I samband med at barnehageområdet vart
flytta til Kunnskapsdepartementet 1. januar 2006 vart husleigeutgiftene
til Barne- og likestillingsdepartementet redusert med 453 000
kroner for 2006. Barne- og likestillingsdepartementet foreslår
at kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet post 1 Driftsutgifter
vert redusert med 453 000 kroner. Driftsbudsjettet til
Kunnskapsdepartementet vert auka tilsvarande.
Under kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet post
1 Driftsutgifter er det eit meirbehov på 7,207 mill. kroner
som kjem av at mellombelse tiltak vert utførte av departementet,
men finansierte over ulike fagkapittel.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet
post 1 med 7,207 mill. kroner mot følgjande innsparingar:
På kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet post
21 Spesielle driftsutgifter er det eit meirbehov på 1,049
mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten
vert utført av departementet, men vert finansiert over
ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innafor den
samla ramma til departementet. Ei slik teknisk overføring
inneber ikkje ei svekking av faglege føremål i
kapitla.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet
post 21 med 1,049 mill. kroner mot ei innsparing på 0,149
mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79
Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid o.a. og 0,9 mill. kroner
på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt
samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking,
utviklings- og opplysingsarbeid.
Utgiftene til tilskot til krisesentra i 2006
er rekna til å verte 2,306 mill. kroner høgare
enn løyvinga på 117,431 mill. kroner. Samla kommunalt
tilskot på 20 pst. av godkjende driftsutgifter utløyser
80 prosent statstilskot. Det er frivillig for kommunane å gje
tilskot til krisesentra. Talet på kommunar som gjev tilskot
og storleiken på tilskotet kan endra seg frå år
til år. Meirbehovet kjem av høgare kommunale tilskot
til krisesentra enn rekna med i saldert budsjett.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 840 post 60 med 2,306 mill. kroner.
Utgiftene til tilskot til incestsentra i 2006
er rekna til å verte 11,088 mill. kroner høgare
enn løyvinga på 29,226 mill. kroner.
Frå og med 2006 vart finansieringsordninga
for incestsentra endra. Den statlege delen av tilskotet gjekk opp
frå 50 pst. til 80 pst. av godkjende driftsutgifter, som
for krisesentra. Meirbehovet kjem av høgare kommunale tilskot,
eventuelt også høgare tilskot frå helseføretak
og fylkeskommunar, til incestsentra enn rekna med i saldert budsjett.
Det er frivillig for kommunane og andre offentlege instansar å gje
tilskot til incestsentra. Talet på kommunar og eventuelle
andre som gjev tilskot, og storleiken på tilskotet, kan
endra seg frå år til år.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 840 post 61 med 11,088 mill. kroner.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) fekk
høve til å overskride løyvinga i 2005
med 1,5 mill. kroner mot innsparing av 0,75 mill. kroner i 2006
og 0,75 mill. kroner i 2007. Det ligg derimot an til eit meirforbruk
på om lag 1,7 mill. kroner på denne posten. Meirutgiftene
er hovudsakleg knytt til løns- og driftsutgifter i region Øst
og er delvis eingongsutgifter knytt til flytting og samanslåing
av kontor i Fredrikstad og Hamar. Følgja av meirforbruket
i 2006 er at direktoratet ikkje greier den pålagte innsparinga
i 2006.
Departementet foreslår inndekning for
det meldte meirforbruket ved ei innsparing på 1,7 mill.
kroner under kap. 858 post 1.
Departementet foreslår at løyvinga
på posten vert redusert med 0,378 mill. kroner for å finansiere
meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap.
800 post 1.
Utgiftene til kontantstønad i 2006
er rekna til 2 290 mill. kroner, som er 57,5 mill. kroner
mindre enn løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett
2006.
Det siste overslaget byggjer på tal
på barn med kontantstønad ved utgangen av september.
Mindrebehovet samanlikna med løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett
2006 kjem av ei innsparing på 50 mill. kroner som følgje
av lågare utbetaling pr. barn og færre barn med
kontantstønad enn tidlegare lagt til grunn, samt 7,5 mill.
kroner mindre utbetalt i stønad til adoptivbarn over 3 år.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 844 post 70 med 57,5 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2006 er rekna til
14 350 mill. kroner, som er 40 mill. kroner meir enn løyvinga i
samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006. Meirbehovet på 40
mill. kroner kjem hovudsakleg av ein auke i utbetalingane av ordinær
barnetrygd.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 845 post 70 med 40 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga
under posten vert redusert med 2,222 mill. kroner for å finansiere
meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap.
800 post 1.
