2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemane frå Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og leiaren Lodve Solholm, frå Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Dagfinn Høybråten, og frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at ein Twin Otter med kjenneteiknet LN-BNK havarerte den 11. mars 1982 på veg frå Berlevåg til Mehamn i Finnmark. Fartysjefen, styrmannen og dei 13 passasjerane mista livet. Kapteinen vart aldri funnen. Komiteen viser til at havariet og det store tapet av menneskeliv ramma fleire lokalsamfunn i Finnmark hardt. Fleire barn mista foreldre, og endå fleire foreldre mista barn. Komiteen er klar over at dette havariet i fleire tiår har sett sterke kjensler i sving mellom etterlatne og andre involverte menneske. Komiteen er også merksam på at det i offentlegheita og mellom folk, spesielt i Nord-Noreg, har herska både tvil og delte meiningar om kva og kven som var årsaka til havariet. Komiteen meiner det er ei viktig oppgåve å medverka til at det kan skapast ro rundt denne saka. Eit slikt utfall er avhengig av to forhold. For det fyrste at offentlege styresmakter - så langt det let seg gjera - legg vinn på å kartleggja og vurdera sannsynet til ulike forklaringar av havariet. Dinest at spesielt dei etterlatne vert kompenserte for dei tvillause påkjenningane den vedvarande uroa og mangel på allmenn semje om havariårsak har påført dei.

Komiteen viser til at Stortinget den 16. desember 2002 gjorde vedtak om å be Presidentskapet oppnemna ein ny granskingskommisjon for Mehamn-ulukka og laga eit mandat for denne kommisjonen. Bakgrunnen for dette vedtaket var ny merksemd rundt Mehamn-ulukka i media, og heilt konkret eit privat forslag frå dåverande stortingsrepresentant Odd Roger Enoksen om å oppretta granskingskommisjonar for igjen å vurdera alle forhold rundt både Mehamn-ulukka og forliset til "Utvik Senior", jf. Dokument nr. 8:27 (2002-2003). Både samansetjing av kommisjonen og mandat låg føre den 30. januar 2003, og granskingskommisjonen leverte den 20. september 2005 sin rapport til Stortingets presidentskap.

Komiteen har lagt stor vekt på ei open, søkjande og fordomsfri handsaming av rapporten til granskingskommisjonen. Både representantar for dei etterlatne og vitne har vorte inviterte og møtt medlemer i kontroll- og konstitusjonskomiteen med utgangspunkt i deira innspel og kommentarar til rapporten til granskingskommisjonen. I tillegg har medlemer frå granskingskommisjonen sjølv og representantar frå NRK og Widerøes Flyveselskap A/S møtt og svart på spørsmål frå medlemer i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Komiteen meiner at desse møta har vore meiningsfulle. I tillegg har komiteen gått nøye gjennom dei mange skriftlege innspela som er mottekne. Både møta og desse innspela har letta komiteen si handsaming av saka.

Komiteen tykkjer granskingskommisjonen for Mehamn-ulukka har medverka til ei endeleg avklaring av denne saka. Det er openbart at granskingskommisjonen har gjennomført den mest omfattande undersøkinga av moglege årsaker til ulukka. Komiteen synest dette er positivt i seg sjølv; uavhengig av kvifor Mehamn-ulukka på ny vart eit tema i offentlegheita.

Komiteen viser til at granskingskommisjonen - etter ei samla vurdering av alt materialet som ligg føre om vraket, radarplott, vitneprov og tilgjengelege opplysningar om lufttrafikken over Troms og Finnmark ulukkesdagen - finn at ulukka ikkje skjedde grunna kollisjon med eit anna fly. Heller ikkje samanstøyt med drone, fugl eller liknande vert sett på som sannsynleg havariårsak i det heile. I samband med Mehamn-ulukka har det lenge vore spekulert i om britiske Harrier-jagarfly var involverte på noko vis. Komiteen meiner granskingskommisjonen legg fram gode grunnar for å avvisa slike spekulasjonar. Granskingskommisjonen sine analysar av militære trafikkjournalar, avhøyr av tidlegare britiske pilotar og gjennomgang av britiske logg- og autorisasjonsbøker frå 1982 gjev samla sett lite grunnlag for å mistenkja allierte militærfly for å ha kunna årsaka - anten direkte eller indirekte - Mehamn-ulukka. Komiteen legg etter dette til grunn at flyhavariet den 11. mars 1982 var ei ulukke.

Komiteen vil også peika på det brevet NRK har sendt komiteen, der det mellom anna heiter:

"NRK Brennpunkt har med helt normale journalistiske virkemidler utelukkende fokusert på spørsmålet om det var militær flytaktivitet i ulykkesområdet omkring ulykkestidspunktet, noe som hadde blitt avvist av alle tidligere granskninger. Brennpunkt har ikke kunnet fastslå og har heller ikke påstått, at slik aktivitet har årsakssammenheng med ulykken."

Komiteen viser til at granskingskommisjonen meiner den mest sannsynlege årsaka til Mehamn-ulukka var eit samanbrot i høgderorssystemet til LN-BNK. Dette skal ha vorte utløyst av uvanleg sterk turbulens i kombinasjon med at nett høgderorssystemet skal ha hatt veikskapar før det tok av frå Berlevåg den 11. mars 1982. Desse veikskapane kan ha svekka flyets manøvreringsevne, og auka sjansane for havari i dei vêrforholda flyet vart utsett for. Komiteen refererer til at Transport Canada peika på dette alt i 1982, men at både produsent, operatør og Flyhavarikommisjonen var usamde. Komiteen meiner dei nye analysane av korleis tekniske veikskapar ved flyet kan ha medverka til ulukka, inneber at operatøren Widerøes Flyveselskap A/S hadde eit monaleg ansvar for Mehamn-ulukka. Det påviste manglande eller mangelfulle vedlikehaldet og tekniske tilsynet med flyet kan i alle fall ikkje ha redusert sannsynet for den tragiske ulukka.

Komiteen vil understreka at det ifylgje granskingskommisjonen ikkje finst haldepunkt for at verken medisinske eller helsemessige forhold ved mannskapet i LN-BNK har hatt nokon innverknad på ulukka.

Det har gått 24 år sidan LN-BNK havarerte utanfor Gamvik. Etter såpass lang tid er det korkje lett eller likeframt å konkludera bastant og utan atterhald når det gjeld kva som var årsaka til dette havariet. Komiteen viser mellom anna til utsegner frå eit av dei mest sentrale vitna i denne saka, Grete Mortensen, som både kunne peika ut området der flyet vart funne og - allereie dagar etter ulukka - uttalte at ho hadde sett fly i ulukkesområdet i kritisk tid. Granskingskommisjonen har ikkje makta å finna ut kva slags fly dette var, og om det i det heile har hatt noko med LN-BNK-havariet å gjera. Komiteen kan ikkje gjera noko anna enn å fastslå at einskilde vitneobservasjonar kan vera truverdige i seg sjølve, men kan samstundes vanskeleg la seg forklarast og utdjupast presist. I tillegg står vitnemål stundom mot einannan. Etter kvart som tida går, minkar også sjansane for både endeleg avklaring og semje om kven som såg kva og kor og når.

Komiteen er kjend med at nokre av dei etterlatne fekk erstatning frå Widerøes Flyveselskap A/S sitt for­sikringsselskap Lloyds i London i etterkant av ulukka i 1982. Utbetalingane var baserte på økonomiske tap, fyrst og fremst tap av framtidig forsørgjarinntekt. Innanfor eit maksimalbeløp vart dei estimerte tapa dinest avkorta mot offentlege trygdeordningar som vart effektuerte som fylgje av ulukka. Til ein viss grad vart erstatningsbeløpa også avkorta mot private ulukkesforsikringar. Ifylgje Widerøes Flyveselskap A/S gav norsk erstatningsrett derimot ikkje heimel for erstatning for dei barna som omkom i ulukka. I tillegg har komiteen fått opplyst at i eitt tilfelle fekk to etterlatne fyrst erstatning etter lovnad om å ikkje koma attende med nye erstatningskrav mot Widerøes Flyveselskap A/S i framtida, uavhengig av eventuell ny informasjon om årsakene til ulukka. Komiteen legg til grunn at dette vilkåret galdt generelt for alle etterlatne.

