepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 54 (2005-2006)
  • Kildedok: St.prp. nr. 24 (2005-2006)
  • Dato: 13.12.2005
  • Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget

Sammendrag

Olje- og energidepartementet foreslår i proposisjonen endringar på statsbudsjettet for 2005. Departementet gjer òg greie for bruk av fullmakter under Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

Endringar på statsbudsjettet for 2005

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4800)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

I samband med bygginga av gassrøyrleidninga frå Åsgard til Kårstø, blei det i perioden 1996-2001 gjort ein del tilleggsinvesteringar på Kårstøanlegga. Fordelinga av kostnader mellom SDØE og Statoil er framleis ikkje endeleg klårlagt.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner. Vidare blir det gjort framlegg om å auka fullmakta til å pådra forpliktingar ut over løyving med 7,5 mill. kroner.

Post 22 Beredskapslagre for drivstoff, kan overførast

Som følgje av skjerping av spesifikasjonane i forhold til EUs Auto Oil-program har det vore naudsynt å oppgradere bensinlagra som medfører auka utgifter i 2005 på om lag 1,6 mill. kroner.

Vidare har Noreg gjennomført sal av om lag 40 000 Sm3 petroleumsprodukt frå våre oljeberedskapslager i 2005. Samla utgjør dette om lag 1 mill. kroner, og det er venta at salet vil gi inntekter i 2005 på om lag 120 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner.

Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til OD si oppdrags- og samarbeidsverksemd med 16,5 mill. kroner.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)

Post 1 Driftsutgifter

Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 1820 post 1 med 10 mill. kroner.

Kap. 1825 Omlegging av energibruk og energi­produksjon

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga knytt til arbeidet med implementering av innføring av energimerkeordninga blir foreslått flytta frå kap. 1820 post 1 Driftsutgifter til kap. 1825 post 21 Spesielle driftsutgifter som eit eige tiltak. Nytt forslag til løyving på posten blir etter dette 22 mill. kroner.

Kap. 2440/5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2005 frå Petoro AS, basert på rekneskapsføring per 31. august 2005 og overslag for resten av året. Det heftar uvisse knytt til utviklinga i oljeprisen.

Det er lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 345 per fat for 2005. I Revidert budsjett for 2005 blei det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 300 per fat.

Det blir foreslått ei løyving på 0,7 mill. kroner under kap. 2440 ny post 25 Pro et contra-oppgjer. Løyvinga har samanheng med korrigeringar i pro et contra-oppgjeret knytt til salet av 6,5 pst. SDØE-eigardelar i 2002.

Overslaget for kap. 2440 post 30 Investeringar er redusert med 2 300 mill. kroner.

Kostnadsendringane på Snøhvit fører til at SDØE sin del av investeringane i prosjektet aukar med om lag 120 mill. kroner i 2005.

Det blir foreslått ei løyving på 233,1 mill. kroner under kap. 5440 post 1 Pro et contra-oppgjer

Endringane fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat aukar med 11 400 mill. kroner. Overslaget for kap. 5440 post 50 Overføring frå Staten sitt petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 900 mill. kroner.

Endringane medfører samla sett at netto kontantstraumen frå SDØE blir auka med 12 500,4 mill. kroner i høve til gjeldande løyving.

Kap. 2442 Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Det gjenstår framleis fjerningstilskotssaker frå tida før fjerningstilskotlova blei heva, og det blir foreslått ei løyving på 28 mill. kroner for 2005.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet (jf. kap. 1800)

Post 2 Ymse inntekter

Salet av om lag 40 000 Sm3 petroleumsprodukt frå staten sine beredskapslager vil venteleg gi ei inntekt på om lag 120 mill. kroner i 2005.

Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Det blir foreslått å auke løyvinga med 16,5 mill. kroner.

Kap. 4811 Statoil ASA

Post 90 Sal av aksjer

Olje- og energidepartementet gjennomførte i februar 2005 eit sal av totalt 117,65 mill. aksjer i Statoil ASA. Dei totale inntektene frå aksjesalet utgjer kr 12 478 314 200.

