Den totale utgiftsramma er auka med 265 mill.
kroner. Driftsbudsjettet er totalt foreslått auka med 667 mill.
kroner, medan investeringsbudsjettet er foreslått redusert
med 402 mill. kroner.
Nedanfor er dei største og viktigaste
endringane forklart på post- og kapittelnivå.
Post 1 er foreslått auka med totalt
634,7 mill. kroner.
Posten er foreslått tilført
329 mill. kroner i meirinntekter, i hovudsak frå kap. 4733
Luftforsvaret og kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Vidare
er posten tilført 25 mill. kroner i samband med norsk bidrag til
UNIFIL II og 13 mill. kroner er foreslått nytta til å finansiere
meirbehov som er spesifisert under pkt. 2.1.2. I tillegg er posten
auka med 5,5 mill. kroner i samband med ei teknisk justering grunna
ei feilpostering på post 70 i 2005, ei teknisk justering
mot andre postar som samla gir ein auke på 8 mill. kroner,
samt 360 mill. kroner i samband med balansering av drivstoffbehaldningane
i Forsvaret.
Omdisponeringane frå posten gjeld 58
mill. kroner til finansiering av utgifter over post 50 Statens Pensjonskasse,
4,8 mill. kroner i samband med forlegnings- og kontorbehov på Ørland
hovudflystasjon, samt 43 mill. kroner til post 47 i samband med
utgifter til investeringar i ny leir i Afghanistan (Meymaneh), jf.
Revidert nasjonalbudsjett 2006.
Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar
basert på analysar og vurderingar, inkludert prognosar.
Ein vesentleg del av endringane mellom kapitla skuldast tekniske
justeringar for å oppnå budsjettmessig samling
av Regional støttefunksjon (RS) under kap. 1740 Forsvarets
logistikkorganisasjon. Dette er ein omorganisering som er i samsvar
med vedtatt langtidsplan for Forsvaret (Innst. S. nr. 234 (2003-2004),
jf. St.prp. nr. 42 (2003-2004). Følgjande vesentlege endringar
er gjort på dei einskilde kapitla:
Kapitlet er foreslått auka med 8,7
mill. kroner. Auken skuldast meirbehov i samband med oppretting
av Granskingsutvalet for IKT-kontraktar (7 mill. kroner) og Forsvarspolitisk
utval (1,7 mill. kroner).
Kapitlet er foreslått redusert med
33,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak omdisponeringar
til kap. 1792, post 47 Norske styrkar i utlandet i samband med utgifter
til investeringar i ny leir i Afghanistan (Meymaneh).
Kapitlet er foreslått redusert med
239,8 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast i hovudsak omdisponeringar
i samband med finansieringa av meirutgifter til Statens Pensjonskasse
(58 mill. kroner), auka drivstoffprisar for Kystvakta (4 mill. kroner),
samt ei teknisk justering i samband med reindyrkinga av kap. 1720
og 1725 som vart utført i 2006 (155,1 mill. kroner). Vidare
vert det foreslått ei omdisponering av 62,3 mill. kroner
til kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon grunna overføring
av budsjettansvar for RS. I tillegg er det gjort tekniske justeringar
mot andre kapittel, som samla gir ein reduksjon på 3 mill.
kroner.
Kapitlet vert foreslått tilført
midlar i samband med naudsynt styrking av tenesta ved Joint Air
Operation Centre ved Fellesoperativt hovedkvarter (FOHK) (1 mill.
kroner), flytting av budsjettansvar for vernepliktige ved FOHK (19
mill. kroner), samt teknisk justering grunna ei feilpostering på post
70 i rekneskapen for 2005 (5,5 mill. kroner). Vidare er kapitlet
tilført midlar til sertifisering av forsvarspersonell for
samlivskurs (0,08 mill. kroner), samt 17 mill. kroner i meirinntekter
grunna refusjon av tsunami-utgifter i 2006. Inntekta hadde ein tilsvarande
utgiftspost i 2005.
Kapitlet er foreslått auka med 206,8
mill. kroner.
