Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av rammeprogrammet til EU for forbrukerpolitikk (2007-2013)

Til Stortinget

Sammendrag

Avgjerda om innlemming av forbrukarprogrammet for 2007-2013 inneber ei vidareføring av det andre rammeprogrammet (2003-2006) for aktivitetar på forbrukarområdet, men med ei rekkje endringar og nye føresetnader. EFTA-EØS-statane har teke del i programmet frå og med år 2000.

Det nye programmet har følgjande hovudmål: Å sikre eit høgt nivå for forbrukarvern, særleg gjennom betre kunnskapsgrunnlag, og betre konsultasjon med og representasjon frå forbrukarinteresser. I tillegg skal det sikrast ein effektiv bruk av regelverka for forbrukarvern, spesielt gjennom samarbeid om handheving, informasjon, utdanning og tvisteløysing.

Fordi den norske deltakinga i ordninga inneber økonomiske utgifter som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltakinga i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

Det andre programmet hadde ei ramme på 72 mill. euro, som tilsvarar 18 mill. euro per år. Ramma på det nye (tredje) programmet er 156,8 mill. euro, som tilsvarar litt over 22 mill. euro per år fordelt på 7 år.

Det vert rekna at dei samla årlege utgiftene for Noreg under det nye programmet vil liggje på eit nivå rundt 4,5 mill. kroner gjennom heile programperioden. Utgiftene vil verte dekte innanfor rammene av budsjettet til Barne- og likestillingsdepartementet.

Deltakinga i rammeprogrammet har gjeve eit betre høve for norsk deltaking og innverknad på eit område der Noreg har eit aktivt engasjement og sterke interesser, og det vert rekna som ønskeleg at deltakinga held fram.

Gjennom arbeidet i den rådgjevande komiteen har Noreg teke del i drøftingar og vedtak om årlege prioriterte oppgåver, kriterium for tildeling av midlar og fordeling på ulike prosjekt. Vidare har Noreg teke del i drøftingane om utforminga av det reviderte programmet og gjeve fråsegn om dette til Kommisjonen. No­rske organisasjonar har hatt høve til å søkje om prosjektmidlar i tidlegare år, og Statens institutt for forbruksforsking har fått innvilga tre søknader. Under programmet har Barne- og likestillingsdepartementet ein nasjonal ekspert i DG Sanco som arbeider med utvikling av regelverk, noko som har vore svært nyttig for EØS-arbeidet til departementet.

Noreg tek aktivt del under programmet i det europeiske nettverket for europeiske forbrukarkontor (ECC-Net). Kontora driv rådgjeving og gjev assistanse til forbrukarar i alle typar spørsmål som gjeld kjøp over landegrensene i EØS-området. Ei av dei sentrale oppgåvene i nettverket er hjelp til utanrettsleg løysing av forbrukartvistar over landegrensene. Kontaktpunkta i kvar stat syter for at forbrukarar får hjelp til å fremje klager, og for at dei når fram til det rette organet dersom det finst eit slikt organ. Kontoret "ForbrukarEuropa", som er knytt til Forbrukarrådet, er kontaktpunkt i Noreg, og hjelper norske forbrukarar som har handla i/frå andre EØS-statar, og forbrukarar i andre EØS-statar som har handla i/frå Noreg.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, fra Senterpartiet, Erling Sande, og fra Venstre, Trine Skei Grande, slutter seg til Regjeringens forslag om innlemmelse i EØS-avtalen av rammeprogrammet til EU for forbrukerpolitikk (2007-2013).

Utenrikskomiteens merknader

Utkast til innstilling har blitt forelagt utenrikskomiteen som opplyser at den ikke har merknader til innstillingen.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til sine merknader og til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gir samtykke til at Norge deltar i beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av rammeprogrammet til EU for forbrukerpolitikk (2007-2013).

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 7. juni 2007

May-Helen Molvær Grimstad

leder

Gunn Karin Gjul

ordfører