Olje- og energidepartementet (OED) legg i proposisjonen fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2007. Departementet ber om samtykkje til at OED kan godkjenne og gjennomføre naudsynte transaksjonar for å innlemme Tampen Link i Gassled, og gjer vidare greie for bruk av fullmakt under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).
Samla blir det foreslått å auke
løyvinga under kap. 1800 post 21 Spesielle driftsutgifter,
med 9,4 mill. kroner, frå 37,1 til 46,5 mill.
kroner.
Løyvinga for 2007 blir foreslått
kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4800
post 3 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, jf. Forslag til vedtak II.
OED sin del av utgiftene omfattar finansielle
og juridiske tenester til økonomisk analyse og vurderingar
i arbeidet med samanslåinga. Desse utgiftene vart på 8,9 mill.
kroner. Det vart gitt samtykke til overskriding ved kgl. resolusjon
av 14. februar 2007 til dekning av fagleg bistand.
Det blir foreslått å auke
løyvinga med 5,7 mill. kroner knytt til handsaminga
og oppfølginga av søknader om utvinningsløyver.
Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under
kap. 4810 post 1 Gebyrinntekter.
Nytt forslag til løyving blir etter
dette 174,65 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke
løyvinga knytt til Oljedirektoratet si oppdrags- og samarbeidsverksemd
med 28,6 mill. kroner i høve til gjeldande løyving
for 2007.
Nytt forslag til løyving blir etter
dette 157,3 mill. kroner.
Løyvinga knytt til NVE si oppdrags-
og samarbeidsverksemd blir foreslått redusert med 5 mill.
kroner. Utgiftsreduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon
under kap. 4820 post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Nytt forslag til løyving blir etter
dette 50,6 mill. kroner.
Løyvinga knytt til sikringstiltak i
vassdrag blir foreslått auka med 15 mill. kroner.
Det er tatt omsyn til aukinga i budsjettforslaget for 2008.
Det blir foreslått ei løyving
på 2,9 mill. kroner til tilbakebetaling av for
mykje innbetalte konsesjonsavgifter knytt til reguleringa av Aursunden.
Overslaget for kap. 2490 post 24.1 Driftsinntekter blir
auka med 1,5 mill. kroner, frå 54 til 55,5 mill.
kroner. Vidare blir overslaget for kap. 2490 post 24.2 Driftsutgifter
auka med 1,5 mill. kroner, frå 47,8 til 49,3 mill.
kroner.
Ovannemnde endringar i underpostar inneber inga endring
i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490
post 24, i høve til gjeldande løyving for
2007.
Forslag til nye løyvingar er basert
på ein oppdatert prognose for 2007 frå Petoro
AS, basert på rekneskapsføring pr. 31. august
2007 og overslag for resten av året. Det er mellom anna
stor uvisse knytt til utviklinga i oljeprisen.
Foreslåtte endringar fører
til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat aukar netto med 4 700
mill. kroner, frå 102 800 til 107 500
mill. kroner.
Kap. 5440 post 50 Overføring frå Statens
petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 1 700 mill.
kroner.
Endringane medfører samla sett at netto
kontantstraum frå SDØE blir auka med 6 900
mill. kroner i høve til revidert budsjett, frå 103 499
til 110 399 mill. kroner.
Det blir foreslått ei løyving
på 4,6 mill. kroner for 2007.
Det blir foreslått å auke
løyvinga med 2 mill. kroner i høve til
gjeldande løyving for 2007. Ny løyving blir etter
dette på 1 052 mill. kroner.
Det budsjetterast med 0,5 mill. kroner
i inntekter knytt til OED sin samarbeidsavtale med NORAD om rådgiving
innan petroleumsrelatert utviklingssamarbeid, jf. omtale og tilsvarande
auke under kap. 1800 post 21.
Løyvinga blir foreslått redusert
med 0,13 mill. kroner, frå 0,91 til 0,78 mill.
kroner.
Det blir foreslått å auke
løyvinga med 5,7 mill. kroner i høve til gjeldande
løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande auke under
kap. 1810 post 1.
Nytt forslag til løyving blir etter
dette 14,7 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke
løyvinga med 28,6 mill. kroner i høve
til gjeldande løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande
auke under kap. 1810 post 21.
Nytt forslag til løyving blir etter
dette 63,6 mill. kroner.
Dei totale inntektene frå tilbakekjøp
i samband med aksjesalet vart på 2 441,9 mill.
kroner. I St.prp. nr. 69 (2006-2007) er inntektene frå salet
estimert til 2 434 mill. kroner. Differansen mellom dette
overslaget og faktiske inntekter kjem av endring i renta. Det blir
foreslått å auke løyvinga med 7,9 mill.
kroner i høve til gjeldande løyving for 2007.
Det blir foreslått å redusere
løyvinga med 5 mill. kroner i høve til
gjeldande løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande reduksjon
under kap. 1820 post 21.
Nytt forslag til løyving blir etter
dette 38,6 mill. kroner.
Det blir foreslått eit uttak på 157,4
mill. kroner frå Konsesjonsavgiftsfondet i 2007, ei auke
på 2,9 mill. kroner i høve til gjeldande
løyving, jf. omtale og auke under kap. 1820 ny post 25.
Løyvinga blir foreslått auka
med 0,5 mill kroner, frå 151,5 til 152 mill.
kroner.
