Innstilling fra justiskomiteen om rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stortinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferdsvederlagsutvala m.m.)

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Stortinget si rettferdsvederlagsordning

Stortinget si rettferdsvederlagsordning er Stortinget si eiga vederlagsordning, der einskildpersonar som har kome særleg uheldig ut, kan søkje om ein skjønnsmessig kompensasjon. I proposisjonen blir det gitt ei orientering om ordninga. Det blir mellom anna gjort greie for prinsippa for tildeling av rettferdsvederlag og for korleis ordninga er organisert. Vidare blir det gitt ei utgreiing om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala og om arbeidet i sekretariatet for utvala og i underliggjande fagetatar.

Det er Stortinget sine rettferdsvederlagsutval som gjer vedtak i saker om rettferdsvederlag, men det er Stortinget som behandlar saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over kr 200 000, og saker av særleg politisk art. I denne proposisjonen blir det lagt fram for Stortinget fem saker der det er aktuelt å tilkjenne rettferdsvederlag på over kr 200 000.

Gjennom behandlinga av årsmeldingane blir Stortinget halde orientert om utviklinga, og får høve til å kome med signal og synspunkt.

Rettferdsvederlagsutvala er oppretta av Stortinget, og har ein dommar med varamedlem og to stortingsrepresentantar med kvart sitt varamedlem.

Justissekretariata er i dag sekretariat for rettferdsvederlagsutvala, og søknader blir derfor sende dit. Justissekretariata har ansvaret for den førebuande saksbehandlinga - anten sjølve eller ved å koordinere saksbehandlinga i andre etatar. Kva fagorgan som behandlar søknaden, er avhengig av det konkrete grunnlaget som er gjort gjeldande for kvar einskild søknad om rettferdsvederlag. Ettersom rettferdsvederlagsordninga er basert på skjønn, kan søknadsgrunnlaget i prinsippet omfatte alle livsområde, og det kan derfor ikkje setjast opp noka uttømmande liste over aktuelle søknadsgrunnlag eller over aktuelle fagetatar som får saker til førebuing.

Orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala

Det går fram av vedtak i Stortinget at Stortinget skal haldast orientert om arbeidet i Rettferdsvederlagsutvalet gjennom årsmeldinga for rettferdsvederlagsordninga. I medhald av vedtak i Stortinget er det frå 1. april 2006 oppretta eit mellombels utval som skal fungere fram til 31. desember 2008. I perioden 1. april 2006-31. desember 2006 har det såleis vore to rettferdsvederlagsutval, Rettferdsvederlagsutval I og Rettferdsvederlagsutval II.

Stortinget blei fram til 2003 orientert om arbeidet i Rettferdsvederlagsutvalet gjennom stortingsmeldingar. Den siste orienteringa blei gitt i St.meld. nr. 20 (2003-2004).

I St.meld. nr. 44 (2003-2004) blei det som vedlegg lagt fram ein rapport frå ei arbeidsgruppe som vurderte krav om erstatning frå ulike grupper i samfunnet. I rapporten blei det mellom anna føreslått at Rettferdsvederlagsutvalet bør kunne sende innstillingar direkte til Stortinget, utan å gå vegen om regjeringa. Bakgrunnen for forslaget er at rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning, og at forslag om endringar, rapportar osv. prinsipielt sett ikkje er ei sak for regjeringa. Etter dette har utvalet sendt rapportar om arbeidet i utvalet direkte til Stortinget.

Stortingets administrasjon har nyleg teke opp spørsmålet om korleis rapporteringa frå rettferdsvederlagsutvala til Stortinget best kan skje, og Justisdepartementet meldte tilbake i brev datert 3. april 2007 mellom anna at ein var komen til at dei årlege meldingane burde leggjast fram av regjeringa. Arbeidet med denne stortingsproposisjonen har gitt grunn til å vurdera dette spørsmålet på nytt. Departementet vil no gjera ei ny vurdering av rapporteringsordninga, der rapporteringa og den konstitusjonelle ansvarsfordelinga vil bli særleg vurdert. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med dette på ein høveleg måte, etter dialog med mellom andre rettferdsvederlagsutvala.

