Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Trond Lode, og frå Venstre, Trine Skei Grande, meiner St.meld. nr. 8 (2007-2008) gir ei god oversikt over status, røynsler og framtidige utviklingshøve for Den kulturelle skulesekken. Fleirtalet er glad for at Den kulturelle skulesekken i all hovudsak fungerer etter intensjonen slik det mellom anna er uttrykt i Innst. S. nr. 50 (2003-2004), jf. St.meld. nr. 38 (2002-2003). Fleirtalet meiner at ei ambisiøs satsing som Den kulturelle skulesekken krev kontinuerleg kvalitetssikring og diskusjon. Fleirtalet ser derfor at meldinga er viktig for å utvikle Den kulturelle skulesekken i tråd med føremålet. Fleirtalet stør dei overordna målsettingane i meldinga om at Den kulturelle skulesekken skal vere ei nasjonal satsing der kultur- og opplæringssektoren samarbeider om å medverke til at elevar i skulen får oppleve, bli kjende med og lære å forstå profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Fleirtalet er samd i at Den kulturelle skulesekken skal medverke til å utvikle ei full innlemming av kunstneriske og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sitt læringsmål.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, kan ikke si seg enig i at Den kulturelle skolesekken fungerer etter intensjonene, da det i denne meldingen kan se ut som om det viktigste er at elevene får oppleve profesjonelt kunstuttrykk alene. Dette kan slett ikke sies å være i samsvar med intensjonene i Stortingets vedtak i forbindelse med Ot.prp. nr. 44 (2002-2003) om lov om endringer i pengespill og lotterilovgivningen, jf. Innst. O. nr. 124 (2002-2003). Ot.prp. nr. 44 (2002-2003) baserer seg på representantforslag i Dokument nr. 8:16 (2001-2002) fremmet av representantene Ulf Erik Knudsen og Per Sandberg om å endre fordelingen av tippeoverskuddet, slik at overskuddet kun skulle deles mellom idrett og kultur.

Disse medlemmer viser til at ved behandlingen av Dokument nr. 8:16 (2001-2002), jf. Innst. O. nr. 44 (2001-2002), ble det av et flertall bestående av Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, gjennom merknader skissert en forutsetning for endringen. 40 pst. av midlene skulle gå til tiltak for å gjennomføre Den kulturelle skolesekken, ved at barn og unge skulle få tilgang til kulturopplevelser og muligheten for selv å delta i kulturelle aktiviteter gjennom samarbeid med ulike kulturinstitusjoner, kunstnere, og gjennom skolen, kulturskolen og frivillige lag og organisasjoner, som f.eks. kor, korps og amatørteaterlag osv., slik at også disse får en betydelig styrket aktivitet gjennom disse midlene.

Disse medlemmer viser til den avtalen som ble inngått mellom Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Fremskrittspartiet om fordeling av tippenøkkelen. Avtalen var ment å sikre et trygt økonomisk fundament for skolesekken. Men ulike vedtak og beslutninger gjort av et annet flertall og av Regjeringen, kan resultere i at det økonomiske fundamentet slett ikke er trygt i fremtiden.

Det er for disse medlemmer svært viktig at mest mulig av de tildelte midlene kommer barna til gode gjennom kulturopplevelser. Disse medlemmer ønsker derfor ikke at fylkeskommunene skal administrere ordningen. Da kan fort store deler av de tildelte ressurser bli borte i administrasjon.

Komiteen understrekar at Den kulturelle skulesekken skal innebere eit utvida kulturtilbod utover den ordinære gjennomføringa av lærerplanen.

Komiteen understrekar at Stortinget i løpet av dei første par åra etter at Den kulturelle skulesekken blei innført, gjorde presiseringar i føremål og hovudretning for ordninga, samanlikna med vedtak knytt til Dokument nr. 8:16 (2001-2002) om endring av tippenøkkelen. Komiteen vil særskilt peike på handsaminga av St.meld. nr. 38 (2002-2003) Den kulturelle skulesekken og Innst. S. nr. 50 (2003-2004), der ein samla komité uttalar følgjande:

"Komiteen støtter de overordnede målsettingene i meldingen om at Den kulturelle skolesekken skal medvirke til at alle elever i grunnskolen skal få et profesjonelt kulturtilbud. Elevene skal få tilgang til, gjøre seg kjent med og få et positivt forhold til kunst-og kulturuttrykk av alle slag."