Talet på adopsjonar er lågare
enn tidlegare lagt til grunn som følgje av ein uventa stor
nedgang i talet på tildelingar frå dei landa ein
tradisjonelt har adoptert barn frå.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 852 post 70 med 6,2 mill. kroner.
Fylkesnemndene for sosiale saker er eit uavhengig statleg
forvaltningsorgan som handsamar og avgjer saker om tvangstiltak
etter barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Den klart
største delen av saker er etter barnevernlova. Vedtak gjort
i fylkesnemnda kan berre påklagast til domstolane. Arbeidet
til fylkesnemndene og tidsfristar for arbeidet er fastsett i lov.
Fylkesnemndene for sosiale saker hadde frå 2004
til 2005 ein vekst i talet på saker på 5,5 pst.
Veksten har fortsett i 2006, og det har vore ein spesielt høg
vekst i første halvår. Det er vanskeleg å gje
nøyaktige prognosar for utviklinga i talet på saker,
men det er venta at veksten i 2006 vert på same nivå som
i 2005.
Prognosar innhenta frå fylkesnemndene
pr. 1. oktober 2006 viser eit meirbehov på 6,1
mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga
under kap. 854 post 1 med 6,1 mill. kroner mot tilsvarande innsparing under
kap. 854 post 21.
Som følgje av at det likevel ikkje
skal vere eigendel på adopsjonsførebuande kurs,
foreslår departementet at inntektsløyvinga knytt
til forventa inntekter frå kursa vert redusert med 1,2
mill. kroner, og at utgiftene vert redusert tilsvarande. I tillegg
foreslår departementet å redusere posten ytterlegare
med 6,1 mill. kroner som følgje av auken det er gjort framlegg
om på kap. 854 post 1.
Totalt foreslår departementet ein reduksjon
av løyvinga under kap. 854 post 21 med 7,3 mill. kroner.
Posten dekkjer det særskilte tilskotet
som vert utbetalt til kommunane når einslege mindreårige
flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Prognosar frå Integrerings-
og mangfoldsdirektoratet (IMDi) pr. 1. oktober 2006 viser
at talet på einslege mindreårige flyktningar og
asylsøkjarar som kjem til landet i 2006 er venta å verte
om lag 170. IMDi har dermed stipulert utgiftene sine til å verte
om lag 103 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 854 post 64 med 31,745 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer statsrefusjon for
kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til denne gruppa. Kommunane
har ein frist på tre år før kravet om
refusjon vert forelda. Løyvinga på posten er 120,022
mill. kroner. Prognosane frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
om forventa utbetalt beløp i 2006 er på 163,6
mill. kroner.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 854 post 65 med 43,622 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga
på posten vert redusert med 1,294 mill. kroner for å finansiere
meirutgifter under kap. 800 post 1, sjå omtale under kap.
800 post 1.
Tabellen oppsummerer meirbehovet på kap.
855. Dei ulike postane vert omtalt nedanfor.
Ein viser til at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
(Bufdir) pr. 31. juli 2006 hadde eit akkumulert overforbruk
på 74,6 mill. kroner på kap. 855. Departementet
har sett i gang ulike tiltak for at etaten skulle klare budsjettet
for 2006.
Nye prognosar syner at det ligg an til eit meirforbruk på postane
1 og 22 på 232,1 mill. kroner i 2006 når ein tek
omsyn til meirinntektene på kap 3855. Justert for mindrebehov
på post 45 er netto meirbehov på kapittelet på 200
mill. kroner.
Fleire av tiltaka som departementet og Bufdir
har sett i verk, har så langt ikkje gitt dei planlagde
kostnadssparande effektane. Vidare har det vist seg at det har vore ein
kostnadsauke i tiltaka i barnevernet.
Proposisjonen viser m.a. til at mange barn i
barnevernet har samansette problem knytt til funksjonshemmingar,
rus eller psykisk helse. Dette er barn som er særskilt
ressurskrevjande og det er fleire sektorar og/eller etatar
som har ansvar for barna. Av ulike grunnar vert ansvaret for mange
av desse barna overført til barnevernet. Som ein føresetnad
for å halde budsjettet for 2006 sette regionane som mål
at ein skulle få ei betre ansvarsdeling mellom det statlege
barnevernet og kommunane, og mellom det statlege barnevernet og
helseføretaka for desse barna. Denne målsettinga
har ein berre delvis klart å få til. Departementet
vil følgje opp denne saka overfor dei sektorane det gjeld.
