Sammendrag

Samferdselsdepartementet legger i St.prp. nr. 45 (2007-2008), sak 2.2, fram forslag om revidert finansierings- og framdriftsplan for rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad kommune i Østfold.

Stortinget har slutta seg til eit opplegg med delvis bompengefinansiert utbygging av prosjektet rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad, jf. St.prp. nr. 41 (2006-2007) og Innst. S. nr. 149 (2006-2007).

Som opplyst i St.prp. nr. 1 (2007-2008) har Statens vegvesen innhenta tilbod på dei to største entreprisane som er Bjølstadtunnelen og ny klaffebru over Vesterelva. Tilboda var vesentleg høgare enn føresett, og det var ikkje grunnlag for å inngå kontraktar og starte arbeida hausten 2007 som føresett. Tilbodsprosessen er derfor stansa, og kostnadsoverslaget er revidert. Vidare er det utarbeidd revidert framdrifts- og finansieringsplan for prosjektet.

Fredrikstad og Hvaler kommunar og Østfold fylkeskommune ønskjer å få realisert prosjektet så raskt som mogleg og går derfor inn for å dekkje dei auka kostnadene ved å auke bompengeandelen i prosjektet, jf. omtale av den lokalpolitiske behandlinga i proposisjonen.

Omrekna til 2008-prisnivå blir revidert styringsramme på 615 mill. kroner og revidert kostnadsramme på 677 mill. kroner. Dette inneber at styringsramma for prosjektet har auka med 103 mill. kroner.

Det er utført nye samfunnsøkonomiske berekningar som viser ein netto nytte (NN) på om lag 230 mill. kroner for prosjektet. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er utrekna til 0,4. Prosjektet si samfunnsøkonomiske nytte har auka sjølv om kostnadsoverslaget har gått opp. Hovudårsaka er at nye og høgare trafikkprognosar som er utarbeidde i samband med NTP 2010-2019, no er lagt til grunn.

Anleggsstart for prosjektet er utsett frå sommaren 2007 til sommaren/hausten 2008. Det er lagt til grunn at prosjektet vert opna for trafikk sommaren/hausten 2010, medan det tidlegare var lagt til grunn trafikkopning sommaren 2009.

Forslag til revidert finansieringsplan samanlikna med opphavleg finansieringsplan går fram av tabell 2.1 i proposisjonen.

Tabell 2.1 Forslag til revidert finansieringsplan for rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse samanlikna med opphavleg finansieringsplan.

Mill. 2008-kroner

St.prp. nr. 41 (2006-2007)

Endring

Revidert finansieringsplan

Statleg bidrag

42

0

42

Private tilskot

16

0

16

Bompengar

423

+134

557

Sum

481

+134

615

Med basisvilkåra er innkrevjingsperioden utrekna til om lag 14 år.

I St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn - regional framtid har Regjeringa foreslått at det framtidige offentlege vegnettet vil bestå av stamvegar, regionale vegar (øvrige riksvegar og fylkesvegar) og kommunale vegar. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det statlege ansvaret for investeringar i øvrig riksvegnett blir overført til regionane (fylka) når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010.

Stortinget si behandling av proposisjonen om ein revidert finansierings- og framdriftsplan for utbygginga av rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad kommune vil leggje premissar for ein tilleggsavtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet.