6.1 Sammendrag

6.1.1 Meistre endring

Regjeringa ønskjer å medverke til ei positiv utvikling for dei områda i landet som er mest utsette i høve til busetjing og arbeidsmarknad.

Felles for dei utsette områda er at dei må meistre endring gjennom omstilling, nyskaping og eigenbasert utvikling. Mindre lokalsamfunn, kommunar, regionale styresmakter, ulike sektorstyresmakter og nasjonale styresmakter må samarbeide og koordinere innsatsen om utviklingsoppgåver og politikkutfordringar. Det er særleg viktig at planar og program på nasjonalt og regionalt nivå for innsats som skal støtte opp lokalt utvik­lingsarbeid, er godt koordinerte, som til dømes for småsamfunn generelt, for fjellområde, kystsamfunn og ungdom og for omstillingsområde.

Hovudutfordringa er å drive eit utviklingsarbeid som medverkar til å meistre endring på ein konstruktiv måte. Regjeringa meiner at utgangspunktet for alt utvik­lingsarbeid må vere at initiativet og hovudansvaret for prosessen ligg lokalt eller regionalt. Å ta tak i utfordringane krev mobilisering og involvering av både private og offentlege aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Sjølv om initiativ og hovudinnsats bør liggje lokalt og regionalt, har staten ei viktig rolle som tilretteleggjar og bidragsytar.

Kommunal- og regionaldepartementet planlegg i samarbeid med andre departement å etablere eit kompetansesenter som kan samle opp og spreie erfaringar og kunnskap om verknaden av utviklingsprosjekt, pilotar og tiltak for å møte utfordringar og fremme lokal utvikling i utsette område.

6.1.2 Småsamfunnssatsing

Kommunal- og regionaldepartementet vil setje i gang ei eiga satsing for å stimulere til vekst og utvikling i småsamfunn. Småsamfunnssatsinga skal ha eit fleirårig perspektiv Ei ny småsamfunnssatsing har særleg fokus på gode teneste- og velferdstilbod, attraktive lokalsamfunn og næringsutvikling. Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at eksisterande, relevant utviklingsarbeid skal vere utgangspunkt for ei ny satsing. Den nasjonale ekstrainnsatsen for småsamfunn skal supplere og støtte opp under den breie innsatsen som alt skjer lokalt og regionalt.

Fylkeskommunane, med ansvar for størstedelen av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane, skal vere sentrale samarbeidspartnarar for departementet i konkretiseringa av småsamfunnssatsinga.

Lokalt engasjement og vilje til å satse er avgjerande føresetnader dersom ei småsamfunnssatsing skal lykkast. All erfaring tilseier at arbeid av denne typen krev genuin, lokal tru på at det er mogleg. Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer å medverke til å forsterke slike haldningar i lokalsamfunna, mellom anna ved å etablere ein pris.

Kommunal- og regionaldepartementet medverkar til å styrkje grunnlaget for utkantbutikkar gjennom Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar (MERKUR). Programmet fokuserer på kompetansebygging for å gjere utkantbutikkane meir attraktive og konkurransedyktige. I tillegg vil departementet vidareføre ei eiga utviklingsstøtte til dei mest marginale utkantbutikkane.

Unge er ei viktig gruppe i distrikts- og regionalpolitikken, både når det gjeld å utnytte ressursane til unge i lokalt utviklingsarbeid og å leggje til rette for at dei som ønskjer det, kan busetje seg utanfor dei større byområda. Regjeringa vil ha eit sterkare fokus på medverknaden frå barn og unge i kommunane.

I meldinga blir det peika på nokre ungdomsretta tiltak som er utforma spesielt for å treffe ungdom i område med store avstandar til større senter eller med særlege utfordringar i utviklinga i folketalet.