Innlemminga av Tampen Link i Gassled vil vere
ei vidareutvikling av det heilskaplege eigarskapet i tråd med
formålet bak etableringa av Gassled, jf. St.prp. nr. 21
og Innst. S. nr. 89 (2002-2003). Petoro AS ivaretar interessene
til SDØE i forhandlingane og underteiknar aktuelle avtalar
i eigenskap av rettshavar. Det bes om at OED får fullmakt
til å godkjenne og gjennomføre naudsynte transaksjonar
for å innlemme Tampen Link i Gassled, jf. Forslag til vedtak
III.
I samband med den årlege handsaminga
av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og
Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst.
S. nr. 9 (2006-2007).
Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie
for bruken av fullmaktene i 2007 for Fullmakt IX - Utbyggingsprosjekter
på norsk kontinentalsokkel.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Svein Gjelseth, Marianne Marthinsen, Ann-Kristin Engstad, Tore Nordtun, Torny Pedersen og Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen, Tord Lien og Ketil Solvik-Olsen, fra Høyre, Børge Brende og Ivar Kristiansen, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Holten Hjemdal, fra Senterpartiet, Erling Sande og fra Venstre, lederen Gunnar Kvassheim, viser til de foreslåtte endringene på statsbudsjettet for 2007, som fremgår av proposisjonen.
Komiteen har merket seg omtalen av innlemming av Tampen Link i Gassled og av bruken av fullmaktene under petroleumsvirksomheten og SDØE.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2007 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Utgifter |
|
1800 |
|
Olje- og energidepartementet |
|
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast,blir auka med |
9 400 000 |
|
|
frå kr 37 100 000 til kr 46 500 000 |
|
1810 |
|
Oljedirektoratet |
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
5 700 000 |
|
|
frå kr 168 950 000 til kr 174 650 000 |
|
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast,blir auka med |
28 600 000 |
|
|
frå kr 128 700 000 til kr 157 300 000 |
|
1820 |
|
Noregs vassdrags- og energidirektorat |
|
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast,blir redusert med |
5 000 000 |
|
|
frå kr 55 600 000 til kr 50 600 000 |
|
|
22 |
Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overførast,blir auka med |
15 000 000 |
|
|
frå kr 93 500 000 til kr 108 500 000 |
|
|
(ny) 25 |
Tilbakebetaling av konsesjonsavgifter, blir løyvd med |
2 900 000 |
2442 |
|
Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen |
|
|
(ny) 70 |
Tilskot, overslagsløyving,blir løyvd med |
4 600 000 |
2490 |
|
NVE Anlegg |
|
|
24 |
Driftsresultat |
0 |
|
|
Driftsinntekter |
-55 500 000 |
|
|
|
|
Driftsutgifter |
49 300 000 |
|
|
|
|
Avskrivingar |
5 200 000 |
|
|
|
|
Renter av statens kapital |
1 000 000 |
|
|
|
|
|
0 |
|
|
|
|
Inntekter |
|
4800 |
|
Olje- og energidepartementet |
|
|
2 |
Ymse inntekter, blir auka med |
2 000 000 |
|
|
frå kr 1 050 000 000 til kr 1 052 000 000 |
|
|
(ny) 3 |
Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir løyvd med |
500 000 |
|
70 |
Garantiprovisjon, Gassco, blir redusert med |
130 000 |
|
|
frå kr 910 000 til kr 780 000 |
|
4810 |
|
Oljedirektoratet |
|
|
1 |
Gebyrinntekter, blir auka med |
5 700 000 |
|
|
frå kr 9 000 000 til kr 14 700 000 |
|
|
2 |
Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir auka med |
28 600 000 |
|
|
frå kr 35 000 000 til kr 63 600 000 |
|
4811 |
|
Statoil ASA |
|
|
96 |
Sal av aksjar, blir auka med |
7 900 000 |
|
|
frå kr 2 434 000 000 til kr 2 441 900 000 |
|
4820 |
|
Noregs vassdrags- og energidirektorat |
|
|
2 |
Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir redusert med |
5 000 000 |
|
|
frå kr 43 600 000 til kr 38 600 000 |
|
4829 |
|
Konsesjonsavgiftsfondet |
|
|
50 |
Overføring frå fondet, blir auka med |
2 900 000 |
|
|
frå kr 154 500 000 til kr 157 400 000 |
|
5440 |
|
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda |
|
|
24 |
Driftsresultat, blir auka med |
4 700 000 000 |
|
|
frå kr 102 800 000 000 til kr 107 500 000 000 |
|
|
|
Spesifikasjon: |
|
|
|
|
|
Driftsinntekter |
162 800 000 000 |
|
|
|
|
Driftsutgifter |
-30 900 000 000 |
|
|
|
|
Leite- og feltutviklingsutgifter |
-1 900 000 000 |
|
|
|
|
Avskrivingar |
-15 600 000 000 |
|
|
|
|
Renter av statens kapital |
-6 900 000 000 |
|
|
|
|
|
107 500 000 000 |
|
|
|
30 |
Avskrivingar, blir auka med |
500 000 000 |
|
|
frå kr 15 100 000 000 til kr 15 600 000 000 |
|
|
(ny) 50 |
Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med |
1 700 000 000 |
5680 |
|
Innskuddskapital i Statnett SF |
|
|
85 |
Utbytte, blir auka med |
500 000 |
|
|
frå kr 151 500 000 til kr 152 000 000 |
|
II
Meirinntektsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at løyvinga under kap. 1800 Olje- og energidepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4800 Olje- og energidepartementet, post 3 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.
III
Fullmakt til innlemming av Tampen Link i Gassled
Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne og gjennomføre naudsynte transaksjonar ved overdraging av SDØE-delar for å innlemme røyrleidningar og transportrelaterte anlegg i Tampen Link i Gassled.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 11. desember 2007
Gunnar Kvassheim
leder og ordfører |