Departement ser alvorleg på at ein
igjen må foreslå tilleggsløyvingar for
det statlege barnevernet. Departement har hatt ei tett oppfølging
av etaten i heile 2006. Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for
Barne- og likestillingsdepartementet har departement vedteke å iverksetje
ein ekstern gjennomgang av Bufetat for å få ei
vurdering av den faglege, økonomiske og organisatoriske
utviklinga i Bufetat sidan opprettinga av etaten 1. januar
2004. Gjennomgangen vil òg ta opp styringsdialogen mellom
departementet og etaten.
Departementet foreslår til saman å auke
løyvinga under kap. 855 post 1 med 301,8 mill. kroner.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 855 post 22 med 65,7 mill. kroner,
jf. omtalen under post 1.
Posten dekkjer kjøp av større
utstyr, mellom anna bilar til barneverninstitusjonar. Bufetat har
frå starten av året lagt opp til å prioritere
drift framfor investeringar.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 855 post 45 med 32,1 mill. kroner.
Dette må sjåast i samband med meirutgiftene på postane
1 og 22 under same kapittel.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga på posten med 0,250 mill. kroner for å finansiere
meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap.
800 post 1.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga på posten med 1 mill. kroner for å finansiere
meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap.
800 post 1.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga på posten med 0,8 mill. kroner for å finansiere
meirutgifter under kap. 800 postane 1 og 21. Sjå omtale
under kap. 800 postane 1 og 21.
Løyvinga skal dekkje utgifter til løn
og andre driftsutgifter i Bufdir, knytt til mellom anna opplæring,
leige og drift av lokale, og kjøp av varer og tenester.
Det har vore ein noko lågare aktivitet
enn ein gjekk ut frå for inneverande år i Bufdir,
og det ligg an til eit mindreforbruk på 1,7 mill. kroner.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 858 post 1 med 1,7 mill. kroner for å finansiere meirutgiftene
under kap. 842 post 1.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga på posten med 2,312 mill. kroner for å finansiere
meirutgifter under kap. 800 postane 1 og 21. Sjå omtale
under kap. 800 postane 1 og 21.
Utgiftene til fødselspengar i 2006
er rekna til 9 675 mill. kroner, som er 185 mill. kroner meir enn
løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006.
Ein reknar med at fleire kvinner vil motta fødselspengar
og at utbetalinga pr. kvinne/barn vil verte noko lågare
enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2006.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 2530 post 70 med 185 mill. kroner.
Utgiftene til adopsjonspengar i 2006 er rekna
til 125 mill. kroner, som er 15 mill. kroner mindre enn løyvinga
i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006.
Ein reknar med færre kvinner med adopsjonspengar pr.
månad enn lagt til grunn i saldert budsjett 2006. Utbetalinga
av adopsjonspengar pr. kvinne/barn synest derimot å verte
noko høgare enn tidlegare lagt til grunn.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 2530 post 70 med 15 mill. kroner.
Departementet foreslår å redusere
kap. 3854 post 1 med 1,2 mill. kroner som følgje av at
deltakarane på adopsjonsførebuande kurs ikkje
skal betale eigendel. Sjå omtale under kap. 854 post 21.
Visse innanlandske utgifter knytt til mottak
av asylsøkjarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet
til OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast
som offisiell utviklingshjelp. Færre einslege mindreårige
asylsøkjarar og flyktningar kjem til landet enn tidlegare.
Det fører òg til at færre vert busette
det første året.
Departementet foreslår å redusere
kap. 3854 post 4 med 2,5 mill. kroner.
Departement foreslår å budsjettere
på inntektspostane 1-3 for 2006.
Posten inneheld i hovudsak refusjon frå kommunane for
utgifter staten har lagt ut for, men som er eit kommunalt ansvar
utover den kommunale eigendelen som vert ført på post
60. Posten inneheld òg mindre inntekter frå kurs
og andre prosjekt.
Departementet foreslår å budsjettere
med 47 mill. kroner på kap. 3855 post 1.
På posten er det budsjettert med barnetrygd
for barn under omsorg i barnevernet. Departementet foreslår å budsjettere
med 3,7 mill. kroner på kap. 3855 post 2.
På posten vert det ført refusjonar
for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar
for utgifter utover den kommunale eigendelen knytt til bruk av plassar
i eigne barneverntiltak eller ved kjøp av plassar.
Departementet foreslår å budsjettere
med 51 mill. kroner på kap. 3855 post 3.
Prognosar for resten av året syner
at ein får ein auke i inntektene på posten på 33,7
mill. kroner.
Departementet foreslår å auke
løyvinga på kap. 3855 post 60 med 33,7 mill. kroner.