3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringa sørgje for at litterære produksjonar og formidling blir tilgodesett i samanheng med statlege tilskot til kulturtiltak i skulen.

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringa sette i gang eit forskingsprogram for å auke kunnskapen om kunst- og kultursektoren sin relasjon til opplæringsfeltet. Eit viktig formål for forskingsprogrammet må vere å få auka kunnskap om heilskapen i Den kulturelle skulesekken, og korleis ein kan få til eit betre samarbeid mellom opplæringssektoren og kultursektoren.

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringa opprette ein eigen post på statsbudsjettet for organisasjonstilskot for Norsk Kulturskoleråd.

Forslag frå Fremskrittspartiet og Høgre:

Forslag 4

Stortinget ber Regjeringen iverksette en forsøksordning der flere kommuner, gjennom interkommunalt arbeid, inviteres til å ta ansvar for Den kulturelle skolesekken i sitt område.

Forslag frå Kristeleg Folkeparti:

Forslag 5

Stortinget ber Regjeringa utarbeide retningsliner for kulturskuleverksemda som sikrar den faglege og sosiale profilen på tilbodet.