Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF 15. november 2006 om fastsetjing av eit handlingsprogram for livslang læring

Til Stortinget

Samandrag

Kunnskapsdepartementet rår til at Noreg tek del i avgjerda til EØS-komiteen om å innlemme i EØS-avtala avgjerda om å fastsetje EU-programmet for livslang læring, Lifelong Learning Programme 2007-2013 (LLP). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Deltakinga for Noreg i dette sjuårige programmet er i tråd med norske utdanningspolitiske interesser. Programmet er meint å samle dei tidlegare utdanningsprogramma til EU slik at ein femner heile utdanningsløpet under eitt. Deltaking i desse tiltaka vil vere med på å verkeleggjere livslang læring for alle. Norske og europeiske målsetjingar på dette området er i høg grad samanfallande. Internasjonalt utdanningssamarbeid er dessutan eit viktig ledd i kvalitetsutviklinga i vårt eige utdanningssystem. Det stør opp om undervisninga i framandspråk og bruken av IKT i utdanninga, og det er med på å gje ny kunnskap og større forståing mellom menneske og kulturar.

Noreg har i mange år teke del i dei europeiske utdannings- og opplæringsprogramma. Dei er ein av berebjelkane i EØS-avtala og ein viktig faktor i kontakten med EU. Det geografiske nedslagsfeltet for dette utdanningssamarbeidet er òg veksande. Det er lagt opp til at det nye programmet for livslang læring skal kunne femne om opptil 39 europeiske statar.

Programmet har ei samla ramme på 6,97 mrd. euro. Det vil for Noreg sin del seie om lag 151 mill. kroner i snitt per år over 7 år. Senter for internasjonalisering av høgare utdanning vil ha samordningsansvaret. Kostnadene er rekna til 5 mill. kroner per år.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Anniken Huitfeldt, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Ole-Anton Teigen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Johannes Rindal, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, sluttar seg til proposisjonen utan merknader.

Innstillinga har vore lagd fram for utanrikskomiteen, som ikkje har merknader.

Tilråding frå komiteen

Komiteen syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF 15. november 2006 om fastsetjing av eit handlingsprogram for livslang læring.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 22. februar 2007

Ine Marie Eriksen Søreide

leiar

Freddy de Ruiter

ordførar