Kapitlet er m.a. tilført midlar i samband
med overføring av budsjettansvar for garnisonshelsetenesta
og Forsvarets informasjonssystem/forvalting (FIS/F)
frå greinkapitla (175 mill. kroner), overføring
av budsjettansvar for drift, vedlikehald og utvikling i GOLF-/LOS-programmet
(83 mill. kroner), samt ei teknisk justering i samband med reindyrkinga
av kap. 1720 og 1725 som vart utført i 2005 (155,1 mill.
kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar til og frå kapitlet, som
samla gir ein auke på 3,7 mill. kroner.
Omdisponeringane frå kapitlet gjeld
i hovudsak overføring av budsjettansvar for RS, rabattavtale
for vernepliktige til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon
(182 mill. kroner), auka drivstoffprisar for Kystvakta (8 mill.
kroner), samt ein høgare del av vedlikehaldskostnader enn
budsjettert på kap. 1791 Redningshelikoptertenesta (20
mill. kroner).
Kapitlet er foreslått redusert med
443,2 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.
Kapitlet er m.a. redusert i samband med overføring av
budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, til
kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (354,6 mill. kroner).
Vidare skuldast reduksjonen overføring av budsjettansvar
for garnisonshelsetenesta og Forsvarets informasjonssystem/ forvalting
(FIS/F) (86,8 mill. kroner), overføring av budsjettansvar
for Landsskytterstevnet 2006 til kap. 1734 Heimevernet (1,9 mill.
kroner), samt overføring av budsjettansvar for rekruttutdanning
til kap. 1732 Sjøforsvaret (5 mill. kroner). I tillegg
er det gjort tekniske justeringar til og frå kapitlet,
som samla gir ein auke på 5,1 mill. kroner.
Kapitlet er foreslått redusert med
143,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.
Kapitlet er m.a. redusert i samband med overføring av
budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, til
kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (76,3 mill. kroner).
Vidare skuldast reduksjonen overføring av budsjettansvar
for garnisonshelsetenesta og Forsvarets informasjonssystem/forvalting
(FIS/F) (44,2 mill. kroner) til kap. 1725, overføring
av budsjettansvar for vernepliktige ved FOHK til kap. 1720 (19 mill.
kroner), samt overføring av budsjettansvar for ulike utdanningsoppgåver
til kap. 1790 Kystvakta (8,5 mill. kroner). I tillegg er det gjort
tekniske justeringar til og frå kapitlet, som samla gir
ein reduksjon på 0,6 mill. kroner.
Kapitlet er tilført midlar i samband
med overføring av budsjettansvar for rekruttutdanning frå kap.
1731 Hæren (5 mill. kroner).
Kapitlet er foreslått redusert med
258,7 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.
Kapitlet er m.a. redusert i samband med overføring av
budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, til
kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (246,4 mill. kroner),
samt overføring av budsjettansvar for garnisonshelsetenesta
og Forsvarets informasjonssystem/forvalting (FIS/F)
(38,4 mill. kroner). Kapitlet er vidare redusert grunna overføring
av midlar til kap. 1792 Norske styrkar i utlandet i samband med
forlenging av oppdraget til P-3 Orion i Operation Active Endeavour
(15 mill. kroner), overføring av budsjettansvar for mellom
anna utdanningsaktivitetar til kap. 1734 Heimevernet (8,4 mill.
kroner), samt ein høgare del av vedlikehaldskostnader enn
budsjettert på kap. 1791 Redningshelikoptertenesta (18,8
mill. kroner). I tillegg er kapitlet redusert i samband med naudsynt
styrking av tenesta ved Joint Air Operation Centre ved FOHK (1 mill.
kroner), samt at det er gjort tekniske justeringar på kapitlet
som gir ein reduksjon på 5,7 mill. kroner.
Kapitlet er tilført 75 mill. kroner
i meirinntekter grunna omlegging av faktureringsrutinar i samband med
kjøp og sal av tenester med AVINOR.
Kapitlet er foreslått redusert med
83,7 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.
Kapitlet er m.a. redusert i samband med overføring av
budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, til
kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (65,2 mill. kroner).
Kapitlet er vidare redusert grunna overføring av budsjettansvar
for garnisonshelsetenesta og Forsvarets informasjonssystem/forvalting (FIS/F)
til kap. 1725 (5,5 mill. kroner), samt for å dekkje ymse
meirbehov på andre kapittel og postar (25,1 mill. kroner).
Kapitlet er tilført midlar grunna overføring
av budsjettansvar for mellom anna utdanningsaktivitetar frå kap.
