Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Kap. 1062 Kystverket

For å sikre mest mogleg samsvar mellom den periodiserte rekneskapen og rekneskapen som førast etter kontantprinsippet, fører Kystverket alle investeringar over 200 000 kroner på kap. 1062 post 45.

For å ivareta prinsippet om realistisk budsjettering fremjast det forslag om at kap. 1062 post 1 aukast med 43,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 1062 post 45.

Den 18. september 2007 oppstod det oljelekkasje frå vraket av "Nordvard" i Moss. Hovudlekkasjen er stansa, men etter Kystverket si vurdering er vraket i ein slik forfatning at lekkasjar sannsynlegvis vil auke i omfang over kort tid. Kystverket har tilrådd at vraket tømmast for olje så snart som mogleg.

Kystverket tilrår eit budsjett på inntil 32,5 mill. kroner for å dekkje dei samla kostnadene for tiltak mot akutt forureining frå "Nordvard", frå 18. september til og med tømming av vraket.

For å dekkje utgiftene i 2007 blir det foreslått å nytte 5,5 mill. kroner av berekna mindreforbruk knytt til "Server"-forliset på kap. 1062 post 21 til kostnadene for å handtere "Nordvard"-aksjonen. Vidare blir det foreslått at Fiskeri- og kystdepartementet får fullmakt til å gjera bestillingar for inntil 27 mill. kroner for å kunne inngå kontrakt om tømming. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om den endelege kostnaden for aksjonen i Revidert nasjonalbudsjett 2008.

Våren 2007 vart det vedteke ei tilleggsløyving på 225,5 mill. kroner på kap. 1062 post 21 for å dekkje kostnader knytt til "Server"-forliset. Det gjenstår pr. 31. oktober om lag 53 mill. kroner av denne løyvinga. Dersom det vert teke høgde for moglege forseinka utbetalingskrav frå kommunane anslår Kystverket at det vil vere om lag 45 mill. kroner av løyvinga som ikkje vil bli brukt.

Det vert såleis fremja forslag om at løyvinga på kap. 1062 post 21 vert redusert med 39,5 mill. kroner.

Jf. omtale under kap. 1062 post 1 over. Det vert fremja forslag om at løyvinga på kap. 1062 post 45 vert redusert med 43,5 mill. kroner.