Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
"(…)
Det er viktig å ta signala frå Riksrevisjonen og betre dei styrings- og kontrollsystema vi har. Likevel ser vi det slik at Riksrevisjonen i sine merknader legg til grunn ei forenkla og for detaljorientert styringsform. Det er viktig å balansere omsynet til effektiv forvaltning tilpassa brukarane og lokale føresetnader, mot nasjonale mål og kontrollsystem.
Riksrevisjonen peikar vidare på at undersøkinga viser at samfunntryggleik og beredskap er eit område som er nedprioritert.
Denne vurderinga bygger mellom anna på intervju med saksansvarlege i embeta. Vi merkjer oss embeta sine vurderingar, men finn likevel grunn til å opplyse om at desse vurderingane ikkje er i samsvar med tilbakemeldingane vi mottar frå fagdepartementa om embeta si måloppnåing på fagområdet. Vurderingane er heller ikkje i samsvar med resultat frå ei brukarundersøkjing i kommunane SSB gjennomførte på vegne av oss i 2003.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt samordningsansvar for styringa av fylkesmannsembeta er omtalt i "Styring, samhandling og organisering" frå 2003. Vi legg der vekt på vårt ansvar for "tilrettelegging, sikring og kontroll av kvalitet i styringssystem, organisasjonsutvikling og for øvrig et generelt ansvar for de administrative rammebetingelsene i embetene." Vidare: "(i) samråd med fagdepartementene, ansvaret for initiering, samordning og oppfølging av utviklingstiltak overfor fylkesmennene".
(…)
Fornyings- og administrasjonsdepartementet følgjer prinsippa om mål- og resultatstyring i vår styring av embeta. Vi legg difor ikkje føringar på det einskilde embete om ressursar som skal nyttast til dei einskilde oppgåvene. Fornyings- og administrasjonsdepartementet verken kan eller skal gje føringar knytt til prioriteringar innan eit fagområde eller mellom fagområda. Det varierar òg embeta i mellom korleis ein løyser oppgåvene, og i nokon grad vil prioriteringar innan eit fagområde kunne variere får embete til embete, avhengig av lokale forhold og behov.
Med dette som utgangspunkt er det ingen tvil om at samordningsansvaret til Fornyings- og administrasjonsdepartementet i styringa er krevjande og vi arbeider heile tida med å justere den i høve til innspel både frå fagdepartementa og embeta. Vi legg vekt på å involvere fagdepartementa i dette arbeide og legge til rette for møteplassar og styringssystem som lett lar seg oppdatere med høg presisjon.
(…)
Erfaringsvis er det vanskeleg å lage eigna og meiningsfylte resultatindikatorar innanfor heile fylkesmannsområdet. Vi har i samråd med fagdepartementa eit ønskje om i størst mogleg grad å bruke dei samfunnsmessige effektane av fylkesmennenes arbeid som resultatindikatorar. Dette må likevel sjåast i samanheng med fagområde der ein treng anna og meir detaljert informasjon tildømes av meir kvantitativ art.
I Fornyings- og administrasjonsdepartementet St.prp. nr. 1 vert det rapportert på oppgåveløysing på dei ulike fagdepartementa sine område. Det vert lagt til grunn at fagdepartementa sine rapporteringsinnspel tilfredsstiller krav og behov til rapportering, og at Stortinget vert orientert på ein tenleg måte. Vidare legg vi til grunn at fagdepartementa rapporterer på fagområda i deira budsjettproposisjonar i den utstrekning og på det detaljnivå dei finn det tenleg.
For oss har det vore viktig at rapporteringa i vår budsjettproposisjon skal vere så generell og kortfatta som mogleg, medan den faglige delen av rapporteringa skal finnast i dei ulike fagproposisjonane. På denne måten unngår vi dobbeltrapportering. Samstundes kan rapporteringa om fylkesmannen sin aktivitet presenterast i samanheng med annan rapportering på same fagområde.
Med det relativt omfattande systemet for styring og rapportering som ligg til grunn for styring av fylkesmannsembeta må det vurderast nøye om det er trong for annan styringsinformasjon for embeta enn det ein har i dag eller om det er måten vi nytta den alt eksisterande informasjonen vi har som er utfordringa. Reint prinsipielt ser eg det som lite ønskjeleg at vi skal bruke meir ressursar på administrasjon heller enn på forvaltning og tenesteyting.
(…)"
Brev frå Kunnskapsdepartementet:
"(…)
Riksrevisjonen kommer i de samlede vurderinger inn på sider av tilsynsaktiviteten på utdanningsområdet. Departementet ønsker å knytte enkelte kommentarer til dette.
Kunnskapsdepartementet mener at et godt fungerende tilsyn fra statens side er et viktig element i en helhetlig oppfølging av utdanningsområdet som ledd i å ivareta statens overordnede ansvar for området. Departementet har tatt initiativ for å styrke fylkesmennenes tilsyn og for å bedre styringen og koordineringen av tilsynsvirksomheten på nasjonalt nivå. Det er arbeidet aktivt for å bidra til å målrette og effektivisere tilsynet, og i den forbindelse er det blant annet satset på utviklingsarbeid og kompetanseutvikling når det gjelder tilsynsvirksomheten. Utdanningsdirektoratet er sentralt i dette arbeidet.
Kunnskapsdepartementet har siden 2004 gitt klare føringer om at tilsyn skal være en prioritert oppgave på utdanningsområdet, og i 2006 gjennomførte fylkesmannen for første gang nasjonalt tilsyn med felles tema og felles metodikk (systemrevisjon). Det nasjonale tilsynet kommer i tillegg til det generelle tilsynsoppdraget, inkludert det hendelsesbaserte tilsyn, som fylkesmannen skal utføre på utdanningsområdet. Nasjonalt tilsyn er en viktig satsing, som bl.a. har ført til kompetanseutvikling i embetene, særlig i å bruke systemrevisjon som tilsynsmetode. Nasjonalt tilsyn på utdanningsområdet ble gjennomført for andre gang våren 2007, og vil også bli gjennomført i 2008."