Ved avgjerd nr. 64/2006 i EØS-komiteen
av 2. juni 2006 vart vedlegg XIII, Transport, til EØS-avtala
endra ved innlemminga av europaparlaments- og rådsdirektiv
2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering
og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande
køyretøy for transport av gods eller passasjerar.
Direktivet rettar seg mot yrkestransport.
Føremålet med direktivet er å innføre
harmoniserte krav om grunnleggjande kvalifikasjonar og periodisk etterutdanning
for yrkessjåførar. Direktivet vil medverke til å sikre
like konkurransevilkår i EØS-området, fremje
rekrutteringa til sjåføryrket, og dessutan medverke
positivt til yrket sitt omdømme.
Direktivet stiller såleis minstekrav
til grunnleggjande kvalifikasjonar og periodisk etterutdanning for
yrkessjåførar av visse typar tyngre køyretøy.
Medlemsstatane kan velje mellom ulike løysingar/modellar
for å gjennomføre krava om grunnleggjande kvalifikasjonar i
direktivet ("timemodell" eller "prøvemodell"). Desse krava
kjem i tillegg til kravet om førarrett.
Direktivet gjer greie for kva slags emne sjåførane skal
ha opplæring i, medrekna trafikktryggleik, miljøvennleg
køyring, sikring av last, handsaming av fraktkontraktar,
toll- og spedisjonsdokument og anna yrkesrelevant regelverk.
Direktivet inneber ei nokså gjennomgripande
reform av dei kvalifikasjonskrava som vert stilte for tilgang til og
utøving av sjåføryrket. Likevel er det
grunn til å tru at gjennomføringa av ordninga
vil styrkje kvaliteten på sjåførane,
og at dette vil kunne gje positive utslag, særleg med tanke
på trafikktryggleiken.
Direktivet høver godt i hop med dei
målsetjingane som ligg til grunn for den norske opplæringa
for førarar av tunge køyretøy. Direktivet
legg vekt på miljøvennleg køyring, noko
som òg er i tråd med norske prioriteringar.
Gjennomføringa av avgjerda i norsk
rett krev lovendring. Difor er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til
godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre
leddet i Grunnlova.
For å gjennomføre direktivet
i norsk rett, må heimelen til å påleggje
utdanning gå fram av lov. Det vil verte gjort lovframlegg
om at den som skal føre motorvogn mot vederlag, må tilfredsstille
krav til grunn- og etterutdanning der Samferdselsdepartementet krev
dette. Det vil verte gjort framlegg om at Samferdselsdepartementet
kan gje nærmare føresegner om utdanninga, jf. Ot.prp.
nr. 8 (2006-2007).
Den vidare gjennomføringa av direktivet,
t.d. val av modell for opplæring, vil finne stad ved fastsetjing
av forskrift.
Gjennomføringa av direktiv 2003/59/EF
vil ha økonomiske og administrative konsekvensar for det
offentlege. Det må påreknast kostnader i samband
med undervisning, administrasjon, og godkjenning av og tilsyn med
lærestader. Vidare må det m.a. påreknast kostnader
i samband med prøvene.
Samferdselsdepartementet tek sikte på at
kostnadene ved ordninga vert dekte innanfor gjeldande budsjettrammer
og ved brukarfinansiering.
Ut frå dei gjeldande gebyrsatsane for
førarprøva og utferding av førarkort
vil timemodellen kunne skaffe om lag 2,4 mill. kroner i gebyrinntekter.
Prøvemodellen vil kunne gje om lag 15,5 mill. kroner i
gebyrinntekter.
Opplæringa i grunnleggjande kvalifikasjonar
etter timemodellen vil gje kostnader for elevane i form av betaling
for obligatorisk undervisning og gebyr for prøver. Det
vil ikkje vere obligatorisk undervisning dersom prøvemodellen
vert vald. Likevel vil det vere kostnader i form av gebyr for prøvene
og leige av køyretøy til den praktiske prøva.
Med krav om etterutdanning kvart femte år
vil gjennomsnittleg 10 000 yrkessjåførar
måtte gjennomføre ei slik opplæring kvart år.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Eirin Faldet, Svein Gjelseth, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne
Strøm og Truls Wickholm, fra Fremskrittspartiet, Bård
Hoksrud, lederen Per Sandberg og Arne Sortevik, fra Høyre, Øyvind
Halleraker og Trond Helleland, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir
H. Langeland, fra Kristelig Folkeparti, Jan Sahl, fra Senterpartiet, Jenny
Klinge, og fra Venstre, Borghild Tenden, har merket seg
at formålet med direktivet er å innføre
felles krav om grunnleggende kvalifikasjoner og periodisk etterutdanning
for yrkessjåfører.
Komiteen anser et slikt tiltak
viktig for trafikksikkerheten og for rekruttering til yrket.
Komiteen slutter seg til forslaget
i proposisjonen.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
legger til grunn opplysningene i proposisjonen om at endringene
vil styrke sjåførenes kunnskap og bevissthet knyttet
til trafikksikkerhet, miljøvennlig kjøring, sikring
av last, håndtering av fraktkontrakter og toll- og spedisjonsdokument.
Flertallet har merket seg at
høringen som er under avslutning tilsier bred støtte
fra berørte parter til den såkalte timemodellen;
undervisning i 280 timer med en avsluttende teoretisk prøve.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter
formålet med direktivet som omhandler felles krav om grunnleggende
kvalifikasjoner og periodisk etterutdanning for yrkessjåfører. Disse medlemmer gir
derfor også sin tilslutning til at Norge innlemmer direktiv
2003/59/EF i EØS-avtalen.
Disse medlemmer vil likevel understreke
at Norge innenfor direktivets rammer kan og bør legge til rette
for en komprimert variant når det gjelder grunnleggende
kvalifikasjoner. Disse medlemmer mener en slik variant
er viktig for å sikre at krav om grunnleggende kvalifikasjoner
gis et tids- og kostnadsmessig omfang som i praksis virker rekrutterende
til sjåføryrket og ikke rekrutteringsavvisende.
Komiteen viser til
at utkast til innstilling har vært forelagt utenrikskomiteen
til uttalelse. Utenrikskomiteen melder ingen merknader i saken utover
at komiteens medlemmer slutter seg til motsvarende fraksjoners merknader
i transport- og kommunikasjonskomiteen.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til godkjenning av
avgjerd i EØS-komiteen nr. 64/2006 av 2. juni
2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/59/EF
av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig
opplæring av førarar av visse veggåande
køyretøy for transport av gods eller passasjerar.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 8. mars 2007
Per Sandberg
leder |
Arne Sortevik
ordfører |