Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, frå Fram­stegspartiet, Siv Jensen, Tove Nyhus og Øyvind Vaksdal, frå Høgre, Eli Årdal Berland og Finn Martin Vallersnes, frå Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Lothe, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun, frå Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og frå Venstre, Anne Margrethe Larsen, viser til at Europarådet i dag har 46 medlemsland etter at Serbia/Montenegro og Monaco vart tekne med som medlemer i 2003 og 2004.

Komiteen vil streke under kor viktig Europarådet er for å skape dialog og samarbeid i Europa og sette fokus på grunnleggjande verdiar, menneskerettar og rettsstaten sine prinsipp. Komiteen meiner også Europarådet må spele ei rolle i demokratiutviklinga og førebygging av konfliktar gjennom demokratisk deltaking og godt styresett.

Komiteen er oppteken av at Europarådet skal vere ein open og effektiv organisasjon og at det vert sikra eit godt samarbeid med andre europeiske organisasjonar, særleg OSSE og EU.

Komiteen legg vekt på at det må vere ein felles standard for menneskerettane i Europa basert på Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som er grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Komiteen har her merka seg framlegget til forfatningstraktaten i EU og utsiktene for at EU blir part i EMK.

Komiteen meiner det er naudsynt at Menneskerettsdomstolen har kapasitet til å følgje opp saker om brot på menneskerettane, og er tilfreds med at det norske formannskapet i 2004 la særleg prioritet på gjennomføringa av reformer for å effektivisere domstolen sitt arbeid, redusere talet på klager og sikre fullbyrding av avgjerder. Komiteen vil streke under at det primære ansvaret for å ivareta menneskerettane i utgangspunktet ligg hjå medlemslanda sjølve, men der Europarådet må hjelpe landa på det førebyggjande området.