Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Regjeringa legg vekt på at politiet skal vere synleg og tilgjengeleg. Ønsket om mellom anna betre responstid og behov for å ha ei større merksemd om den kriminaliteten som rammar folk flest, gjer at Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga til politiet generelt med 20 mill. kroner fordelt med 16 mill. kroner under kap. 440 post 1 og 4 mill. kroner under kap. 441 post 1.
For å førebygge seksuelle overgrep mot barn og utviklingshemma må søkjarar til ei rekkje helsefaglege utdanningar framleggje politiattest ved opptak. Dette er heimla gjennom endring av forskrift om opptak i høgare utdanning av 10. oktober 2005, som blei sett i kraft 15. juni 2007. Som følgje av dette får politiet meirutgifter til utskriving av politiattestar, og det blir foreslått å rammeoverføre totalt 1,615 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet sitt budsjett til Justisdepartementet sitt budsjett. Av beløpet på 1,615 mill. kroner foreslår Justisdepartementet å rammeoverføre 1,292 mill. kroner frå kap. 281 post 1 til kap. 440 post 1, jf. omtale under kap. 441 post 1 og omtale under kap. 281 post 1 i St.prp. nr. 7 (2007-2008).
Statens innkrevingssentral (SI) har overteke gebyrinnkrevinga i saker i tilknyting til den sivile rettspleien på grunnplanet frå Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra har framleis noko arbeid med sakene i 2007, og det er semje mellom Nærings- og handelsdepartementet og Justisdepartementet om overføring av 1,25 mill. kroner frå Brønnøysundregistra til SI. I tillegg foreslår Justisdepartementet å overføre 1,5 mill kroner frå kap. 440 post 1 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral post 1.
Den nye tvistelova inneber at det må lagast nye rutinar for forliksrådsbehandling. Utgiftene er rekna til 1 mill. kroner og Justisdepartementet foreslår derfor å overføre 1 mill. kroner frå kap. 440 post 1 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral post 1.
Det er vedteke nye reglar om utvida registrering av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret og om samordning av utleggstrekk frå ulike namsmyndigheiter.
Alle utleggsforretningar skal registrerast i Lausøyreregisteret grunna omsynet til kredittopplysningar. SI starta i slutten av 2006 arbeidet med å utvikle ein database der utlegg frå både alminnelege namsmenn og særnamsmenn blir registrert. Utviklinga av systemet har halde fram også i 2007. Vidare vil SI i 2007 gjennomføre tilpassingar i kjeldesystemet SIAN som skal avlevere utleggsinformasjon til utleggsdatabasen. For å dekke utgifter i 2007 foreslår Justisdepartementet å overføre 1,5 mill kroner frå kap. 440 post 1 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral post 1.
Samla foreslår Justisdepartementet å rammeoverføre 4 mill. kroner frå kap. 440 post 1 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral post 1, jf. omtale under kap. 1634 post 1 i Finansdepartementet sin stortingsproposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2007.
Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 13,292 mill. kroner.
Politiet har hittil i år uttransportert færre personar frå landet enn planlagt. Dette skuldast ei rekke forhold. Mellom anna har det vore problem knytta til returar til fleire land. Måltalet for uttransporterte personar i 2007 vil derfor ikkje bli nådd. Med bakgrunn i dette ligg det an til ei innsparing på posten. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 440 post 21 med 15 mill. kroner.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner.