3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjera fylgjande

vedtak:

I

Stortinget ber Regjeringa etablera ei særskilt erstatningsordning for etterlatne etter Mehamn-ulukka.

II

Stortinget ber Regjeringa oppnemna ei eiga nemnd som får som oppgåve å fastsetja erstatningsbeløp og definera kven som skal omfattast av ordninga.

III

Dokument nr. 24 (2004-2005) Rapport til Stortingets presidentskap fra Stortingets granskningskommisjon for Mehamn-ulykken - vert lagd ved protokollen.