Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Olje- og energidepartementet (OED) legg i proposisjonen fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2007. Departementet ber om samtykkje til at OED kan godkjenne og gjennomføre naudsynte transaksjonar for å innlemme Tampen Link i Gassled, og gjer vidare greie for bruk av fullmakt under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1800 post 21 Spesielle driftsutgifter, med 9,4 mill. kroner, frå 37,1 til 46,5 mill. kroner.

Løyvinga for 2007 blir foreslått kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4800 post 3 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, jf. Forslag til vedtak II.

OED sin del av utgiftene omfattar finansielle og juridiske tenester til økonomisk analyse og vurderingar i arbeidet med samanslåinga. Desse utgiftene vart på 8,9 mill. kroner. Det vart gitt samtykke til overskriding ved kgl. resolusjon av 14. februar 2007 til dekning av fagleg bistand.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner knytt til handsaminga og oppfølginga av søknader om utvinningsløyver. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810 post 1 Gebyrinntekter.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 174,65 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratet si oppdrags- og samarbeidsverksemd med 28,6 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 157,3 mill. kroner.

Løyvinga knytt til NVE si oppdrags- og samarbeidsverksemd blir foreslått redusert med 5 mill. kroner. Utgiftsreduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820 post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 50,6 mill. kroner.

Løyvinga knytt til sikringstiltak i vassdrag blir foreslått auka med 15 mill. kroner. Det er tatt omsyn til aukinga i budsjettforslaget for 2008.

Det blir foreslått ei løyving på 2,9 mill. kroner til tilbakebetaling av for mykje innbetalte konsesjonsavgifter knytt til reguleringa av Aursunden.

Overslaget for kap. 2490 post 24.1 Driftsinntekter blir auka med 1,5 mill. kroner, frå 54 til 55,5 mill. kroner. Vidare blir overslaget for kap. 2490 post 24.2 Driftsutgifter auka med 1,5 mill. kroner, frå 47,8 til 49,3 mill. kroner.

Ovannemnde endringar i underpostar inneber inga endring i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490 post 24, i høve til gjeldande løyving for 2007.

Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2007 frå Petoro AS, basert på rekneskapsføring pr. 31. august 2007 og overslag for resten av året. Det er mellom anna stor uvisse knytt til utviklinga i oljeprisen.

Foreslåtte endringar fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat aukar netto med 4 700 mill. kroner, frå 102 800 til 107 500 mill. kroner.

Kap. 5440 post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 1 700 mill. kroner.

Endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 6 900 mill. kroner i høve til revidert budsjett, frå 103 499 til 110 399 mill. kroner.

Det blir foreslått ei løyving på 4,6 mill. kroner for 2007.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007. Ny løyving blir etter dette på 1 052 mill. kroner.

Det budsjetterast med 0,5 mill. kroner i inntekter knytt til OED sin samarbeidsavtale med NORAD om rådgiving innan petroleumsrelatert utviklingssamarbeid, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1800 post 21.

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,13 mill. kroner, frå 0,91 til 0,78 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810 post 1.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 14,7 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 28,6 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810 post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 63,6 mill. kroner.

Dei totale inntektene frå tilbakekjøp i samband med aksjesalet vart på 2 441,9 mill. kroner. I St.prp. nr. 69 (2006-2007) er inntektene frå salet estimert til 2 434 mill. kroner. Differansen mellom dette overslaget og faktiske inntekter kjem av endring i renta. Det blir foreslått å auke løyvinga med 7,9 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande reduksjon under kap. 1820 post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 38,6 mill. kroner.

Det blir foreslått eit uttak på 157,4 mill. kroner frå Konsesjonsavgiftsfondet i 2007, ei auke på 2,9 mill. kroner i høve til gjeldande løyving, jf. omtale og auke under kap. 1820 ny post 25.

Løyvinga blir foreslått auka med 0,5 mill kroner, frå 151,5 til 152 mill. kroner.

Innlemminga av Tampen Link i Gassled vil vere ei vidareutvikling av det heilskaplege eigarskapet i tråd med formålet bak etableringa av Gassled, jf. St.prp. nr. 21 og Innst. S. nr. 89 (2002-2003). Petoro AS ivaretar interessene til SDØE i forhandlingane og underteiknar aktuelle avtalar i eigenskap av rettshavar. Det bes om at OED får fullmakt til å godkjenne og gjennomføre naudsynte transaksjonar for å innlemme Tampen Link i Gassled, jf. Forslag til vedtak III.

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2006-2007).

Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruken av fullmaktene i 2007 for Fullmakt IX - Utbyggingsprosjekter på norsk kontinentalsokkel.