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til at ein her legg mest vekt på at kulturtilbodet i skulesekken først og fremst skal vere med profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar. Fleirtalet legg til grunn at dette både har samanheng med at skulesekken sine produksjonar i hovudsak skal møte elevane i skuletida, og at ein ønskjer å prioritera dei profesjonelle uttrykka i skulesekken sine tilbod. Fleirtalet er samd i at skulen sitt eige opplegg for kulturfaga skal inngå i eit samspel med Den kulturelle skulesekken, der elevane sin eigenaktivitet skal ivaretakast. Her skal ein òg leggje vekt på skulen sitt ansvar for føre- og etterarbeid i samband med produksjonar i regi av Den kulturelle skulesekken. Dette er etter fleirtalet si meining i tråd med skisserte hovudmål for Den kulturelle skulesekken i St.meld. nr. 8 (2007-2008) som Regjeringa no legg fram. Fleirtalet vil òg peike på at Kunnskapsdepartementet i 2007 oppretta "Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa" i Bodø. Fleirtalet legg til grunn at dette senteret vil vere ein viktig motor i arbeidet med å realisere målsetjingane for dei estetiske faga i skulen, slik dei er formulert i Kunnskapsløftet, og ein viktig samarbeidspart for skulen for å leggje til rette for gode og fruktbare kulturmøte mellom elevane og Den kulturelle skulesekken.

Komiteen sine medlemer frå Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil streke under at det ikkje berre er oppleving som skal stå i sentrum i Den kulturelle skulesekken, jf. meldinga sine innleiande formuleringar. Etter desse medlemene si meining er det avgjerande å vere medviten om det danningsperspektivet som ligg til grunn for satsinga på Den kulturelle skulesekken når ein skal etablere ei felles forståing av målsetjingane. I eit slikt perspektiv er det mellom anna viktig å leggje vekt på at Den kulturelle skulesekken skal sette barn og unge i stand til sjølv å orientere seg og argumentere for og imot dei ulike kulturelle tilboda og uttrykka som finnast og som dei møter - ikkje gjennom ei kollektiv tilnærming, men ei individuell tilnærming som famnar bredda og variasjonane både i høve til kulturelle uttrykk og barn og unge. Desse medlemene merkar seg at meldinga stadfestar at kunst og kultur ikkje er einsarta, like lite som barn og unge er det, og på denne måten peikar i retning av eit slikt perspektiv i høve til Den kulturelle skulesekken.

Komiteens medlem fra Høyre viser til at komiteen i Innst. S. nr. 50 (2003 -2004) forutsatte at fylkeskommunenes bidrag til Den kulturelle skolesekken skulle være å dekke de administrative kostnadene forbundet med ordningen. Dette medlem mener det er viktig at de tildelte midlene kommer barna til gode og vil derfor understreke at departementet må etterse at Stortingets forutsetninger følges opp på dette punkt.

2.1 Evaluering og forsking

Komiteen merkar seg at Regjeringa har gjort ei evaluering av Den kulturelle skulesekken og at saka har vore ute på brei høyring. Departementet har i vurderinga si valgt å legge større vekt på høyringsfråsegnene enn på evalueringa. Komiteen meiner meldinga samla sett gir eit godt bilete av ulike erfaringar med Den kulturelle skulesekken, men som det går fram av meldinga, finst det lite kunnskap om satsinga som er basert på forsking. Komiteen viser til at det finst svært mange prosjekt, tiltak og samarbeidskonstellasjonar av ulike slag. Auka kunnskap om heilskapen i Den kulturelle skulesekken kan styrke vidare utvikling. Komiteen er nøgd med at Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet saman vil utarbeide ein strategi for korleis forskings- og evalueringsarbeid skal implementerast som ein fast del av arbeidet med Den kulturelle skulesekken i åra framover. Komiteen viser til at det er trong for gode formålstenlege digitale verktøy i Den kulturelle skulesekken. Komiteen meiner utvikling av betre og gjennomgåande rapporteringssystem kan vere nyttig for brukarane, i tillegg til at eit heilskapleg system gjev grunnlagsmateriale for forsking og kartlegging.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil understreke at denne meldingen ikke er kommet på grunn av Kulturløftet, men som en bestilling fra Stortinget da Stortinget gjorde sine vedtak i forbindelse med behandlingen av St.meld. nr. 38 (2002-2003) om Den kulturelle skolesekken, jf. Innst. S. nr. 50 (2003-2004). Stortinget ønsket da en evaluering av Den kulturelle skolesekken våren 2006, men fikk denne meldingen først vinteren 2008.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er ikke fornøyd med at Stortinget ikke fikk fremlagt evalueringsrapporten. Disse medlemmer vil også bemerke at høringsuttalelsene selvsagt burde være positive, som vist i boks 2.1-2.4 på side 20 i meldingen. Det har aldri vært tilført så mye friske midler til skole og kultur som gjennom Den kulturelle skolesekken. Det som derimot hadde vært interessant å lese, var hvordan de som ikke ble berørt av 160 friske millioner kroner faktisk vurderer hvor mye av disse midlene som kommer barn og unge til gode.

