Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskings­komiteen om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2)

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 17 (2007-2008)
  • Kildedok: St.prp. nr. 90 (2006-2007)
  • Dato: 25.10.2007
  • Utgiver: Kirke-, utdannings- og forsknings­komiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Departementet gjer i proposisjonen greie for status for prosjektet med nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2) og gjer framlegg om ny kostnads- og styringsramme. Løyvingane til prosjektet IFI2 vil auke samanlikna med det ein tidlegare har lagt til grunn, og departementet gjer i proposisjonen greie for grunnane til dette. Avvika i forhold til dei vedtekne rammene skriv seg i all hovudsak frå auken i marknadsprisane frå 2004 og fram til no. Departementet vil kome attende til desse løyvingane i samanhang med framlegga til statsbudsjett for 2008, 2009 og 2010.

Stortinget vedtok våren 2005 løyving til byggjestart for nybygg for informatikkmiljøa ved universitetet, jf. St.prp. nr. 65 (2004-2005) og Innst. S. nr. 240 (2004-2005). Etter gjennomført forprosjekt og ekstern kvalitetssikring vedtok Stortinget ei kostnadsramme på 912,8 mill. kroner og ei styringsramme på 838,8 mill. kroner per 1. juli 2005. Indeksregulert til 15. september 2006 er kostnadsramma og styringsramma på høvesvis 979,3 og 900,7 mill. kroner. I alt er det løyvd 109,4 mill. kroner (då er prosjektering med) over kap. 1580 Bygg utanfor husleigeordninga i 2005 og 2006. I 2007 er det innafor løyvinga på kap. 1580 sett av 200 mill. kroner til prosjektet, jf. St.prp. nr. 69 (2006-2007) og Innst. S. nr. 230 (2006-2007).

Departementet ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til å auke kostnadsramma for det nye informatikkbygget ved universitetet IFI2 med 100,7 mill. kroner. Kostnadsramma for prosjektet per 15. september 2006 vert etter dette 1 080 mill. kroner. Styringsramma er sett til 1 040 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Anniken Huitfeldt, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Lena Jensen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, sluttar seg til proposisjonen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at kostnadsveksten i byggenæringen påvirker mange ulike byggeprosjekter i universitets- og høyskolesektoren. Disse medlemmer viser til at Stortinget enstemmig våren 2007 økte rammen for bygging av Halden fengsel med tilsvarende begrunnelse som nå benyttes for informatikkbygget ved UiO.

Disse medlemmer mener det er viktig at ekstraordinær vekst i byggekostnadene ikke skal stanse eller vesentlig forringe utforming og funksjoner i et planlagt eller igangsatt byggeprosjekt i universitets- og høyskolesektoren. Disse medlemmer mener derfor det er grunn til å vurdere om også andre bygg med kostnadsoverskridelser som i hovedsak skyldes den ekstraordinære markedssituasjonen i byggebransjen, gis tilsvarende rom for tilleggsbevilgning.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at kostnadsramma for nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2) vert auka med 100,7 mill. kroner til 1 080 mill. kroner.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 25. oktober 2007

Ine Marie Eriksen Søreide

leiar og ordførar