Innstilling fra forsvarskomiteen om endringar i "Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap"

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2007.

Forslaget til regulering er basert på resultatet av lønsoppgjeret mellom staten og LO-Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat, Akademikerne og Unio. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn den reguleringa som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft. Med grunnlag i lønsoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 3,4 pst. frå 1. juli 2007. Forsvarsdepartementet har vedteke å omgjere utdanningsbonus frå eingongssum til dagsats. Tidlegare elevtillegg er gjort om og går inn i ny dagsats for utdanningsbonus.

Meirutgiftene for 2007 er utrekna til 10,573 mill. kroner.

Auke av status for befalsskoleelevar

For å gi befalsskoleelevar ei auke av status og for å få meir økonomisk jamstilling mellom befalsskoleelevar og vernepliktige som avtener fyrstegongs­teneste, har Forsvarsdepartementet vedteke å endre utdanningsbonus frå 1. juli 2007. Utdanningsbonus som eingongssum er gjort om til "dagsats utdanningsbonus". Tidlegare elevtillegg er lagt inn i dagsatsen og satsen er ytterlegare auka til kr 47 pr. dag. Udanningsbonus dagsats vil som tidlegare bli regulert som dei øvrige primærgodtgjerslene.

Vurderingar

Dei årlege reguleringane med basis i lønsoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 3,4 pst. med verknad frå 1. juli 2007.

Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2007:

Tenestetillegg frå kr 126,00

til kr 130,00 pr. dag

Korporalstillegg frå kr 16,00

til kr 16,50 pr. dag

Kompensasjonstillegg frå kr 247,50

til kr 256,00 pr. dag

Ektefelletillegg frå kr 3 375,00

til kr 3 492,00 pr. månad

Barnetillegg, fyrste barn frå kr 3 834,00

til kr 3 966,00 pr. månad

Barnetillegg, øvrige barn frå kr 1 581,00

til kr 1 635,00 pr. månad

Dimisjonsgodtgjersle 12 månader teneste frå kr 23 000,00

til kr 23 798,00

Utdanningsbonus, dagsats frå kr 47,00

til kr 48,50 pr. dag

Samla utrekning av utgiftene

Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 10,573 mill. kroner for 2007 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg

6,351 mill. kroner

Auke av kompensasjonstillegg

0,117 mill. kroner

Auke av forsørgjartillegg

0,592 mill. kroner

Auke av dimisjonsgodtgjersle

3,412 mill. kroner

Auke av utdanningsbonus

0,101 mill. kroner

Verknad for siviltenesta

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande endringar for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2007 er utrekna til 0,946 mill. kroner. Verknad for heile året blir 1,682 mill. kroner.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Thorbjørn Jagland og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Henning Skumsvoll og Per Ove Width, fra Høyre, lederen Jan Petersen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Jacobsen, slutter seg til proposisjonen uten merknader.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2007 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

450

Sivile vernepliktige

1

Driftsutgifter blir auka med

946 000

frå kr 100 437 000 til kr 101 383 000

1720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter blir auka med

93 000

frå kr 2 117 386 000 til kr 2 117 479 000

1725

Fellesinstitusjoner og -utgifter under FST

1

Driftsutgifter blir auka med

453 000

frå kr 2 060 291 000 til kr 2 060 744 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter blir auka med

4 463 000

frå kr 3 784 037 000 til kr 3 788 500 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter blir auka med

1 346 000

frå kr 2 693 410 000 til kr 2 694 756 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter blir auka med

791 000

frå kr 3 392 486 000 til kr 3 393 277 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter blir auka med

1 292 000

frå kr 1 064 891 000 til kr 1 066 183 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter blir auka med

1 791 000

frå kr 2 478 362 000 til kr 2 480 153 000

1790

Kystvakten

1

Driftsutgifter blir auka med

344 000

frå kr 816 689 000 til kr 817 033 000

Oslo, i forsvarskomiteen, den 11. juni 2007

Jan Petersen

leder og ordfører