Komiteen sine medlemer frå Høgre,Kristeleg Folkeparti og Venstre fremmar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa sette i gang eit forskingsprogram for å auke kunnskapen om kunst- og kultursektoren sin relasjon til opplæringsfeltet. Eit viktig formål for forskingsprogrammet må vere å få auka kunnskap om heilskapen i Den kulturelle skulesekken, og korleis ein kan få til eit betre samarbeid mellom opplæringssektoren og kultursektoren."

2.2 Mål og prinsipp

Komiteen viser til at Den kulturelle skulesekken er tufta på eit nært samarbeid mellom to samfunnssektorar med til dels ulike mål, tradisjonar og språk. Komiteen er samd i at både kulturpolitiske og skulepolitiske mål skal ligge til grunn for ordninga. Komiteen understrekar at det er kultursektoren som har ansvaret for produksjon av tilboda. Komiteen merkar seg at evalueringsrapporten peiker på det er eit spent tilhøve mellom skule- og kultursektoren. Komiteen meiner verkemiddel som fremjar samarbeid mellom skule og kultursektor, kan vere tenleg for føremålet. Komiteen legg vekt på at det blir skapt sams forståing i begge sektorane om at kunst- og kulturopplevingar er eit viktig supplement til den ordinære undervisinga. Komiteen viser til at mottakaren si kunstoppleving kan bli styrka når aktivitet, opplevingar og læring blir sett på som ein heilskap. Komiteen understrekar at ein må ta omsyn til kunsten sin eigenart som nettopp kan vere å overraske og provosere. Tilknyting som prosjekta har til læreplanen kan dermed ha ei meir indirekte form.

Komiteen understrekar at tilboda skal vere av høg kvalitet og profesjonelt levert. Profesjonalitet gjeld i den samanhengen både innhald, form, presentasjon og tilpassing til målgruppa. Arbeidet med Den kulturelle skulesekken på lokalt plan bør derfor bli gjennomført i dialog med skule, kulturskule og kulturliv elles. Ved at skuleeigar ser dei ulike tilboda i ein heilskap og integrerer kulturskulane i satsingane sine, kan lokale ressursar bli utnytta best mogleg, samstundes som skulen blir styrka som kulturberar.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil ytterlegare understreke at Den kulturelle skulesekken krev eit tett samarbeid mellom kultursektor og utdanningssektor. Fleirtalet meiner at eit slikt samarbeid ikkje berre må bli ei målsetjing, men ein realitet. Fleirtalet legg til grunn at auka samhandling mellom skulesektor og kultursektor - slik fleirtalet tek til orde for - også føreset eit tettare samarbeid mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Etter medlemene i komiteen frå Høgre, Kristelig Folkeparti og Venstre si meining er det avgjerande at Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet forsterkar samarbeidet i samband med ei vidareutvikling av skulesekken, og særleg at Kunnskapsdepartementet kjem sterkare på banen. Etter desse medlemene si meining burde stortingsmeldinga om skulesekken i langt større grad vore ei felles melding frå dei to departementa.

Desse medlemene viser til høyringsfråsegn frå Norges Museumsforbund datert 5. februar 2008 kor det mellom anna blir stadfesta at organisasjonen har ei oppfatning av at dei omtalte samarbeidsproblema mellom utdanningssektor og kultursektor hovudsakleg ligg på eit nasjonalt, og ikkje lokalt og regionalt nivå.

2.3 Innhald og kvalitet

Komiteen viser til at det er kultursektoren som skal leggje til rette for eit godt og profesjonelt innhald i Den kulturelle skulesekken. Komiteen meiner det er svært viktig at produksjonar blir kvalitetssikra innanfor profesjonelle rammer. Fylkeskommunen og kommunen har ansvaret for å sikre at produksjonane er av høg kvalitet og tilpassa målgruppa. Komiteen meiner kontinuerleg fokus på kvalitetssikring er naudsynt.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, understrekar at eit mangfald av institusjonar og miljø på kulturfeltet har god og profesjonell kompetanse for å tilby tilpassa produksjonar til Den kulturelle skulesekken. I mange kommunar er kulturskulen ein slik institusjon, og fleirtalet vil peike på at mange kulturskulelærarar òg er profesjonelle skapande og utøvande kunstnarar som kan vera viktige medspelarar i produksjonar for skulesekken.