Orientering om arbeidet i Rettferdsvederlagsutvalet i 2004, 2005 og fram til 1. april 2006

I brev til presidentskapen i Stortinget av 13. juni 2006 gav den tidlegare leiaren for Rettferdsvederlagsutvalet ei orientering om arbeidet i utvalet i 2004, 2005 og fram til 1. april 2006. Det går fram av orienteringa at Rettferdsvederlagsutval I i 2004 hadde fem møte og behandla 219 saker. Det blei gitt rettferdsvederlag i 99 saker, med til saman kr 7 831 000.

I 2005 hadde Rettferdsvederlagsutvalet seks møte og behandla 249 saker. Det blei gitt rettferdsvederlag i 119 saker, med til saman kr 12 233 000.

I perioden 1. januar 2006-1. april 2006 hadde Rettferdsvederlagsutvalet to møte og behandla 138 saker. Det blei gitt rettferdsvederlag i 50 saker, med til saman kr 4 510 000.

Orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala frå 1. april 2006 til 31. desember 2006

I 2006 behandla utvala saker om ordinært rettferdsvederlag, saker som fell inn under St.meld. nr. 24 (2004-2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar, og saker som fell inn under St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener.

Dei to rettferdsvederlagsutvala avvikla i 2006 18 møte og behandla 1 068 saker. Det blei gitt rettferdsvederlag i 895 saker og utbetalt vederlag med i alt kr 19 879 432.

Det var i hovudsak standardiserte vederlag til krigsborn og taterar som følgje av mobbing, og desse sakene utgjorde 61 prosent av alle sakene (546 saker) der det blei tilkjent rettferdsvederlag. Vidare fekk 64 utdanningsskadelidande samar og kvener standardisert vederlag på kr 70 000.

Saksbehandlingstid i rettferdsvederlagssaker

Som ei følgje av utvidinga av rettferdsvederlagsordninga har saksbehandlingstida i slike saker auka. Før Stortinget utvida ordninga våren 2005 var det allereie lang saksbehandlingstid i rettferdsvederlagssaker, og dei mange nye søknadene førte til at saksbehandlingstida blei endå lengre. På bakgrunn av dette blei det tilført monalege ressursar i fagetatar der saksbehandlingstida var særleg lang, og det blei også tilført ressursar til Justissekretariata. Det blei då også vedteke å opprette eit nytt, mellombels rettferdsvederlagsutval.

Våren 2007 hadde Justissekretariata om lag 4 050 søknader som var under behandling i faginstansane, og/eller som låg i påvente av ytterlegare dokumentasjon frå søkjarane. Justissekretariata har opplyst at saksbehandlingstida for saker som fullt ut vert behandla der, er om lag eitt år, om ein ser bort frå særskilt kompliserte saker.

Både Justissekretariata og faginstansane arbeider kontinuerleg med å gjere saksbehandlingsrutinane betre. Det vises til proposisjonen for nærmare omtale av saksbehandlinga i fagetatane.

Einskildsaker der utbetalt vederlag kjem over kr 200 000

Rettferdsvederlagsutval I har i fem saker tilrådd rettferdsvederlag på over kr 200 000. Sakene blir derfor lagde fram for Stortinget til avgjerd.

Sak 1-4

Dei fire første sakene knyter seg i det alt vesentlege til det same grunnlaget og gjeld fire systrer som alle har søkt om rettferdsvederlag mellom anna fordi barnevernet lèt vere å gripe inn då dei vaks opp. Systrene har hatt ein oppvekst prega av grov omsorgssvikt. Barnevernet blei tidleg kjent med forholda i heimen og sette heimen under tilsyn i 1955. Omsorga for dei eldste borna blei overteken av barnevernet i 1966, og for dei to yngste for ein kortare periode i 1968-1969, då mor deira var sjuk. Støttetiltaka viste seg å ikkje gi borna tilstrekkeleg hjelp, og ifølgje Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) burde barnevernsnemnda ha overteke omsorga for borna tidlegare - kanskje før 1961.

Ei av systrene har også søkt om rettferdsvederlag for mangelfull skulegang. Utdanningsdirektoratet har med tilslutning frå Justissekretariata tilrådd at søkjaren får tildelt rettferdsvederlag med kr 65 000 fordi det ikkje blei sett inn eigna tiltak mot det store fråveret vedkomande hadde frå undervisninga. Rettferdsvederlagsutvalet er samd i at det er grunnlag for å gi vederlag, og idet ein viser til praksis, tilrår utvalet at vederlaget blir sett til kr 70 000.