1733 Luftforsvaret (8,4 mill. kroner), overføring av budsjettansvar
for Landsskytterstevnet 2006 (1,9 mill. kroner), samt budsjettansvar
for grunnutdanning av sesjonsassistentar (1,5 mill. kroner). I tillegg
er det gjort ei teknisk justering som gir ein auke på 0,3
mill. kroner.
Kapitlet er foreslått auka med 1 588,6
mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.
Kapitlet er m.a. auka i samband med overføring
av budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, frå fleire
kapittel (1 000,7 mill. kroner). I tillegg er kapitlet
tilført 233 mill. kroner grunna meirinntekter. Også denne
endringa er av teknisk karakter, og skuldast i hovudsak sal av drivstoff
til allierte på øving i Noreg. Meirinntekta har
ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside i 2006. Vidare er kapitlet
tilført 360 mill. kroner i samband med balansering av drivstoffbehaldningane
i Forsvaret.
Kapitlet er redusert grunna overføring
i samband med forlegnings- og kontorbehov på Ørland
hovudflystasjon (4,8 mill. kroner), samt at det er gjort ei teknisk justering
på kapitlet som gir ein reduksjon på 0,3 mill. kroner.
Kapitlet er foreslått redusert med
78,7 mill. kroner.
Kapitlet er redusert i samband med overføring
av eigedom, bygg og anlegg tilhøyrande RS (13,9 mill. kroner),
overføring av budsjettansvar for drift, vedlikehald og
utvikling i GOLF-/LOS-programmet til kap. 1725 (83 mill.
kroner).
Kapitlet er tilført midlar for å styrkje
gjennomføringskapasitet innanfor investeringsprosjekt i
Forsvaret (18,2 mill. kroner).
Kapitlet er foreslått auka med 20,5
mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak høgare drivstoffutgifter
(12 mill. kroner), samt overføring av budsjettansvar for ulike
utdanningsoppgåver frå kap. 1732 Sjøforsvaret (8,5
mill. kroner).
Kapitlet er foreslått auka med 38,8
mill. kroner. Auken skuldast ei større vedlikehaldspakke
som må utførast etter ei bestemt mengd flytimar.
Denne kostnaden vart ikkje overført med rammeoverføringa
til Justisdepartementet, og er foreslått betalt over Forsvarsdepartementet
sitt budsjett i 2006.
Kapitlet er foreslått auka med 51,4
mill. kroner.
Kapitlet er m.a. tilført midlar i samband
med norsk bidrag til UNIFIL II (25 mill. kroner), forlenging av oppdraget
til P-3 Orion i Operation Active Endeavour (15 mill. kroner), samt
støtte til gjennomføring av NATOs toppmøte
i Riga (5,1 mill. kroner). Kapitlet er vidare tilført midlar
i samband med styrking av tryggleiken til norske styrkar i Meymaneh
(39,5 mill. kroner), samt språkopplæring i albansk
(7 mill. kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar til
og frå kapitlet, som samla gir ein auke på 2,8
mill. kroner.
Post 1 på kapitlet er redusert med
43 mill. kroner i samband med utgifter til investeringar i ny leir
i Afghanistan (Meymaneh). Midlane er overført til post
47 på same kapitlet.
Kapitlet er foreslått auka med 1 mill.
kroner grunna ymse meirbehov på kapitlet.
Posten er foreslått redusert med 20
mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet
som er foreslått nytta til å dekkje ymse meirbehov
på andre kapittel og postar, mellom anna økonomisk
støtte til Stiftelsen Militærhistorisk Forum Østlandet
(2,25 mill. kroner), støtte til gjennomføring av
NATOs toppmøte i Riga (5,1 mill. kroner), midlar til sertifisering
av forsvarspersonell for samlivskurs (0,08 mill. kroner) og andre
forsvarsrelaterte kulturprosjekt (5,4 mill. kroner).
Posten er foreslått redusert med netto
820 mill. kroner.
Reduksjonen gjeld m.a. 420,5 mill. kroner som
er overført til post 47 Nye bygg og anlegg. Dette utgjer
i hovudsak ei likviditetsmessig tilpassing til framdrifta i investeringsprosjekta
innanfor høvesvis materiell- og EBA-området.