Det er likevel etter eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, si meining riktig at desse aktørane vurderast på lik line med andre tilbydarar når det gjeld oppdrag for Den kulturelle skulesekken. Korleis kulturskulane sin kunstneriske kompetanse kan utnyttast betre, er etter dette fleirtalet si meining eit punkt som må følgjast opp av Kunnskapsdepartementet.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre peiker på at kulturskulane i større grad enn i dag kan ta del i utforminga av det kunstneriske innhald i Den kulturelle skulesekken og i den pedagogiske tilrettelegginga for målgruppa. Desse medlemene meiner det kan vere hensiktsmessig at departementet ser nærare på moglegheitene som ligg i å tilføre kulturskulane auka ressursar, slik at den kunstneriske og pedagogiske kompetansen i kulturskulen kan nyttast betre i det lokale arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

Komiteen viser til at det i meldinga blir peika på trong etter fleire gode produksjonar til Den kulturelle skulesekken, og at mangelen knytta til innhald vil bli større når ordninga blir utvida til den vidaregåande skulen. Komiteen viser til at dei store institusjonane i varierande grad har vore aktive i Den kulturelle skulesekken. Nettopp fordi store institusjonar ofte har ein lengre planleggingshorisont enn dei frie gruppene og dei små institusjonane, burde tilhøva ligge til rette for å auke bruken av produksjonar frå større institusjonar.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, understrekar samstundes at dei mindre regionale institusjonane og frie gruppene representerer eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod forankra i region og nærmiljø, og at desse difor må vera sentrale når det gjeld produksjon til Den kulturelle skulesekken.

Komiteen meiner det er viktig at aktørane i kunstfeltet blir stimulerte til å nytte det som finst av barnefagleg og kunstfagleg kompetanse på ein slik måte at kvaliteten på innhaldet i Den kulturelle skulesekken blir styrka. Komiteen peikar på trongen for auka kompetanse hjå aktørane som er involverte i Den kulturelle skulesekken. Komiteen viser til at utveksling og kunnskap om erfaringar og høve til dialog og samhandling mellom sentrale partar i Den kulturelle skulesekken er kompetansehevande og viktig for å fremje kvalitet knytta til ordninga, og komiteen meiner dette arbeidet må styrkjast.

Komiteen har merka seg arbeidet med utvikling av Kulturproduksjonssenteret i Volda, der aktørar frå ulike stader i landet får utvikla og prøvd ut produksjonar for å fremje kvalitet på kunstproduksjonar for barn og unge. Tiltaket er eit samarbeid mellom miljø med barnefagleg og kunstfagleg kompetanse.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre viser til at dette er særleg relevant med omsyn til å sikre kvalitetsproduksjonar for Den kulturelle skulesekken. Desse medlemene meiner det er viktig at det blir gitt naudsynt økonomisk stønad til slike tiltak.

Komiteen viser til at i tillegg til kunsttilbod som skal gje opplevingar, inneheld Den kulturelle skulesekken også konseptuell og relasjonell kunst der publikumsinvolvering blir gjort til ein del av verket. Komiteen meiner det er viktig å oppmuntre til nye og kreative formidlingsmåtar som styrkjer samanhengen mellom aktivitet, oppleving og læring.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner vidare at erfaringane frå arbeidet med skulesekken har synleggjort behovet for ei ytterlegare vektlegging av opplæring i formidling til barn og unge i kunstutdanningane. Sidan kulturtilbodet i skulen no blir utvida, og fleire kunstnarar yter aktivt i høve til skulesekken, vil formidlingskompetansen måtte bli enda meir tydeleg enn kva som er tilfellet i dag. Fleirtalet vil understreke at ei styrking av formidlingskomponenten i kunstutdanningane sjølvsagt ikkje må gå på akkord med eigenarten i utdanningane, men at det heller er snakk om å tydeleggjere formidlingskomponenten som allereie finnast i utdanningane.

Komiteen er merksam på at det ofte ikkje er ei klår grense mellom frivillige og profesjonelle aktørar. Komiteen meiner samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv er av stor verdi for å vidareutvikle innhaldet i Den kulturelle skulesekken.