Komiteen vil streka under at staten ved fleire høve har medverka til offentleg gransking av Mehamn-ulukka. Staten har likevel inga plikt til å gjera noko for å avklara krav som dei etterlatne måtte ha som fylgje av ulukka. Etter alminneleg erstatningsrett har staten derimot eit erstatningsansvar dersom offentlege styresmakter - inklusive granskingsorgana - anten direkte er årsak til havariet, eller aktivt har freista skjula kva og/eller kven som står bak ulukka. Dette gjeld til dømes dersom granskingsorgan medvite har villeia ålmenta og dermed dei skadelidne ved å framstilla årsaksforholdet annleis enn slik granskingsorganet sjølv oppfatta det. Komiteen viser til at granskingskommisjonen ikkje har sannsynleggjort at offentlege styres-makter har eit slikt direkte erstatningsansvar for dei etterlatne sine økonomiske og ikkje-økonomiske tap. Det er heller ikkje påvist døme på grov uforstand eller andre kritikkverdige forhold som kan ha påverka styresmaktene si handtering av saka.

Komiteen meiner samstundes at det offentlege kan gje dei etterlatne eit skjønnsmessig vederlag av di granskingane av Mehamn-ulukka eit stykke på veg har vore handtert uheldig. Både etterlatne og mange andre, i Nord-Noreg spesielt, har opplevd at dei fyrste flyhavarikommisjonane ikkje gjennomførte gode nok undersøkingar av havariet til at deira konklusjonar vart allment aksepterte. Utbreidd tvil og mistru til årsakene til ulukka har gjort at denne saka har påført mange store og kan hende urimelege belastningar. Komiteen går inn for at eit økonomisk handslag vert gjeve til dei etterlatne som ei form for oppreisning.

Komiteen viser til at rettferdsvederlagsordninga (billighetserstatningsordninga) sorterer under Stortinget. Denne ordninga er fleksibel, og det finst ingen formelle retningsliner for vurderinga av den erstatning som skal gjevast. Utgangspunktet skal likevel vera basert på ei skjønnsmessig vurdering av skadar som fyrst og fremst kjem av kritikkverdige forhold frå det offentlege si side. Rettferdsvederlag kan tilkjennast utan at det ligg føre noko rettsleg grunnlag for erstatningsansvar. I regelen vert rettferdsvederlag berre gjeve til han eller ho som er blitt påført ein skade. Det høyrer med til unntaka at etterlatne får rettferdsvederlag dersom desse også har lide tap. Slike tap kan generelt sett også vera ikkje-økonomiske.

Komiteen viser til at kontroll- og konstitusjonskomiteen handsama "Utvik Seniors forlis" våren 2005. Då uttalte komitefleirtalet (representantane frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti) at rettferdsvederlagsordninga ikkje skal vera noka erstatningsordning for etterlatne eller andre som er ramma av ulukker, jf. Innst. S. nr. 242 (2004-2005). Komitefleirtalet tilrådde såleis ei eiga erstatningsordning for etterlatne etter Utvik Senior-forliset.

Komiteen meiner ei liknande ordning bør etablerast for dei etterlatne etter Mehamn-ulukka, og at denne ordninga raskt lyt setjast ut i livet.

Komiteen gjer framlegg om fylgjande forslag:

  • 1. "Stortinget ber Regjeringa etablera ei særskilt erstatningsordning for etterlatne etter Mehamn-ulukka.

  • 2. Stortinget ber Regjeringa oppnemna ei eiga nemnd som får som oppgåve å fastsetja erstatningsbeløp og definera kven som skal omfattast av ordninga."

Komiteen har sett det som ei viktig oppgåve å medverka til at det vert skapt ro omkring Mehamn-ulukka, og at dei etterlatne får eit skjønnsmessig vederlag for dei påkjenningane som styresmaktene si gransking av ulukka har medverka til over fleire tiår. Dei to føregåande granskingskommisjonane skapte ikkje ro rundt ulukkesårsaka. Over tid har dette forsterka påkjenningane for alle dei som har vorte ramma og råka av ulukka.

Komiteen ynskjer å streka under at Mehamn-saka er spesiell. Komiteen meiner det er avgjerande at omfattande ulukker generelt sett må granskast på eit vis som fører til at slike saker mykje lettare kan avsluttast på eit tidleg stadium.

Komiteen meiner elles at framtidige erstatningssaker fyrst og fremst bør kanaliserast gjennom rettferdsvederlagsordninga.