Vedlegg 1: Brev fra Kontroll- og konstitusjonskomiteen til Helse-og omsorgsdepartementet, datert 1. februar 2007

Dokument nr. 1 (2006-2007) Riksrevisjonens rapport om den årlige revisjon og kontroll for budsjetterminen 2005

Kontroll- og konstitusjonskomiteen viser til Riksrevisjonen sine merknader til Helse Sør RHF i Dokument nr. 1 (2006-2007). Her er Kreftregisteret (Rikshospitalet-Radiumhospitalet HF) fyldig omtalt, likeeins Kreftregisterets fond.

Komiteen ønskjer svar på følgjande spørsmål om både Kreftregisteret og fondet:

  • 1. Kva slags funksjon har eigentleg Kreftregisterets fond?

  • 2. Kvifor er pengar frå private legemiddelfirma blitt overført dit?

  • 3. Kva er grunnen til at verken fondet eller desse overføringane var kjent for revisor?

  • 4. Har desse overføringane til fondet ført til at det er gjeve feilaktig informasjon om Kreftregisteret i St.prp. nr. 1 over fleire år? Meiner statsråden at dette i så fall også kan ha ført til for høge statlege løyvingar til Kreftregisteret?

I tillegg viser komiteen til oppslag i VG den 30.12.2006 vedrørande utbetalingar frå vaksineprodusenten Merck til tilsette ved Kreftregisteret. Der uttaler statsråden at ho "vil skjerpe regelverket for kontakt mellom helsepersonell og legemiddelindustri, etter avsløringene om Kreftregisteret og forskeres skjulte pengeavtaler."

  • 5. Kva er status i arbeidet med å endra dette regelverket?