Komiteen viser til at fleire kommunar har, i tilknytning til kulturskulane, ordningar med instruktørlønn som gjer det mogleg for lokalt kulturliv å nytte seg av kulturskulen sin fagkompetanse. Denne typen ordningar kan bidra til betre utnytting av ressursane lokalt, styrkje samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, og bidra til å styrkje kulturskulen og det lokale kulturlivet si rolle i Den kulturelle skulesekken.

Komiteen viser til at det i nokre kommunar er eit samarbeid mellom skule, lokale kunstnarar og kyrkja, men meiner at kyrkja sitt potensial som medspelar i Den kulturelle skulesekken bør utnyttast betre. Komiteen viser til at kyrkja er ein viktig forvaltar av felles kulturarv, og at det stadig blir utvikla nye uttrykk, ikkje minst innan kyrkjemusikken.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, understrekar at samspel mellom kyrkja og Den kulturelle skulesekken må ta omsyn til at det i skulen finst elevar med ulik tru og ulike livssyn, og at dette må spegle det kulturtilbodet ein vel.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner kyrkja sitt kulturarbeid har ein naturleg plass i Den kulturelle skulesekken. Desse medlemene er positiv til Kirkerådet sitt initiativ med å opprette eit nettverk for kunst og kultur, regionale kulturnettverk, og meiner dette nettverket kan vere nyttig i vidareutviklinga av Den kulturelle skulesekken.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er bekymret for at midlene i Den kulturelle skolesekken i altfor stor utstrekning går til profesjonelle utøvere, og dermed ikke følger intensjonene i Den kulturelle skolesekken om at barn og unge aktivt skulle delta og ikke bare motta kulturinntrykk. Disse medlemmer har merket seg at det nærmest ikke sies noe om frivillige lag og organisasjoner i denne meldingen, til tross for at disse skulle ha betydelig nytte av Den kulturelle skolesekken. Disse medlemmer vil derimot slutte seg til at litteratur og museer i langt større grad bør aktivisere elever. Dels fordi lesekunnskapen kunne ha vært bedre i Norge, og fordi altfor mange barn og unge derfor heller ikke får kjennskap til en rekke av Norges fantastiske forfattere gjennom tidene. Når det gjelder museer, finnes det en rekke måter å aktivisere barn og unge på. Museene har i noen tilfeller greid dette uten støtte fra Den kulturelle skolesekken, men disse medlemmer mener at enda flere kunne hatt glede og nytte av aktive og deltagende museumsbesøk, også fordi dette handler om våre tradisjoner og vår kulturarv.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, viser til omtale i meldinga om formidling av kunst og kultur på nynorsk. Fleirtalet meiner det offentlege har eit særleg ansvar for å leggje til rette for at nynorsk kan utvikle seg på ein god måte. Både praktisk og økonomisk må ein leggje til rette for at nynorsk kan tryggje og styrkje posisjonen sin, som eit levande bruksspråk så vel som eit likeverdig offisielt skriftspråk ved sida av bokmål. Fleirtalet meiner det er viktig at Regjeringa aukar formidlinga av kunst og kultur på nynorsk gjennom Den kulturelle skulesekken. Dette vil vere med på å styrkje den språklege identiteten til nynorskelevane. Fleirtalet er samd med Regjeringa i at kommunar og fylkeskommunar må ta språkpolitiske omsyn i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken, og når dei legg konkrete planar for kunst- og kulturtilbodet i ordninga.

2.3.1 Dei ulike kunst- og kulturuttrykka

Komiteen viser til omtalen i meldinga av dei ulike kunst- og kulturuttrykka der det blir gjort greie for eit breitt spekter av prosjekt, sjangarar og ulike typar nettverk og samarbeidskonstellasjonar.

Komiteen viser til at Rikskonsertene si rolle som nasjonal aktør på musikkfeltet skal utviklast vidare, og komiteen stør dette. Komiteen er kjent med at prosjektet "Elever som arrangører" i regi av Rikskonsertene og Musikk i Skolen kan vise til gode resultat for å styrkje samarbeidet mellom opplæringssektoren og kultursektoren. Komiteen meiner ei utviding av ordninga "Elever som arrangører" til òg å gjelde andre kunstartar kan vere føremålstenleg.

Komiteen meiner det er viktig å sjå nærare på korleis dei regionale kunstmusea i endå større grad kan medverke til formidling av visuell kunst i Den kulturelle skulesekken. Komiteen viser til omtalen i meldinga av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, og komiteen understrekar museet si rolle som nasjonal aktør på feltet.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre viser i denne samanhengen til debatten i media om Nasjonalmuseet sitt ansvar for å lage landsomfattande vandreutstillingar til museum og skular, og moglege planar frå museet si side om å flytte dette ansvaret til regionmusea. Desse medlemene legg til grunn at ansvaret for å lage landsomfattande vandreutstillingar til museum og skular blir verande hjå Nasjonalmuseet inntil Stortinget eventuelt fattar vedtak om noko anna.

