Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
SIVA SF har ei innlånsramme i statskassa på 700 mill. kroner, og har innanfor denne ramma tatt opp nytt lån og refinansiert fleire lån enn det som vart lagt til grunn i St.prp. nr. 1 (2006-2007).
Nærings- og handelsdepartementet legg derfor fram forslag om å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 300 til 360 mill. kroner.
Posten må endrast som følgje av ny låneavtale av 19. april 2007 mellom Nærings- og handelsdepartementet og SIVA SF. Endringa inneber at både låneprovisjon og garantiprovisjon innbetalast etterskotsvis, dvs. at garantiprovisjon som før vart innbetalt i desember same år, no skal innbetalast i februar året etter.
På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om at løyvinga blir redusert med 4,2 mill. kroner, frå 7 til 2,8 mill. kroner.
Posten omfattar avdrag på lån til SIVA SF frå statskassa. Det visest til omtale under kap. 2426 post 90 ovanfor. I høve til vedtatt budsjett for 2007 har SIVA SF tatt opp ytterlegare lån på 180 mill. kroner, med forfall hausten 2007.
Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å auke løyvinga med 180 mill. kroner, frå 300 til 480 mill. kroner.
Som følgje av faktiske renteinnbetalingar er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga. Dei faktiske rentene blir høgare enn det som låg til grunn for løyvinga.
På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om at renteinntektene blir auka med 14,7 mill. kroner, frå 39,7 til 54,4 mill. kroner.