Innstilling fra finanskomiteen om rammeauke for garantiordninga for byggjelån ­under Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK)

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Regjeringa legg i proposisjonen fram eit forslag om å utvide ramma for garantiordninga for byggjelån under GIEK frå 2,5 mrd. kroner til 5,0 mrd. kroner. Ordninga vart vedteke i statsbudsjettet for 2005, og har vore operativ sidan 1. mars 2005. Ramma set ei grense for summen av tilsegn og polisar som til ei kvar tid er gitt under ordninga.

I 2005 vart ordninga lite nytta, men hausten 2006 har omfanget av søknadar auka kraftig, og ramma vart i løpet av januar 2007 nytta fullt ut. Ramma på 2,5 mrd. kroner vart samrøystes vedteke i Stortinget 15. desember 2006, i samsvar med forslag til vedtak VIII pkt. 4 i St.prp. nr. 1 (2006-2007) frå Nærings- og handelsdepartementet. Ordreutviklinga har skjedd svært raskt, og med den avgrensinga ein har per i dag vil ein no måtte avvise nye søknader. Regjeringa foreslår derfor å auke ramma for ordninga.

Bakgrunnen for å skipe ei slik ordning var at norske lokal- og regionalbankar har grenser for kor stort engasjement dei kan ha per verft. Garantiordninga for byggjelån under GIEK bidrar til å avlaste risiko slik at bankanes kapasitet til å tilby byggjelån til verfta auker.

Ein føresetnad for at rederia skal kunne kontrahere skip, er at verfta kan finansiere bygginga av skipet. Bankane gir verfta tilbod om byggjelån for å finansiere byggjeprosessen fram til levering, og først då får verfta oppgjer frå rederia. Ordninga inneber at GIEK avlastar bankane på like vilkår med inntil 50 pst. av risikoen i samband med nybygging og ombygging av skip ved norske verft. Ordninga inneber ikkje noko form for statsstønad, og ho skal gå i balanse på lang sikt. Hvis administrasjonskostnadane er på same nivå vil resultatet under ordninga bli det same i GIEK som i dei private bankane.

GIEK skal ha ein akseptabel risikoprofil på porteføljen sin og avgrense tapa. I dag har verfta fulle ordre­bøker. Dette fører med seg at verfta har fått garantiar for byggjelån til båtar som skal bli levert nokre år fram i tid. GIEK si risikoeksponering er avgrensa til skip kor bygging allereie er i gong. GIEK foretar ei reell risikovurdering for kvar enkelt garantisak, og må også vurdere risikoen i den totale portefølja og vurdere behovet for auka garantipremiar opp mot denne risikoen.

Skipsverfta er i stor grad avhengige av den internasjonale etterspurnaden etter skip, og er sårbare for internasjonale konjunktursvingingar. I det siste har ordretilgongen auka kraftig. Etterspurnaden etter garantiar for byggjelån heng saman med fleire ordrar for verfta, og at verfta har relativt låg eigenkapital etter fleire vanskelege år. I tillegg har fleire bankar nådd eit tak for den risikoeksponeringa dei kan ha i verfts­næringa.

Ordninga blir først og fremst nytta av lokal- og regio­nalbankane, sidan dei har størst avgrensingar for kor stort engasjement dei kan ha på kvart verft, og kor eksponert dei kan vere i næringa. Dei større verfta får finansiering frå dei store norske bankane og utan­landske bankar, og har ikkje same behov for garantiar for byggjelån. 16 prosent av skipa som skal bli levert i 2007 eller seinare har nytta ordninga.

Ein auke av ramma vil ha god regional verknad, og vil særleg kunne få mykje å seie for Vestlandet. Ei operativ garantiordning for byggjelån vil vere med på å skape langsiktig verdiskaping og sysselsetjing langs kysten.

Sidan kontraktane som vil bli gjort mogelege gjennom denne ordninga ligg fram i tid, vil ikkje rammeauken føre til auka press i økonomien. Ei auka ramme no sikrar ordremasse for dei kommande åra.

Komiteens tilråding

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, lederen Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Venstre, Lars Sponheim, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2007, jf. Budsjett-innst. S. nr. 6 (2006-2007), A. Rammeområde 21, vedtak II pkt. 3, gjøres følgende endring:

Stortinget samtykker i at Nærings- og handelsdepartementet i 2007 kan gi Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK) fullmakt til å gi tilsagn om nye garantier innenfor en ramme for nye tilsagn og gammelt ansvar på 5 000 mill. kroner ved byggelån innenfor skipsbyggingsindustrien. Ordningen skal drives i balanse på lang sikt. Nærings- og handelsdepartementet kan gi utfyllende retningslinjer for gjennomføringen av dette vedtaket.

Oslo, i finanskomiteen, den 27. mars 2007

Reidar Sandal

leder

Rolf Terje Klungland

ordfører