Komiteen viser til støtteordninga for nyproduksjonar av scenekunst, og meldinga si utgreiing om at samanhengen mellom fordelingsmidlar og bruken av formidlingsmidler ikkje fungerer godt nok. Regjeringa gjer framlegg om at produksjonsmidlar som blir forvalta av Norsk kulturråd, blir disponerte av Norsk Scenekunstbruk med føremål å styrkje samanhengen mellom produksjon og formidling. Komiteen meiner det kan vere føremålstenleg å sikre ein betre samanheng mellom produksjon og formidling av fri scenekunst.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil peike på at ein slik samanheng føreset at utval av produksjonar til Den kulturelle skulesekken vert gjort av fagleg kompetente personar, og at det vert levert eit mangfald av tilbod innanfor dei ulike kunstområda.

Komiteen viser til at auka etterspørsel etter litteraturformidling krev tiltak som sikrar at alle elevar får oppleve litteraturen som kunstnerisk uttrykk i skulen.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, understrekar at bibliotekmeldinga vil omtale litteraturformidling på breitt grunnlag.

Fleirtalet understrekar at det er avsett sentrale midlar til ulike tiltak på fleire kunstområde, mellom anna til litteraturformidling. Dette gjeld aktørar som Norsk Forfattarsentrum, Foreningen !Les og biblioteka, som får prosjektmidlar gjennom ABM-utvikling. Fleirtalet ser desse som naturlege samarbeidspartnarar for Den kulturelle skulesekken. Når det gjeld spelemidlane, peiker fleirtalet på at det er naturleg at fylker og kommunar kan nytta sine spelemidlar til mellom anna formidlingstiltak gjennom skulane og folkebiblioteka. Fleirtalet vil samstundes peike på at meldinga understrekar at det er naudsynt med ein sentral aktør på litteraturfeltet. Fleirtalet er samd i dette.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre understrekar at det bør setjast av sentrale midlar til litteraturformidling i Den kulturelle skulesekken. Desse medlemene har merka seg at det er varsla ei stortingsmelding om bibliotek.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre merkar seg at litteraturen ikkje har nokon framtredande plass i skulesekken. Desse medlemene merkar seg at det blir fordelt monalege statlege midlar til kulturtiltak i skulen - mellom anna tilskot til produksjon og formidling av musikk, film, scenekunst og visuell kunst - men ikkje retta mot litterær produksjon og formidling. Desse medlemene meiner at litteraturen - både som kunstnarisk uttrykksform og som pedagogisk verktøy - har ein naturleg plass i skulesekken, og ønskjer at det også blir sett av midlar retta mot litterær produksjon og formidling.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristelig Folkeparti og Venstre fremmar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa sørgje for at litterære produksjonar og formidling blir tilgodesett i samanheng med statlege tilskot til kulturtiltak i skulen."

Komiteen peikar på at det er eit uutnytta potensial i musea når det gjeld denne sektoren sitt bidrag til Den kulturelle skulesekken. Under den opne høyringa i komiteen kom det fram at kun 50 pst. av dei pedagogiske programma ved musea er kopla opp mot Den kulturelle skulesekken, og at det er store lokale skilnader.

Komiteen viser til at musea har verdifull fag- og formidlingskompetanse. Komiteen meiner det er viktig at verdiane som ligg i kulturminne og kulturmiljø, blir formidla til neste generasjon. Komiteen meiner kulturarvfeltet er viktig å formidle til barn og unge, og understrekar verdien av at denne kunnskapen blir formidla profesjonelt og tilpassa målgruppa.

2.4 Organisering

Komiteen viser til at ordninga med ei eiga styringsgruppe for Den kulturelle skulesekken held fram, og komiteen stør dette.

Komiteen har merka seg at sekretariatet for Den kulturelle skulesekken blir flytta frå ABM-utvikling til Kultur- og kyrkjedepartementet. Komiteen legg vekt på at sekretariatet famnar om den totale kompetansen som blir krevd innan feltet, mellom anna pedagogisk-kunstnerisk kompetanse som kan medverke til godt samspel mellom kultur- og opplæringssektoren.