6.1.3 Spesiell innsats for små fiskeriavhengige samfunn og utviklingsstrategiar for fjellområda

Regjeringa har lagt til rette for innføring av distriktskvotar i torskefisket for enkelte fartøygrupper i 2006. Det er sett av eit kvantum for distriktskvote tilsvarande tre prosent av gruppekvotane av torsk for fartøy mellom 15 og 28 meter og for torsketrålarane. Ordninga skal utgreiast nærare. Formålet er å sørgje landing og foredling i spesielt utsette område for å sikre sysselsetjinga i industrien.

Regjeringa har som mål å utvikle ein politikk for fjellområda parallelt med vidareutviklinga av landbrukssektoren.

Regjeringa ønskjer å medverke til ei satsing for å vidareutvikle samarbeid mellom lokalt og regionalt næringsliv, forvaltning og kunnskapsinstitusjonar med sikte på auka innovasjon basert på lokale fortrinn i fjellområda, mellom anna grønt reiseliv. Arbeidet bør bli lagt opp etter mal av arbeidet med Innlandet 2010, med lokalt næringsliv som premissleverandørar for val av innsatsområde.

6.1.4 Omstilling i område med einsidig næringsstruktur som blir råka av nedlegging av arbeidsplassar

Område med einsidig næringsstruktur er særleg sårbare for raske endringar i nærings- og arbeidsliv og er meir utsette di mindre arbeidsmarknadene er. Eit langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid kan medverke til å unngå kriser som kan følgje av raske endringar i arbeidsmarknaden.

Regjeringa sitt utgangspunkt er at det er eit lokalt og regionalt ansvar å arbeide med omstilling for å motverke og møte akutte krisesituasjonar. Både private og offentlege aktørar på tvers av forvaltningsnivå bør delta i eit felles løft og saman skape sams oppfatning og ein sams analyse av situasjonen. Det er særleg viktig at næringslivet blir involvert og får eigarskap til arbeidet.

Staten bidreg i dag til lokalt omstillingsarbeid mellom anna med økonomiske midlar gjennom dei ordinære distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylka. Fylkeskommunane har ansvaret for å fordele desse midlane vidare til kommunar med omstillingsutfordringar og å samarbeide med kommunane og Innovasjon Noreg om innrettinga av omstillingsarbeidet. Innovasjon Noreg er gitt rolla som nasjonalt kompetansesenter for lokalt omstillingsarbeid. Departementet legg til grunn at denne rolla skal vidareførast.

Departementet vil arbeide vidare med å betre kunnskapsgrunnlaget og dialogen med fylka om konkrete utfordringar i samband med omstilling.

Det skal framleis vere fylkeskommunane som har hovudansvaret for omstillingsarbeidet i eige fylke. Men frå tid til anna oppstår det kriser i lokalsamfunn som har eit slikt omfang at ansvaret for å takle den ekstraordinære situasjonen ikkje kan overlatast til kommunen og fylkeskommunen aleine. I slike situasjonar kan det vere nødvendig med ein ekstrainnsats frå staten utover dei ordinære utviklingsmidlane. Det er viktig at også dette omstillings- og nyskapingsarbeidet blir sikra brei lokal og regional forankring gjennom ein forpliktande eigarskap til prosessen.

Regjeringa vil følgje opp dei lokaliseringsvedtaka som følgde av Stortingets handsaming av gjeldande langtidsplan for Forsvaret. Dette inkluderer dei spesielle tiltaka som er sette i verk for å handtere distriktspolitiske konsekvensar av den pågåande omstillinga.

Som eit ledd i den vidare moderniseringsprosessen i Forsvaret vil det også vere nødvendig å vurdere framtidig innretting av basestrukturen i Forsvaret. Det er ikkje gjort ei politisk vurdering eller behandling av Forsvarets framtidige basestruktur og geografiske lokalisering utover inneverande langtidsperiode. Rammene for utviklinga av Forsvaret etter 2009 skal etter planen leggjast fram i ein stortingsproposisjon våren 2008.

Regjeringa legg opp til å vidareføre eit nært samarbeid mellom Forsvarsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet med sikte på å handtere dei distrikts- og regionalpolitiske og dei personalpolitiske konsekvensane av den vidare omstillinga av Forsvaret.