Det har vore forseinkingar i framdrifta på fleire
store materiellprosjekt, og dette har ført til fleire åtgjerder for å setje
i gang andre prioriterte prosjekt. Posten er vidare redusert i samband
med styrking av tryggleiken til norske styrkar i Meymaneh (39,5
mill. kroner), samt i samband med balansering av drivstoffbehaldningane i
Forsvaret (360 mill. kroner).
Reduksjonane på posten er eit uttrykk
for likviditetsmessige tilpassingar til tidsfasinga i prosjektportefølja, og
er ikkje eit uttrykk for reduksjonar i sektoren sitt behov for investeringar.
Reduksjonane skuldast mellom anna forhold som forseinkingar i leveransar
frå leverandørar innanfor større materiellprosjekt.
Regjeringa foreslår å auke
løyvinga til investeringar i eigedomar, bygg og anlegg
(EBA) med 417,8 mill. kroner i 2006. Dette utgjer i hovudsak ei
likviditetsmessig tilpassing til framdrifta i investeringsprosjekta innanfor
høvesvis materiell- og EBA-området. Det er behov
for å auke EBA-investeringane for å oppretthalde
verdien av sentrale delar av bygningsmassen. Vidare er det behov
for å gjennomføre EBA-prosjekt for å oppnå omstilling
og effektivisering, og EBA-behov som følgje av materiellinvesteringar.
Posten er tilført 420,5 mill. kroner
frå post 45. Posten er vidare tilført midlar i
samband med forlegnings- og kontorbehov på Ørland
hovudflystasjon (4,8 mill. kroner).
Posten er vidare redusert med 89 mill. kroner
grunna ei rekkje sal av eigedomar der inntektene kjem på eit seinare
tidspunkt enn budsjettert (mindreinntekt).
Regjeringa foreslår oppretta ein post
47 under kap. 1792 Norske styrkar i utlandet for å synleggjere
utgifter til investeringar i nybygg og nyanlegg ved internasjonale
operasjonar, jf. tilsvarande forslag i St.prp. nr. 1 (2006-2007).
Utgiftene omfattar investeringar i samband med ny leir i Afghanistan
(Meymaneh 81,5 mill. kroner).
Posten er foreslått auka med 58 mill.
kroner i samband med finansieringa av meirutgifter til Statens Pensjonskasse.
Posten er foreslått redusert med 5,5
mill. kroner i samband med ei teknisk justering grunna ei feilpostering
på post 70 i 2005.
Det er registrert netto meirinntekter på 240
mill. kroner.
Følgjande vesentlege endringar er gjort
på dei einskilde inntektskapitla:
Kapitlet er auka med 16,4 mill. kroner. Auken
skuldast refusjon av Forsvarets utgifter i samband med tsunamien
i 2005 (17 mill. kroner). Reduksjonen skuldast ei teknisk flytting
av inntekter mellom kapitla (0,6 mill. kroner).
Kapitlet er auka med 5,4 mill. kroner som i
hovudsak gjeld auka inntekter til Forsvarets sanitet (4 mill. kroner).
Anna auke skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla
(1,4 mill. kroner).
Kapitlet er redusert med 1,4 mill. kroner. Reduksjonen
skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.
Kapitlet er redusert med 0,7 mill. kroner. Reduksjonen
skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.
Kapitlet er auka med 75 mill. kroner. Overgang
til bruttofakturering med AVINOR, som følgje av meirverdiavgift
på tenestene, medfører at inntekt med tilsvarande
utgift no må posterast som inntekt.
Kapitlet er auka med 234 mill. kroner. Endringar
på posten er av teknisk karakter, og skuldast i hovudsak sal
av drivstoff og utleige av EBA og materiell til allierte styrkar
på øving i Noreg. Meirinntekta har ein tilsvarande
ikkje-budsjettert utgift i 2006.
Kapitlet er foreslått redusert med
89 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak sal av ei rekkje
eigedomar der inntektene kjem på eit seinare tidspunkt
enn budsjettert. Regjeringa ser positivt på forkjøpsretten for
kommunar og fylkeskommunar ved sal av eigedom frå Forsvaret.
Dette har i enkelte høve ført til forseinkingar
i salsprosessen og dermed forseinka inntekter til Forsvaret i 2006.