Komiteen viser til at departementet gjer framlegg om å legge ned referansegruppa for Den kulturelle skulesekken.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Høgre, stør ei vidareføring av modellen vi har i dag, der fylkeskommunen og kommunen har ansvaret for å styre med størstedelen av midlane til Den kulturelle skulesekken. Fleirtalet meiner det kan vere føremålstenleg at det finst ein skriftleg avtale mellom den einskilde kommunen og fylkeskommunen der ansvar og plikter for begge partar er definerte.

Komiteen viser til at den gode opplevinga for den einskilde eleven føreset ei lang kjede av hendingar der mange menneske er involverte. Eit svakt ledd i denne kjeda kan svekke gode tilbod. Kvalitetssikring og kompetanseheving av alle ledd i kjeda er derfor viktig. Komiteen viser til meldinga si beskriving av regionale møteplassar og understrekar verdien av dette. Komiteen viser til meldinga sin omtale av Riksforum og understrekar verdien av dette forumet for å utvikle kvaliteten på innhaldet i Den kulturelle skulesekken. Komiteen er positiv til Regjeringa sitt forslag om formalisering av Riksforum.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener det er svært viktig å involvere skolene og de kommunale skole­etatene mest mulig i arbeidet med Den kulturelle skolesekken. Dette gjøres best ved at kommunene på en forpliktende måte også tar på seg de administrative og planleggingsmessige oppgavene med ordningen. Disse medlemmer viser til meldingens signaler om at det skal bli lettere for kommunene å påta seg slikt ansvar, og at det ikke lenger skal være noen befolkningsmessig grense for når dette kan skje. Disse medlemmer viser til at denne lempningen kan åpne for at flere små kommuner gjennom interkommunalt arbeid kan påta seg større og mer forpliktende oppgaver. Disse medlemmer mener dette er positivt, og at departementet bør gi insitamenter for at kommunene påtar seg slikt ansvar. Disse medlemmer fremsetter derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen iverksette en forsøksordning der flere kommuner, gjennom interkommunalt arbeid, inviteres til å ta ansvar for Den kulturelle skolesekken i sitt område."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er ikke enig i at departementet skal overta sekretariatsfunksjonen fra Den kulturelle skolesekken. Disse medlemmer mener at ABM-utvikling kan være sekretariat for Den kulturelle skolesekken, slik at kommunenes rapporter over bruk av midler fra Den kulturelle skolesekken går dit. På den måten vil ABM-utvikling fungere som en kontrollerende instans, slik at midlene blir brukt til kulturelle opplevelser for skoleelevene.

Disse medlemmer mener at Finansdepartementet kan forvalte midlene og fordele potten etter gitte kriterier til de ulike kommunene, etter at Norsk Tipping AS har bestemt årets overskudd. Disse medlemmer er helt klar på at ikke under noen omstendighet skal midlene som er tiltenkt Den kulturelle skolesekken, gå til drift. Hvordan så den enkelte skole og den enkelte kommune velger å fordele midlene, mener disse medlemmer at kommunene selv må vurdere, men at midlene ikke skal brukes til annet enn til kulturopplevelser for barn og unge i grunnskolen, og at mest mulig av midlene skal gå til den enkelte skole.

Når det gjelder kompetansebygging hos dem som skal fordele og bruke disse ressursene, mener disse medlemmer at det må tas høyde for dette i lærerutdanningen i tiden fremover. Videreutdanning av lærere kan også være et virkemiddel. Men disse medlemmer er helt enige i at dette må gå på det ordinære budsjettet til den enkelte institusjon og kommune.

2.5 Særskilte satsingsområde og økonomi

Komiteen er positiv til at Den kulturelle skulesekken blir utvida til òg å gjelde den vidaregåande skulen.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er tilfreds med at meldinga legg opp til at spelemidler som så langt er nytta til sentrale tiltak, no skal nyttast til å utvida Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring. Samstundes vil sentrale aktører som vert føresett å medverke i skulesekken styrkjast over statsbudsjettet med øyremerka midler. Fleirtalet stør dette og er samd i at oppdrag og ansvar for å medverke i ordninga såleis blir presisert i tilskottsbreva til aktørene. Fleirtalet vil òg understreka at meldinga peiker på at det må leggjast til rette for at viktige institusjonar og tiltak på kulturfeltet må ha tilstrekkelege rammer for å vidareutvikle innhaldet i Den kulturelle skulesekken i åra framover. Fleirtalet stør dette.