Regjeringa meiner at Aetat, frå og med 1. juli 2006 Arbeids- og velferdsetaten, skal spele ei aktiv og viktig rolle i situasjonar som krev omstilling og nyskaping. Erfaringar frå mange omstillingssituasjonar har vist at tidleg kontakt mellom Aetat og dei som er råka, er med på å gjere overgangen til ny jobb enklare og hurtigare.

6.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, er opptatt av at det i distriktspolitikken skal være en klar satsing mot ungdom og unge i etableringsfasen. Det blir løftet fram flere tiltak i meldinga rettet mot disse gruppene. Flertallet håper at det nyoppretta rådet med unge i etableringsfasen vil komme med ytterligere gode forslag til gode ungdomsretta tiltak.

Flertallet mener at det å legge til rette for attraktive arbeidsplasser, selvetableringer, et godt kommunalt tjenestetilbud og et godt fritids- og kulturtilbud er det viktigste som kan gjøres for å sikre ung bosetting i hele landet. Tiltak som reduserer avstandsulemper og sikrer gode samferdsels- og kollektivtilbud også i distrikts-Norge er viktig. Ordningen "Hjem for en femtilapp" som har blitt innført i flere fylker, har flere steder visst seg å være et godt virkemiddel for å sikre di­striktsungdom et bedre kollektivtilbud.

Flertallet vil innenfor satsingen på såkalte småsamfunn, videreføre den målrettede MERKUR-satsingen for å skape bedre grunnlag for små utkantbutikker. Dette har vært en vellykket satsing så langt og bør videreføres.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, støtter planene om å opprette et eget kompetansesenter for distriktsutvikling. Et slikt senter skal både samle og bearbeide tilgjengelig kunnskap og spre erfaringer som kan fremme lokal utvikling i utsatte områder. Et slikt senter må lokaliseres til områder der senteret sjøl kan bli en viktig utviklingsaktør og samtidig knyttes opp mot et etablert utdanningsmiljø med nærhet til forsknings- og utviklingsmiljøer.

Dette flertallet ser positivt på den nye småsamfunnssatsinga som skal legge til rette for en mer offensiv innsats til de utfordringene som mange små lokalsamfunn står overfor.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til at Regjeringen følger dette opp i statsbudsjettet for 2007 med et forslag om å doble den særskilte satsingen på småsamfunn med en innsats på 50 mill. kroner til ulike program og virkemidler.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, mener at en målrettet satsing på tiltak i distriktene for å skape entusiasme og engasjement for lokal utvikling er viktig. Dette må skje på grunnlag av lokale initiativ og interesser. Fylkeskommunene har ansvaret for å bistå kommuner og småsamfunn med de riktige tiltakene. Dette flertallet vil styrke fylkeskommunenes rolle i distrikts- og regionalpolitikken. Det finnes etter hvert et stort antall prosjekter å vise til i lokal mobilisering. Noen, slik som i (Lucky) Næroset i Hedmark, har sågar greid å mobilisere og skape utvikling i hovedsak uten offentlig støtte. Det er viktig å ta lærdom også av slike prosjekter.

Dette flertallet har merket seg satsingen på bygdebyggere, i et samarbeid med NHO. Tiltak som kan støtte oppunder gründere og skape ringvirkninger av deres pågangsmot og kunnskaper, er viktig.

Dette flertallet viser til omtalen av lokale næringsomstillinger av et så kritisk omfang at ansvaret ikke kan overlates til kommunen og fylkeskommunen alene. Dette flertallet støtter de kriteriene som Regjeringen legger til grunn for at staten kan gå inn med en ekstraordinær innsats.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er av den oppfatning at hovedutfordring i de mest utsatte områdene er at lokalbefolkningen ikke får lov til å ta i bruk lokale fortrinn og naturressurser, samt store avstandsulemper grunnet distriktsfiendtlige avgifter på transport. Disse medlemmer ser imidlertid utfordringene i småsteder som mister sine hjørnestensbedrifter.