Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013)

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 190 (2007-2008)
  • Kildedok: St.prp. nr. 35 (2007-2008)
  • Dato: 22.04.2008
  • Utgiver: Helse- og omsorgskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Programmet for narkotikaførebygging og -informasjon vart vedteke i EU 25. september 2007 ved europaparlaments- og rådsavgjerd 1150/2007/EF. Programmet tok til å gjelde 1. oktober 2007 og er ope for deltaking frå EØS/EFTA-statane gjennom del VI, samarbeid utanfor dei fire fridommane, protokoll 31, i EØS-avtala.

Deltaking i programmet inneber økonomiske plikter for Noreg over fleire år. Difor er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som mogleg, blir stortingsproposisjonen fremja før det er teke avgjerd i EØS-komiteen.

Målet med programmet er å førebyggje og å redusere vanebruk og skadeverknader ved bruk av narkotiske stoff. Det skal medverke til å utvikle ein politikk der det vert lagt særleg vekt på å verne folkehelsa, og medverke til utvikling av nettverk på tvers av faggrensene. Det vert lagt opp til å engasjere frivillige organisasjonar i å utvikle og gjennomføre narkotikastrategien og handlingsplanane til EU.

For å kunne nytte tilgjengeleg informasjon og statistikk, vert det lagt opp til eit samarbeid med EUs senter for overvaking av narkotika og narkotikamisbruk (EMCDDA).

Programmet vil gje støtte til innsamling, utvikling og spreiing av data, statistikk og forsking, opinionsgranskingar så vel som utarbeiding av indikatorar og felles metodeval. Programmet skal støtte seminar o.l., vedlikehald av Internett-sider og tiltak for å gjere det informasjonsmateriellet som ligg føre, kjent for ålmenta. Programmet vil gje støtte til nettverk av ekspertar og aktivitetar som analyserer, styrer og evaluerer tiltak.

Med sikte på deltaking frå EØS/EFTA-statane i EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013) vil EØS-komiteen vedta ei endring av protokoll 31 artikkel 16 i EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar narkotikaprogrammet.

Totalsummen for deltaking i programmet for heile perioden er rekna til om lag 4 mill. kroner. Dei årlege utgiftene for Noreg er stipulerte til om lag 700 000 kroner, men denne summen vil variere. Norsk deltaking i programmet vert dekt over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 703 - Internasjonalt samarbeid.

Det blir uttala at deltakinga i programmet vil gje Noreg nytt og betre høve til å kome inn i narkotikasamarbeidet til EU, og at Noreg kan ha utbyte både økonomisk, fagleg og fagpolitisk ved at norske tiltak kan vere ein del av europeiske prosjekt og få økonomisk støtte frå programmet.

Helse- og omsorgsdepartementet rår til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013) i EØS-avtala frå 1. januar 2008. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jorodd Asphjell, Jan Bøhler, Sonja Mandt-Bartholsen, Gunn Olsen og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Vigdis Giltun og lederen Harald T. Nesvik, fra Høyre, Inge Lønning og Sonja Irene Sjøli, fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo, fra Kristelig Folkeparti, Laila Dåvøy, fra Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, og fra Venstre, Gunvald Ludvigsen, viser til proposisjonen og går inn for at Norge skal delta i EU-programmet om narkotikaforebygging og -informasjon, og at programmet innlemmes i EØS-avtalen slik som foreslått.

Uttale frå utanrikskomiteen

Utkast til innstilling er sendt utanrikskomiteen til uttale. Utanrikskomiteen har ikkje merknader til innstillingsutkastet.

Tilråding frå komiteen

Komiteen rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013).

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 22. april 2008

Harald T. Nesvik

Olav Gunnar Ballo

leiar

ordførar