I St.prp. nr. 65 (2004-2005) er inntektene frå salet estimert til 12 477,8 mill. kroner. Det blir difor foreslått å auke posten med 0,5 mill. kroner.

Kap. 4860 Statsforetak under Olje- og energi­departementet

Post 70 Garantiprovisjon, Statnett SF

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,6 mill. kroner, som har samanheng med at Statnett sin lånemasse med statsgaranti er blitt redusert.

Bruk av fullmakter under SDØE

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2004-2005).

Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruken av desse fullmaktene.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Asmund Kristoffersen, Khalid Mahmood, Eva M. Nielsen, Tore Nordtun, Torny Pedersen og Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen, Tord Lien og Ketil Solvik-Olsen, fra Høyre, Børge Brende og Ivar Kristiansen, fra Sosialistisk Venstreparti, Heidi Sørensen, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Holten Hjemdal, fra Senterpartiet, Ola Borten Moe og fra Venstre, lederen Gunnar Kvassheim, viser til de foreslåtte endringene på statsbudsjettet for 2005.

Komiteen har videre merket seg departementets orientering om bruk av fullmakter under SDØE.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2005 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1800

Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4800)

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

2 500 000

frå kr 55 355 000 til 57 855 000

22

Beredskapslagre for drivstoff, kan overførast, blir auka med

2 600 000

frå kr 21 500 000 til 24 100 000

1810

Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

16 500 000

frå kr 77 830 000 til kr 94 330 000

1820

Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)

1

Driftsutgifter, blir redusert med

10 000 000

frå kr 260 490 000 til kr 250 490 000

1825

Omlegging av energibruk og energiproduksjon

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

10 000 000

frå kr 12 000 000 til kr 22 000 000

2440

Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (jf. kap. 5440)

25 (ny)

Pro et contra-oppgjer, blir løyvd med

700 000

30

Investeringar, blir redusert med

2 300 000 000

frå kr 24 600 000 000 til kr 22 300 000 000

2442

Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen

70 (ny)

Tilskot, overslagsløyving, blir løyvd med

28 000 000

Inntekter

4800

Olje- og energidepartementet (jf. kap. 1800)

2

Ymse inntekter, blir løyvd med

120 000 000

4810

Oljedirektoratet (jf. kap. 1810

2

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir auka med

16 500 000

frå kr 32 900 000 til kr 49 400 000

4811

Statoil ASA

90

Sal av aksjer, blir auka med

500 000

frå kr 12 477 800 000 til kr 12 478 300 000

4860

Statsforetak under Olje- og energidepartementet

70

Garantiprovisjon, Statnett SF, blir redusert med

600 000

frå kr 10 100 000 til kr 9 500 000

5440

Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (jf. kap. 2440)

1

Pro et contra-oppgjer, blir auka med

1 100 000

frå kr 232 000 000 til kr 233 100 000

24

Driftsresultat, blir auka med

11 400 000 000

frå kr 96 600 000 000 til kr 108 000 000 000

Spesifikasjon:

Driftsinntekter . 150 700 000 000

Driftsutgifter ..-21 800 000 000

Leite- og feltutviklingsutgifter .-1 100 000 000

Avskrivingar ..-13 100 000 000

Renter av staten sin kapital -6 700 000 000

108 000 000 000

30

Avskrivingar, blir redusert med

1 300 000 000

frå kr 14 400 000 000 til kr 13 100 000 000

50(ny)

Overføring frå Staten sitt petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med

900 000 000

80

Renter av staten sin kapital, blir redusert med

800 000 000

frå kr 7 500 000 000 til kr 6 700 000 000

II

Fullmakt til å binde seg utover gitt løyving

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet i 2005 kan binde seg utover gitt løyving innanfor følgjande sum:

Kap.

Post

Nemning

Samla ramme

1800

Olje- og energidepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

10,0 mill. kroner

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 13. desember 2005

Gunnar Kvassheim

leder og ordfører