Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal vise utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene blir rekna ut, blir det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for enkelte rekneskapsmessige forhold og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene blir det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gir uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet.
I Nasjonalbudsjettet for 2007 var anslaget for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet 2 3/4 pst.
I nysaldert budsjett for 2007 blei den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet òg rekna til vel 2 3/4 pst. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2007 er veksten rekna til vel 2 1/2 pst., dvs. ei nedjustering med om lag 1/4 prosentpoeng. I nysaldert budsjett blei meirutgifter motsvara av meirinntekter i 2006 trekt ut av nivået på dei samla utgiftene ved rekninga av den underliggjande utgiftsveksten, jf. tabell 1.4 i St.prp. nr. 28 (2007–2008). I 2006 blei desse meirinntektene rekna til 3,6 mrd. kroner. Utgiftene i rekneskapen for 2007 blei 4,1 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett, noko som mellom anna må sjåast i samanheng med meirinntekter i 2007. Ved rekninga av den underliggjande utgiftsveksten frå 2006 til 2007 er desse utgiftene no rekna med i utgiftsnivået. Samla sett er den nominelle utgiftsendringa frå 2006 til 2007 om lag den same som lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nedjusteringa av den reelle, underliggjande utgiftsveksten med 1/4 prosentpoeng frå nysaldert budsjett er dermed knytt til høgare lønns- og prisvekst enn tidlegare lagt til grunn.