Fleirtalet viser til at meldinga peikar på at det kan trengast harmoniserte og meir samordna løysingar på område som til dømes arbeidsavtalar og transportordningar, og at ein vil oppmode fylka og kommunane, som har ansvar for dette, til å arbeide videre med desse spørsmåla. Fleirtalet er samd i dette.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner det er positivt at midlar til sentrale tiltak blir foreslått overført frå spelemidlane til statsbudsjettet sin ordinære avsetnad, men føreset at rammene som følge av dette ikkje blir svekka. Desse medlemene understrekar verdien av dei sentrale midlane.

Desse medlemene viser til at det er ein trong for nasjonale standardar for honorar og kontraktar og ber departementet legge til rette for at fylkeskommunane og dei sentrale aktørane kan harmonisere avtaleverk.

Desse medlemene viser til omtalen i meldinga knytta til transportordningar for elevane og ber Regjeringa legge til rette for meir harmoniserte og standardiserte løysingar.

Desse medlemene viser til at det blir foreslått ny fordelingsmodell der dei sentrale midlane blir trappa ned til utvidinga av Den kulturelle skulesekken til den vidaregåande skulen og at departementet tar atterhald om budsjettsituasjonen dei neste åra når det gjeld desse midlane. Desse medlemene meiner utvidinga til den vidaregåande skulen ikkje må føre til mindre sikker finansiering av dei sentrale ordningane. Desse medlemene meiner dei sentrale midlane bør styrkjast, slik at produksjonar til grunnskulen ikkje blir skadelidande som følgje av utviding av ordninga til òg å gjelde den vidaregåande skulen.

Komiteen ser kulturskulane som ein viktig del av det offentlege skuletilbodet, og som grunnlag for musikk- og kulturorganisasjonar si verksemd lokalt.

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti ber Regjeringa utarbeide retningsliner for kulturskuleverksemda som sikrar den faglege og sosiale profilen på tilbodet.

Denne medlemen fremmer derfor følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa utarbeide retningsliner for kulturskuleverksemda som sikrar den faglege og sosiale profilen på tilbodet."

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, understrekar at kulturskulane si verksemd er underlagt Kunnskapsdepartementet og opplæringslova, og at retningsliner for kulturskulane, og tilhøve som gjeld Norsk Kulturskuleråd, difor er dette departementets ansvar.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil samstundes leggja til at det er viktig å sjå dei ulike offentlege kultursatsingane i samanheng, og understrekar at det må settjast kvalitative mål for kulturskulane, som samstundes gjev rom for det mangfald kulturskulane skal ivareta.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner Norsk Kulturskoleråd treng eit forutsigbart organisasjonstilskot frå staten for å kunne støtte kommunane i utviklinga av kulturskulane sine. Desse medlemene peikar på at Norsk Kulturskoleråds regionale kulturskulekonsulentar kan spele ei sentral rolle i samarbeid med fylkeskommunen for kvalitetssikring av Den kulturelle skulesekken. Desse medlemene viser til at støtten i dag blir gitt på ein sekkepost som blir fordelt i løpet av første halvår i budsjettperioden. Desse medlemene ber departementet opprette ein eigen post på statsbudsjettet for organisasjonstilskot for Norsk Kulturskoleråd.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre fremmer følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa opprette ein egen post på statsbudsjettet for organisasjonstilskot for Norsk Kulturskoleråd."

Komiteen viser til at kultur bør spele ei viktig rolle i utviklinga av kvalitet og innhald i barnehagen. Komiteen meiner det er positivt at også dei aller minste får tilgang til gode kunstopplevingar som kan bidra til ein styrka kulturkompetanse for barn. Komiteen meiner Regjeringa bør vurdere å utgreie ei utviding av Den kulturelle skulesekken til òg å kunne gjelde barnehagar.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til vedtaket som ble gjort i forbindelse med Innst. S. nr. 50 (2003 -2004):

"Et tredje flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sørge for at mest mulig av de tildelte midlene kommer barna til gode gjennom kulturopplevelser og vil derfor øke andelen av midlene fra den kulturelle skolesekken som går til lokale tiltak til 70 pst. i 2004 og 80 pst. i 2005. Midlene skal gå uavkortet til tiltak i kommunene, og departementet må komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan dette best kan sikres.""

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser i denne samanheng til stortingsmeldinga som gjer greie for korleis oppfølginga av dette er ivareteke.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet stiller seg spørsmålet hvorvidt dette har skjedd, all den tid det er de nåværende regjeringspartiene, sammen med Fremskrittspartiet, som utgjorde flertallet og sørget for at dette forslaget ble vedtatt.