Søkjarane har også teke opp andre forhold som utvalet ikkje har funne gir grunnlag for rettferdsvederlag.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på bakgrunn av dette:

Søkjar A, fødd 1953, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Søkjar B, fødd 1955, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 310 000.

Søkjar C, fødd 1956, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Søkjar D, fødd 1958, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Sak 5

Søkjar E har søkt staten om rettferdsvederlag på grunn av påført hepatitt C-virus (HCV) ved ein gulfebervaksinasjon i Pakistan i 1975. Rettferdsvederlagsutvalet har behandla denne saka to gonger tidlegare, først i 2001, då det blei gitt kr 110 000, og seinare i 2004, då det blei gitt ytterlegare kr 90 000 fordi tilstanden til søkjaren var blitt forverra.

I samband med behandlinga i 2004 reiste Sosial- og helsedirektoratet spørsmålet om det burde givast ytterlegare vederlag, idet ein viste til likskapen med personar som var blitt påførte HIV-smitte etter blodoverføring. I slike saker kan utvalet gi opptil kr 500 000. Rettferdsvederlagsutvalet la til grunn at sterke grunnar talte for å gi høgare vederlag, men gav vederlag opp til gjeldande maksimumsgrense. Føresetnaden var at behandlinga av saka skulle halde fram med utgreiing av nærmare oppgitte spørsmål før utvalet laga si tilråding til Stortinget om høgare vederlag, eventuelt fremja forslag om ny maksimumsgrense for utvalet. Ei slik utgreiing ligg no føre.

Utvalet legg til grunn at sjukdomsutviklinga ved HCV varierer, og at dei fleste søknadene om rettferdsvederlag vil kunne behandlast innanfor den eksisterande fullmaktsramma på kr 200 000. For den fåtalige gruppa der samanlikninga med HIV-ofra er særleg aktuell, er utvalet samd med direktoratet i at det er grunn til å ta omsyn til maksimumsbeløpet på kr 500 000 som etter praksis har vore nytta for HIV-smitta blødarar, medan det for andre har vore gitt noko lågare beløp. Det går fram av utgreiinga frå direktoratet at det også når det gjeld HCV er særleg krevjande å vere blødar, og at det også bør vurderast om andre grupper med grunnlidingar som kompliserer hepatitt C-infeksjonen, bør jamstellast med blødarane. For dei andre tilfella reknar ein eit maksimumsbeløp på kr 400 000 som høveleg. Det er dette sistnemnde som er relevant for søkjaren, som etter levertransplantasjon i 2002 har hatt store biverknader, og der også den transplanterte levra kan bli angripen.

Sosial- og helsedirektoratet og Justissekretariata har på bakgrunn av dette tilrådd at søkjar E får eit ytterlegare rettferdsvederlag på kr 200 000.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på bakgrunn av dette:

Søkjar E får eit ytterlegare rettferdsvederlag frå statskassa på kr 200 000.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, fra Høyre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Saxi, visar til at det er Stortinget sine rettferdsvederlagsutval som gjer vedtak i saker om rettferdsvederlag, men det er Stortinget som behandlar saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over 200 000 kroner (med unntak av saker etter St.meld. nr. 24 der rettferdsvederlagsutvala er gitt fullmakt til å gi opptil 300 000 kroner), og saker av særleg politisk art. I denne proposisjonen blir det lagt fram for Stortinget fem saker der det vart tilkjent rettferdsvederlag på over 200 000 kroner. Komiteen sluttar seg til den framlagde proposisjonen.

Komiteen viser til at fristen for krigsbarn til å søke om billighetserstatning etter St.meld. nr. 44 går ut 1. juli 2007. Komiteen er kjent med at interesseorganisasjoner for krigsbarn har henvendt seg for å få en utsettelse av fristen. Komiteen anbefaler at fristen for å søke utsettes til 1. januar 2008.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at desse søkjarane blir gitt rettferdsvederlag frå statskassa:

Søkjar A, fødd 1953, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Søkjar B, fødd 1955, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 310 000.

Søkjar C, fødd 1956, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Søkjar D, fødd 1958, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Søkjar E, fødd 1956, får eit ytterlegare rettferdsvederlag frå statskassa med kr 200 000.

Oslo, i justiskomiteen, den 7. juni 2007

Anne Marit Bjørnflaten

leder

Hilde M. Lydvo

ordfører